Sidan november har eg fyrst lese Matt Ruff sin roman
Lovecraft Country, som kan tilrås. Likte den nok til at eg såg piloten til serien etterpå, den var OK, men fenga ikkje på same måte som boka, så eg gav meg etter episode to der. Så følgde eit par novellesamlingar av Neil Gaiman, som (som novellesamlingar flest) var litt ymse, nokre historiar fall veldig i smak, anna ikkje i det heile, og mykje ein stad mellom. No les eg
Fredens fiende av Jan Ove Ekeberg, som er heilt grei historiefiksjon med ganske god driv, men som eg neppe ville prioritert om eg ikkje var småinteressert i settinga/perioden. Så skal eg fortsetje på
Mistborn-trilogien.
Innimellom desse har eg lese ein del teikneserieromanar. Ed Brubaker sin spionthriller
Velvet kan varmt tilrås, men superskurkdramaet
Incognito av same mann følte eg var litt meir forgløymeleg trass i eit meir originalt og spanande premiss. Så las eg Scott Snyder sine fyrste tre store historiesyklusar om
Batman;
Night of Owls (som eg hadde lese før ein gong),
Death of the Family (ditto) og
Zero Year (som var ny for meg), samt hans
Joker: Endgame. Som ein kan vente seg etter så mange tusen sider er kvaliteten litt opp og ned, men i det store og heile er ryktet Snyder har som ein av dei beste lengre forfattarskapa av
Batman svært velfortent. Særleg
Death of the Family er minneverdig, og ein av dei beste Joker-forteljingane eg har vore borte i. Han skal dessutan ha ekstra skryt for å klare skrive ein overtydande og spanande Riddler-karakter, som er (forståeleg) kjent som svært vanskeleg. Etter Snyder sin
Batman følgde eit kjært impulsgjensyn med den dårande norske vevteikneserien
Havet. Så las eg eit nytt volum i Rainbow Rowell si fortsetjing på Vaughans
The Runaways, som fortset med å gjere ein solid og underhaldande jobb utan å forsøke noko tilsvarande episk som den opphavlege serien (som eg tykkjer er smart). Deretter prøvde eg ein av Brian Michael Bendis' tidlege teikneseriar, før han slo gjennom som Marvel-forfattar, ein svart/kvitt teikneserieroman kalla
Goldfish om ein småsvindlar som vender heim etter mange år i utlendigheit. Kona (vanlegvis ein ganske stor Bendis-fan) var ikkje så begeistra for den, men eg likte den svært godt! Så kom Egmont ut med volum tre av
Familien Campbell, om ein ekspirat og hans to døtre, ei herleg blanding av action, humor og drama i beste fransk-belgiske stil, der mitt einaste klagepunkt eigentleg er at voluma er svææææært tynne med tanke på prisen.
Så byrja eg på vårens store prosjekt: Bind 1-gjennomlesingar. I mange år har eg samla opp volum 1 av ulike lengre teikneserieverk -- somme har eg lese før, somme ikkje -- der tanken er å lese alle på rad og så avgjere kven av dei eg likte best og kjøpe resten av den serien fyrst. Driv framleis på med dette, men har komme gjennom nokre allereie. Fyrst las eg fyrste bind av
The Wicked + The Divine av Kieron Gillen og Jamime McKelvie, eit fantasyverk om gamle gudar (tenk Baal, Odin, Minerva, Sekhmet, Amaterasu, og så vidare) som inkarnerar seg i moderne tenåringar cirka ein gong kvart hundreår, og inspirerer menneskeheita som artistidol og liknande. Likte denne ganske godt, trass i mi ikkje-eksisterande musikkinteresse. Deretter
Broodhollow: Curious Little Thing av Kris Straub, eit slags sjarmerande horrordrama. Opphavleg ein vevteikneserie, dette er fyrste fysiske samlinga av stripene. Vellaga, men ikkje heilt min type historie, så trur ikkje denne blir prioritert vidare. Så ei omattlesing, Garth Ennis'
Preacher: Gone to Texas. Eg las heile
Preacher ein gong for, tja, femten-ish år sidan, og sjølv om eg likte mykje av det, var det mykje eg tykte var barnsleg, unaudsynleg ekkelt, eller berre simplistisk. Kan no leggje til aldri så lite mannsjåvnistisk til den lista. Det einaste volumet eg eig er det fyrste, eg lånte resten av ein kamerat sist gong, og eg tenkte at eg kan jo sjekke om smaken min har endra seg. Det har den ikkje, ikkje nemneverdig. Det var mykje her eg likte, men tinga eg ikkje likte var der framleis, og eg hugsar tydeleg at det blir meir av den siste kategorien etter kvart som historia fortset. På den andre sida likte eg dette fyrste volumet ganske godt, trass i problemområda, både fyrste gongen eg leste det og no, så glad eg bestemte meg for å inkludere det i denne gjennomlesinga av fyrstevolum der eg ikkje eig resten. Så prøvde eg Mike Carey sin
The Unwrittten -- har faktisk to volum her, sidan eg fann volum 2 billeg på Fretex ein gong i tida -- og her hadde eg høge håp sidan eg elskar hans
Lucifer. Og jau, dette er bra saker! Sonen til ein Harry Potter-esque forfattar (berre hundre gonger meir populær) deler namn med hovudpersonen til faren, og etter faren si mystiske forsvinning etter bok tretten har han levd livet i skuggen av den oppdikta namnebroren. Men så byrjar det skje rare ting, og det byrjar bli klart at i
Unwritten er skillet mellom fiksjon og røyndom ... justerbart. Trur kanskje dette fenga endå meir enn
Wicked + Divine, så i kampen om å bli den eg kjøper resten av leder denne førebels. Så gjenlas eg
Fight for Tomorrow, ein undergrunns-kampsport/menneskehandel teikneserieroman av Brian Wood som eg berre vagt mintest og trudde kanskje var eit volum 1. Det var den ikkje. Den er ikkje dårleg, akkurat, men det var openbart ein grunn til at eg ikkje hugsa døyten av den ... Dei siste eg nådde gjennom før eg skriv denne posten var
Fables: Legends in Exile av Bill Willingham, og
Lions, Tigers, And Bears: Fear and Pride av Mike Bullock, begge gjenlesingar.
Fables har eg lese i sin heilskap tidlegare, digitalt. Det er ei historie om tradisjonelle eventyrfigurar (Snøkvit, Den store stygge ulven, etc.) som lever i løyndom i dagens New York. Verdsbygginga og konseptet er svært bra, historiane er litt opp og ned, og dialogen er ganske klein. Volum 1 hugsa eg likevel som eit glimrande introduksjonsverk, bygd rundt ei relativt sjølvstendig lita mordmysteriehistorie. Og det var den eigentleg. Var temmeleg sikker på at eg ikkje kom til å ville kjøpe meir av denne, men samtidig trudde eg at eg ville like å lese omatt fyrstebindet, og etter gjenlesingar trur eg at eg er einig med meg sjølv på begge punkt.
Lions, Tigers, And Bears landar litt på same hylle: Eit glitrande premiss (magiske leikebamsar som vernar born om natta i ein hemmeleg krig mot skumle ting i skåp og under senger) og nydelege teikningar, men ei svært flat, forutsigbar og kjedeleg historie. Vel er denne serien mynta på litt yngre lesarar, men born klarar vitterleg historiar med litt meir djupn og uføreseielegheit enn dette.
Phew. Dette vart lengre enn eg hadde tenkt. Kanskje eg burde sjekke innom tråden oftare enn kvar fjerde månad.