Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Har ikkje lese Krüger og Krogh, du får det til å freiste! Og Blacksad er nydeleg, sjølv om eg er einig i at Amarillo nok er det svakaste bindet.

Sidan sist har eg mellom anna lese:
* Mestertegnerne: Giorgio Cavazzano, ei samling Donald-histroriar i hyllene no for tida. Eg kjøper ikkje Disney-seriar lenger generelt sett, men eg forsøker å støtte utgivingar som fokuserar på serieskaparane sjølve, i alle fall når dei ikkje berre trykkjer opp historiar eg allereie har frå før. Og dei fire eventyrkomedie-historiane i dette bindet er absolutt av dei betre innanfor Donald Duck-sjangeren, sjølv om det kanskje ikkje er den høgaste terskelen å klatre over.
* Teikneserieromanen Stray Dogs og midquelantologien Stray Dogs: Dog Days av Tony Fleecs og Trish Forstner. Dette er saker! Ein nydeleg forstyrrande thriller frå perspektivet til hundar med dårleg langtidshukommelse, der den ugne kjensla av frykt og fare blir ekstra spesiell av kontrasten med dei vakre, vennlege teikningane av dyra i beste 90-talls animasjonsstil, som om frå Don Bluth eller Walt Disney Studios.
* Førebels siste bind av Sagaen om Thorgal. Vanvittig imponert at Egmont har klart å komme seg (nesten) à jour med dei franskspråklege utgivingane, og kryssar det eg har for at det kjem eit nytt neste år, når det vil vere nok utgitt til å klemme saman ei ny norsk samling. Fascinerandeå sjå ei lang historie med ubroten kontinuitet skreven og teikna heilt frå 1977 til i dag, og i det store og det heile vere veldig bra heile vegen!
* Bind 1 og 2 av Rachel Smythes Lore Olympus-teikneserie, der Hades og Persefone-myta frå gresk mytologi blir nytolka og fortalt på eit Olympen der gudane lever som i moderne tid. Dette er klassisk høg, mørk, mystisk og dyster rikmann møter vidauga, sårbar ung jente-romanse, men den er velfortalt, gjer spanande og interessant bruk av kjeldematerialet, og har (så langt, i alle fall) unngått dei mest kliséfylte handlingsgrepa sjangeren ofte ber med seg. Opphavleg ein nettpublisert serie, så det er få panel per side og kapitla flyg forbi som berre juling.
* Peter Pan av J. M. Barrie. Har lese denne ein gong før, men fekk den i illustrert utgåve (illustratøren MinaLima) til gebursdagen for nokre år tilbake, og har i vinter lese den med kona som paraktivitet. Har vore veldig koseleg, og sidan ein diger porsjon av sjarmen til denne romanen er nettopp forteljarrøysta har den vore veleigna for høgtlesing. Verdt stempelet som ein klassikar.
* Tales from the Perilous Realm av J. R. R. Tolkien, ein antologi med kortromanane Roverandom, Farmer Giles of Ham, Smith of Wooton Major og Leaf by Niggle samt diktsamlinga The Adventures of Tom Bombadil. Dikta er nok ikkje heilt det store for meg, og Roverandom, trass spanande innsikt i Tolkien sin fantasi, sleit med manglande framdrift og ei episodisk kjensle eg ofte føler eldre barnebøker plagast av. Men dei andre tre var vel verdt tida mi, tykte eg. Giles of Ham er som ei meir humoristisk Hobbiten-forteljing, Smith er ei litt vaksnare historie om samhandlingar med Faerie med stor 'F', og Leaf er ei overraskande seriøs, engsteleg, og likevel litt optimistisk, forteljing som både har innslag av dystopi, religiøsitet og sår, ektefølt sjølvanalyse frå fortfattaren si side.
* The Journey to the Centre of the Earth av Jules Verne. Verne skriv bra, eg blir reven med av historia med éin gong, men boka lid ein god del av at slutten kjem ekstremt brått og følest som eit antiklimaks. Men til halvanna sekel gamal klassikar å vere er dette betre lesing enn eg kanskje ville venta meg.
* Dirk Gently's Holistic Detective Agency av Douglas Adams. Adams er, seg sjølv lik, både innsiktsfull og morosam i vendingane og prosaen, men han slit ofte med å engasjere meg i plottet, både her og i andre ting eg har lese av han. Det er likevel ein viss oppbygging av tempo her, og det hjelp -- dei siste 60 sidene eller så kjentest mykje meir lettlesne enn dei fyrste 120.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 172
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Loki wrote: Thu Mar 21, 2024 14:36 . Men eg hadde kanskje litt inntrykk av at det var nettopp i Stormlight Archive at multivers-greiene verkeleg fekk utfolda seg i hovudak?
Ja, det kommer krypende. Men har ikke utfallet seg mer, enn at jeg lar hjernen min gli over det.

Etter å ha brukte litt tid på the Fifth Season, så raste jeg gjennom resten av The Broken Earth triogien. Settingen åpnet seg mer opp, og jeg ble slukt inn i den. Endte med å være veldig engasjerende. Sterk anbefaling :D
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Yawron wrote: Tue Apr 23, 2024 14:10
Loki wrote: Thu Mar 21, 2024 14:36 . Men eg hadde kanskje litt inntrykk av at det var nettopp i Stormlight Archive at multivers-greiene verkeleg fekk utfolda seg i hovudak?
Ja, det kommer krypende. Men har ikke utfallet seg mer, enn at jeg lar hjernen min gli over det.
Var litt slik for meg i den einaste Mistborn-boka der multiverset hans trenger seg veldig på (fjerdeboka i Wax & Wayne-serien), men hadde rekna med det kjennest meir naturleg ut i Stormlight Archive der eg hadde trudd det var litt med heile vegen. Men det er ein tanke skurrande der òg, altså? :/
Yawron wrote: Tue Apr 23, 2024 14:10 Etter å ha brukte litt tid på the Fifth Season, så raste jeg gjennom resten av The Broken Earth triogien. Settingen åpnet seg mer opp, og jeg ble slukt inn i den. Endte med å være veldig engasjerende. Sterk anbefaling :D
Eg fekk Fifth Season i gåve nokre julafter tilbake og las den, men tykte den 'berre' var finfin, så den endte opp på den uendelege lista over ting eg er meint å lese vidare på ein dag, men som ikkje blir prioritert med det fyrste. Eg var òg veldig nøgd med den andre fyrsteboka av Jemisin eg har prøvd, The Hundred Thousand Kingdoms, så instinktet var at om eg skulle prøve meir av ho, så ville det vere der eg fortset. Men skal no skrive meg bak øyret at følgjande Broken Earth-bind får litt meir driv i sakene, det er veldig positivt å høyre!

Sidan sist har eg lese:
* Selsomt selskap, ei samling av fjorten norskomsette Roald Dahl-noveller som eg trur eg fann i ein haug gis-bort-bøker i fellesgangen for fem-seks år sidan. Litt snålt å lese Dahl på norsk, så klart, men omsetjingane er frå syttitalet, og eg liker det litt gamalmodige språkdrakten, så det har sin eigen sjarm (eller charme, som det vel ville stått der). Eg liker ikkje skrekk, så dei par-tre novellene som gjekk lengst i den retninga er ikkje heilt mi greie, men krimmysterium, makabre humorhistoriar og liknande, det er skøy, og det var interessant å sjå eit utval av forfattarskapet til ein som eg kjenner mest som barnebokforfattar, men som er vel så kjent for nettopp denne typen vaksennoveller. Òg artig å innsjå at opptil fleire av dei hadde eg lese før og gløymt bort, som pensum eller del av lærebøker på ungdomsskulen, vidaregåande og/eller høgskule.
* Saga: Compendium One av Brian K. Vaughan og Fiona Staples. Dette enorme bindet samlar dei fyrste 54 blada i Saga (som elles kan fås som tre innbundne bøker eller ni vanlege album). Eg og ektefellen las og elska dei fyrste tre albuma for eit par-tre år sidan, og somla oss no endeleg til å kjøpe inn og lese oss à jour (eg er byrja på volum 10 no, av så langt 11). Vel verdt det. Vaughan er jo eit enormt namn i amerikansk teikneserieproduksjon, og eg -- sjølv om eg har lese ein heil del -- har ikkje lese halvparten av bibliografien hans ein gong, men Saga tronar lett mellom det ypparste av det eg har fått lese. Forboden kjærleik i eit enormt science fiction fantasy-univers med humor og glimt i augo, alvorstunge tema og spektakulære visuelle inntrykk, hjarteskjerande realisme og vanvittig absurdisme ... Det er lite denne serien ikkje kan skilte med. Varmt tilrådd.
* Trigger Warning, ein novelleantologi av Neil Gaiman. Gaiman er som vanleg veldig flink, og dei personlege, sjarmerande introduksjonane til kvar enkelt historie gir ekstra leseglede for meg. Det sagt så fell sjølvsagt ikkje alle historiane like mykje i smak, særleg når Gaiman openbart gjer eit poeng ut av å sjeldan å skrive same type ting fleire gonger. Enkelte ting her har eg òg lese før i andre utgivingar.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Multiverset til Sanderson (cosmere) blir mer og mer utover i Stormlight Archive-serien i hvert fall. Halvannet år siden jeg leste siste utgitte bok, så husker ikke når det blir tydeligere, men tror det er ganske tidlig rent side-messig (det er jo utrolig mange sider det er snakk om).

Har siden siste fullført Eirik Raude av Øystein Morten. Kommenterte den i forrige post, helt ålreit, og har man interesse for vikingkonger og sånt er det jo spennende. Også gøy å være mer med på hvor langt nedover det amerikanske kontinentet vikingene trolig kom.

Fortsetter nå sakprosa-våren min med Anne Bitsch - Den norske skyld, som tar utgangspunkt i rettssaken mot Philip Manshaus og utforsker den høyreekstreme bevegelsen de siste 20-30 årene. Følger opp boka Brorskapet om bakgrunnen for drapet på Benjamin Hermansen. Ikke hyggelig lesning, men interessant - dette sprer jo seg mer og mer, bare se serien Sønner av Norden på NRK om Active Clubs, nordisk nynazisme og alt det der.
Manbearpig
Post Reply