TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Jan 14, 2022 15:58 Angående Jorda rundt på 80 dager, så mente jeg ikke at den er satt til det 21. århundre, men at noen karakterer er oppdaterte/byttet ut til å passe med det 21. århundre. Ting skjer fortsatt på slutten av 1800tallet!
Ah, det var då endå godt. :D Oppdatert casting går eg ut ifrå utan å eigentleg tenkje over det særleg ...
Asphyxiate wrote: Fri Jan 14, 2022 15:58 Og som sagt før om Succession: Det er bare å tvinge kona!
Åh, ho hadde sett viss eg trygla, men det tek kosen av å sjå noko vekk for meg viss eg føler at ho kjedar seg for min del. I den grad eg får ho med på ting ho ikkje heilt har sansen for bruker eg fort opp kvoten på ting som eg allereie liker og gjerne vil ho skal vite kva er (West Wing for eit par år sidan, til dømes, heller enn ting som eg berre har lyst til å sjå og ikkje allereie har eit forhold til. Men me får sjå!

Såg forresten Peacemaker-piloten i kveld, og koste oss. Viss Suicide Squad-filmen frå i sommar fall i smak (og særleg Peacemaker-karakteren, openbart) ser eg ingen grunn til at ein ikkje skal like avleggjarserien òg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by WoTle »

Succession har eg høyrt mykje bra om! Vurderer sterkt å sjekka den ut.

Vi såg nettopp ferdig A Series of Unfortunate Events (Den Onde Greven), som gjekk på Netflix frå 2017 til 2019. Den kan trygt tilrådast. Historia er enkel men velutført, og karakterane er gøyale. Estetikken er òg eit stort pluss. Eg sat igjen med eit ønske om meir, noko som er godt gjort for ein serie med eit så repetitivt konsept (tre foreldrelause ungar flyktar frå ein ond greve).

Vi er òg midt i Buffy the Vampire Slayer, men har måtta ta ein liten pause (det blei litt mykje Buffy på tampen av 2021). Nyleg begynte vi òg å sjå Futurama, ein serie som held seg godt over 20 år etter at den først kom ut.

Den nye sesongen av The Witcher er òg rimeleg ålreit så langt. Eg er spent på å sjå kva som skjer seinare i sesongen; eg har høyrt rykte om at dei har gjort nokre val som gjorde enkelte fans rasande.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Eg såg ferdig Witcher sesong 2 på sundag, men eg har ikkje lese bøkene, så eg anar ikkje kva val det er snakk om. Tykte som deg at sesong 2 var heilt ålreit, og likte kor mykje dei brukte tematikken rundt Witchers dei introduserte i den animerte prequelfilmen som vart slept mellom sesongane. (Sidan den var sett så lenge før serien hadde eg ikkje venta meg at dei skulle bruke den særleg.)

Series of Unfortunate Events er kjempebra, og eg kan tilføye mi tilråding til WoTles!

Er det ei gjensjåing av Buffy du driv med, eller fyrstegongsprosjekt?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Så ferdig sesong 2 i går selv. Mer fornøyd med sesong 2 enn sesong 1, men har heller ikke lest bøkene så kjenner heller ikke til hvilke valg/endringer folk reagerer på. Allikevel synes jeg kanskje serien faller noe i andre halvdel av sesongen, da jeg synes flyten og drivet ikke er så bra, selv om de binder sammen alle trådene fra tidligere. Menmen, avslutningen legger jo opp til en mulig spennende s3 og prequel-serien som skal komme.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

For så vidt einig i at oppbygginga var betre enn payoff-delen av Witchers andresesong, særleg når det gjaldt Baba Yaga-skapningen, men var ikkje vesentleg nok til at eg hadde tenkt over det før du påpeika det.

Elles, utover ting som eg allereie har nemnt her, så har eg nyleg byrja sjå What We Do In the Shadows etter fleire år med repeterte tilrådingar som eg har nedprioritert fordi eg aldri var så begeistra for filmen den er spunnen av frå (så langt er den berre heilt grei -- tøysete mockumentary om vampyrer med ein eller to ting per episode som skil seg ut som svært artig medan resten er midt på treet -- men eg trur eg er byrja spore ein svak men gradvis betringskurve utover fyrstesesongen), og har berre att to episodar av The Expanse, som eg kjem til å sakne veldig. Og så såg eg krimminiserien The Long Call, som var ganske kurant om enn litt vel enkel (men på berre fire episodar er det avgrensa kor komplisert ein kan gjere det). Og så såg eg pilotepisoden av Around the World in 80 Days i dag. Ikkje så begeistra på historiefronten, vart litt småcampy plankekøyring, men designa var fengande (for ikkje å snakke om opningsanimasjonen) og eg likte Tennants tolkning av Fogg, så held med vidare og satsar på at den går seg til utover sesongen. Og Snowpiercer byrja tredjesesongen denne veka, og det er nettopp ein serie av typen som byrja så-som-så men etter kvart er blitt ganske så bra (skjønt førebels føretrekk eg nok framleis filmen).
Last edited by Loki on Wed Jan 26, 2022 11:00, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

What We Do In The Shadows bare grei? En av de aller, aller morsomste seriene de siste årene. Herregud, der er vi uenige altså. Helt nydelig rollegalleri (jeg digger ALT Matt Berry er med i!), gøye historier osv osv. De klarer til og med å utvikle karakterene og historien på en god måte.

Men så digger jeg filmen også, da. Og mye av det Taika Waititi og Jemaine Clement gjør.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Ikkje overraska at eg er mot straumen her, for eg ser den som sagt på bakgrunn av at dei fleste ser ut til å vere einige med deg! :D Eg er berre halvveges gjennom fyrstesesongen, og ser som sagt ein trend oppover, då. Men jau, eg tykte filmen var litt kjedeleg. For all del artige augneblinkar her og der, men ikkje ofte nok til at eg likte filmen så godt som eg kunne venta meg på ryktet. Trur det er mockumentary-tilnærminga som er for klein og tafatt for meg, kanskje, for eg liker mykje av Waititis andre ting (Jojo Rabbit er fantastisk, og Thor Ragnarok og Hunt for the Wilderpeople var veldig bra). Clement liker eg svært godt som skodespelar/komikar, trur ikkje eg har sett nok andre ting han har skreve til å uttale meg om han som manusforfattar.

Uansett, serien har i utgangspunktet mange av dei same svakheitane for meg som filmen hadde, men i tydeleg mindre grad, med færre ting som slår meg som teit heller enn artig og langt høgare vitsefrekvens, så difor var eg optimistisk etter piloten. Og det verkar det så langt som eg gjorde rett i -- som ein ofte ser i komiseriar går humoren seg til etter kvart som rollebesetninga og manusforfattarane lærer kvarandres styrkar å kjenne og sjåaren samtidig får eit forhold til dei. Det er kanskje ekstra mykje tilfellet i mockumentaryformatet, der underspelte augneblinkar gjerne er dei beste, og jo lenger serien går, jo meir kan ein gjere slike på spissa karakterhumor heller enn det som fort slår meg som enkle og breie stereotypar i tidlege episodar.

Favorittaugneblinkar så langt, forresten, sidan det som sagt vanlegvis er minst ein skikkeleg fin ein per episode: Creepy paper (antakeleg vitsen som fekk både meg og kona til å gi det ein sjanse til etter piloten), kvar einaste gong Laszlo roper 'BAT!' og best av alt, haugen av daude vaskebjørnar etterlatt på trappa.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Har sett fyrste episoden i sesong 2 no, og den har absolutt komme seg stødig utover i den halvsesongen eg har sett sidan førre post. Framleis ikkje heilt på det nivået eg føler hypen skal ha det til, men no er den absolutt bra, med mange ting eg flirer godt av i kvar einaste episode. Som venta er det særleg karakterane som har gått seg til, men tykkjer i tillegg der er langt mindre kleine og generiske situasjonar enn det var i byrjinga. Fortset den i same retning kan dette bli ein favoritt hjå meg òg før me når sesong 3. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Sett ferdig Landscapers på HBO Max. Wow. Noe av det beste, og merkeligste, jeg har sett på lenge. Det begynner som en Fargo-aktig mørk komedie-true crime basert på en bisarr ekte historie om et ektepar som ble dømt for drap på konas foreldre og som så stakk av til Frankrike, men som utvikler seg etter hvert til en meget ukonvensjonell og eksperimentell serie. Serieskaperne leker seg virkelig med historiefortelling, farger, metating og masse annet. Det er vanskelig å forklare eller beskrive, det må bare ses.

I tillegg ledes serien av meget solide Olivia Colman og Lewis Thewlis, der virkelig Colman viser hvor ekstremt dyktig hun er. I episode 3 blir det rent hjerteskjærende. Gi den dama alle de priser hun kan få!

Jeg tror det kunne blitt en solid serie bare med Colman og Thewlis, både som en standard true crime-drama og som en mer standard mørk komedie, men jaggu ble det noe mer med måten de valgte å løse det på. Historien i seg selv er full av wtf-øyeblikk.

4 episoder, under en time hver (bare episode 1 passerer 50 min), så det tar heller ikke lang tid å se serien. Hadde den vært mye lengre, kan det jo hende at eksperimenteringen hadde blitt slitsom, men med under fire timers spilletid, fungerer det som juling.

Den har fått noe oppmerksomhet og mye positiv omtale, men hvorfor det ikke snakkes mer om serien forstår jeg ikke.

Tror det vil ta en stund til jeg ser noe lignende igjen. Shit ass.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Eit par episodar til inn i sesong to av What We Do In the Shadows, og no er den ganske konsekvent meget bra (skjønt -- meiningslaus pet peeve følgjer -- det irriterte meg at dei gjorde stort nummer ut av at Nandor hadde gløymt morsmålet sitt i episode 2x1 for så å vise han lese høgt frå brev han fekk frå foreldra då han var 14 i episode 2x3 -- sjølv frå parodiseriar ventar eg meg verkeleg at manusforfattarane klarer hugse kva som har skjedd før i tre episodar av gongen). Håpar betringskurven fortset endå høgare opp, men om det skulle stagnere her er den allereie komme opp på eit nivå som rettferdiggjer for meg alt skrytet den får. Moro!
Asphyxiate wrote: Tue Feb 01, 2022 21:29 Sett ferdig Landscapers på HBO Max. Wow. Noe av det beste, og merkeligste, jeg har sett på lenge. Det begynner som en Fargo-aktig mørk komedie-true crime basert på en bisarr ekte historie om et ektepar som ble dømt for drap på konas foreldre og som så stakk av til Frankrike, men som utvikler seg etter hvert til en meget ukonvensjonell og eksperimentell serie. Serieskaperne leker seg virkelig med historiefortelling, farger, metating og masse annet. Det er vanskelig å forklare eller beskrive, det må bare ses.

I tillegg ledes serien av meget solide Olivia Colman og Lewis Thewlis, der virkelig Colman viser hvor ekstremt dyktig hun er. I episode 3 blir det rent hjerteskjærende. Gi den dama alle de priser hun kan få!

Jeg tror det kunne blitt en solid serie bare med Colman og Thewlis, både som en standard true crime-drama og som en mer standard mørk komedie, men jaggu ble det noe mer med måten de valgte å løse det på. Historien i seg selv er full av wtf-øyeblikk.

4 episoder, under en time hver (bare episode 1 passerer 50 min), så det tar heller ikke lang tid å se serien. Hadde den vært mye lengre, kan det jo hende at eksperimenteringen hadde blitt slitsom, men med under fire timers spilletid, fungerer det som juling.

Den har fått noe oppmerksomhet og mye positiv omtale, men hvorfor det ikke snakkes mer om serien forstår jeg ikke.

Tror det vil ta en stund til jeg ser noe lignende igjen. Shit ass.
Hm. Kanskje me burde sjå den ferdig, då. Me gav oss etter fyrsteepisoden -- trass i svært sterke prestasjonar frå Thewlis og Colman -- fordi det føltest litt ... poenglaust. Serien opna jo med å stadfeste korleis det kom til å gå til slutt, og det verka ikkje som om det var nokon andre vriar å snakke om på veg, heller. Magekjensla eg sat att med då episoden var ferdig var 'ok, no har de fått meg til å bry meg litt om dette ekteparet, men dei skal jo i fengsel til slutt, det stod det i opningsbiletet, så er det ikkje ei slags emosjonell sjølvpining å sjå på at dei gradvis får det jævligare til dess dommen endeleg fell?' Men viss du seier historieforteljinga er alt anna enn føreseieleg og typisk, så er jo den magekjensla heilt feil. Skal slenge den tilbake på lista. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Gjør det. Selv om selve historien og det som skjer er ganske standard true crime, er MÅTEN de velger å fortelle det på, verdt alt.

Angående What We Do In The Shadows: Jeg synes jo at serien starter knallsterk, men samtidig er det sånn at den stabiliserer seg og fornyer seg og bare blir bedre og bedre utover s2 og s3, uten at de endrer så mye egentlig
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Jau, det har ikkje endra formularet, men sjølve vitsane er langt betre no (tykkjer eg og kona, då -- humor er jo ekstremt subjektivt), så har ingen grunn til å tru at betringa ikkje vil vare eller til og med auke utover. Liker serien svært godt no. Deler av det eg ikkje likte i fyrste halvpart av sesong 1 mistenkjer eg vil falle i betre jord no som me kjenner karakterane betre (det er ofte tilfellet i gode komiseriar med svakare start, tykkjer eg), men andre deler av det vil nok framleis falle flatt for meg, så er redd me framleis er litt ueinige der. Men glad endte opp på same side som generell konsensus før det gjekk altfor mange episodar!

Då er Landscapers trykt inn i lista att, basert utelukkande på all ros du har gitt den her! Er jo berre tre episodar til, så det må me kunne få skvist inn ein stad.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: TV-serier, sesong II

Post by Eerath »

The Book of Boba Fett var ikke så verst. Litt lite fokus på selve Boba Fett i noen episoder der, men mange artige gjensyn med savnede karakterer. Gleder meg ihvertfall til neste sesong av The Mandalorian.

Peacemaker har overgått forventningene mine. Har vært litt småskeptisk til DC etter mange utrolig dårlige filmer, men de ser nå ut til å ha fått ting litt mer på stell med sine siste installasjoner.

Ozark. Serien jeg hadde glemt. Har sett noen av de nyeste episodene den siste uken. Føler ikke den fenger meg like mye som i starten, men som med The Walking Dead klarer jeg ikke å hoppe av før serien er avsluttet.

Dopesick var utrolig bra! Jeg og dama så den over noen få dager.

Har også sett et par episoder med Reservation Dogs som jeg har hørt så mye bra om. Foreløpig er jeg ikke helt frelst.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

The Book of Boba Fett endte opp med å være en litt "meh"-serie for min del. De legger opp til en interessant serie om maktkamp og Bobas utvikling fra nådeløs bounty hunter til en mer barmhjertig (??) og klok leder på Tatoonie, men etter to fine åpningsepisoder, og deretter to mindre gode episoder hvor fremdrift, historie og karakterutvikling stoppet opp, ble det jo TO episoder med The Mandalorian, og siste episode var nesten like mye Mando som Boba! Dermed synes jeg ikke serien The Book Of Boba Fett var så bra, annet enn tidvis som The Mandalorian sesong 2.5. Samtidig vil jeg IKKE ha noe i mot et besøk til i denne verdenen, men da MÅ de fokusere mer på Boba og det som skjer der.

Fullførte Hacks tidligere i dag. En fin dramedie som anbefales. En av disse seriene som mange liker, men som kanskje ikke får den store oppmerksomheten fordi det er en halvtimes dramedie på HBO.

Jeg har en lang liste med serier foran meg, men Peacemaker interesserer meg så tror jeg hopper på den samtidig som Rikets sikkerhet, dokumentarserien om Treholt-saken på NRK, også nok skal ses.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Peacemaker er supergøy, spør du meg, men trur nok det er meir takka vere James Gunn personleg enn noko stort retningsskifte på DC-produksjonen. (Det sagt så verkar jo den nye, DCEU-uavhengige Batman-filmen til å bli ganske bra.) Men serien er mellom det mest fornøyelege eg har sett i det siste.

Hacks tykte eg var svært bra -- litt uoriginal i sjølve historielinene, kanskje, men så bra utført på alle måtar at det var vel verdt all rosen det får.

Book of Boba Fett ... Tja. Er einig med Asphyxiate at det var langt betre når det var skamlaust Mandalorian 2.5 enn når det faktisk handla om tittelfiguren. Eg fatter ikkje premissvalet der. Det er ingenting gale med seriepremisset i seg sjølv (ein slags Seven Samurai-inspirert "lat oss gjere mafiaen litt meir borgarvennleg og heimegrodd, folkens!" ting), men valet å gjere det med Boba Fett som hovudperson føler eg er ekstremt suspekt. Her har me ein skurkekarakter som er blitt kultfigur over fleire tiår på bakgrunn av noko i retning av tre replikkar, nokre indikasjonar på yrkeskompetanse over gjennomsnittet, og ein kul rustning. Med andre ord eit temmeleg blankt ark, der det einaste me eigentleg forventar oss er at han er råtøff og iskald. Alle tiåra med teikneseriar, bøker, og så vidare, har bygd opp rundt dette (skjønt brorparten av det så klart ikkje er canon lenger, påverkar det like fullt osmosis-inntrykket av karakteren.) Så å gjere han til ein vald-som-siste-utveg antihelt som har handlangarar som verkar langt barskare enn han er sjølv tykkjer eg går ganske rett imot det folk har venta i fleire tiår på å få sjå. Og serien var rett og slett ikkje god nok til å rettferdiggjere dette litt uforståelege vegvalet.
Men det sagt så var det mykje bra i serien. Komiinnslaga var fine, og som i Mandalorian er miljø, musikk, settdesign og kontinuitetsrespekten alt det eg vil ha frå Star Wars og som dei seinare kinofilmane bomma så grovt på å levere. Kunne tenkt meg ein tøffare hovudperson og eit litt meir intrikat/interessant/spennande plott, men men.

Dopesick har eg ikkje sett, men Danny Strong har jo mykje bra på CV-en. Den er tilrådd, altså? Og Reservation Dogs gav eg opp etter piloten, så sei ifrå om du endrar meining utover, Eerath!

Sisteseongen til Ozark har eg ikkje fått byrja på. Kona tykte pilotepisoden verka for personlegheitslaus i si tid, så eg har sett den på eiga hand (noko eg eigentleg berre har høve til i lunsjen på trege arbeidsdagar), og eg ligg evigmange sesongar etter på andre ting eg ser solo som eg forsøker halde Ozark som ei freistande gulrot for å motivere meg til å komme gjennom (bl.a. siste sesongane av Vikings, The Alienist, Doom Patrol, Young Justice, Star Trek: Discovery og DOTA: Dragon's Blood). Men gler meg veldig! Sannsynlegvis favorittserien min av dei eg ser på eiga hand.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply