Takk for støtten, Ceres, men eg trur faktisk eg har vore meir uhøfleg enn stefan var - særleg ettersom eg jo var det med vilje.

Eg ansåg "godt skodespel" - feilaktig, tydelegvis - som å vere ein relativt allment lik vurdering, har aldri støtt på nokon som er grunnleggande ueinige med meg i det før, og det same gjeld plott, tematikk, karakterbygging, og så bortetter. Difor tillot eg meg å komme med personkarakteristikkar om folk som ikkje klarar fokusere nok til at dei får med seg slike etter mitt syn objektivt tilgjengelege kvalitetar. At andre, subjektive kvalitetar, som setting, til dømes, eller sjanger, kan vere viktigare og at ein difor ikkje likar ein serie har eg forståelse for. Dei negative karakteristikkane kom inn i ein hypotetisk situasjon der ein person nektar for kvalitetar som beviseleg er der berre fordi heilskapen ikkje interesserar han eller henne. Ja, det var implisert at
dersom alle dei betingelsene gjaldt deg, stefan, så var du dum og tåpeleg i eigenskap av å ikkje legge merke til dei og ikkje sjå særleg mykje av serien før du legg ein dom over den, men det viser det seg jo at dei ikkje gjorde, så eg kom meg fint unna den.
Og eg er heilt ok med at du ikkje fann serien interessant, men eg skjønnar fortsatt ikkje korleis du kan meine at det er dårleg skodespel der. Etter kva eg kan skjønne så er det stort sett anerkjent av folk som har peiling på sånt som ein serie med gode skodespelarar, sjølv av folk som ikkje likar serien, men klart, det gjer jo ikkje noko med di meining frå eller til.
Whedon har forøvrig kun laga tre tv-seriar, alle er nedlagde no - Buffy, Angel, Firefly, sistnemnde vart kansellert midt i fyrste sesong og han har i ettertid fått filmkontrakt og laga ein kinofilm som var oppfølgjar til den. For tida jobber han med å skrive ei etter kvart særs populær rekkje med X-men-teikneseriar, skrive manus til "Wonder Woman"-filmen (som han òg skal regissere), og skal/driv med å skrive manus teikneseriar som skal bli offisiell fortsettelse på "Buffy" samt nokre fleire "Firefly"-teikneseriar. Og så har han fått filmkontrakt på eit foreløpig stort sett hemmeleghaldt konsept kalla "Goners" samt at han forsøker få i gong ein rett-til-DVD-film om karakteren Spike frå Buffy/Angel, men det ser relativt tvilsomt ut for den filmen for tida, diverre.
Og Ceres, Angel har stort sett betre spesialeffektar enn "Buffy", så det skal du ikkje bekymre deg særleg over.