Anmeldelser

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Locked
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Anmeldelser

Post by Loki »

Liste over anmeldelsar følgjer i neste post, forslag til mal i posten under igjen.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Torbjørn
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1438
Joined: Mon Jun 27, 2005 17:11
Location: Bergen

Post by Torbjørn »

A – F G - L M – R S – Å
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Anmeldelser

Post by Loki »

Kopierer inn frå 2006-posten min så den innhaldslista kjem øverst og blir lettare å finne fram til:

---

Mal! Lettare sagt enn gjort, det, særleg når eg ikkje kjem på ei bok å anmelde i farta, men me kan jo prøve.


Tittel
(Hendig greie å ha med når ein skal anmelde ei bok, gjer det veldig mykje enklare for andre å skjønne kva dægger'n du skriv om.)
av Forfattar

Innhald
Kjapp, relativt spoilerfri gjennomgang av boka.

Kva eg likte og ikkje likte
Åpnar for litt fleire spoilerar her slik at spoilerfrikane kan hoppe over denne biten i anmeldelsen, men det betyr likevel ikkje at denne seksjonen skal proppest med store spoilere; bruk det med vett, er mindre vits i å skrive ein anmeldelse dersom folk som ikkje alt har lese boka ikkje tør lese den...
Karakterar
Plott
Anna
Føl dykk frie til å lage andre underoverskrifter her dersom det er eit bestemt tema ved boka de har lyst til å sei mykje om. Slike underoverskrifter kan vere alt frå "Filosofi" til "Skildring av møblar", dersom de berre føler de har ein del å sei om det aspektet ved boka. (Om det er ei rekkje ting de har mindre å sei om kan de skrive det under ei "Anna"-overskrift, såklart, liten vits i eiga overskrift kun for ein setning eller så)

Heilskapleg vurdering
Det samla inntrykket av boka, og om de vil anbefale den eller ikkje, og eventuelt kva type lesarar de vil anbefale boka for. Om de vil kan de gi boka ein karakter eller terningkast eller liknande, men de kan like gjerne la vere. Forsøk å halde spoilerene borte igjen her, sjølv om det de konkluderer med naturlegvis vil bygge på ting i boka som kan spoile kraftig går det an å snakke rundt det.


Døme:

Ringenes Herre
av J.R.R. Tolkien

Innhald
Ei vondskapsfull makt er i fred med å erobre verda, og alles skjebne kviler på skuldrene til ein veldig lite sannsynleg redningsmann frå ein skjerma og avsides krok av verda. Boka er, saman med mykje anna, historia om korleis denne usannsynlege helten lar ut på ei reise meir anstrengande og farefull enn han kunne forestilt seg.

Kva eg likte og ikkje likte
Karakterar
Veldig mykje bra, her, kan særleg trekke fram den ambivalente Boromir som kanskje ender opp som den mest rørande helten av alle, samt den eviglojale Sam. Dei fleste karakterane følest verkelege og interessante, og bokas sterkaste scenar er gjerne vel så mykje sterke karakteraugeblink som store, imponerande slagscenar og liknande.
Plott
Både òg. Grunnidèen er veldig enkel, men det er ikkje udelt negativt, særleg i denne typen heroisk godt-mot-vondt historie, og den er uansett utbrodert og gjort verkeleg i ei veldig overbevisande og nyansert verd. Enkelte plottmekanismar er kritikkverdige - det klassiske dømet er vel "ørnene kommer", ein deus ex machina av rang, som alvorleg undergrev heile taktikken lagt opp ved møtet i Kløvendal før i boka - men i det store og heile har boka ein interessant og spanande utvikling. Om eg skal kritisere sjølve historieforteljinga har eg kun to punkter eg stusser litt over. Det fyrste er byrjinga av boka, som er langt meir omstendeleg og beint fram meir barnsleg enn resten, noko som følest både småkjedeleg og merkeleg. Dette bidreg likevel til å forsterke kjensla av naivitet og uskuld i Hobsyssel og for hobbitene før dei dreg ut og blir konfrontert med den verkelege, hardare verda, fyrst i form av Gammelskogen, ein redsel som er slåande mykje mindre realistisk og brutal enn det meste dei møter seinare i boka. Gammelskogen er skummel og farleg, men den er skummel og farleg med ein stemning mykje lik den ein ville fått om ein som lite born rota seg bort i ein mørk skog, ikkje den meir vaksne angsten og frykten ein ser i Moria, Helmsdjupet, i Hutulas hole, og så bortover. Til dømes må hobbitane i omtrent alle konfliktar og grufulle situasjonar seinare i boka sjølve ta (del)ansvar for å komme seg ut av knipa, medan her er det ein koseleg, bestefaderleg figur som dukkar opp av ingenting og hjelper ein finne vegen heim. Ikkje mindre reell fare, men grunnleggande annleis enn seinare i boka, og ein perfekt overgang til den realistiske verda. Grep som dette får meg til å nøle med å skildre den langsomme og småkjedelege og tilsynelatande barnslege stilen i byrjinga som noko negativt for boka som heilskap.
Det andre punktet er Frodo og Sams lange vandring i Mordor. Igjen blir det kjedeleg (dog på andre måtar og av andre årsakar), og igjen føler eg at ein ikkje kan skildre det som udelt negativt. At det tek så lang tid for lesaren å komme gjennom gjer at det følest langt meir verkeleg at det tek lang tid for karakterane. Lidinga deira følest meir ekte og nær av at ein ikkje får spole fram til slutten.
Så alt i alt vil eg seie at plottet progresserer både bra og engasjerende. At boka ikkje sluttar med Den Store Finalen er eit anna overraskande grep, men eit eg anser som utelukkande posititv, særleg då slutten-etter-slutten nesten er bokas beste del i mine auge.
Anna
Er lei av å skrive dette dømet no, så... Imponerende detaljert oppbygd verd som er både fascinerende og lett å sette seg inn i.

Heilskapleg vurdering
Ei meget, meget god bok i ein heilt anna stil enn den foregåande satt i same verd, som var bra på ein ganske annleis måte enn denne. Ein av dei beste fantasybøker eg har lese, på alle måtar, og den kan anbefalast alle lesarar i alle aldre og av dei fleste sjangerpreferanser.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Anmeldelser

Post by Loki »

Linkeposten vart oppdatert med diverse anmeldelsar frå rundt omkring her på Andre bøker for eit par år sidan, eg tenkte ikkje på å nemne det då -- men no er det no sagt. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Locked