TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Post by Loki »

Tara er så stokk dum at det er eit mirakel ho ikkje har døydd tidlegare. :P Men no er ho i det minste involvert i plotta til to av dei få genuint interessante karakterane (Pam og Jessica), i staden for å springe rundt i bakgrunnen og støtt bli venn med alle sesongskurkane seks episodar før nokon andre møter dei.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Post by Yawron »

Etter noe somling (begynner å bli ett år siden jeg så sesong 2), fikk jeg kjøpt meg Mad Men sesong 3 og 4 på Blu-Ray. I går begynte jeg med to episoder, og du og du for en serie det er. Spørs om jeg har disse usett veldig lenge :)
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Chiad
Asha’man
Asha’man
Posts: 346
Joined: Mon Jun 18, 2007 19:27
Location: Stavanger

Post by Chiad »

Sant nok, siste sesongen av TB er bedre enn de andre, men det er fremdeles mye rart som svinger frem og tilbake i serien. Det med feene for eksempel er jo helt ute av kontroll. Tror ikke jeg skal gå i detaljer, for regner med at de fleste skjønner hva jeg mener bare ved å nevne det.

Det virker som om Tara kanskje begynner å få litt vett inn i skallen nå omsider da.

Skal bare nevne at jeg også har lest alle bøkene utenom den siste som har fått utrolig mange dårlige reviews. Som er grunnen til at jeg droppet den. Bøkene har visst blitt dårligere og dårligere, og jeg kan egentlig ikke si meg uenig i det. Forfatteren har ikke noe passion igjen for serien, og skriver nå kun for å nyte de store summene av penger hun får for bøkene. Jeg for min del håper tv-serien fortsetter som den har nå, og egentlig gir en blanke i bøkene.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Post by Loki »

Har aldri tenkt på å sjekke ut bøkene, eigentleg. Var mitt inntrykk frå starten av at dei aldri meinte å lage ein spesielt trufast adapsjon. Døydde ikkje Lafayette i bok 1, for eksempel? Og her er han framleis ein hovudperson i sesong ørtito.

At det tek meir og meir av er å vente seg, etter kvart som magiske vesen blir meir og meir daglegdags må det nye og skumle bli stadig meir imponerande og underleg. Men feane er vel det kjedelegaste plottet dei har for tida, ja. Skjønt det er antakeleg berre fordi det dreier seg rundt kjedelege Sookie, medan dei andre plotta er heller lite belemra med henne.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Chiad
Asha’man
Asha’man
Posts: 346
Joined: Mon Jun 18, 2007 19:27
Location: Stavanger

Post by Chiad »

Det er nå svært lenge siden jeg leste bøkene - i all fall de første, og må nok innrømme at jeg husker fint lite av hva som ble skrevet, så om Lafayette døde i bok 1? Det har gått i glemmeboka.
Men det er sant det Loki, serien er kun basert løst på bøkene, og Lafayette er nok fremdeles med fordi han er populær hos fansen. Vil tro at fansen egentlig bestemmer hvem som dør/lever, produsentene kan jo ikke riske at serien mister popularitet fordi de dreper feil karakter.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Post by Loki »

Det er heilt i orden for meg, for då forblir Eric Northman hoppande rundt. ^^
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Ser ekstreme mengder fjernsynsdrama, så når eg ser eg ikkje har oppdatert om det på nesten ti år er det nok på grensa til umogeleg å hente innatt høgdepunkta ein gong. Av det som har slept nye epiodar siste tre-fire månadane kan eg plukke ut for varm tilråding:
* No Activity, ein i stor grad improvisert komedie om to politimenn som kjeder vetet av seg på overvakingsoppdrag. Nyaste sesongen var animert på grunn av korona, og eg tykte det gjorde den eit hakk svakare, men framleis svært gøy
* familievennlege The Mysterious Benedict Society, som er både spanande og sprelsk på ein Lemony Snicket-aktig måte.
* mørkt og velspelt komidrama Mr. Inbetween der ein kar i Australia sjonglerer rolla som samvitsfull deltidspappa med karrieren som lokal leigemordar
* komiserien Mythic Quest der somme episodar er hysterisk artige og andre grensar mot tunge karakterdrama
* animasjonsserien Invincible som tek superheltstereotypane i ofte uventa men alltid logiske retningar
* sci-fi-periodedramaet The Nevers, ein slags feministisk X-Men i viktoriatidas England
* Love, Death + Robots, ein animert sci-fi-antologiserie. Som alle antologiar utan samanheng frå ein episode til den neste er episodekvaliteten litt variabel og subjektiv, men i det store og heile ein flott serie
* nær framtidsdystopiet The Handmaid's Tale, kanskje det dystraste dramaet eg nokon gong har sett, skjønt det er blitt nokre hakk mindre gruvsomt i seinare sesongar
* sci-fi-komiserien Rick and Morty -- alle har vel høyrt om den no, men den er faktisk veldig bra. Rett nok er enkelte episodar litt bomskot for meg (og det må seiast at pilotepisoden i sesong 1 er forferdeleg dårleg), men det er umogeleg å nekte for at den sjølv etter fem sesongar oftare er briljant enn kva ein rimeleg burde kunne vente seg
* actiondramaet Pennyworth, ein rasande god serie av mannen bak Rome der me følgjer Batmans framtidige butler som ung småkriminell i eit oppdikta England der det er fascistkupp på 50-talet. Gir ikkje meining i det heile at dette er så gøy som det er, men det er det altså

Då hadde eg bladd meg tilbake til april i kalendaren og plukka ut berre frå det som verkeleg klødde etter å bli tilrådd, så får gi meg der før posten blir ei heil avhandling.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Mr. Inbetween er en oversett perle. Får jo masse god kritikk og de fleste som ser den er, som meg, veldig glad i den. Digg og rar serie, som virkelig klarer å variere humør og stemning på en femøring. Får meg til å glede meg til neste sesong av Barry!

Love, Death and Robots synes jeg ikke klarte å følge opp i sesong 2. Fortsatt en del spennende og en del god, mørk humor, men ikke noe var så bra som sesong 1.

Har pløyd gjennom del 2 av Lupin denne uke, og nesten hele Sweet Tooth. Rick and Morty er jeg vel også oppdatert på. Last Week Tonight ses vel hver uke det kommer episoder (ikke sett denne ennå siden HBO Nordic stod å jobba i går).

Loki på Disneypluss fungerte også ganske ålreit og er den beste av de tre live action-seriene til Marvel til nå.

Får slenge på Castlevania også. DET er en god animasjonsserie på Netflix (basert på spillet) som anbefales!
Last edited by Asphyxiate on Sat Aug 07, 2021 14:15, edited 1 time in total.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Gløymte bort Castlevania, den fortener absolutt å vere på lista!

Heilt einig med Mr. Inbetween (og Barry!), både eg og kona tykkjer den er ein av dei beste 'oversette perlene' i seinare år. Vil gå så langt som å sei at av alle dei gode seriane eg lista frå siste månadane i førre post er Mr. Inbetween klart favoritten min.

Lupin hadde ein ålreit fyrstesesong, men andresesongen tykte eg var svært skuffande. Formularisk, forutsigbare plott eg har sett hundre gonger før, langt mindre plausible knep (ikkje at dei var superplausible i fyrstesesongen, men eg sleit mindre med å suspendere mistrua då, for å låne eit engelsk uttrykk, enn no). Kjem nok til å sjå sesong 3 når den kjem, men forventningane er blitt ganske låge.

Loki var ... heilt grei. Mykje vekkødsla potensial, og mykje tell-don't-show-problematikk: Me blir støtt fortalt at Mobius er knallgod på etterforsking, men ser lite av det, Sylvie er skrytt opp som superskummel og utspekulert heilt til ho blir introdusert med andlet og personlegheit og etter det er alt ho gjer rimeleg tamt og forutsigbart, og verst av alt, alle pratar i det uendelige om at Loki er snedig, ingen kan stole på han, ingen veit kvar dei har han hen, og heile serien gjer han aldri noko som helst vesentleg overraskande, feilrepresentert eller utpønska. Håpte i det lengste på ein stor og uventa vri (enten frå ein anna versjon av Loki eller av hovudvarianten, begge deler ville fungert), men den kom aldri. Relativ lineær plankekøyring, og det er skuffande i ein serie om ein sjølverklært kaos- og ugagnsgud. Men det sagt så var serien utruleg lekker produksjonsmessig, mange gode skodespelarar, og alltid unekteleg karisma frå Hiddleston hjelp utruleg. Og for teikneseriefans så er sluttavsløringa ganske fin, sjølv om den kjennest litt tam sett i kontekst av fjernsynsserien isolert. Så av dei tre MCU-seriane i vår må eg sei eg føretrekte WandaVision (sjølv om den absolutt burde hatt ein episode mindre i svartkvitt-bolken og fått hjula fortare i gong).

Last Week Tonight ser eg fast eg med (og vanlegvis i alle fall monologbiten til Colbert på Late Show og Noah på Daily Show i lunsjen), men det blir ein anna type program enn skriptbaserte historiar, så tenkjer ikkje på å nemne dei i slike høve ...

Forresten, sidan eg gløymte Castlevania, her er nokre andre ærværdige nemningar (for å låne nok eit engelsk uttrykk) frå i vår: Moqsuito Coast, Hacks, Schmigadoon! og (trass i ein i mine auge langt svakare fyrstesesong) Snowpiercer. Og går me litt lengre tilbake til vinteren har me i tillegg ei lang rekkje som ville nådd hovudlista i stad: Primal, DuckTales, Raised By Wolves, The Boys, The Good Lord Bird og så klart ein av mine absolutte favorittar, The Expanse.
Last edited by Loki on Sun Aug 08, 2021 10:10, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Det er rart, når du beskriver Loki så er jeg jo egentlig veldig enig - men jeg koste meg med den, jeg! Men er som sagt enig, så ser svakhetene. Spesielt enig i at det er synd at den ikke turte mer!

Synes også Lupin falt i del 2, men tror kanskje at det er fordi del 1 var overraskende gøyal.

Venter med Amazon Prime til Tidhjulet kommer senere i år, så da skal jeg endelig få sett de siste sesongene av The Expanse (så s1-2 da det var på Netflix), The Boys, Invincible og annet der jeg har gått glipp av.

DuckTales-serien har jeg helt glemt, og jeg har jo Disney pluss! Digger jo originalserien og har lest mye positiv omtale om den nye (som vel er avslutta). Den sammen med siste sesong av Star Wars: The Clone Wars (s7) som kom i fjor, så den nye animasjonsserien. Dave Filonis animasjonsserier er kanskje det beste i Star Wars-universet etter min mening (har ikke lest bøker eller tegneserier eller spilt noen spill..).

Mosquito Coast, Schmigadoon og Hacks har jeg ikke hørt om engang!

Good Lord Bird var min favoritt fra 2020! Digg serie!

Last Week Tonight er bra, men de siste årene har det kanskje vært litt mye fokus på USA. Ikke så rart med Trump, korona som gjør reiser vanskelig og at det jo er et amerikansk program, men før var det mer fra den vide verden. Tenkte for øvrig å kritisere HBO for å ikke ha kommet med så mye bra de siste årene (det meste som er bra kommer vel fra FX), men kom på Mare of Easttown, How To With John Wilson og I Know This Much Is True (og sikkert flere, men kommer ikke på flere akkurat nå), så det har ikke vært så ille egentlig.

Har for så vidt også sett igjennom Big Fat Quiz-programmene tilbake til starten på youtube. Anbefales virkelig hvis man har lyst på morsom og lettbeint quiz - og liker Jimmy Carr (og Richard Ayoade, og det gjør vel alle?)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Her blei det mykje å svare på! Lang post i horisonten:
Eg koste meg mest med fyrstepisoden av Loki, følte den kom nærmast å levere det den kunne ha vore. Elles likte eg den som sagt greitt nok, men med kvar episode var eg litt meir skuffa av at plottet var ganske ordinært, og særleg over mangelen på kule Loki-knep.

Amazon Prime har mykje bra, i tillegg til dei du nemner der. The Marvelous Mrs. Maisel er ein av mine absolutte favorittseriar nokon stad i noko format. Tenk Gilmore Girls (same serieskapar) viss den føregjekk på femtitalet og handla om ein standupkomikar i storbyen i staden for ei åleinemor på bygda. Viss eg skulle lista dei fem seriane eg har likt best av alle dei hundrevis eg har sett i livet er eg rimeleg sikker på at Maisel hadde vore der, og den er ikkje ferdig ein gong. Rasande kjapp og vittig dialog, herlege karakterar.
For å oppsummere andre seriar eg har sett der, sånn omtrentleg frå best til heilt-ok: The Man in the High Castle er fantastisk (rett nok ein litt Sopranos-aktig slutt som ikkje fall heilt i smak for oss), kva om aksemaktene vann andre verdskrig-drama. Miniserien Good Omens er (i mine auge) betre enn boka (!) om engelen og demonen som forsøker stoppe verdas undergang. Får forresten oppfølgjarserie no. Hand of God er nok ei oversett perle der Ron Perlman og alltid fantastiske Garret Dillahunt har hovudrollane. Perlman er ein dommar som trur han er blitt utvalt av Gud, og byrjar gjere veldig tvilsame ting som eit resultat. Utopia, valdeleg thriller om ein teikneserie som forutseier ein menneskeskapt pandemi, var veldig bra, men både den og Hand of God vart diverre kansellert utan skikkeleg slutt. (Utopia er ein remake av ein britisk serie, men har ikkj sett den originale.) Carnival Row: Steampunk-fantasy om ein politimann i ei viktoriansk England-aktig verd der fear og andre ikkje-menneske er ein diskriminert underklasse. Gler meg til sesong 2 her. Ein god serie dei har 'redda' (slik dei gjorde med Expanse), er Ripper Street, ein prosedyreserie om dei som arbeidar ved politidepartmenetet i området av London rett etter dei gav opp Jack the Ripper-etterforskinga. Ekstremt nydeleg dialog og flott bruk av perioden, men ein må jo ha tålmod med og litt sansen for crime of the week-oppsettet. Og åtvaring: Den sluttar ikkje akkurat muntert. Hanna er ein god thrillerserie som ei jente oppdratt åleine i skogen av spionfaren sin, basert på filmen av same namn. Hunters er ein bra serie om amerikanske jødar som jaktar på nazistar som har gøymt seg eller opent "reformert" seg i det amerikanske samfunnet etter krigen slutta. Merkeleg men fungerande blanding mellom grim thriller og nesten tøysete innslag, og Al Pacino i ei veldig minneverdig rolle. The Tick var ein solid remake av 90-tallsserien ved same namn, hakket meir seriøs i tonen men framleis tøsyete nok til å vere artig, men diverre kansellert utan skikkeleg slutt. Goliath er ein god dramaseie om ein alkoholisert has-been-advokat (Billy Bob Thornton) som byrjar kjempe mot større konspirasjonar og makteiningar, inkludert hans eige mektige gamle advokatfirma (dreve av erkefienden, spelt av William Hurt). Litt svakare i tredje sesong enn i fyrste to, men har håp om at den rettar skuta i fjerde viss den får ein. Homecoming er konspirasjonsthriller-mysterium på to sesongar om eksperiment på amerikanske soldatar for å bli kvitt PTSD, litt saktegåande, men med ein fin, trykkande stemning. Upload er eit komidrama med litt thrillermysterium-undertonar om ei nær framtid der ein kan velge å opplaste ein kopi av personlegdomen sin til eit digitalt etterliv før ein døyr. Ein romanse byrjar mellom den daude hovudpersonen og den framleis levande kundetjenestehandsamaren hans. The Widow var heilt grei actionthriller om ei enke som leitar etter kva som skjdde med ektemannen som forsvann i Afrika -- vellaga og velspelt, men ikkje særleg original. Solos er ein sci-fi-antologiserie med svært lausleg samanknytte halvtimeshistoriar fokusert på ein einaste skodespelar per episode. Den byrja ganske bra, men tykte den tapte seg utover i sesongen. Litt hit-and-miss som så mange antologiseriar.
Høyrer dessutan gode ting om mange eg ikkje har sett, til dømes Tales from the Loop, Transparent, Jack Reacher og Bosch. Og dei var med på sesong 1 av Britannia, ein serie om romersk ekspansjon i Storbritannia som eg likar svært godt, men dei slutta etter fyrstesesongen så trur ikkje dei har rettane til å vise det som er blitt laga etterpå.

DuckTales-serien er kjempebra! Fyrste to sesongane var diverre hakket betre enn siste i mine auge, men siste var framleis veldig solid. Det er ei veldig spenstig blandig av ting frå den opphavlege serien, ting frå teikneseriane (særleg Don Rosa og Barks), og store porsjonar heilt sprett nye ting. Så viss du er litt purist for korleis ting var i gamle dagar kan den nok fort stryke deg mot håra (til dømes er Gulbrand Gråstein ein hysterisk artig men fullstendig fjasete karakter her, heller enn den genuint skumle Vond tvilling-erketypen frå teikneseriane). Viss du derimot klarar å ta det nye og det gamle i vill kombinasjon så er den storveges moro.

Eg har mykje respekt for Dave Filonis animasjonsserier, men tykkjer dei ofte er altfor mykje retta mot småbarn for meg, særleg i dei tidlege sesongane av både Clone Wars og Rebels var dette eit problem. I seinare sesongar (kanskje nettopp fordi dei tenkjer publikummet frå sesong 1 er blitt eldre) har eg ofte likt det betre, og siste to sesongane av Clone Wars spesielt (altså Netflix-sesongen og Disney +-sesongen) var fantastisk bra. Vil nok likevel ikkje sei det er 'av det beste' i Star Wars-universet, Mandalorian-sesongane er minst like bra, og dei opphavlege filmane ditto.

Mosquito Coast er ein thrillerserie om ein oppfinnar og familien hans som er på flukt frå ein eller annan konspirasjon (uklart kva, så langt). Apple +-serie, trur eg, om eg hugsar rett, basert på ein roman og remake av ein Harrison Ford-film eg aldri har sett. Schmigadoon! er og Apple +, handlar om eit par som blir fanga i ein magisk småby i fortida der alt er ein gamaldags musikal. Hacks er HBO Max, komidrama om ein berømt komikar (Jean Smart) som kjempar mot å bli avfeldig og ein up-and-coming-komikar som fekk ein lovande karriere øydelagt av ein lite gjennomtenkt tweet. Typisk "dei kjem ikkje overeins til å byrje med men gradvis gjer dei kvarandre til betre menneske"-oppsett, men veldig gøy på grunn av ekstreme mengder karisma hjå og mellom begge hovudrollane.

Good Lord Bird var herleg, ja! Skjønt den var litt ujamn, likte den best når den var skikkeleg sprø (dvs. når den fokuserte på gamlingen sjølv).

Einig i at Oliver har vore veldig amerikafokusert i det siste og at det ville vore fint med litt fleire internasjonale historiar, men det er jo ein amerikansk serie for eit primært amerikansk publikum, så det er vel berre å vente.

Ser vanlegvis lite quiz-program, men jobbar meg for tida gjennom gamle sesongar Qi på YouTube i lunsjen dei vekene Colbert har pause. :)
Asphyxiate wrote: Sat Aug 07, 2021 14:33Tenkte for øvrig å kritisere HBO for å ikke ha kommet med så mye bra de siste årene (det meste som er bra kommer vel fra FX), men kom på Mare of Easttown, How To With John Wilson og I Know This Much Is True (og sikkert flere, men kommer ikke på flere akkurat nå), så det har ikke vært så ille egentlig.
Oooh! Mare of Easttown har eg på lista eg har lyst til å finne tid til, men dei andre to har gått under radaren min fullstendig. Du tilrår alle tre, skjønnar eg?

Når det gjeld HBO (og HBO Max) så er det vel utover Hacks, Barry, White Lotus, Last Week Tonight og The Nevers nemnt over følgjande eg ser for tida, skjønt somme av dei har dei 'arva' frå andre kanalar: Raised by Wolves, steinhardt science fiction-drama om to androidar som i kamp med naturen oppfostrar born som er menneskeheitas siste håp på ein fjern, aude planet. Svært god. Westworld: Androidar i ein fornøyelsespark byrjar bli medvitne. Ekstremt god, skjønt litt svakare i seinare sesongar enn den briljante fyrste (likevel veldig bra, spør du meg). Infinity Train: Teiknefilmserie med svært korte episodar som ved fyrste augekast verkar til å vere for born men eigentleg er minst like mykje for vaksne. Diverse personar (ny hovudperson kvar sesong) blir fanga på eit uendeleg langt tog der kvar vogn byr på nye vanvittige problem og utfordringar medan ein kjempar for å finne vegen ut og forstå kvifor ein er der. Titans: Sidekick-karakterar frå DC-teikneserieverda som saman dannar ei gruppe (finansiert av ein off-screen-Batman). Kanskje den mest tru-til-korleis-det-kjennest-å-lese-teikneseriane-adapsjonane eg har sett i live action. Den er tidvis litt forutsigbar, kanskje, men i mine auge ti gonger betre enn mange tilsvarande seriar på meir tradisjonelt fjernsyn (som Arrow eller The Flash). Doom Patrol: Supersprø superhelt-drama om misfoster, feilslåtte eksperiment og nesten-superheltar frå DC-universet. Denne er IKKJE for alles smak. Er ikkje ein gong sikker på om den er for meg, føler ofte den blir for saktegåande. Men den er heilt kokkelimonke og umogeleg å skildre skikkeleg. Viss du har sett den (i mine auge langt betre, men langt mindre sprø) Umbrella Academy-serien på Netflix så er den basert på ein teikneserie som er opent svært inspirert av Doom Patrol-teikneserien. Så tenk i den leia men tjue gonger meir vanvittig. Og den har Timothy Dalton, og han er alltid fantastisk. Bonuspoeng for Alan Tudyk som hovudskurk i sesong 1. His Dark Materials: Trufast og fengande adapsjon av bøkene. Kan ikkje sei eg er superfrelst enno, men trur kona er. Og den er absolutt bra, og jenta i hovudrolla er svært god for alderen. Avenue 5: Denne komiserien hadde ikkje heilt funne seg sjølv enno då sesong 1 var ferdig, men alle elementa dei treng er der, og sidan den eigentleg berre er Veep i verdsrommet (med Hugh Laurie!) kan eg ikkje sjå føre meg at den ikkje blir svært bra før eller seinare. Eg likte ikkje Veep så godt i dei tidlegare åra, heller. Perry Mason er eit fint thrillerdrama om ein privatdetektiv som ein dag vil bli ein kjent advokat (dette er ein slags reboot-prequel til ein superkjent amerikansk advokatserie frå mange herrens år tilbake). Mordmysterium er ikkje heilt mi greie, men den var bra nok til at eg vil sjå sesong 2 (og at det er eit periodedrama hjelp). Stephen King-horrorserien The Outsider i fjor var ganske ålreit og, og det er berre to år sidan alltid morosame Silicon Valley slutta.
Klør dessutan etter å sjå mykje rosa Succession, men kona er så negativ til premisset at det blir stadig utsett ...
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Se Succession! Anbefales virkelig. Vanskelig å plassere (dramedie, mørk komedie?) og noe annerledes kameraføring (føles som at det er en realityserie tidvis!).

Gleder meg til jeg får Amazon Prime merker jeg, mye bra der!

Du skriver mye HBO Max, men her i Norge er det vel fortsatt HBO Nordic - skal endres ila høsten. Hacks er feks ikke på HBO Nordic, men det er Bosch! Men for resten av HBO er det mye bra der, men det har ikke vært så mange "store" dramaserier siden GoT, synes jeg. Ingen som virkelig tar tak. Westworld har hatt en dalende kurve. Perry Mason ble vel heller aldri den store snakkisen, så den forsvant fra lista. Titans (som er på Netflix) og Doom Patrol står på lista. Avenue 5 fikk så blanda mottagelse at jeg egentlig har glemt den, kanskje jeg skal prøve meg allikevel. Veep er jo kostelig! Savner også Silicon Valley, selv om det er kjipt å høre stadige historier om ganske kjipe arbeidsforhold for kvinnene på settet.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Nok ein Succession-tilråding! Aaaargh! Eg må berre trumfe gjennom tid til piloten der ein dag, skjønnar eg ... For augneblinken ser me ein russisk Sherlock Holmes-serie frå 2013 med halvannatimes episodar (fan-undertekstane er diverre så som så, så ein del av vittigheitane og detaljpunkt i plotta går oss ofte hus forbi, men den er elles ganske bra!), og så skal me i tillegg halde oss oppdatert på lasset av andre ting me ser, så litt vrient å finne tid til anna med det fyrste.
Asphyxiate wrote: Sun Aug 08, 2021 17:12 Gleder meg til jeg får Amazon Prime merker jeg, mye bra der!
Dei har jo og rettane til mykje som ikkje dei laga sjølv, er sikkert mykje bra der. Er usikker på kven som har rettane til Galavant i Noreg, til dømes, og den er varmt å tilråde (fengande Menken-musikk (komponisten frå dei fleste av Disneys store klassikarar frå 90-talet) til herleg sjarmerande og leiken mellomalderspoof i leia til filmar som Princess Bride, Monty Python and the Holy Grail, etc.) kvar enn den måtte vere å finne.
Asphyxiate wrote: Sun Aug 08, 2021 17:12 Du skriver mye HBO Max, men her i Norge er det vel fortsatt HBO Nordic - skal endres ila høsten.
Eg har diverrre ikkje oversikten over kvar ting er, sidan eg finn ting eg vil sjå på nettet slik det passar seg, og så bøter samvitet med å kjøpe (er ultragamaldags slik sett) DVD- eller Blu-ray-boksane når serien er ferdig dersom den var god nok. Så eg baserer meg berre på logoane fyrst i episodane! ;)
Asphyxiate wrote: Sun Aug 08, 2021 17:12Avenue 5 fikk så blanda mottagelse at jeg egentlig har glemt den, kanskje jeg skal prøve meg allikevel. Veep er jo kostelig!
Eg er litt kjerringa mot straumen med Veep, dei fleste tykkjer vel den var betre i byrjinga enn siste sesongane, eg likte den derimot betre og betre jo lenger den gjekk. Så håpar Avenue 5 blir tilsvarande. Den er tidvis herleg, men berre tidvis -- over fjøla er den framleis litt meh, diverre. Eg har berre tilliten til at det blir betre etter kvart her.
Asphyxiate wrote: Sun Aug 08, 2021 17:12 Savner også Silicon Valley, selv om det er kjipt å høre stadige historier om ganske kjipe arbeidsforhold for kvinnene på settet.
Au, det hadde ikkje eg fått med meg, leit å høyre. :/

Og sidan du sa dei begge var på lista føler eg forresten at eg (i fall det ikkje var klart allereie) burde spesifisere: Titans og Doom Patrol er vidt forskjellige seriar (sjølv om Doom Patrol dukka opp i ein slags backdoor pilot på Titans i sesong 1), blir som å samanlikne Kingdom of Heaven med Monty Python and the Holy Grail fordi begge har riddarar. Titans er superhelt-action om ein gjeng folk som i utgangspunktet ikkje har stort til felles anna enn at dei er under tredve, liker å ikle seg kostymer og banke opp kriminelle og/eller har superkrefter. Forvent tenåringsangst, superskurkvendettaer, kul action og problematiske personlegdomskrasj. Doom Patrol er surrealistisk sci-fi-fantasy-komidrama der alle karakterane involvert er relativt f**d up på eit eller anna vis, som amerikanarane seier. Forvent splitta personlegheiter der kvar personlegheit har ulike superkrefter, alternative dimensjonar ein reiser til via portalar i anus på eit esel, tilsynelatande normale rotter i veggene som aldri gløymer sine daudelege vendettaer, yetiromansar, skuldkjensler på grunn av fråverande/dårleg rolle som far (gjeld faktisk tre (!) av hovudrollane på ulike vis), hemmeleg månerakett i garasjen og alt anna mellom himmel og jord.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Doom Patrol har stått på lista en stund, beskrivelsene du (og andre) gir gjør at jeg har lyst til å se den. Titans har jeg vært litt mer skeptisk til da jeg har tenkt at den ville være noe (selv om den er adskilt fra?) Arrowverse - som jeg har falt heeelt av.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Titans er 100 % urelatert til Arrow-verse (utanom at dei begge er basert på DC-teikneseriar), langt, langt meir tru til kjeldematerialet, og langt mindre cheesy (i alle fall samanlikna med seinare sesongar og seriar -- fyrste par sesongane Arrow var kanskje tonemessig nærmare Titans enn spin-offane har vore). Titans er serien eg alltid håpar mainstream superheltfjernsyn skal vere og aldri er. Den kunne trengt litt betre historiar og litt betre skodespelarar, men elles har eg ingenting vesentleg å klage på. Og for det meininga til ein ekstra person måtte vere verdt, kona kunne ikkje fordra siste fire-fem sesongane Arrow og likte aldri verken Flash eller Legends of Tomorrow nok til å sjå forbi pilotane, men ho er ganske glad i Titans sjølv om ho med unntak av ei handfull superkjente Batman-historiar aldri har lese DC-teikneseriar i sitt liv. Så om du er lei av Arrow-verse men likte det ein gong i tida kan Titans vere verdt ein kikk.

Doom Patrol er heilsprø, men den er og veldig saktegåande og krev ein del tålmod, så den er som sagt ikkje for alle. Eg har endt opp med å bruke den medan eg lagar middag, tek oppvasken og den slags, fordi eg elles mister interessa i langdryge dramabolkar. Så tek eg pause frå det eg gjer og følgjer med skikkeleg når eg merkar at ein scene har litt fres i seg. Bakdelen er at eg då stundom går glipp av detaljar i galskapen fordi eg ikkje konstant ser på skjermen i alle scenar, men alternativet for meg var å droppe den fullstendig, så det har fungert OK.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply