Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Esslemonts bøker er vel blandet inn i kronologien, så ikke en ren prequelserie...

Edit: Ser nå at Esslemont både har skrevet de bøkene som går samtidig som Eriksons originalserie, samt en prequelserie (som får en ny bok neste år).

Er det rart det er kaos her?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jepp, er den prequelserien eg sikta til. Eg har lese (ein del av) dei som går samtidig som originalserien, dei av dei som var komne sist eg var á jour, men prequelserien har eg ikkje byrja på ein gong. Sjølv om eg eig dei fleste av bøkene i den i rein optimisme.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då er eg ferdig med heile The Expanse (nok ein gong skikkeleg tilrådd), med siste romanen Leviathan Falls og siste novella The Sins of Our Fathers begge ferdiglesne førre helg. Eg har etter det lese ei anna novelle -- Brandon Sanderson sin Sixth of the Dusk -- og så segla rett inn i Wax & Wayne-serien av same mann, som har venta utålmodig i nattbordsskuffa sidan eg fekk dei til jul i 2021(!). Håpet er å i alle fall lese bok 1 og kanskje bok 2 før neste julafta inntreff. Serien er sett tre sekel etter Mistborn-trilogien, og det skal bli spanande å sjå korleis eit 1800-tals teknologinivå påverkar eit univers eg kjenner som førindustrielt. To kapittel inn er det i alle fall sterke westernvibbar, og ikkje på ein dårleg måte.

På teikneseriefronten har eg pløydd gjennom ein del Disney-greier eg mest kjøper fordi eg gjerne vil støtte at nokon teikneseriar framleis blir selde i daglegvarebutikkane, respektivt Donald Fantasy nr. 1 og 2 /2023 (sistnemnte hadde ei overraskande solid hovudforteljing samt ei veldig god gjenopptrykking frå gode gamle Donald Pocket nr. 88, men nr. 1 i år var stort sett relativt standard i Donald-som-fantasykarakter-sjangeren -- og som vanleg for ein litt eldre lesar var begge plaga av mange historiar som var opptrykk av tidlegare spesialpocketar, særleg Sir Donald frå 2017) og Disney 100: Donalds futuristiske jubileumsfest (eller Once upon a Mouse... in the Future, som den visstnok heiter opphavleg). Denne jubileumsboka var relativt spreke gjenfortejlingar inspirert av klassiske Mikke- og Donald-teiknefilmar frå 30-, 40- og 50-talet, no kledd i futuristisk science fiction-drakt, så det var litt gøy.
Før desse leste eg Kieron Gillens S.W.O.R.D.: No Time to Breathe, ei god lita historie om eit xenofobisk kuppforsøk i Marvels planetforsvarsorganisasjon som kontrasterte eit spanande historiepremiss med veldig vittig dialog. No følgjer Idefix- og Asterix-albuma som av ein eller annan grunn figurerer i julealbumhyllene heller enn mellom dei vanlege blada, respektivt nr. 2 og nr. 40, og så skal eg endeleg byrje på Greg Ruckas Stumptown-serie. Eg fann bind 2 til 4 (av 4 totalt) frå overskotslagersal i billegbutikkar i Canada i haust, og bestilte nr. 1 då eg kom heim. Den kom fram i posten førre veke, så gler meg litt til dette, håpar det ikkje blir skuffande. Eg har ikkje sett den kansellerte fjernsynsadapsjonen med Cobie Smulders (eit pandemioffer, om eg hugsar rett), men eg er vanlegvis veldig nøgd med det meste Rucka set namnet sitt på, så kryssar fingrane!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Har knapt lest noen ting i det siste. Begynt på tegneserien "Footnotes in Gaza" av Joe Sacco, noe som gir en del kontekst og ramme til den pågående krigen. Viser at journalistiske tegneserier kan fungerer veldig godt. Anbefales.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Er nett ferdig med bok 2 av Wax & Wayne-tetralogien. Dette er (som ein kan vente av Sanderson) godt handverk, spanande historiar med god verdsbygging og interessante raude trådar frå 300-år-før Mistborn-trilogien hans, og eg les dei både med god fart og godt humør, men det skil seg diverre ikkje ut som fenomenalt på noko vis. Etter hugsa har eg likt fleire av novellene hans, samt både enkeltromanen Elantris og den nemnte Mistborn-trilogien betre. Men eg er jo berre to bøker inn, så det er absolutt sjansar for at det tek seg opp vidare. Karakterane og verda er likandes nok, og plottlinene har absolutt eskalert frå bok 1 til 2. Og avslutninga på bok 2 var veldig bra, tykte eg.
Elles har eg òg på innfall byrja lese omatt Jostein Gaarders Julemysteriet, sikkert for fyrste gong sidan eg var tolv år gamal eller noko slikt.

Teikneseriemessig har eg samtidig fått lese:
* sci-fi mordmysteriet Hadrian's Wall (av Kyle Higgins, Alec Siegel, Eduardo Ferigato og Rod Reis), eit impulskjøp ektefellen gjorde, men som eg endte opp med å like hakket betre enn ho gjorde. Solid, paranoid og dyster science fiction-noir om eit mord om bord eit romskip der alle i mannskapet kan ha gjort det, men den finn ikkje opp hjulet på nytt, den gjer ikkje det.
* The Legend of Korra: Patterns in Time, ein antologi med kortare historiar om karakterane frå teiknefilmserien ved same namn. Mange overraskande gode småbitar her, skjønt openbart i stor grad kun mynta på tilhengarar av serien.
* Dei fire binda av Stumptown Investigations: The Case of the Girl Who Took Her Shampoo (But Left Her Mini), The Case of the Baby in the Velvet Case, The Case of the King of Clubs og The Case of the Cup of Joe (av Greg Rucka, Matthew Southworth og Justin Greenwood). God detektivnoir i Portland, Oregon, der ein kvinneleg privatdetektiv etteforskar stort og smått (og, forfriskande, ingen av mysteria handlar om drap) medan ho forsøker ta seg av ein bror med Downs syndrom. Likandes dialog og (i mine augo) spanande historiar som eg lett kan tilråde, men den nådde diverre aldri heilt til høgdene av sjangeren. Likte den likevel godt nok til at eg no vurderer sjå den kortlevde fjernsynsadapsjonen.
* Pandora Perfect (av Roger Langridge og Brett Parson), ei samling kortare historiar om tittelkarakteren, ein slags invertert Mary Poppins-parodisk actionkomedie om ein karrieretjuv og robothandlangaren hennar som susar gjennom diverse brekk og fengselsrømningar i eit heseblesande science fiction-univers. Mykje moro her, skjønt eg føler framdrifta og kjensleinvesteringa manglar litt (men det er noko eg ofte tykkjer om historiar der humor er eit sentralt element, så det er sikkert meir av ein mangel i meg som lesar enn i serien).
Asphyxiate wrote: Wed Nov 22, 2023 19:42 Har knapt lest noen ting i det siste. Begynt på tegneserien "Footnotes in Gaza" av Joe Sacco, noe som gir en del kontekst og ramme til den pågående krigen. Viser at journalistiske tegneserier kan fungerer veldig godt. Anbefales.
Er byrja bli mange år sidan eg las den, men eg er tilhengar av Guy DeLisles reiseskildringteikneseriar, og han har ein tjukk ein om hans tid i Jerusalem som eg meiner hugse var mellom dei beste. Ikkje akkurat det same, openbart, men slo meg som eit apropos.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Vart som så altfor ofte lite lesing i jula, men kom meg no gjennom Death Star, ein Star Wars-roman frå gamle Expanded Universe (pre-Disney) som forsøkte gjere ei historie ut av å klarne opp i den svært kaotiske og innfløkte kontinuiteten som var opparbeidd gjennom tiåra med dårleg koordinerte teikneseriar og romanar, og så Lucas' prequelfilmar som ikkje tok omsyn til noko av det. Den kom ut heilt på tampen før Disney fjerna heile den gamle kontinuiteten og byrja på nytt, så eg somla meg aldri til den, men så snubla eg over den i ein brukthandel i oktober. Eg har òg hatt eit positivt inntrykk av begge dei to forfattarane, så eg våga ha litt håp om at dette skulle bli verdt lesinga. Det var det diverre ikkje. Eg hadde håpa på eit spanande intrigespel, men det eg fekk var stort sett berre ein haug av nye bakkenivå-karakterar som skal menneskeleggjere dei vanlege folka om bord i dødsmaskina. Dei fleste av dei var i tillegg relativt uinteressante. Det hjelpte litt at både Darth Vader og Grand Moff Tarkin fekk POV-kapittel (som nesten einaste to etablerte karakterar), men sistnemnte sin personlegheit kjentest ikkje heilt rett for meg, og fyrstnemnte sine kapittel sleit med at forfattarane openbart jobbar kjempehardt med å forsøke få handlingane og replikkane hans i "A New Hope" til å rime med både etablert EU-kontinuitet og dei nye prequelfilmane. Men men. Om den ikkje sleit under mine langt høgare forventningar ville boka nok vore heilt grei skuring, og hadde absolutt nokre høgdepunkt her og der.

Elles har eg sidan sist lese ferdig tredjeboka av Sandersons Wax & Wayne, som var siste eg hadde. Fjerdeboka er bestilt, men i mellomtida forsøker eg lese ting ektefellen har lese i det siste: Elektra av Jennifer Saint, som eg nett er ferdig med, og så skal eg til på Iron Widow av Xiran Jay Zhao. Ho kunne styre seg for fyrstnemnte, tykte den var repetitiv, men til tragedie å vere liker eg den ganske godt -- skjønt at den manglar ein del framdriftskjensle, det er unekteleg. Iron Widow pløydde ho til samanlikning gjennom på rekordtid, så der har eg høgare forventningar. Får berre håpe det ikkje går sameleis som med Death Star.

På teikneseriefronten har eg lese P. Craig Russells samling av Jungelboka-adapsjonar (dei tre siste frå "Second Jungle Book", om nokon er detaljkjende med Kiplings originalhistoriar), som eg har ynska meg i mange år og fekk til jul. Solide saker, særleg den fyrste historia (Kongens ankus, alltid vore ein av mine favorittar) var glitrande gjort. Russell er ekstremt god på teikneserietilpasningar av prosatekst, og har openbart vore det lenge, sidan desse er frå ganske tidleg i karrieren hans. Etter det har eg gjenlese fyrste to binda av Wayne Family Adventures, ein feel-good-vevteikneserie ( https://www.webtoons.com/en/slice-of-li ... 80&page=13 ) om Batman og alle dei adopterte ungane/sidekicka hans, som eg fekk i fysisk form til bursdagen min. Har absolutt ting å pirke på i denne serien, men over fjøla er det ei hjartevarmande og imponerande kontinuitetsorientert framstilling av dagleg- og kjenslelivet til karakterar som elles alltid blir sett i gruvsame eller ekstreme situasjonar. Skal no til på eit par teikneserieromanar me fekk til jul som eg ikkje anar kva er, så det blir spanande!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Iron Widow av Xiran Jay Zhao var knakande god ungdoms-scifi, eit par-tre i overkant hendige samantreff til sidan (og det kan ein vel unne boka, med tanke på kor mørk og dystopisk den er) har eg ingen kritikkar. Har har me enorme mecharustningar à la Pacific Rim og Power Rangers som slåss mot metalliske romvesensvermar i eit teknologisk schizofrent nesten-Kina der kvinner er handsama som eigedom. Beste tingen i sjangeren eg har lese sidan Hunger Games, og ei av dei betre bøkene eg har lese i det siste generelt sett òg.
Eg las òg ei sakprosabok, ei attforteljing av dramatikken og intrigane rundt unionsoppløysinga og det følgjande kongevalet i 1905: Spillet om tronen av Kjell Arnljot Wig. Boka er allereie over førti år gamal, og vel heltedyrkande rundt fleire av personane som skildrast, men Wigs sin entusiasme var smittande, og hendingane blir spanande attfortalt, med mangfoldige direkte sitat frå dagbøker, møteprotokollar, telegram og brev som gjer historia levande for lesaren.

Elles har eg lese ein del teikneseriar: Kaya volum 1 av Wes Craig var god. Teikningane var litt hit-and-miss for meg, men oftare hit enn miss, og den postapokalyptiske fantasyhistoria var enkel men velfortalt. To born -- ein vekkskjemd ung arveprins og hans kyniske og svært kapable eldre halvsyster -- er dei einaste overlevande frå den menneskelege sivilisasjonen, og er på ferd gjennom audemarka for ¨unngå imperiet som drepte alle dei kjenner og å på sikt forsøke oppfylle ein profeti om prinsen som han trur intenst på (men som systera ikkje gjer). På vegen møter dei diverse ikkje-menneskelege samfunn som kan vere både til hjelp og til fare. Vil fortsette med denne.
Så las eg Donald Duck: Mestertegnerne-bindet som er i sal no med to historiar nydeleg teikna av Paolo Mottura. Dette er duckifiserte versjonar av romanen Moby Dick og reiseskildringane om Magellan, og -- innafor kva ein tradisjonelt kan vente seg av donaldversjonar av klassiske verk -- temmeleg gode slike. Skulle ynskje bindet hadde vore tjukt nok til å gitt ein tredje smak av Motturas karriere, to (om enn lange) historiar verkar noko tynt i ein serie der fokuset skal vere på å få fram skaparane.
Dernest volum 1 av Monstress, av Marjorie Liu og Sana Takeda. Denne har freista meg i hyllene i årevis no, og druknar omtrent i Eisner-prisar. Det er velfortent. Teiknestilen er nydeleg, og historia om eit kontinent delt mellom menneske (leia av kyniske hekse-nonner) og halvmenneske, er både fengande og ekstremt brutal (så ver obs på det, om du er ei sart sjel). Litt småredd for at plottet kanskje blir litt enklare enn eg kunne tenkt meg framover etter at den kompliserte in medias res-byrjinga endeleg er blitt forklart innan slutten på fyrste bind, men det er eigentleg berre refleksiv skepsis frå mi side -- det er ingenting i dette verket som gir inntrykk av at ikkje Liu og Takeda veit nøyaktig kva dei gjer, og at resten av serien er like god.
Og no les eg nokre bind Valérian av Pierre Christin og Jean-Claude Mézières. Dette er ein klassisk franskspråkleg scifi/fantasy-serie om tid- og romagentar der dei eldste historiane er frå sekstitalet. Det er dermed med nokre små klyper salt på tempo og djupn eg må lese det, med moderne augo, men det er absolutt ikkje verst, held seg langt betre enn ein skulle tru -- og ekstremt imponerande når ein tenkjer på kor vegbrøytande dette må ha vore i sjangeren. Fantasifulle teikningar, ambisiøs historieforteljing, og ein stil som er ei underleg velfungerande blanding av spenningshistorie og actionkomedie à la samtidige Lucky Luke og Astérix. Eg har lese dei tre som kom på norsk i tilknytning til den heller svake filmadapsjonen for nokre år sidan (bind 0, 2 og 6 samla i eit tjukt hefte), men snubla over ei innbunden samling på engelsk til ein tikroner på ein bruktbutikk førre veke. Denne samlar bind 0, 1 og 2, så eg nyttar no høvet til å lese frå byrjinga av dei fire eg har mellom dei to samlingane.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Fjerde post på rad! Kan nesten byrje tru forumet er dødt, jo. :lol:

Har sidan sist lese Homeland og Exile, dei fyrste to bøkene av R. A. Salvatore om Drizzt Do'Urden, mørkalven med eit hjarte av gull som er den kanskje mest kjente Dungeons & Dragons-karakteren. Snubla over teikneserieadapsjonen av Homeland i ein bruktbutikk for sikkert fem-seks år sidan no, om ikkje meir, og likte den langt betre enn eg hadde førestilt meg (eg har nok litt fordommar mot denne typen avleggjarlitteratur). Då eg ei tid seinare òg kom over ei omnibussamling av dei fyrste tre romanane, inkludert Homeland, kjøpte eg den dermed, men den har sidan stått i lesehylla og samla støv. På eit innfall prioriterte eg den no -- og er ikkje skuffa! Har altså ei av dei tre bøkene i den att, men dette er overraskande bra, og lever godt opp til teikneserien eg las. Enkelte småting er litt kleine -- bøkene snublar innimellom inn i den alltid falskt-ringande 'I am evil!'-typen tenkning frå skurkane (men langt sjeldnare enn ein skulle tru), og enkelte verdselement som fungerar for eit rollespel verkar tilgjort og tøvete (som at alle drow elves kan levitere og skape mørke skyer). Men i det store og heile skriv Salvatore godt og fortener ryktet sitt som mellom det beste innan D&D-litteraturproduksjonen. Det einaste som held meg frå å umiddelbart bestille resten av bøkene om Drizzt er at det er type 30 av dei.

Byrja òg på Lloyd Alexanders kjente barnefantasy-serie The Chronicles of Prydain. Såg på sosiale media at det ville vore hundreårsdagen til forfattaren, og eg -- etter å ha vore nyfiken på dei sidan eg som liten såg den (rett nok ikkje veldig kjeldetru) Disney-adapsjonen The Black Cauldron -- hadde tilfeldigvis nett kjøpt dei fyrste fire på ein brukthandel i haust. Så eg tenkte, om ikkje på hundreårsdagen hans så når, og reiv fyrste ut av lesehylla den kvelden. Har lese to-tre kapittel for kvelden på sengekanten sidan (før eg let meg fortsetje med Drizzt), og dette er grei skuring, sjølv for ein vaksen lesar. Koseleg endeleg å få vitja original-Prydrain etter å ha hatt Disney-versjonen levande i fantasien brorparten av livet. Går fort unna, trur eg fullfører fyrsteboka i kveld eller i morgon, så trur nok eg av komplettistomsyn vil bestille bok 5 og novellesamlinga eg manglar -- sjølv om eg som nesten førti ikkje akkurat er i hovudmålgruppa her. Klassisk historiestruktur om ein unggut som vil bort frå gardsbruket og oppleve eventyr og så umiddelbart får ein kalddusj av universet når det skjer, og slett ikkje er som han ville trudd. Men det er skreve med humor og sjarme, og den walisisk-inspirerte settinga har ein fin balansegang mellom å kjennast som eit erketypisk mellomaldersk fantasylandskap og samtidig ha nok eigenart til å vere sin eigen ting.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 31
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Kommer med en oppdatering sjæææl, vil jo ikke at forumet skal dø!

Jeg har lest mye siden sist;

The Sun Also Rises av Hemingway.
Agua Viva av Clarice Lispector
The Goldfinch av Donna Tartt
The Rum Diary av Hunter S. Thompson
Halve "Veien til Swann" av Marcel Proust (Veldig bra, men ikke riktig bok for meg atm)
1979 av Christian Kracht
Morvern Callar av Alan Warner.

er noen av de jeg kommer på i farta.

På fantasyfronten leste jeg nettopp A Wizard of Earthsea av Ursula Le Guin; Nydelig språk, men litt for mye look yourself in the mirror-filosofi, som kanskje hadde hitta hardere om jeg hadde lest den som barn.

I kveld begynte jeg på 2666 av Roberto Bolano. Leste "Ville detektiver" av samme forfatter, noen år tilbake, uten at det nødvendigvis var noen fenomenal leseopplevelse - men god nok til at jeg gir denne en sjanse.

På fantasyfronten fremover tenker jeg å lese Gormenghast-bøkene til Mervyn Peake - skrik ut om du har lest noe av det Loki ( eller noen andre som skulle komme til å titte innom denne tråden ;) ).
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Hurra, eg ropar ikkje åleine ut i Ginnungagapet!
Deschain wrote: Mon Feb 19, 2024 0:06 På fantasyfronten fremover tenker jeg å lese Gormenghast-bøkene til Mervyn Peake - skrik ut om du har lest noe av det Loki ( eller noen andre som skulle komme til å titte innom denne tråden ;) ).
Niks, men det er på burde-lese-lista mi, så svært spent på kva du tykkjer!

Fyrste Earthsea-boka las eg på skulebiblioteket ein gong i tida, trur kanskje eg var tolv eller tretten, men eg hugsar veldig lite utover at den kjentest litt tung i formen for meg. Har meint å gi det ein ny sjanse (og på originalspråket denne gongen) i tjue år eller så, men det har blitt med intensjonen. Det sagt, så merkar eg at jo fortare åra skurar forbi, jo fleire av tinga eg trudde eg aldri skulle få somla meg til å lese får eg faktisk lese, så kven veit! Kanskje snublar eg plutseleg over den i ein bruktbokhandel no i 2024 og fell for freistinga.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 172
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Endelig somlet meg til å lese The Fifth Season av N.K. Jemisin. Tok alt for lang tid å lese første del, men da må jeg nesten skylde på livet (aka barn). Da jeg kom skikkelig i gang var den vanskelig å legge fra seg, og jeg gikk rett i gang med bok nr 2 i serien når jeg var ferdig.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Så gøy! Eg las Fifth Season for nokre år sidan etter å ha fått den i julegåve. Likte den ganske bra, sjølv om eg følte den mangla litt framdrift og at den sikkert vart litt skada av at eg gjetta hovudavsløringa med perspektivbruken etter tre-fire kapittel. Men Jemisin skriv bra, og verdsbygginga var fin. Og eg likte den einaste andre boka eg har lese av forfattaren, The Hundred Thousand Kingdoms, endå betre -- den var nok mindre velpolert, men den hadde meir driv, for meg i alle fall. Så er absolutt meint å fortsetje ein vakker dag, men det var det med tida, då ...

Sidan sist har eg lese:
* This is How You Lose the Time War av Amal El-Mohtar og Max Gladstone, ei svært spesiell lita sak som nok ikkje er for einkvar smak, men som eg likte veldig godt. Science fiction-romanse mellom to tidsreisande spionar på kvar si side av ein kald krig mellom to stormakter i kvar si alternative framtid.
* Before, After, Alone av Emma Newman, ei novellesamling i Planetfall-universet hennar. Som dei fire frittståande romanane der er novellene velskrevne og har kvar sitt eige særpreg, og eg likte dei godt -- men dei er nok mynta i hovudsak på lesarar som allereie har lese og likt i alle fall ei eller to av romanane. Kan særleg tilråde After Atlas mellom desse, om nokon er interessert. Dystopisk science fiction med gode, minneverdige karakterar.
* The Lost Metal av Brandon Sanderson, siste bok i Wax & Wayne-serien hans der Mistborn-universet blir presentert i steampunkversjon etter at nokre hundreår er gått sidan den fyrste trilogien. Sanderson er ein god handverkar, flink med mytologibygging, action og artig dialog, men eg er ikkje alltid like oppslukt av universa hans. Denne boka er grei skuring, men for meg vart den nok svekka litt av at multiverset frå dei andre seriane hans byrja dukke opp litt meir enn kva som kjentest naturleg. Det sagt så var finalen både kjensletung og tilfredsstillande, og sette eit fint punktum for desse karakterane før han gjer sitt neste tidshopp for ein ny serie på planeten.
* Archer's Goon av Diana Wynne Jones, ei oppfinnsam Young Adult-fantasybok om ein gut i England som ein dag kjem heim for å sjå ein diger fyr sitjande ved kjøkenbordet og sei far i huset skuldar arbeidsgivaren hans 'to tusen'. Småabsurd og relativt spanande, og smart utan nokon gong å snakke ned til lesaren, men eg er nok likevel tjuefem år eller så for gamal til å vere heilt i målgruppa.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 172
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Loki wrote: Wed Mar 20, 2024 22:10
* The Lost Metal av Brandon Sanderson, siste bok i Wax & Wayne-serien hans der Mistborn-universet blir presentert i steampunkversjon etter at nokre hundreår er gått sidan den fyrste trilogien. Sanderson er ein god handverkar, flink med mytologibygging, action og artig dialog, men eg er ikkje alltid like oppslukt av universa hans. Denne boka er grei skuring, men for meg vart den nok svekka litt av at multiverset frå dei andre seriane hans byrja dukke opp litt meir enn kva som kjentest naturleg. Det sagt så var finalen både kjensletung og tilfredsstillande, og sette eit fint punktum for desse karakterane før han gjer sitt neste tidshopp for ein ny serie på planeten.
Jeg leste alt av Sanderson en periode, men har falt av. Prøver å få med meg The Stormlight Archive serien. Sider nok det.
Har vurdert å gjenoppta Mistborn bøker, da det er det jeg egentlig har likt best for han, men jeg er noget skeptisk til multiversopplegget. Jeg er nok en type som kan irritere meg vel mye over dette hvis det kjennes unaturlig.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Unaturleg er kanskje å ta i, han introduserer det veldig sakte og langsamt, bok for bok, men det følest litt ... unaudsynt i denne fjerdeboka der det verkeleg byrjar spele ei stor rolle. Av Wax & Wayne-bøkene vil eg sei nr. 2 og kanskje nr. 3 var nesten på høgde med den opphavlege Mistborn-trilogien, men nr. 1 og nr. 4 var noko svakare. Karakteren Wayne er imidlertid herleg nok til å vege opp for ein god del!

Eg har ikkje lese Stormlight Archive enno, så den kan eg ikkje uttale meg om -- utom Mistborn-maksiserien har eg førebels 'berre' lese novellesamlinga hans samt Elantris. Men eg hadde kanskje litt inntrykk av at det var nettopp i Stormlight Archive at multivers-greiene verkeleg fekk utfolda seg i hovudak?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Eneste jeg har lest til Sanderson, er Stormlight Archive-serien, som jeg leste for to år siden. Jeg synes det fungerer greit, men det er jo bokstavelig tusenvis av sider, uten av det nødvendigvis hele tiden skjer så utrolig mye.

Har vært litt lite lesing for min del siden jul egentlig. Jeg mener jeg har lest mer, særlig noen tegneserier til, men det jeg vet jeg har lest er:
  • Thomas Seltzer - Amerikansk Karmageddon. Har man sett UXA og/eller hørt Trygdekontoret-podkasten til Seltzer, har man hørt/sett mange av poengene hans, og da er man også nok forberedt på stilen hans, for han viderefører sin personlige stil til skriftlig form. Her er det digresjoner, ordspill hele veien, tidvis litt for mye, men det gjør at dette også er en noe annerledes sakprosa bok. Den er propfull av fagstoff og analyser om amerikansk historie og samfunn. Noen ganger noe tungt, noen ganger innrømmer Seltzer selv at det er tungt, men det går. Han er ærlig på sine personlige meninger og synspunkter, men viser en del respekt - utenom de han mener har skylda i alt det gale som foregår i USA. Anbefales!

    - Øystein Morten - Eirik Raude. En bok om vikingen Eirik Raude, som etablerte et norrønt samfunn på Grønland på 900tallet og faren til Leiv Erikson (han derre med Nord-Amerika...). Følger samme oppskrift som hans "Jakten på.."-bøker (Olav den Hellige, Olav Tryggvason og Sigurd Jorsalfare), så forstår ikke hvorfor denne ikke heter det samme. Også her følger vi historien til hovedpersonen i sin samtid samtidig som Morten selv reiser i hans fotspor, slik at Morten blir nesten like mye hovedperson som Eirik Raude. Det fungerer tidvis, men tja--- ikke hele veien. Men har nevnt det før at jeg liker denne kombinasjonen av fortelling om fortidens hendelse og nåtidig undersøkelse, så dette er fint det.

    - Blacksad - Amarillo (Canales og Guarnido). Det positive er at Blacksad igjen er tilgjengelig på norsk og nå oversettes alle historiene. Synes nok ikke dette er den sterkeste. Særlig bind 2-4 har så mye god historisk kontekst og samfunnsforståelse som ga dem så mye mer dybde, det mangler her synes jeg. Men skal få lest neste snart. Illustrasjonene er fortsatt knallgode.

    - Krüger og Krogh - Nord og ned del 1. De fortsetter å imponere med illustrasjoner, historie og det historiske (sånn som Blacksad). Drivende god historie.

    - Justice League: DCeased. Helt ålreit, men kanskje ikke så utrolig nyskapende egentlig
Manbearpig
Post Reply