S02E04: Daughter of the Night

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

S02E04: Daughter of the Night

Post by WoTle »

Wow! Det var litt av ein episode. Eg skal sjå den for andre gong med podcastgjengen i kveld, så eg har sikkert endå fleire tankar då.

Eg digga det aller meste av episoden. Eg hatar visjonane til Perrin litt mindre no, sjølv om eg kunne tenkt meg at dei illustrerte ulvespråket på ein litt annan måte. Eg byrjar å få meir sansen for Elyas, sjølv om eg framleis synest han er litt for "ulv".

Det som går føre seg i tårnet er gode greier. Måten dei skriv Liandrin og forrædariet hennar er på mange måtar betre enn i bøkene. Trur det er mange ikkje-lesarar som spekulerer i at ho kanskje testar Nynaeve og gjengen, og dei kjem til å få seg ei overrasking når ho kjem eventuelt ut som Mørkefrende neste episode.

Kjekt å følga Min og Mat, men synest ikkje eigentleg noko særleg om den nye forhistoria til Min. Det blei litt parodisk.

Eg har førebels ikkje mykje å seia om Lan si historie, anna enn at eg fekk litt gåsehud då Voktaren til Alanna las den mørke profetien. Greia til Selene og Rand var interessant, og eg synest Lanfear i serien er betre til å manipulera enn ho var i bøkene. Ikkje begeistra for at ho tydelegvis kan "drepast" utan å døy, og det er eigentleg det eg likte minst med episoden.


Kva syntest dokker?
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S02E04: Daughter of the Night

Post by Asphyxiate »

Også godt fornøyd med episode 4. Kul "cold opening", men dette var ikke spesielt vanskelig å forstå hva var for noe for boklesere, usikker på hvordan det var for de som ikke har lest bøkene. Liandrin fortsetter å være den store positive overraskelsen, spent å se om folk ble sjokka av det som skjer på slutten av episoden. Rand fungerer stadig bedre, men han kan fint slutte med den overdrevent mørke/dystre stemmen (med mindre det er stemmen til skuespilleren da...).

Her "brukes" Moiraine bedre. De gjør her mer ut av Aes Sedaienes personligheter og at de er mer skjøre enn hva bøkene ofte viser. Det liker jeg.

Perrin og Elyas. Noe bedre, men er heller ikke så glad i at han har syner/Ser ting.

Av det jeg ikke var så fan av:
- Ting går fortsatt for fort på flere ting. Nå går det egentlig for fort etter at Nynaeve kom ut av portalene. Altså, hun har levd i mange år der inne, fått barn. Hun ble erklært død, for så å komme tilbake. Her burde de brukt noe mer tid på sjokket/reaksjonene til folk i tårnet.
- Lan-historien er dessverre fortsatt ikke så godt fortalt. Lan blir for melodramatisk her. Men de andre han er med, gjør helheten bedre
- Min. Sorry, men er ikke solgt på hennes historie. Skuespilleren gjør for så vidt en grei jobb.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S02E04: Daughter of the Night

Post by Loki »

Då har eg òg endeleg somla meg inn på hjul nummer fire!
WoTle wrote: Sat Sep 09, 2023 17:01 Det som går føre seg i tårnet er gode greier. Måten dei skriv Liandrin og forrædariet hennar er på mange måtar betre enn i bøkene. Trur det er mange ikkje-lesarar som spekulerer i at ho kanskje testar Nynaeve og gjengen, og dei kjem til å få seg ei overrasking når ho kjem eventuelt ut som Mørkefrende neste episode.
Vel, om dei følgjer med, så blir det jo avslørt at ho jobbar med Ishamael direkte i scenen etterpå når han er der i som agenten Min skal møte. (Teoretisk sett kan han jo ha infiltrert operasjonen eller erstatta personen, men det verkar usannsynleg innfløkt, så trur ikkje så mange vil tenke det.)
WoTle wrote: Sat Sep 09, 2023 17:01 Greia til Selene og Rand var interessant, og eg synest Lanfear i serien er betre til å manipulera enn ho var i bøkene. Ikkje begeistra for at ho tydelegvis kan "drepast" utan å døy, og det er eigentleg det eg likte minst med episoden.
For så vidt einig. Men, hjelp ein stakkar som ikkje har lese bøkene på tjue år -- vart det avslørt så tidleg at Selene var Lanfear? Eg tykte hugse det berre vart avslørt at ho var mørkefrende her, og at Lanfear-biten fyrst vart hinta til seinare. Men de nemner jo ikkje noko slikt, så då hugsar eg sikkert feil?
Asphyxiate wrote: Mon Sep 11, 2023 8:04 Også godt fornøyd med episode 4. Kul "cold opening", men dette var ikke spesielt vanskelig å forstå hva var for noe for boklesere, usikker på hvordan det var for de som ikke har lest bøkene.
Vel, eg har som nemnt berre vage minner om bøkene, viser det seg ( :lol: ), men eg var usikker på kva i all verda det var -- lurt av at Selene allereie var i serien, og dermed ikkje ein kandidat sidan eg gjekk ut ifrå at scenen gjekk føre seg i vanleg tidsline, ikkje som flashback.
Asphyxiate wrote: Mon Sep 11, 2023 8:04Liandrin fortsetter å være den store positive overraskelsen, spent å se om folk ble sjokka av det som skjer på slutten av episoden.
Asphyxiate wrote: Mon Sep 11, 2023 8:04 Her "brukes" Moiraine bedre. De gjør her mer ut av Aes Sedaienes personligheter og at de er mer skjøre enn hva bøkene ofte viser. Det liker jeg.
Asphyxiate wrote: Mon Sep 11, 2023 8:04 Perrin og Elyas. Noe bedre, men er heller ikke så glad i at han har syner/Ser ting.
Asphyxiate wrote: Mon Sep 11, 2023 8:04 - Ting går fortsatt for fort på flere ting. Nå går det egentlig for fort etter at Nynaeve kom ut av portalene. Altså, hun har levd i mange år der inne, fått barn. Hun ble erklært død, for så å komme tilbake. Her burde de brukt noe mer tid på sjokket/reaksjonene til folk i tårnet.
- Lan-historien er dessverre fortsatt ikke så godt fortalt. Lan blir for melodramatisk her. Men de andre han er med, gjør helheten bedre
- Min. Sorry, men er ikke solgt på hennes historie. Skuespilleren gjør for så vidt en grei jobb.
Einig!

Generelt sett føler eg at eg var litt for positiv i førre tråd, fordi sesongopninga kjentest betre enn eg venta meg og farga heilskapsinntrykket -- eg likte episode 1 og 2 veldig godt, 3 og 4 har eg kunne styre meg for. Eg liker Moiraine, Selene/Rand, Liandrin og Ishamael, i omtrent den rekkefølgja. Alt det andre er ulike grader av heilt-greitt til i-grenseland-kjedeleg, og tenåringane som skal vere hovudpersonane er med andre ord stort sett dei som engasjerer meg minst. Mitt inntrykk frå kona, som mi einaste ikkje-lese-bøkene-kontrollgruppe, er at det er slik ho òg føler serien er: Heilt grei, men føler seg ikkje investert i nokon av hovudpersonane, utom kanskje Moiraine, og det er eit problem.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply