TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Vel, Blue Eye Samurai er varmt tilrådd. Slo opp nokre av dei andre du nemnte no, og både Onimusha og særleg Pluto verkar lovande!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sidan sist har eg sett ferdig:
* Lupin sesong 3. Heilt grei, mykje sjarm og glimt i augo, men slapp intern logikk og enorme plotthol som eg slit meir og meir med å ignorere for kvar sesong som går utan at det blir betre.
* The Julekalender (den norske, har faktisk framleis ikkje sett den danske originalen), som eg såg omatt for fyrste gong på over tjue år for å vise den til min kanadiske ektefelle. Var bekymra i byrjinga for at den var endå meir corny enn eg hugsa, men den gjekk seg til etter ein fire-fem episodar og var ganske gøy, trass i (stundom på grunn av) all repetisjonen og fjaset.
* Invincible sesong 2, fyrste halvpart. Dette er ein solid serie som diverre kjem litt i skuggen av at endå betre The Boys gjer eit liknande premiss i live action, men den er vellaga og innovativ i sin eigen rett.
* Charmed sesong 2. I hine hårde dagar når det var lite å sjå på fjernsyn og ein måtte ta det ein kunne få, var ein serie om tre hekser i San Francisco ganske spanande saker. Eg såg berre enkelte episodar hist og her, men kona har hatt serien i hylla sidan eg møtte ho, og i år byrja me endeleg somle oss til å sjå gjennom den som middagsunderhaldning. Det held seg så langt betre enn eg ville venta, men låge forventningar er så klart sentralt. Det sagt så meiner eg hugse dette er av den klassiske blir-verre-mot-slutten-typen langtlevande serie, så me får sjå korleis den held seg utover. I sesong 3 kjem i det minste Julian McMahon, og eg hugsar at karakteren hans var eit høgdepunkt for meg som tenåring. Får krysse fingrane for at det ikkje blir eit kleint gjensyn.
* Scott Pilgrim Takers Off. Dette var sjarmerande saker, men er nok for spesielt interesserte og blodfans av filmen meir enn eit generelt publikum. Men om ein, som eg, er i den kategorien, var dette godt verdt titten.
* Av og til (slett ikkje kvart år) bruker me bursdagen min på å prøve pilotepisodar frå fjernsynsseriar eg er langt meir gira på å gi ein sjanse enn kva ektemaken min er, som ein slags bonuspresang til meg. I år vart det tid til Domina og The Crown. Eg likte (som venta) begge, ho likte diverre (som venta) ikkje nokon av dei særleg -- men ho var ikkje så supernegativ som eg frykta, og særleg Domina trur eg me kanskje vil forsøke fortsetje på ein gong. I alle fall ein episode eller to til.
* Doom Patrol sin seriefinale overraska meg ved at eg tykte det var grei skuring som vanleg for denne veldig spenstige men ikkje ekstremt engasjerande serien, men så, plutseleg, i siste fem sekunda, så kom det ein replikk der Brendan Fraser og manusforfattarane ut av ingenting fekk meg til å hulkgråte der eg stod med matlaginga. Well played, show. Well played.
* Castlevania: Nocturne fullførte sin fyrstesesong. Solid animasjon, vakre bakgrunnsbilete, gode stemmeskodespelarar, flott monsterdesign, spanande og kul action, men kanskje ikkje verdas mest interessante plott. Håpar det vil komme seg i sesong 2.
* One Piece sesong 1. Har null forhald til dette som verken manga eller anime, men eg må sei at den nye live action-adapteringa fortener det gode ryktet. Her er det sjarmerande lojalt (må eg gå ut ifrå) verdsdesign og estetikk som gjer serien veldig særeigen med designval ein aldri ville venta seg utanfor eit teikna medium. Dei får hovudpersonane (stort sett) til å vere artige og likandes sjølv når dei er overdrevent simplistiske eller barnslege, og generelt var dette ei kjekk oppleving frå byrjing til slutt. Ikkje i topp fem nye seriar for året for meg, men nesten garantert i topp 10. Gler meg til sesong 2.
* Hilda hadde sin seriefinale. Dette er strålande barneunderhaldning, og eg er kjempeglad at dette finst for generasjonane som veks opp no. Det er kanskje ikkje heilt på høgde med å halde merksemda til to vaksne sjåarar, men det er så vakkert og sjarmerande og gjennomført at me begge var glade for å sjå alle tre sesongane desse åra. Tilrådast alle som ser etter ein fin familievennleg serie retta mot eit yngre publikum.
* The Artful Dodger. Utydeleg om dette blir verande ein miniserie eller om det får ein andresesong. Slutten kan gå begge veger like lett. Uansett er eg positivt overraska. Premisset -- Dodger frå Oliver Twist er blitt vaksen og er kirurg i ein fangekoloni i Australia, når hans gamle mentor Fagin dukkar opp og gjer livet vanskeleg -- er av typen som kan bli kleint, fullt av billege gimmicks og kjedelege, formulariske historiar, men det har dei stort sett unngått her.
Damon Herriman (kjent frå og glimtrande i Justified, Perpetual Grace Inc., Mr. Inbetween og mykje anna) er ein fabelaktig antagonist, og David Thewlis og Thomas Brodie-Sangster held hovudrollane meisterleg. Og for meg ukjente Maia Mitchell klarar faktisk å få meg til å bry meg om eit på papiret veldig velkjent ambisiøs ung kvinne i ein tidsalder som ikkje opnar for slike-plott, og den obligatorisk medfølgjande romansen med hovudpersonen. Absolutt ikkje eit meistarverk på noko vis, men spanande, artig og lettfattleg underhaldning som faktisk leverer det premisset lovar.
* Rick & Morty sesong 7. Kanskje ikkje like sprudlande kreativt som i dei tidlegare åra, men det er fortsatt gøy og spanande -- og eg kan absolutt sei med handa på hjartet at eg ikkje merkar at skodespelaraen er blitt bytta ut med to imitasjonar om eg ikkje aktivt lyttar etter skilnaden. Så intet kvalitettap derifrå, i alle fall.

Elles har eg i desember sett omatt juleepisodar av tilfeldig utvalte diverse gamle seriar for stemninga sin del -- Scrubs, Tru Calling, Gilmore Girls, Friends, M*A*S*H, etc. Somme av dei var mindre julete enn eg kunne tenkt meg, men elles var eksperimentet ein suksess, og eg har laga meg eit rekneark for å halde styr på kva eg såg omatt så eg i komande år kan forsøke det same frå andre seriar.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Enig angående Lupin. Det er lettfordøyelig, og om man godtar logiske brister, glir det lett ned.

Invincible s2 del 1: Absolutt godt håndverk, men utrolig irriterende med så få episoder da. Vil ha mer NÅ.

The Seed på NRK. Standard krim, men litt forfriskende med Svalbard + EU-politikk. Ikke spesielt god, men det er ikke bortkastet tid å se den heller - om man liker denne typen krimserier.

The Reacher s2, 5 av 8 episoder. Litt som med Lupin: Lettfordøyelig, og innenfor denne type serier, er det absolutt bra nok, men jeg forstår ikke at folk hyller den (eller i hvert fall er veldig positive).

Rick and Morty s7: Enig. Imponerende umerkelig nye stemmeskuespillere. Og enig i at det ikke er like kreativt og "wow"-faktor lengre, men det fungerer. De første sesongene satte nok en litt for høy standard de ikke har klart å leve opp til de siste 3-4 sesongene.

Marvels What If (5 av 9 episoder). Fortsatt ganske gøy, fortsatt godt håndverk og animasjon (selv om jeg personlig skulle ønske de gikk mer for rett fram 2D-animasjon fremfor kombinasjonen av 2D og 3D).

Welcome to Wrexham. Hemmes noe av at dette har blitt så kjent, at man vet hvordan det går rent sportslig på forhånd. Allikevel klarer de å skape en nerve - og at de er flinke til å ta inn hele kulturen i Wrexham. Flott episode om den alvorlige gruveulykken for 100 år siden.

The Righteous Gemstones s1. En serie jeg har hatt på blokka lenge. Har jo digga Danny McBrides tidligere serier, men denne har av en eller annen grunn blitt skjøvet på igjen og igjen. Før jul stoppet jeg skyvinga og satte i gang, og dette var..... gøy og underholdende. Samtidig har det ikke vært sånn at jeg har trykket på "neste" etter hver episode.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Tykkjer samanlikninga Reacher/Lupin er veldig rettferdig når det gjeld følelsen av universet som lettfattleg popkornunderhaldning, for ikkje å snakke om logiske breistar og den slags (ein person med enorme datakunnskapar og klare drag av paranoia har det seks bokstavar lange etternamnet på mentoren sin som passord?!), men må sei eg tykkjer Reacher er mange, mange gonger meir underhaldande. Storkoser meg fleire gonger per episode. Lupin i samanlikning er 'berre' grei skuring.

Er berre to episodar inn i What if...-sesongen førebels, men så langt er eg positivt overraska (som eg òg var i fyrste sesong). What if-premisset er i utgangspunktet noko eg kan styre meg for, men animasjonen er pen (sjølv om eg som deg helst ville hatt rein 2D) og dei er (så langt) relativt flinke på å gjere episodane annleis frå kvarandre.

Wrexham har eg styrt unna grunna min generelle avsmak for sport og dertil relaterte historiar (har etter alle desse åra framleis ikkje somla meg til å få sett den av så mange høgt elska Friday Night Lights av nettopp den grunn), men når godt nok utført har eg jo likt sportsrelaterte ting før (den obskure Suit Up er til dømes veldig gøy), men Gemstones er på radaren min! Den blir støtt nedprioritert fordi ektefellen ikkjer er så gira på premisset, men ein vakker dag skal eg få prøvd den!

Elles ser me Godzilla / King Kong-filmuniversavleggjaren Monarch, som byrja som heilt grei men har vunne meg meir og meir over i løpet av sesongen, Percy Jackson-remaken frå Disney+ som gledeleg ser ut til å vere fleire hakk betre enn filmane (og, ifølgje kona som har lese dei, bøkene) var, og så har me så vidt byrja på Orphan Black-avleggjaren Echoes. Denne er ingenting å hoppe i taket for førebeles, men solid handverk som har potensial til å bli ganske engasjerande. Med tanke på kor høg fallhøgda var på modeserien frå fyrstesesongen til sistesesongen har eg låge forventningar her, men Ritter gjer som alltid ein karismatisk hovudrolle, og dei ser ut til å bruke referansar til originalserien i 'rett mengde' etter min smak, verken for mange eller for få.

Den lider kanskje at me for augneblinken utover desse to ser ekstremt gode ting: Fargo, fantastisk som vanleg, og har nett fullført sesong 3 av alltid gode Slow Horses. Dessutan byrja eg endeleg på Pantheon, og er nett ferdig med sesong 1 -- dette er kjempegod science fiction (OK, det er nokre logiske breistar her og der som kunne drege nytte av nokre tekniske konsulentar på både det eine og andre feltet, men det er av typen eg lett klarer ignorere) med nydeleg karakterutvikling, imponerande skodespelarliste og animasjon som minner meg (positivt) om Invincible. Kvalitetsdrama med god science fiction, at det er animert er eigentleg irrelevant utover at det må vere hundre gonger billegare enn å bruke CGI til effektane.

Og om kveldane ser me vanen tru ein komiserie før leggjetid, for augneblinken den australske originalversjonen av No Activity (er stor tilhengar av den amerikanske remaken). Eit lite hakk svakare enn den amerikanske, kanskje, men det er mogeleg det kjem seg av at premissa og vitsane openbart har vore delvis resirkulerte og eg har 'høyrt dei før'. Nett ferdige med sesong 1 der òg, både mistenkjer og håpar at sesong 2 er litt meir annleis frå den amerikanske. Uansett veldig underhaldande, to tomlar opp.

Sist burde eg nemne at eg gler meg meir enn eg burde til Marvels Echo neste veke (ikkje å forveksle med Orphan Black-spinoffen eg nemnte over). Marvel har vore mykje heilt-grei-men-ingenting-spesielt i seinare år, og dette er deira fyrste forsøk på noko meir i retning av dei langt overlegne Marvel-seriane frå Netflix-dagane, så er styggeleg redd for at eg har altfor høge håp. Men søren heller om eg ikkje gler meg. Originalhistoria frå David Mack var i alle fall god nok då den kom ut i norsk omsetjing for tjue år sidan til at eg framleis hugsar den. Kryssar fingrane!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Det er gått for lenge sidan sist til å oppsummere alt eg har sett på to månadar i nokon detalj, men:
No Activity (australsk originalversjon), sesong 2 og julespesial. Veldig gøy, og sidan me har sett den amerikanske versjonen før, langt meir underhaldande enn sesong 1, som den amerikanske i langt større grad hadde lagt seg over same lest på. Her var særleg plottlina til Rose Byrne og Damon Harriman fantastisk artig.
Orphan Black: Echoes, sesong 1. Ein kompetent oppfølgjarserie som får til den største utfordringa ved slike (å både følast som same univers og ikkje å følast som ein dårleg kopi), men den klarte berre yttast sjeldan å bli betre enn 'heilt grei'. Men det sagt så var jo òg dei seinare sesongane av moderserien òg ganske gjennomsnittlege samanlikna med den strålande byrjinga den serien hadde.
Monarch: Legacy of Monsters, sesong 1. Ei gledeleg overrasking! Sjølv om den byrja ganske midt på treet, var eg ganske investert innan slutten på sesongen, og eg må sei eg likte den betre enn alle kinofilmane så langt i dette monsteruniverset, kun utom Kong: Skull Island.
Dracula (miniserien frå 2020). Såg denne omatt på eit innfall. Som då den fyrst kom ut tykte me den har to knallgode episodar fyrst, og så ein ganske gjennomsnittleg og lite interessant sluttepisode. Men det hjelpte å ha den forventninga klar då me såg den, så skuffinga ikkje vart fullt så stor. Vel verdt titten likevel, særleg for fyrste to episodane.
What If...?, sesong 2. Trur eg likte sesong 1 ein god del betre. Litt for mange gimmicks, ustabile maktnivå hjå karakterar, og dumme plotthol. Men mykje pen animasjon er det, og somme av episodane var ganske gode. Særleg Blade Runner-hyllesten med Nebula var eit høgdepunkt for meg.
Pantheon, sesong 2. Ein fantastisk serie. Det einaste eg har å utsetje på denne serien er at dei siste tre episodane burde vore ein eigen, fullstendig sesong. Dei føltest forhasta og eg sleit med å kjenslemessig investere meg i dei på måten resten av serien hadde klart, sjølv om det intellektuelt sett var gode episodar dette òg. Men totalt sett, ein av dei beste science fiction-dramaseriane eg har sett nokon gong. Gløymer nesten at den er animert.
Echo. Ein av Disney+-Marvel sine betre forsøk, men totalt sett er den framleis ganske tam. Tilbakeblikka til tidlegare generasjonar gjorde ingenting for meg, serien var langt betre i notida og eg tykte ikkje den vart betra i det heile av at ein elles interessant kjensletematikk absolutt skulle gjerast bokstaveleg med superkrefter (krefter karakteren ikkje ein gong har i det utsøkte kjeldematerialet, attpåtil). På sitt absolutt beste når Kingpin er på skjermen, særleg i scenane sett i hovudpersonens barndom og ungdom (der var det tilbakeblikk som faktisk gav serien noko!).
Batman Beyond, alle tre sesongane + filmen. Har hatt eit langtgåande prosjekt med å sjå omatt brorparten av DC Animated Universe frå 90/2000-talet, og dette var sistemann på lista. Hadde låge forventningar, eg hugsa den som litt uinteressant, men både eg og ektefellen (som ikkje har sett nokon av desse seriane før) var som smått imponerte. Kule design, mørkare historiar, og (sidan den ikkje er basert på teikneseriane slik dei andre er) mykje oppfinnsame skurkar. Men eg kunne nok personleg tenkt meg at det var litt fleire samankoplingar til moderserien (trass i at dei openbart eksplisitt forsøkte ikkje å gjere det for mykje).
Reacher, sesong 2. Nokre irriterande plotthol her og der, men dette er underhaldande popkorn-fjernsyn!
Fargo, sesong 5. Ein glitrande tilbakekomst! Sesong 4, sjølv om den nok er betre enn det meste anna på fjernsyn, var den svakaste i serien for meg, så når dei kom tilbake etter så mange års pause hadde eg ei bittelita frykt for at det ikkje skulle blir så bra som eg hugsa serien som frå dei fyrste tre åra. Men det var det! Fargo etablerer seg med sesong fem nok ein gong som ein av dei beste seriane nokon gong, punktum.
Ordeal by Innocence. Me likte And Then There Were None så godt at me undersøkte kva elles manusforfattaren har gjort, og det er fleire andre Agatha Christie-adapsjonar på CV-en hennar. Denne er den fyrste me prøvde. Den er ikkje på nivå med den førre, diverre, men den hadde ein drivande god slutt!
Bodies. Eit veldig bra mordmysterie med ein science fiction-vri. Tilrådest.
The Outlaws, sesong 1 og 2. Ein kjempegod komediethriller som er både artig og spanande utan at det eine underminerer det andre. Gler meg til sesong 3!
Percy Jackson and the Olympians, sesong 1. Overraskande solid! Ektefellen las fyrste tre bøkene nyleg, og var ganske misnøgd med dei, sa dei var overflatiske og forutsigbare, sjølv innan YA-sjangeren. Me hadde òg sett dei to tilmane, som me tykte var heilt greie, men ingenting spesielt. Dette var betre enn både filmane og bøkene, god fantasymoro for yngre sjåarar som faktisk betrar kjeldematerialet i adapsjonen (ifølgje ektemaken, i alle fall).
Charmed, sesong 3. I nostalgi frå gode, gamle dagar då fantasy på fjernsyn var mangelvare, bestemte me oss for å sjå Charmed frå byrjing til slutt. Eg har sett deler av den, men ikkje heile. Sesong 3 er vel diverre den siste der den tek seg sånn nokolunde seriøst, etter det me har sett av sesong 4 så langt er den etter dette på full guffe mot å gjere dei (allereie store) tendensane til corny tøyseserie til status quo. Men men. Sesong 1 til 3 var, etter dåtidas standard, ganske bra.
Bron/Broen, sesong 1 til 3. Me er no midt i fjerde og siste sesong. Ligg laaaaangt etter folk flest her, men forstår kvifor denne serien har slikt eit godt rykte og internasjonal suksess. Veldig bra detektivthriller.
Qi, sesong i. Har som eit backburner-prosjekt over mange, mange år det å sjå gamle sesongar Qi medan me lagar mat og den slags. Er grei skuring, skjønt er byrja gå litt smålei det, kjenner eg.
Mr. & Mrs. Smith, sesong 1. Dette var bra! Ein romantisk komedie med innslag av action og paranoid thriller. Gode skodespelarar og to tomlar opp.
Monsieur Spade. Miniserie om hovudpersonen frå The Maltese Falcon som usannsynleg pensjonist i Frankrike. Finfin, spanande og innimellom ganske artig, men ingenting særleg minneverdig, er eg redd.
Pluto. Premisset -- at robotar kan dø som menneske og ikkje berre gjenopprettast til eit tidlegare lagringspunkt -- er ganske teit, og serien lider litt av at ein del av den japanske dialogen blir keitete på engelsk trass i nydelege omsetjingar og stemmeskodespel (ikkje kva og korleis dei seier ting, men _når_ dei seier ting, som har dårleg klang). Men når ein tek dei to tinga for gjeve, var serien ganske bra! Eit saktegåande mordmysterie der ting blir stadig meir tragisk og skummelt utover i serien.
Utopia (britisk original), sesong 1. Me likte den amerikanske nyinnspelinga (som så vart umiddelbart kansellert fordi COVID kom og gjorde konspirasjonsthriller om pandemi fullstendig usmakeleg), og den britiske originalen fortener sitt rykte som kulthit. Dette er ekstremt brutale greier, men vellaga og spanande. Set i gong med sesong 2 (av 2, for den vart kansellert i Storbritannia òg) denne veka.
Avatar: The Last Airbender (2024-nyinnspellinga), sesong 1. Veldig positivt overraska. Dette er betre enn eg kunne venta meg. Eg har for all del ting å pirke på, men i det store og heile er dette eit imponerande forsøk på å ta animasjonklassikaren til eit nytt publikum. Skjønt som med sjølv dei beste av live action-nyinnspelingane til Disney må eg likevel spørje meg kva som er poenget med ein såpass trufast adapsjon, når originalserien framleis finst?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Som med hva jeg har lest, er det så lenge siden forrige oppdatering at jeg ikke har helt kontroll på hva jeg har sett og ikke, så dette blir nok ikke heeelt korrekt. Også kjipt at bare Netflix har en "viewing history".
- Echo (Disney+): Fortsetter trenden med "helt ok" Marvel-serier. Har sine positive sider, men superengasjerende er den dessverre ikke.
- True Detective: Night Country. De bandt denne fint sammen. Jeg ble dratt inn og lokasjonen i Alaska gir en ekstra god dimensjon. Ikke alt av det mystiske fungerte like godt for min del, men det ga jo sesongen (sånn som i sesong 1), en fin/god ekstra stemning
- Fargo s5: Feiende flott ny sesong, bedre enn sesong 4. Flere utrolig gode skuespillerprestasjoner (særlig da John Hamm og Juno Temple, men kudos også til feks Sam Spruell, Jennifer Leigh og David Rysdahl)
- Bodies (Netflix): Helt ok krimmysterie med tidsreise og ulike tidsperioder. Et helt likt lik dukker opp samme sted i London på tre (etter hvert også et fjerde) tidspunkt i historien - slutten av 1800tallet, andre verdenskrig og i dag. Etterforskningen i hvert tidsrom kombineres og det er konspirasjoner og tidsreiser. Den fungerer ganske fint, kort og engasjerende nok.
- CB Strike (HBO Max): Basert på JK Rowling sin krimbokserie. Helt standard britisk krim satt til våre dager. CB Strike, privatetterforskeren, får med seg en universitetsdropout som sekretær og senere assistent. Historiene deles opp i 2 til 4 episoder, ca 60 min hver. Ligger som tre sesonger på HBO Max og er IKKE den dummeste tiden du kan bruke på denne typen serie.
- Mr. og Mrs. Smith (Amazon). Ganske artig leiemorderkomediedrama, som var mye mer drama utover i serien enn jeg trodde, samtidig som den beholdt masse sjarm og mørk humor.
- Blue Eye Samurai (Netlflix): Animert nytelse.
- Harley Quinn (HBO max): Halvveis i sesong 2. Vært på blokka leeeeeeeeenge, det burde den ikke ha vært. Strålende!
- The Righteous Gemstones sesong 2-3 (HBO max): Etablert seg som en solid serie, som beholder sitt "hva viss Succession var enda mer komedie", men som viser overraskende mye dybde i karakterene - før det er totalt idioti i kjent Danny McBride-stil.
- The Bad Batch sesong 3 (Disney+). Det eneste er at jeg ikke skjønner hvordan de skal fullføre serien innen episode 16 (har sett de 10 første episodene nå).
- Resten av Reacher sesong 2 (amazon). Ser flere hevde at sesong 2 er bedre enn sesong 1, men jeg likte kanskje sesong 1 bedre. Ikke helt overbevist av de andre i crewet/gjengen hans. Der ble skuespillerprestasjonene akkurat litt for tynt til at det fungerte. Men fortsatt lettfordøyelig og artig.
- DOTA: Dragons Blood. Halvveis i sesong 2. Det hadde vært greit om de forklare noe mer underveis. Ikke at de må forklare alt som er en del av å utforske og forstå universet/verdenen, men det hakker i historiefortellingen på veien som irriterer.
- Makta (NRK) - del 2. Noe annerledes stemning enn del 1, men fortsatt noe av det beste jeg har sett av norske serier kanskje noen gang.
- My Adventures With Superman (HBO Max): Knakende god, men for kort, animert serie. Likte "oppdateringene", altså fornyelsene de har gjort.

Også har jeg en episode igjen av 3 Body Problem, men de første syv episodene har jeg likt ganske godt. Fint driv, men kanskje bittelitt kjedelig i noen strekk. Kjenner ikke originalmaterialet, så vanskelig å avgjøre hvor bra den er som adapsjon, men den fungerer fint for meg. Ikke alt for komplisert, litt gjetting her og der, men ikke noe større mysterium sånn egentlig - om ikke masse endres på i siste episode og framover. Storsatsning fra Netflix, det merkes.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Einig i det du seier om dei eg har sett der, så tek notat om det du seier om dei eg ikkje har! Har særleg sete på gjerdet om eg skal prioritere 3 Body Problem, og høyrest ut som om kanskje eg burde ...

Og ein ting bør framhevast ekstra:
Asphyxiate wrote: Tue Apr 09, 2024 19:01 - Blue Eye Samurai (Netlflix): Animert nytelse.

Sjølv har eg i månaden sidan sist sett:
X-Men: The Animated Series, sesong 1-3.
I avvente av den komande (no godt i gang -- me ligg litt etter) X-Men '97-satsinga til Disney+, har me byrja sjå gjennom den opphavlege serien frå 1992-1997. Ektefellen har sett heile frå byrjing til slutt som vaksen før, og vaks i tillegg opp med den. Eg har berre sett ei handfull tilfeldige episodar. Me er begge eigentleg svært imponerte. Her er det raude trådar frå episode til episode, overraskande karakterdjupn, trufast framstilling av kjeldematerialet, og det keitete og corny som ein ventar seg av ein superheltteiknefilmserie frå tidleg nittital er det absolutt mykje av, men likevel langt mindre, og langt mindre plagsomt, enn eg kunne drøymt om. Skal byrje på sesong 4 og 5 denne veka, og så er det i gong med den svært velmottekne oppfølgjarserien av i år etterpå.

Pryde of the X-Men, pilotepisode.
Berre av nyfikenheit såg me på YouTube X-Men-animasjonsforsøket som ikkje vart noko av eit par år før suksessen, og jøye meg, så heldige verda er at det ikkje var denne versjonen som fekk fem sesongar. Animasjonen er omtrent av same kaliber -- og eg må innrømme at eg personleg er sjarmert av Stan Lees forteljarrøyst mellom scenane -- men her er skurkane todimensjonale, handlinga overforenkla, og tilnærminga til kjeldematerialet 'lat oss hive inn så mykje som mogeleg på dei tjue minutta me har'.
Men fantastisk catchy temamusikk, då. Kanskje like bra som den andre serien fekk, og det seier sitt. Rett nok med cheesy sangtekst i opningsvignettversjonen, men det er jo litt av gleden, og den nydelege rulletekstversjonen gir verda temaet utan tekst. :D

Utopia (britisk original), sesong 2.
Kanskje ikkje like superb som sesong 1 (trass i ein ekstremt god opningsepisode), men framleis veldig, veldig bra. For lenge sidan eg såg den amerikanske nylaginga til å eigentleg samanlikne, men magekjensla er at eg har likt begge omtrent like godt. Synd dette ikkje fekk fullføre i nokon av regionane.

Bron/Broen, sesong 4.
Solide saker, skjønner godt kvifor denne har vore så berømt i alle åra eg aldri somla meg til den. Og likte kor elegant dei gjorde serietittelen (som ikkje hadde vore særleg relevant sidan sesong 1) til ein metafor for heile serien siste par scenane av finalen!

The Gentlemen, sesong 1.
Avleggjarserie av filmen ved same namn. Ikkje fullt så sjarmerande som filmen, men eg storkoste meg gjennom heile sesongen likevel. Det sagt så er den merkbart meir formularisk og mindre spesiell jo lengre ut i sesongen den kjem, sjølv om eg personleg flaut godt på det solide inntrykket den hadde gjort med dei fyrste to-tre episodane.

Charmed, sesong 4 og litt av sesong 5.
Som eg vagt hugsa blir manusa dårlegare og dårlegare frå sesong 4 av (sist eg såg den datt eg av etter sesong 5, vel å merke, så korleis det blir etterpå kan eg ikkje uttale meg om enno), med sirkulær karakterutvikling, ulogiske handlingar og motivasjonar, og meir og meir gimmick-aktige episodeplott. Men alt det sagt så er Julian McMahon gjennomført solid som bad boy turned good turned bad turned good turned Big Bad, Combs og Milano er etter kvart så gode i rollane sine at dei kan selge sjølv dei mest tøvete scenane, og kombinert gjer det sesongen absolutt sjåbar. Forverringa er heller ikkje blitt like ille i sesong 4 som den er der eg no er kommen i sesong 5.

Halo, sesong 2.
Absolutt eit steg opp underhaldningsmessig frå sesong 1, med betre tempo og færre kjedelege plottrådar, men den klarar diverre sjeldan bli meir enn 'heilt OK' i mi bok.

Boat Story, miniserie.
Dette var ei minneverdig oppdaging! Ein vanlege-folk-med-vatn-over-hovudet-type krimthriller som i og for seg ville vore heilt kompetent og spanande i eit normalt format, men som legg på ei leikande, nesten tøysete, forteljarrøyst og gamaldagse svart/kvitt-kapittelkort, til tidvis slik effekt at eg lo høgt.

Marvel's Jessica Jones, sesong 1.
Etter Echo og i avvente av neste års Daredevil: Born Again (der eg og resten av fanboy-internett kryssar det me har av fingrar og tær for at den skal leve opp til Netflix-serien) er me byrja på ein soup-to-nuts-gjensjåing av Netflix-Marvel. Me tek den ikkje heilt kronologisk, for å forsøke ikkje måtte sjå dei svakare seriane i lengre strekk, så me byrja med sesong 1 av Jessica heller enn Daredevil (som begge er frå øvste hylle, men Jessica må sjåast før den svakare Luke Cage, medan Daredevil har mindre hast på seg). Og dette er endå betre enn eg hugsa, faktisk, særleg tidleg i sesongen. (Det same gjeld forresten Daredevil, som me er halvveges i fyrstesesongen på no -- og den er faktisk kanskje _endå_ betre enn Jessica Jones. Er òg halvveges i Luke Cage, som er heilt kompetent og solid, men bleiknar i samanlikning med dei hine.) Vel verdt gjensynet!

Invincible, sesong 2.
Det er eit eller anna som manglar for drivkraft framover i denne serien, eg tykkjer innimellom den er litt seig å komme gjennom -- men det sagt så er den velanimert, velspelt og velskreven. Viss du vil ha meir fjernsyn i retning av The Boys skal det godt gjerast å finne noko som leverer like godt som Invincible. Den er rett nok på kanten av å flørte litt for mykje med kaotisk science fiction-suppe no (sesongfinalen involverer multiversreising og tidsreising, på toppen av romfart- og superhelt-sci-fi-en som allereie er i kjernen av serien), men førebels held den seg innafor.

The Completely Made-Up Adventures of Dick Turpin, sesong 1.
Ein sjarmerande tøvete anakronistisk sitcom som gir meg assosiasjonar til åtti- og nittitalsting som Blackadder og Jack of All Trades. Den er nok ikkje på høgde med akkurat dei to, men det er eit glimt i augo her som er vrient ikkje å like. Og opningsmusikken er catchy som søren. Største minus er at sesongfinalen kanskje var den svakaste episoden, og største pluss er ein herleg intens Hugh Bonneville som tittelkarakterens hyperkompetente nemesis.

Tokyo Vice, sesong 2.
Kjempebra saker, og ein tilfredsstillande slutt attpåtil! Om du liker krimdrama og ikkje har noko imot undertekstar er det berre å setje i gong.

For augneblinken er me i tillegg til overnemnte Daredevil- og Luke Cage-gjensjåing i gong med Death and Other Details, ein Agatha Christie Light-aktig sak på eit cruiseskip med alltid herlege Mandy Patinkin i detektivrolla (sjølv om den britiske aksenten han affekterer her er litt ... distraherande). Ikkje sett nok episodar til å vite om mysteriet er verdt bryet, men det er sjarm og underhaldning så langt. Og Jere Burns som slesk advokat mellom passasjerane er grunn nok for meg til å sjå det meste.
Og Shōgun-nyinnspelinga er glitrande. Til og med mi periodedrama-skeptiske hustru liker denne serien, og eg hadde aaaaldri kunne fått ho til å sjå originalen. Kvir meg nesten til den er over!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Wed Apr 10, 2024 7:05 Einig i det du seier om dei eg har sett der, så tek notat om det du seier om dei eg ikkje har! Har særleg sete på gjerdet om eg skal prioritere 3 Body Problem, og høyrest ut som om kanskje eg burde ...
Sjølv har eg i månaden sidan sist sett:
X-Men: The Animated Series, sesong 1-3.
I avvente av den komande (no godt i gang -- me ligg litt etter) X-Men '97-satsinga til Disney+, har me byrja sjå gjennom den opphavlege serien frå 1992-1997. Ektefellen har sett heile frå byrjing til slutt som vaksen før, og vaks i tillegg opp med den. Eg har berre sett ei handfull tilfeldige episodar. Me er begge eigentleg svært imponerte. Her er det raude trådar frå episode til episode, overraskande karakterdjupn, trufast framstilling av kjeldematerialet, og det keitete og corny som ein ventar seg av ein superheltteiknefilmserie frå tidleg nittital er det absolutt mykje av, men likevel langt mindre, og langt mindre plagsomt, enn eg kunne drøymt om. Skal byrje på sesong 4 og 5 denne veka, og så er det i gong med den svært velmottekne oppfølgjarserien av i år etterpå.
Bron/Broen, sesong 4.
Solide saker, skjønner godt kvifor denne har vore så berømt i alle åra eg aldri somla meg til den. Og likte kor elegant dei gjorde serietittelen (som ikkje hadde vore særleg relevant sidan sesong 1) til ein metafor for heile serien siste par scenane av finalen!
Ferdig med 3 Body Problem og de klarte å lande sesong 1 fint og gjør meg absolutt interessert i fortsettelsen. Det er ikke alt som fungerer i serien, ikke alt skuespill, ikke alt av de ulike karakterenes historier, valg osv. er like godt forklart/fortalt, og serien er nok ikke god nok til å rettferdiggjøre prislappen, men rettferdiggjør helt klart en ny sesong.

Også gikk jeg rett inn å Shogun. Bare en episode til nå, men dyktig imponert allerede. Har venta til det meste var ute sånn at jeg kunne halvveis binge (en episode om dagen ca).

Også får det du skriver om Broen meg til å komme på at jeg faktisk aldri har sett den, eller noen av de andre nordic noir-seriene som var så store når de kom. Veit ikke, det var en periode hvor jeg ikke så noe særlig krim, særlig ikke nordic noir (vetta søren, får noen ganger litt barnslig "jeg gidder ikke å se det alle ser på"-holdning), men har i det siste sett noe mer (både film og tv-serier), og kan absolutt like de seriene som klarer å holde et krimmysterium i gang.

Venter også litt med X-Men '97. Så original-serien i fjor, og selv med at man merker at serien er 30 år gammel, var det fortsatt mye bra her. Gleder med til å ta fatt på det nye.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Wed Apr 10, 2024 20:37 Ferdig med 3 Body Problem og de klarte å lande sesong 1 fint og gjør meg absolutt interessert i fortsettelsen. Det er ikke alt som fungerer i serien, ikke alt skuespill, ikke alt av de ulike karakterenes historier, valg osv. er like godt forklart/fortalt, og serien er nok ikke god nok til å rettferdiggjøre prislappen, men rettferdiggjør helt klart en ny sesong.
Gøy, då slenger eg den eit hakk til opp på prioriteringslista. For augneblinken har me nok med Marvel-omattsjåinga, Death and Other Details, og så (etter reaksjonane rundt omkring å dømme) Fallout, som nett kom og som eg er meint å somle fram pilotepisoden på i laupet av helga.
Asphyxiate wrote: Wed Apr 10, 2024 20:37 Også gikk jeg rett inn å Shogun. Bare en episode til nå, men dyktig imponert allerede. Har venta til det meste var ute sånn at jeg kunne halvveis binge (en episode om dagen ca).
Eg elskar korleis dei har klart å ivareta all spenningen, frustrasjonen og (ikkje minst) humoren i den kombinerte kultur- og språkbarrieren, som var noko av det eg likte best med den opphavlege (og som eg går ut ifrå er sentralt i boka, skjønt eg har ikkje lese den).
Asphyxiate wrote: Wed Apr 10, 2024 20:37 Også får det du skriver om Broen meg til å komme på at jeg faktisk aldri har sett den, eller noen av de andre nordic noir-seriene som var så store når de kom. Veit ikke, det var en periode hvor jeg ikke så noe særlig krim, særlig ikke nordic noir (vetta søren, får noen ganger litt barnslig "jeg gidder ikke å se det alle ser på"-holdning), men har i det siste sett noe mer (både film og tv-serier), og kan absolutt like de seriene som klarer å holde et krimmysterium i gang.
Eg har òg sett veldig lite av den opphavlege bølgja nordisk noir, men har alltid hatt sånn halvveges plan om å bøte på det, særleg etter at mi kanadiske viv var ganske nøgd i seinare år med ting som Wisting, Kastanjemanden og (kanskje særleg) Beforeigners. og då var Broen eit naturleg startpunkt. Broen var betre enn nokon av dei tre, i alle fall, nesten på line med Broadchurch. Den fyrste sesongen er best, slik ein vel kan vente seg, men dei andre tre er slett ikkje ille, og det er aldri noko brått kvalitetstap som skurrar.
Vil tru me kjem oss til i alle fall Forbrytelsen òg til slutt, den er liksom den andre Store. Om eg ikkje gløymer nokon, og det er det vel sannsyn for at eg gjer.
Asphyxiate wrote: Wed Apr 10, 2024 20:37 Venter også litt med X-Men '97. Så original-serien i fjor, og selv med at man merker at serien er 30 år gammel, var det fortsatt mye bra her. Gleder med til å ta fatt på det nye.
Ja, den kler liksom alderen sin langt betre enn eg ville venta meg. Eg er generelt positivt overraska over diverse høgt elska amerikanske teiknefilmseriar frå den perioden -- det viser seg vanlegvis at det er god grunn til at dei er hugsa så varmt av så mange. Både Gargoyles og Batman: The Animated Series heldt seg vanvittig godt òg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply