Sanneleg! Min kjære doktor Frankenstein, De og Dykkar trufaste Igor vil saman alltid halde liv i denne forumkroppen, koste kva det koste vil!Asphyxiate wrote: ↑Tue Dec 07, 2021 14:14 Og Loki, jeg prøver så godt jeg kan å svare på de fleste tråder her jeg og!
Bruno Faiduttis gamle klassikar?! Håpar det, for eg elskar hans Citadels! Har vore min favoritt av mellomstorleiksspel sidan eg og småbrørne mine byrja brenne for aktiviteten då eg var tidleg i tenåra. Blir litt sjeldnare spelt no i seinare år, men det dukkar framleis opp oftare enn ein skulle tru. Eg er veldig begeistra for bløffeelementet i karaktervelgingsdelen, det driv meg til vanvit på måten eg aller helst vil at spel skal drive meg til vanvit. (Tenkjer på når eg må bestemme meg for om eg skal velge ein karakter for å hindre andre i å velge den, velge ein karakter eg openbart treng og satse på at ingen andre prioriterar å drepe eller stele frå meg, velge ein karakter eg absolutt ikkje har bruk for slik at eg er sikra å få runden min, eller velge det som burde vore mitt nest- eller tredjebeste val slik at eg får ein nokolunde god runde, og krysse fingrane som gal for at den som tok snikmordaren ikkje er smart nok til å skjønne at det var slik eg tenkte.)
Oi, det var friskt. Begge gongene eg har spelt ein karakter lenge nok til å minnast han i ettertid har det vore gnome wizards i trauste fantasysettingar (skjønt dei var relativt ulike -- den eine var bælfeit og vågal og den andre spinkel og livredd). Eg har spelt veldig lite D&D i mitt liv, eigentleg -- er ikkje sosial nok til å forplikte meg til faste spelekveldar på eiga hand, og kona har null interesse av det, medan ho gjerne er med på brettspel. Så eg tolkar spørsmålet ditt til å inkludere sistnemnte:
Er relativt sjeldan eg spelar, livet (og siste par åra koronarestriksjonar) kjem litt i vegen når ein er sofagris som trivst best heime og gjerne vil ha ei plantom frihelg mellom kvar gong ein 'skal' noko, men den eine vennegjengen som møtest relativt fast (cirka tre til fem gonger i året, endar det opp med, skjønt me siktar alltid på oftare) varierer det ganske mykje. Viss me har tid nok pla me ta eitt tyngre strategispel, eit mellomstort spel og eit lettfattleg eit til å runde av kvelden. I sistnemnte kategori blir det mykje DixIt og Cards Against Humanity, skjønt me har og spelt ein del Pairs, King of Tokyo og Organ Attack i periodar. Andre småspel kjem og går. Midtkategorien er vel der det er mest variasjon. Førre gong spelte me Barony (sikkert for obskurt til at du har høyrt om det, så: minner bittelitt om Settles of Catan som eit strategikrigsspel med så avgrensa flytt at det nesten kjennest sjakk-aktig), og gongene før var det Lords of Waterdeep og Condottiere. I tillegg spelar eg mykje Carcassonne (med ein drøss utvidingar) kvar gong eg vitjar pappa samtidig som syskena mine, sidan særleg systera mi er svært begeistra for akkurat det.
På "hovudmåltid"-kategorien har det dei siste gongene gruppa har samlast vore Stone Age, og to mindre kjente som heiter respektivt Wrath of Dragons og Arcanum. Favorittspelet i den kategorien er vel Game of Thrones for meg personleg (og ein til i gruppa), men det er ofte for tungt eller langdrygt for dei som er hakket mindre entusiastiske, så går ofte eit år eller to mellom kvar gong det blir prioritert. Har ambisjonar om å endeleg få spelt det att neste gong me samlast, eg har åttespelarskartet framleis hengande ubrukt på veggen (er for stort til å legge i hylla, så det blei veggpryd) etter at eg fekk det til jul for to år sidan. (Ikkje at me blir åtte, me er vanlegvis fem i gruppa, men det kan heldigvis brukast utan å ha fullt spelartal.)