S02E07: Das Dae'Mar

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

S02E07: Das Dae'Mar

Post by WoTle »

Eg sit igjen med blanda kjensler. Det var artig å sjå Moiraine, Siuan og Gitara Moroso i starten av episoden. Mykje av samtalen mellom Rand og Siuan var godt gjort. Alt som hadde med Egwene, Elayne og Nynaeve var bra gjort. Aiel-greiene funka greitt, sjølv om eg ikkje føler Aviendha eigentleg hadde noko særleg toh i den situasjonen. Dramaet i Damodred-familien var ganske ålreit gjort. OG VERIN!! Ahh, elskar Verin.

Men nokre ting eg stussa på:
1. Dei bruker Lanfear altfor aktivt. Ho burde vera litt meir i skyggane enno, ikkje ein fotsoldat.
2. Scena med Mat og Ishamael og teen var heilt ok, men viss dette er seriens versjon av Flicker, Flicker, Flicker, er det ein svak te. Eg synest òg dei pushar "Mat kan gå til Skyggen"-greia litt vel hardt.
3. Lan som ekspert på Krafta var litt wtf. Eg kan leva med at menn som er Mjukna framleis kan sjå Vevar av Krafta, men ikkje at Lan tilfeldigvis "har høyrt om ein type Vev frå Legendenes Alder".
4.Eg var ikkje superbegeistra for at Rand klarte å skjera over Skjoldet på Moiraine på første forsøk. Kunne han ikkje ha opna Vegporten i staden, og kanskje klart å opna skjoldet seinare? Eventuelt kunne Siuan gjort det, sidan det har blitt hinta kraftig om at ho er eksepsjonelt god på å knyta opp knutar med Krafta.
6. At Lanfear, Rand og Moiraine reiste saman kjennest berre rart.

Kva syntest dokker?
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S02E07: Das Dae'Mar

Post by Asphyxiate »

Også enig i cold open-scenen, henta fra New Spring, var god. Den ga både Moiraine og Siuan, særlig Moiraine, mer dybde, selv om vi kunne fått enda mer "forklaring" på en eller annen måte veiene de valgte for å sikre profetien til Gitara Sedai. Men absolutt fint gjort. Endringen i Siuan-Rand-"forholdet" er jeg noe usikker på, men kan forstå at de ønsker å pushe Rand mer vekk og skape mer splid innad i Aes Sedaiene.

Heia Verin!

Nevøen til Moiraine er mørkevenn? Gosh! Men nå har vel Liandrin = skurk blitt ganske tydelig etablert?

Vet ikke om det var et direkte pek på forrige sesong, ELLER om det faktisk er en antydning til noe som skal se, men da Siuan sa at det hadde vært så mye lettere med en kvinnelig Drage når hun snakker med Rand, også klipper de direkte til Egwene rett før hun viser hvor sterk hun er, så smilte jeg. Generelt synes jeg at de har fått til damane-opplegget her, men om det er over allerede etter neste episode har det (som så mye annet her, sukk..) gått for fort.

Mat og Ishamael var en spennende scene, men er absolutt enig i at de pusher "Mat kan gå til skyggen"-greia for hardt. Samtidig er det jo fint at de viser at ikke alle sentrale karakterer passer med god-ond-dikotomien.

Lan ass. Leste noen steder at endelig var han en bedre karakter. Nope. Synes ikke han fungerer her.

Lanfear, Moiraine og Rand på roadtripp i the Ways.... Javel. Kan være enig i at de bruker Lanfear hakket for mye, selv om det var ganske kult da hun gikk gjennom byen og herja. Fikk dog litt Wizard Tim (Monty Python and the Holy Grail)-feeling da hun sprengte her og der. Allikevel spent på hennes rolle framover. Hvor langt vil hun gå for å få med seg Rand?

Om ikke Aviendha hadde så mye toh sånn egentlig, var det en grei scene for å forklare Ji'e'toh. Også fint både hvordan Perrin så Bain og Chiad oga synet sitt (forstod folk det?) og hvordan Aviendha (og Bain og Chiad) reagerte når de så havet (forstod folk det?).

En episode igjen. Slaget i Faelm blir det vel der, med frigjøringen av Egwene. Spent hvordan de løser det. Synes de har fått til sesong 2 stort sett godt mtp tempo og prioriteringer, men her skal mye skje ila en og samme episode.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S02E07: Das Dae'Mar

Post by Loki »

Både eg og kona har likt episode 6 og 7 veldig godt. Eg tykkjer det er interessant at ho, som ikkje har lese bøkene, forklarar det til dels med at Perrin ("the wolf guy") ikkje var i episode 6 og knapt var i episode 7. Trur ho er inne på noko, for eg er framleis ikkje reven med i det heile av verken karakteren eller plottlina hans. Håpar Aviendha kan hjelpe, men så langt har ho ikkje gjort så mykje av seg.

Personleg tykkjer eg likevel at hovudtingen eg har likt desse to episodane er at dei har klart å få veldig mykje djupn og kompleksitet inn i relativt enkle scenar. Det er imponerande, og det er noko eg føler serien har sakna, generelt sett. Det er ekstremt avanserte saker som foregår, der ingen av dei større fraksjonane (Tar Valon, Seanchan, Dark One) har semje og einsretta strategi. Slikt blir det gode historier av, men fort veldig vanskeleg å kommunisere på tydeleg og fengande vis i eit fjernsynsformat -- særleg med så korte sesongar som denne serien har. For det er mykje å be om å gjere det klart for den gjennomsnittlege sjåar at Moiraines målsetjingar ikkje er identiske med Siuans, som i sin tur ikkje er identiske med Tar Valons offisielle. At Lanfear og Ishamael og Liandrin ofte har direkte motstridande interesser, sjølv om dei tek og gir ordrar frå kvarandre og er identifiserte som på same side av universet rundt dei generelt. Og så vidare.
Så klart stemmer mykje av det som blir gjort ikkje overeins med bøkene, men gitt formatet og sesonglengden var det aldri ein realistisk ting å vente seg. Det som verkeleg gjeld for meg er at denne typen kompleksitet blir både tydeleg etablert og så konsekvent og gjennomført brukt i alt frå små samtalar til store konfrontasjonar, og det har dei fått til i episode 6 og 7. Ta til dømes sluttsekvensen i episode 7. Her har me i éin enkelt scene i rein maktdynamikk-perspektiv:
* Moiraines manipulasjon av Logain ber frukter
* Ishamaels manipulasjon av Moiraine blir avslørt (og reversert)
* Moiraine og Siuans allianse går på grunn
* Lanfear og Rand (med ein både eksplisitt og implisitt Moiraine imellom) får begge nøyaktig det dei vil ut av den andre
* Ishamael, Moiraine og Rand (og sannsynlegvis Lanfear, men det er hakket mindre klart) sin samanfallande målsetjing om å få Rand til Falme vinn fram -- nettopp fordi den er samanfallande, og det dermed er haugar av plotttrådar, karaktermotivasjonar og ringverknadar som tvinger det gjennom, medan Siuan er den einaste parten involvert som ynskjer eit anna utfall (og dermed blir brutalt kasta til side av overmakta)

Og så kjem action, plottprogresjon og ikkje minst haugar av god karakterutvikling (som blir gitt djupn nettopp via mykje av kompleksiteten frå det eg nemnte over, samt godt etablert bakgrunnshistorie som Moiraines eid til Siuan eller Lans lojalitet til Moiraine) i tillegg. I éin (rett nok lang) scene. Legg ein til scenane som leiar opp til den direkte før kjem internkonflikt i Tar Valon generelt fram som ringverknad av den mellom Moiraine og Siuan (særleg via Verin og Leane) og nok eit tilfelle av kompliserte Darkfriends-agendaer via Liandrin og Damodred-familien. (Forresten, er tanken her at Lanfear ba Liandrin likvidere Moiraine, er det ein ståande ordre frå Ishamael ho gjennomfører, eller er det Liandrins personlege ynskje som kjem fram? Eg liker at det slett ikkje er tydeleg.)

Kryssar fingrane for at finalen ikkje blir ein nedtur etter dette.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply