TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Må sei eg er langt meir nøgd med Rings of Power enn eg hadde venta meg. Fyrsteepisoden var rett nok ganske fragmentert og saktegåande, slik vurderingane eg hadde lese indikerte, men eg hadde aldri trudd dei ville få det til å kjennast såpass som Middle-Earth. Har ikkje vore forbausa over stemningsfulltreff i eit franchiseforsøk på denne måten sidan Mandalorian-piloten. Forstår ikkje heilt korleis dei kan gjere ting så likt filmane utan å trakke på rettigheitsspørsmål, men er glad dei har fått det til. Og ikkje berre i utsjånad, men i humor, tone, dialog og det heile.

Eg hadde forresten alltid forstått premisset for denne serien som om den skulle ha hovudfokus på Númenor, og litt av skepsisen min var til kor naturleg det ville vere å fokusere på Elrond, Galadriel, Durin, Celebrimbor, etc., i ei slik setting. Når me så etter to episodar framleis ikkje har fått så mykje som ein dialogbit om plassen er det forbausande, men interessant. Trur det vil fungere langt betre å bli introdusert for kronjuvelen av menneskesivilisasjon etter å fyrst ha sett alvar, dvergar, protohobbitar og småkår-menneske enn det ville gjort å byrje der, men det er aldri noko eg ville tenkt meg dei kom til å gjere.

Alt rabalderet til neka i sosiale media om hudfargar verkar veldig to fjær blir til ein hønsearmé. Som i Two Rivers i piloten på Wheel of Time kunne eg rett nok tenkt meg at den internt i sivilisasjonane var meir homogen av truverdigheitsomsyn (Harfoots har jo til og med dialog om korleis dei held seg for seg sjølve), men om den er homogent brun, svart eller kvit gir eg litt blanke i. Dei kjem jo vandrande frå søraustlege strøk uansett. (Med alvar har eg forresten mindre problem med dette -- dei formeirar seg jo så uhorveleg sakte og lever så lenge at samansausinga av gener ikkje vil fungere på same måte der.) Skal ein fyrst flisespikke på casting og karakterdesign kunne eg heller tenkt meg færre rynker og hudfoldar på alvane (Gil-Galad og Celebrimbor i sær) og litt skjegg på dvergeprinsessa.

Det er for mange tiår mellom meg og den tretten, fjorten år gamle versjonen av meg som kunne legendariumstrivia på kryss og tvers til at eg hugsar detaljar kring kva som skal skje og Tolkien sin kronologi samanlikna med serien. Men utan å kunne irritere meg over eventuelle samanslåingar og ting der må eg sei eg er imponert i kor mange spanande ting (Durins bane, Annatar gavefyrsten (presumptivt), Celebrimbors ambisjonar, Galadriels søken etter Sauron) dei klarar veve saman til ein samtidig heilskap. Den einaste detaljen som eg stussa på var implikasjonen om at Elrond er litt sett ned på som halv-alv. Eg ville trudd at å vere ein sekstendedels maia ville meir enn vege opp for menneskeblod, sånn alvefordomsmessig?

På historiefronten var episode 2 eit stort steg oppover frå den ufokuserte piloten, så tør no ha relativt høge håp for resten av sesongen! Kryssar fingrane for at den lever opp til potensialet, som eg no ser som langt større enn eg gjorde før eg byrja på serien.

Og i anna fjernsynsnytt: Episode 2 av Archers trettende sesong er ein av dei eg har flirt mest av på mange år. Følte nesten dei var tilbake på nivået frå glansdagane, så det var stor kos.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Jeg er heller ikke der at jeg kan legendariumet på rams lenger, noe jeg anser som en stor fordel: Jeg kjenner til en del (navn, hendelser og den slags), men detaljene er ikke på plass lenger, slik at en del endringer de har gjort/gjør videre for å tilpasse det tv-ruta tror jeg vil gå meg hus forbi.

For meg er stemninga kanskje det viktigste, og for meg traff de så sykt godt på stemninga. Så trenger ting ang. flyt, manus osv. ikke å være 100%. Det er også spennende at den går samtidig som House of Dragons, da man her ser ulikheter i hvordan fantasy-verdener kan fremstilles. Jeg er glad i eventyrfølelsen Maktens Ringer gir meg!

Jeg er spent på hva jeg kommer til å synes om Nori: Jeg er ikke verdens største fan av yngre, overdrevent nysgjerrige karakterer som allikevel får rett når de tydelig bryter en del grenser (som absolutt kan fungere om det gjøres fint). Jeg vet ikke hva det er jeg ikke er så fan av ang. det, men den type karakterer har en tendens til å irritere meg. Man dæng, harfootsene var jo ganske herlige, så har troa.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Den er absolutt svært annleis frå House of the Dragon (som verkeleg kom seg i episode 3, forresten), men det er jo som du ymtar om berre bra. Berre fordi ting skjer i oppdikta mellomalderverder treng dei då ikkje følgje same sjanger og stil, og det er det fint om den gemene hop (les: hollywoodprodusentar) endeleg lærer seg. Litt som at ein kan lage både Bicentennial Man og Terminator, og folk kan like begge. Og når ein no òg har Sandman som tek Netflix med storm som fullstendig annleis men like fullt storslått og episk fantasy, burde lærdomen vere ekstra tydeleg. Kan ein kanskje håpe.
Asphyxiate wrote: Thu Sep 08, 2022 18:43 Jeg er spent på hva jeg kommer til å synes om Nori: Jeg er ikke verdens største fan av yngre, overdrevent nysgjerrige karakterer som allikevel får rett når de tydelig bryter en del grenser (som absolutt kan fungere om det gjøres fint).
Kan jo kanskje bli ein fin vri på det her, då, sidan hennar grensebryting kanskje kan føre til all verdas gruvsamheiter. (Dei har for all del framleis døra open for at det er red herring og at han _ikkje_ er Sauron, men tatt omsyn til kor trufaste dei er mot kjeldemateriellet elles verkar det litt usannsynleg at dei har tatt sjansen på å dikte opp personleg innblanding frå ein annan Maia -- og Maia er han nesten garantert.)
Asphyxiate wrote: Thu Sep 08, 2022 18:43 Jeg vet ikke hva det er jeg ikke er så fan av ang. det, men den type karakterer har en tendens til å irritere meg. Man dæng, harfootsene var jo ganske herlige, så har troa.
Einig på begge punkt, men Noris (som høyrest ut som eit dvergenamn for meg, og det småirriterar i seg sjølv) plott er uansett ein heller liten del av heilskapen så langt. Og så er eg svært positivt overraska over Bronwyn-plottet (skjønt det hjelper nok at eg kjenner skodespelaren frå den svært bra Counterpart-serien), som vel er der dei diktar meir eller mindre 100 % fritt, så vidt eg kan sjå.

What We Do in the Shadows fullførte sesongen allereie, gitt. Dakar Laszlo. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sett ferdig Amazons Patriot. Sesong to var kanskje ein liten smule mindre superfantastisk enn sesong 1, men dette er likevel ein av mine nye favorittseriar, og eg er (som venta allereie eit par episodar inn i sesong 1) vonbroten og knust av tanken på at dette ikkje fekk fortsetje i eit dusin sesongar til.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Jeg synes at både Rings of Power og House of the Dragons fortsetter å levere. Begge er veldig solide, men HotD klarer nok tidshopp og progresjon noe bedre enn RoP per nå. Der er det nok noe som forsvinner på veien og som kanskje ikke blir forklart godt nok - men vet ikke om det er fordi jeg vet en del, men ikke alt, så om de som ikke har lest Silmarillion osv. synes det samme er jeg usikker på. Durin og Elrond 4ever!

Så ferdig Only Murders in the Building s2 forrige uke. Fortsatt koselig og ålreit tv. Ikke for mange som er det.

Andor e1-3 er den beste åpningen til en SW-live action siden The Mandalorian. Kult stemning, kule karakterer og veldig spent på hvor de drar det. Liker at de slapp tre episoder på en gang da dette kunne vært en sammenhengende episode i andre serier.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Berre sett éin Andor førebels. Med tanke på den svært korte episodelengda er eg einig i at det kunne vore éin i staden for tre, men dei får styre på som dei vil. Er nok folk der ute som klagar når episodane blir lange til at det sikkert er like greitt, PR-messig.

Eg er veldig nøgd med både RoP og HoD så langt! Tykkjer RoP klarer betre å vekkje til live ei verd og ein mytologi som fenger meg, medan HoD er tydeleg betre på karakterutvikling og drama, samt klar retning på plottet. RoP er imidlertid langt meir mysteriebasert, så det er mogeleg dei hentar seg inn ein del der mot slutten av sesongen når dei (presumptivt) får ei einheitleg ramme for heile historia og avslører ein tvist eller to. Håpar det. Skjønt eg stussar litt på at Isildur og Elendil er med halvanna årtusen før dei blir fødd. Forstår at dei vil ha så mange element å leike seg med som mogeleg, men det er då vitterleg ein to-tre ulike krigar i dei mange hundreåra mellom smiinga av ringane og The Last Alliance. Verkar litt bortkasta og lite episk å slå alt det saman til éi einsleg konflikt med langt mindre tidshorisont. Skjønt eg er positiv til at dei i så fall sannsynlegvis vil kombinere Annatar hjå alvane og ein forførande Sauron hjå menneska, heller enn gjere det til to separate historiar. Det følest tematisk smart. Kryssar fingrane for at alt vil fungere bra til slutt -- og Durin er meistarleg. Lite er meir underhaldande enn ein velskreven og velportrettert dverg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Enig i at RoP gir en bedre eventyr og mysteriefeeling. HotD er helt klart mer "realistisk", tung og mørk enn RoP og jeg er veldig glad for at RoP ikke har blitt GoT-ifisert. La den være et større, storslagent eventyr i en verden vi virkelig kan kose og meske oss i. De trenger kanskje ikke å ha for mange "hvem er det"-plot, men fortsatt interessant med Halbrand, The Stranger og tidvis Adar.

Så får det være at man gjør en del endringer. De har jo valgt å komprimere historien noe voldsomt, på bekostning av den lengre utviklingen - man får nok ikke fram de lange levetidene til numenorianerne og alvene så godt, men det gjør nok at vi i større grad kanskje blir mer involvert i de karakterene vi følger per nå (som jeg regner med at vi kommer til å følge stort sett hele veien til slutt). Vi vet jo ikke hvor dette ender, men de fleste tror vel at de starter der PJs filmer begynner!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Vel, sidan dei no har Isildur som ein hovudperson er det vel nærliggjande å tru at dei i alle fall vil fortsetje til han mister Ringen. Og sidan det er ein nedtur å slutte der mistenkjer eg at dei vil slenge på ein epilog der dei fem trollmennene går i land e.l. Serieskaparane snakkar støtt om 'femti timar' i reklamemateriellet, så vil tru det er enten snakk om fem sesongar (om kvart sett 'ti timar' er Hollywood-vrøvl for ein sesong på åtte episodar på under ein time kvar) eller seks sesongar (om dei meinar bokstavelege timar), planmessig. Tida vil vel vise kor mykje dei faktisk får lage, men så god tid som dei tek seg så langt er det i alle fall tydeleg at dei er meint å planleggje som om dei får fortsetje til dei er ferdige.

Ein ting har uansett HoD og RoP til felles -- uforståeleg abstrakte opningssekvensar. Symbola i begge høve er for forbigåande og udefinerte til å vere meir enn spekulasjon og analysemat for dei mest nitidige blodfans, og eg forstår ikkje heilt kva som er skjedd på produksjonsfronten der. HoD har ein nydeleg ambisjon om å vise familielinene og giftermåla, det er openbart, men måten det er gjort på (om aldri så kul stilmessig) gjer absolutt null for å hjelpe gjennomsnittssjåaren orientere seg i familietreet. RoP følest endå meir abstrakt, som er snålt sidan dei går så hardt for ein konkret John Howe-aktig stil sjølve serien. Skulle tru dei ville bruke opningssnutten til å orientere sjåaren i Middle-Earth-tidslina, eller gi litt eksposisjon om dei ulike folkeslaga, eller hundre andre ting. Men, men. Dei er jo pene begge to, då, og har fin musikk (sjølv om eg framleis tykkjer HoD burde ha gjort ei ny innspeling av melodien med ein litt anna stil for å framheve periodeskiftet).
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Må innrømme at jeg hopper over introen til begge. Joda, de er fine og musikken er bra - men etter et par episoder, kunne jeg ikke se noen endringer slik som GoT jo gjorde. Men kanskje det har skjedd noe de siste episodene?

Serieskaperne til RoP har vel sagt at det skal være 5 sesonger: https://www.empireonline.com/tv/news/lo ... exclusive/ Håper virkelig de får lov til dette, for om det stemmer at de har planlagt fem sesonger, så kan jo det tyde på noe som er skikkelig gjennomtenkt.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Interview with a Vampire-piloten var relativt bra. Litt saktegåande, litt traust og lite oppfinnsam, men rik på atmosfære og som smått på kanten av fengande. Bonuspoeng for ein artig live action John DiMaggio-cameo, altfor sjeldan at eg får sjå kongen av teiknefilmstemmer i levande live.

Inside Man-piloten var derimot kjempelovande. Tennant-karakteren sitt plott er kanskje ikkje heeeeilt der det burde vere etter fyrsteepisoden, tykkjer eg, men til gjengjeld er Tucci-halvparten av serien glitrande god frå fyrste scene av. Så vidt eg forstår er denne Moffat-skrevne miniserien berre på fire episodar totalt, så her er eg allereie seld på å sjå dei resterande tre!

Ser elles gjennom UnREAL for tida, halvt såpedrama og halvt psykologisk thriller om den nær-samvitslause produseringa bak ein fiktiv realityserie. Har vore på lista mi i æver, og me prøvde piloten i fjor ein gong, tykte den var lovande og la oss den på minne. Hadde ei lita opning i kalenderen no på seinsommaren der ein firesesongars ting (med korte sesongar, vel å merke) passa fint inn. Straks ferdige med sesong tre, og sjølv om den ikkje akkurat er blitt ein av favorittseriane mine eller noko slikt, så liker eg den omtrent så godt som ein overhovudet kan håpe på med tanke på at premisset knapt er heilt mi greie.
Asphyxiate wrote: Tue Sep 27, 2022 18:22 Men kanskje det har skjedd noe de siste episodene?
Mogeleg, men dei er i begge tilfelle så abstrakte og kjappe at i så fall har det gått meg hus forbi. (Men eg ser dei. Forsøker framleis å tvinge nok merksemd til dei fort forsvinnande symbola til at eg skal klare tolke noko, men får det sjeldan til.)
Asphyxiate wrote: Tue Sep 27, 2022 18:22 Serieskaperne til RoP har vel sagt at det skal være 5 sesonger: https://www.empireonline.com/tv/news/lo ... exclusive/ Håper virkelig de får lov til dette, for om det stemmer at de har planlagt fem sesonger, så kan jo det tyde på noe som er skikkelig gjennomtenkt.
Er jo det eg håpar, ja. Fem sesongar høyrest litt lite ut for meg, viss dei berre skal vere åtte episodar kvar og dei skal skvise _heile_ forbanna Second Age inn i éi historie. Men heller fem planlagde sesongar enn ni improviserte, for all del.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

...og episode 6 av RoP fikk fart på sakene!

Det tok ikke lang tid før Andor involverte The Empire. OK, men håper de holder det på et "lavt" nivå.

Sett de to første episodene av "Welcome to Wrexham", dokumentarserien om Ryan Reynolds og Rob McElhenney som kjøper den walisiske klubben Wrexham. De to første episodene er overraskende alvorlige. Trodde det skulle være mer artig, men dette er ganske seriøse saker.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Reynolds og McElhenney er veldig artige karar, men eg har mindre enn null interesse av verken sports- eller forretningssida av fotballklubbar, så det er nok ikkje noko eg ville gitt eit minutt eller to til ein gong. Då somlar eg meg heller til endeleg å prøve Always Sunny in Philadelphia eller kanskje ein strukturert gjennomsjåing av Two Guys, A Girl and a Pizza Place (som eg aldri har sett anna enn sporadiske strøepisodar av).

Ikkje sett denne vekas RoP eller Andor enno, men har ingen problem med at Empire er med, så lenge det som du seier er på relativt lågt nivå. Kan knappast bli opprørar og spion dersom han ikkje har nokon å opprøre mot og spionere på.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Nokre oppdateringar:

She-Hulk var ganske bra, tykte eg. Kunne tenkt meg hyppigare humre-humor i staden for å stort sett lene seg på slappare smile-litt-humor, og ein del av episodane føltest som ganske tynn filler. Vrien i sesongfinalen var finfin, men dei tabba seg ut etter både min og kona sin smak på å så ha ein superkjapp og oversimplifisert avslutning etterpå. Episoden burde vore fem til ti minutt lengre, alt mot slutten, så det ikkje vart så antiklimaktisk. Men men.
Nest-siste episode trur eg var min favoritt, men eg likte òg veldig godt episode 2 og 3, om eg hugsar rett. Og Maslany er fantastisk.

Elles overtydde Considine endå meir enn tidlegare i førre vekes House of the Dragon, eg trur eg er byrja bli skikkeleg glad i den serien.

Rings of Power fortset med at godt tempo og fin stemning ber meg glad gjennom eit plott eg elles er litt usikker på. Håpar dei vil fikse ein del ting i finalen som enten kan vere kule hint til at noko gale er på ferde, eller kan vere teite nypåfunn som ikkje følest rett i Middle-Earth (sikter her særleg til mithril-plottet).

The Patient er litt ujamn, men Carell og Gleeson er fantastiske i den, og dei korte episodane hjelp halde meg passande nervøs gjennom kvar bolk.

Archer er veldig bra denne sesongen. Er eit par episodar på etterskot no, men sjølv om den ikkje har heilt levd opp til fyrste to utover i sesongen tykkjer eg framleis dette er solide saker. Fantastisk å sjå ein serie såpass treffsikker i sin trettende sesong.

Inside Man er veldig lovande! Har sett halvparten av denne fireepisoders miniserien frå Moffat, og både eg og kona er ganske hekta, særleg på Tuccis historieline.

Andor er kanskje ikkje _heilt_ så fantastisk som hypen skal ha det til, men den er likevel absolutt noko av det beste Star Wars har produsert sidan Disney tok over. Og det er i seg sjølv svært tilfredsstillande. Liker denne betre og betre kvar episode.

The Handmaid's Tale er som vanleg svært spanande, og i seinare sesongar mange hakk mindre übermørk og trykkande, og dermed betydeleg mindre ubehageleg å sjå på (sjølv om det så klart blafrer tilbake til gruvsamheitene innimellom.

Interview with the Vampire er interessant. Tykkjer den manglar litt på drivet, men den har stemning i bøtter og spann.

Pennyworth er tilbake, no med tidenes mest dustete undertittel (The Origin of Batman's Butler, gudane hjelpe oss alle), men den let ikkje det stoppe seg. Her er det erkebritisk stiff upper lip, glimt i augo og ein blanding av campy action, seriøs thriller og vittige replikkvekslingar som dei færraste kan få til. Fatter fortsatt ikkje at denne serien eksisterer, og fatter fortsatt endå mindre av at den er bra, men eg storkoser meg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

She-Hulk leverte til slutt. Varierende nivå underveis. Ikke alltid metahumoren og bruddet med den fjerde veggen fungerte, men det de gjorde i finalen - det likte jeg. Alt hatet den har fått forstår jeg virkelig ikke. Også Tatiana Maslany, da. Elsk.

Rings of Power avsluttet på en måte som gjør at jeg er fornøyd med hva de fikk til. Ikke alt har fungert i sesongen, men jeg har sett fram til hver episode og ser fram til sesong 2. Alt hatet den har fått kan jeg kanskje forstå grunnlaget til, men er ekstremt uenig.

Sett ferdig The Umbrella Academy s3 (hadde helt glemt at den hadde kommet noen uker der). Likte den bedre enn sesong 2. Den må fokusere på galskapen!

Andor er solid. Liker godt at de har lagt opp til 4x3 episoders miniarcs gjennom sesongen. Det lar ting flyte bedre.

Denne ukas HotD: Wow. Enig i at Considine var god - til og med strålende. Selv om noen karakterbytter skjærer litt, er dette ganske bunnsolid politisk drama - med drager.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3230
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47 She-Hulk leverte til slutt. Varierende nivå underveis. Ikke alltid metahumoren og bruddet med den fjerde veggen fungerte, men det de gjorde i finalen - det likte jeg.
Einig i at metabrotet fungerte der, men som sagt likte eg ikkje at når ho så kom tilbake inn i historia var den allereie slutt. Etter alt det pratet om ein betre slutt ville eg faktisk _ha_ ein slutt, ikkje berre simplistisk denuement.
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47Alt hatet den har fått forstår jeg virkelig ikke.
Det er direkte ekkelt. Reknar med det er dels kvinnehat, dels sjangerwhiplash frå fans som er for van med at alt frå Marvel er av nøyaktig same type ting. Det gjer det dessutan vanskeleg for folk som meg som tykkjer serien er heilt OK å forsøke komme med velmeint kritikk på det eg tenkjer kunne vore betre, føler det som om eg stikk hovudet inn i eit vepsebol viss eg ikkje er hals over hovud for alt ved den. Men som sagt, eg tykkjer humoren kunne vore trykt nokre hakk opp og gjort seg meir fortent til sitcom-status enn eit litt slapt komidrama, det ville fungert betre med tonen dei gjekk for. Og det kiunne etter min smak vore strammare karakterarcar og plott i enkelte episodar.
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47Også Tatiana Maslany, da. Elsk.
Ho er fantastisk. Castet generelt var ypparleg. Eg er òg ekstremt begeistra for Josh Segarra her, han har verkeleg ikkje fått skine slik i (på papiret langt meir interessante) rollar eg har sett han før. Men det er ei bakside ved det når så mange karakterane følest som om dei burde vore meir sentrale. Titania særleg var sårt underbrukt, særleg i finalen (ho føltest malplassert når ho dukkar opp utan å bidratil historia i det heile, eigentleg), og det er fleire andre som godt kunne vore i bakhovudet til manusforfattarane når dei bygde ein del av fillerhistoriane. Ville gitt sesongen litt meir heilskapskjensle og struktur.
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47 Rings of Power avsluttet på en måte som gjør at jeg er fornøyd med hva de fikk til. Ikke alt har fungert i sesongen, men jeg har sett fram til hver episode og ser fram til sesong 2. Alt hatet den har fått kan jeg kanskje forstå grunnlaget til, men er ekstremt uenig.
Eg er framleis ekstremt positivt overraska, serien er mykje betre enn eg hadde førestilt meg den kunne vere før den byrja. Når den så ikkje levde opp til dei høgste håpa eg fekk _etter_ at den byrja, så er det kanskje litt urimeleg å halde imot den. Finalen gav meg same kjensla eg fekk på kino av Star Wars: Revenge of the Sith i si tid, for tjue år sidan (herre Jesus) -- eg hadde håpa på avsløringar som verkeleg skulle imponere og overraske, på smarte forteljargrep som retroaktivt gjorde tilsynelatande svakheiter i tidlegare kapittel briljante set-ups. I staden fekk eg i begge tilfeller dei enklaste løysingane på alt. Alle avsløringar var nøyaktig som venta, alle plotthol og historiesvakheiter i tidlegare kapittel vart verande urørte, MEN sett i isolasjon var både RoP-finalen og Revenge of the Sith kjempegod underhaldning som var godt fortalt. Eg er slitt mellom skuffelsen av det eg ynska det skulle vere og aksept av at, vel, om det absolutt skulle vere plankekøyring så var det glitrande godt plankekøyrt.
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47 Sett ferdig The Umbrella Academy s3 (hadde helt glemt at den hadde kommet noen uker der). Likte den bedre enn sesong 2. Den må fokusere på galskapen!
Einig. For lenge sidan s1 til at eg kan samanlikne der, men eg mistenkjer at eg likte s3 best av alle tre så langt.
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47 Andor er solid. Liker godt at de har lagt opp til 4x3 episoders miniarcs gjennom sesongen. Det lar ting flyte bedre.
Hadde ikkje tenkt særleg over det, men det har i alle fall fungert fint så langt. Skjønt kona tykkjer den er for saktegåande til tider. (Ho er eksplisitt _ikkje_ Star Wars-fan, men er veldig glad i Mandalorian. Så langt liker ho Andor betre enn eg hadde frykta, men litt mindre enn ein kunne håpe.)
Asphyxiate wrote: Fri Oct 14, 2022 22:47 Denne ukas HotD: Wow. Enig i at Considine var god - til og med strålende. Selv om noen karakterbytter skjærer litt, er dette ganske bunnsolid politisk drama - med drager.
Usikker på kva karakterbyter du føler skurrar, eg har eigentleg vore ganske imponert over dei fleste av dei (skjønt nokre av borna er såpass lite til stades at eg knapt merkar det, må eg innrømme). Og denne siste episoden har verkeleg seld meg på serien og vore verdt den sakte oppbygginga hittil. Håpar resten av sesongen lever opp til denne avsindige standarden.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply