Kjetil wrote:Sukk, Loki, du burde komme deg mer ut blant folk, du mangler fullstendig sosial innsikt.
Spørst kva du meinar med sosial innsikt, det. Eg veit kva som er gjennomsnittleg sosial opptreden, eg veit kva som er ideell sosial opptreden, og eg veit kvar grensa for kva eg anser som akseptabel sosial opptreden går. Eg veit faktisk at den grensa går mot veldig mange andres, så at eg ikkje har sosial innsikt i så måte er feil - eg veit det, eg bryr meg berre ikkje. Dersom du meinar sosial innsikt i ein vidare og meir subjektiv forstand, som i at eg mangler innsikt i korleis eg skal opptre for at
du (og mange med deg) skal tykkje det er heilt ok, så er det fortsatt feil, eg veit korleis eg skal gjere det. Igjen, eg ser ingen grunn til å gjere det berre fordi eg veit korleis. Eg veit korleis eg skal åpne vindauga på hybelen og hoppe ut, òg, men det er seks etasjar ned så eg gjer det ikkje. Betyr det at eg har dårleg innsikt i korleis ein utfører vindaugehopp?
Dersom du derimot egentleg meinte at eg manglar vilje til å opptre slik
din sosiale innsikt tilseier, så har du treft blink.
Det er ikke nødvendig å studere alt opp og ned og i mente for å kunne utale seg om noe.
Nei, men om ein har lyst til å ha det ein seier tatt alvorleg, så burde ein ta forbehald i uttalelsen når ein ikkje har satt seg inn i det ein snakkar om. Det er den seriøse, sakelege måten å gjere det på. Ein kan såklart gjere det på anna vis, men i så fall er det ingen som har utbytte av å delta i samtalen. Dersom poenget med ein samtale er å kunne sei akkurat det ein vil, når ein vil, utan nokon som helst form for sakeleg begrunnelse for det ein seier, så er det ikkje vits i å ha ein samtale i det heile, då kan ein sitte for seg sjølv og snakke ut i lufta. Logisk sett, om ein vil ha ein samtale med andre, må ein vere sakeleg nok til at det ein seier kan svarast på på ein måte som vil vere produktivt for enten den som svarar eller den som sa noko i utgangspunktet, eller, ideelt sett, begge to. Når ein kjem med ubegrunna, bastante påstandar utan å ta noko form for forbehald, er det ikkje noko produktivt i uttalelsen, og ein kan ikkje gi noko form for produktivt svar. Samtalen vil dermed vere "Påstand" "Einig med påstand", samtale ferdig, eller "Påstand", "Ueinig med påstand", "Påstand repetert", "Svar repetert", ad infinitum. Og ingen av dei alternativa er då ein samtale nokon her har interesse av å ha? I alle fall håpar eg ikkje det, for i så fall har eg sørgeleg overvurdert dette forumet.
Folk er forsjellige, og du er forskjellig på den måten at du er veldig intolerant.
Såklart eg er, eg er jo her for å ha produktiv utveksling av meiningar, informasjon og synspunkt. Kvifor skal eg tolerere idioti når eg kan fordømme det utan negative konsekvensar? I verste fall fører det til at folk som sympatiserer med idiotien ikkje tek kontakt med meg og det er slett ikkje noko "verste fall", det er jo direkte praktisk, det, ettersom erfaring tilseier at eg har absolutt null utbytte av å ha kontakt med slike folk i utgangspunktet... Eg er ikkje så mykje intolerant som eg er elitist. Folk får gjere kva dei vil seg i mellom, men forheld dei seg til meg forventar eg at dei hever seg til ein sakeleg standard. Å sitte og seie ubegrunna og destruktive setningar til kvarandre etter tur vaks eg frå i barnehagen.
(Stefan_hoy: Berre så du er klar over det, eg meinar ikkje med denne posten å kalle deg for idiot, dum, eller noko i den retningen, eg meinar at det bakenforliggende prinsippet som rettferdiggjer postar som din er idotisk og dumt, og det er ikkje det same som at du er det. Alle gjer dumme ting i blant, det gjer dei ikkje til dumme. Så no offense.

)