I nyttårshelga introduserte me far min for Reacher, og det vart slik ein braksuksess at me såg omatt fire episodar av fyrstesesongen med han før me drog. Så kom me heim att og då var det innhentinga etter hausten og jula det gjekk mykje i:
Pluribus, sesong 1. Veldig, veldig bra frå ende til annan. Tidvis føler eg hovudpersonen er i overkant korttenkt etter min smak og i forhold til kva som rimer med måten ho elles tenkjer og resonnerer på -- eg liker ikkje kor ofte eg ser ho gjer noko og eg som sjåar umiddelbart veit nøyaktig kvifor dette ikkje vil ha det resultatet ho trur -- men det er vel subjektivt. Og elles er dette ein fenomenal serie, og ei nytt, spanande vinkling på den etter kvart så veltrakka postapokalyptiske sjangeren.
Stranger Things, sesong 5. Eg er ikkje mellom dei som har vore superkritiske til seinare sesongar av serien -- jau då, den var betre i starten, men kvalitetsfallet var for meg ikkje på langt nær så stort som eg føler alle skal ha det til, og eg har kost meg med den heile vegen, eigentleg. Ingen verkeleg store overraskingar eine eller andre vegen her i innspurten, men etter min smak kom dei godt i hamn med det meste.
A Man on the Inside, sesong 2. Ein flott andresesong av denne uvante sjanger- og tonekombinasjonen. Framleis ei veldig triveleg og velfungerande historie om å finne glede og meining òg i dei seinare livsstadia, som samtidig som den er ektefølt og bittersøt klarer å vere ein genuint artig sitcom og eit heilt kurant detektivtmysterium. Og nye rollefigurar held koken like godt som dei gamle; Steenburgen har (som fortent) fått mykje merksemd her, men eg må sei David Strathairn er den som verkeleg stel scenar i hytt og vêr, som er ekstra imponerande i ein serie med Ted Danson i hovudrolla.
The Night Manager, sesong 1 (omattsjåing) og sesong 2 (ny!). Hu, hei! Me hadde ikkje sett denne sidan den kom for eit tiår sidan, og den heldt seg veldig, veldig godt. Og me fekk definitivt mykje meir ut av den nye sesongen enn me ville gjort om me ikkje såg den gamle omatt. Velskreven spionthriller som (med rette) lener seg tungt på den enorme karismaen til Hiddleston og Laurie.
The Beast In Me , miniserie. Denne likte me veldig godt! Sistescena var kanskje litt i overkant pynteleg, men elles var dette ein solid, velskreven og velspelt thriller frå ende til annan.
Tomb Raider: The Legend of Lara Croft, sesong 2. Eg har ikkje noko forhald til spela, har vel så vidt lese ein teikneserie eller to der Lara dukkar opp i crossovers med andre ting eg les, og elles er det berre dei tre kinofilmane som er mitt forhold til dette universet. Haley Atwell er flink i hovudrolla, som er både tøff og likandes, lett å heie på. Usikker på kor godt eg likte sjølve historia her, men det at den legg den anakronistiske problematikken rundt å ha ein moderne og moralsk helt som driv med gravplyndring og kulturalvtjuveri til grunn er i alle fall veldig smart. Kul action, pen animasjon og tidvis vittig dialog. Ingenting spesielt, men om eg tykte den var grei skuring mistenkjer eg at den er desto betre for dei som har meir innsikt i karakterar og spelmytologi.
Tulsa King, sesong 3. Eg fortset å late meg sjarmere veldig av Sylvester Stallones drama om mafiaunderbossen som kjem ut av fengsel som syttiåring og prøver starte ein ny kriminalkarriere i Tulsa, av alle stadar. Dette er ein serie som aldri forsøker å vere original, men som berre gjer ein god jobb med å duplisere det ørten andre seriar allereie har gjort: Antihelt utanfor lova med personleg moralkodeks byggjer seg ein surrogatfamilie med vener, handlangarar og allierte, og blir stadig i konflikt med langt mindre likandes skurkar som me kan heie på han mot. Sesong 3 skilter med alltid like gode Robert Patrick som ny Big Bad, så dette er framleis god fres i!
Bookish, sesong 1. Her var eg litt småskuffa. Mark Gatiss er suveren med sine små, arrogante replikkar som antikvarbokhandlar skråstrek amatørdetektiv i 1946-London, og det er mykje her som fungerer, inklusive dei fleste støttekarakterane, men eg vart liksom aldri sugd inn i sjølve mysteria i nokon av dei tre dobbeltepisodane som utgjorde fyrste sesong. Det sagt så er sjølve konklusjonen i alle tre veldig tilfredsstillande gjennomført -- det er oppbygginga fram til dette som slit med å fenge meg. Eit heilt greitt krimmysterium, usikker på om eg kjem til å gi sesong 2 ein sjanse.
Agatha Christie's Seven Dials, miniserie. Veldig sjarmerande hovudperson! Og Martin Freeman er veldig artig som kompetent men litt keitete lokal etterforskar. Epilogscenen var i overkant klein for meg, men elles var dette ein solid Christie-miniserie, sjølv om eg mistenkjer eg vil gløyme det meste om den innan nokre månadar.
Elles har me endeleg fullført gjensjåingsprosjekta me byrja på i fjor sommar: Sons of Anarchy (sesong 6 og 7) og Venture Bros (sesong 6 og 7 samt finalefilmen). Dette er begge steingode seriar som verkeleg var verdt gjensynet! Håpar me tek oss tid til å sjå dei begge omatt ein gong når det er gått ti-tolv år til. Me var ikkje meint å sjå omatt noko anna med det fyrste, men både Spartacus og Scrubs har byrja med oppfølgjarseriar, så spørst om me ikkje burde gjere plass for omattsjåingar av begge dei utover våren, om tapetet er aldri så fullt. I det minste er det få nok år sidan me såg Malcolm in the Middle at me kan sjå den snartkomande gjenopplivinga utan eit digert prosjekt fyrst.
Me har òg prøvd eit par-tre nye ting no i vinter:
Swedish Dicks, sesong 1 og 2. Premisset er sjarmerande for oss skandinavar, med to svenske innflyttarar (ein hardbarka misantropisk veteran som har vore der i årevis, og ein entusiastisk nykommar) som forsøker livnære seg som privatetterforskarar i Los Angeles, men det var diverre ganske middelmådige greier. Heilt sjåbart, men ingenting spesielt.
Wonder Man, miniserie. Dette var ei velkomen overrassking. Det verkar som om MCU endeleg har byrja få føtene under seg att etter Endgame, og dette var ikkje noko unntak. Eit triveleg komidrama der superheltaspektet er i baksetet til fordel for Hollywood-harselering og eit underleg, men likandes, vennskap.
The Mighty Nein, sesong 1. Einig med Asphyxiate, dette er mindre tøysete enn Vox Machina var, og som håpa var det dermed ei stor betring for oss her i stova. Sjølv om eg framleis slit med ein del D&D-arva verdslogikk er dette både spanande, pent animert og -- i alle fall stort sett -- sjarmerande stemmespelt.
The IT Crowd, sesong 1. Det tok oss ... ein generasjon eller så ... men me har no endeleg byrja på denne klassiske komiserien, og den lever faktisk opp til ryktet. Stort sett. Enkelte ting er for flåsete eller for datert (eller begge deler), men i det store og heile kosar me oss kveld for kveld med denne no, halvveges i sesong 2 for augneblinken.
A Knight of the Seven Kingdoms, sesong 1. Dette var ein innertiar, og ikkje berre for meg som har hatt Song of Ice and Fire-bøkene som min favorittserie sidan eg var seksten år gamal tidleg på 2000-talet, men òg for kona som elles tykkjer ting frå Westeros er 'heilt greitt'. Her kosa me oss begge like mykje. Einaste skåret i gleda er at når det no openbart kjem ein ny sesong i året, vil stakkars Martin få nok ein ting der planlagte oppfølgjarar (han har vel snakka om eit titals idéar her, og sagt at han har røffe manusutkast på tre) blir grusa av tempoet hjå fjernsynsproduksjon. Føler med den mannen, det kan ikkje vere berre berre når livsverket blir så populært at du ikkje lenger klarar ferdigstille noko. Men men. Kryssar fingrane for at denne serien vil vere betre når den set ut på eiga hand enn moderserien var i si tid.
Spoiler
Skjønt det er jo allereie avspora: Ei relativt stor endring frå boka dei slengte inn på tampen av sisteepisoden verkar til dømes som om den burde få enorme ringverknadar på å endre sesong 2 frå kjeldematerialet.
Percy Jackson and the Olympians, sesong 2. Dette fortset med både å vere betre enn bøkene (seier ektefellen, som har lese dei -- det har ikkje eg) og å styre unna dei verste og mest irriterande tropane i fjernsynsseriar om tenåringar med superkrefter. Alt det sagt så ser me det vel mest fordi det er fantasy, og det er lite slikt å velje i. Det irriterar meg framleis litt korleis halvgudane alltid har evner som rimer med gudeforelderen sitt domene (vatnkontroll for son av Poseidon, forføring for son av Afrodite, osb.) når dette omtrent aldri er tilfelle i dei opphavlege mytene (urkrefter til sides), men det er vel bakt inn i konseptet.
The Muppet Show, spesialepisode. Dette var ... overraskande tru mot gamleserien. Kunne glidd rett inn i ein av sesongane frå førti år tilbake på nesten alle vis. Eg må sei eg er svært overraska om dette fell i smak for eit moderne, ikkje-nostalgi-basert 2026-publikum slik at det får ein heil sesong -- men eg skal sjå, eg, om det blir alvor av. Den nye røysta til Kermit er som vanleg i seinare år den store minusen for meg, eg tykte Steve Whitmore gjorde ein vanvittig god jobb med å imitere Hensons opprinnelege, men sidan han la opp er den nye ei stusseleg erstatning.
Fallout, sesong 2. Ikkje på høgde med sesong 1, men framleis veldig underhaldande fjernsyn. Kyle Maclachlan og Justin Theroux stel i stor grad sesongen (som er imponerande med tanke på kor gode både Purnell og Goggins er), og spanande cameos frå Ron Perlman og Macaulay Macaulay Culkin Culkin som kan bli noko meir i sesong 3.
Slayers: A Buffyverse Story, høyrespel. Som fortsetjing på ein fjernsynsserie inkluderer eg den her. Det tok oss eit halvt år, men me har endeleg høyrt oss gjennom denne, der diverse skodespelarar frå Buffy the Vampire Slayer attforeinast i ei historie lenge etter serien slutta. Diverre er dette det eg etter kvart føler er typisk Christopher Golden (som har manus her saman med Amber Benson) -- flatt, uinspirert oppgulp som ikkje klarer å gjenskape sjarmen til kva-det-no-enn-er-for-ein-IP han skriv for denne veka. Skodespelarane gjer det dei kan (skjønt det smertar å høyre kor mykje Anthony Head verkar til å ha tapt seg sidan serien), men med få unntak er dette berre middelmådig fanfiction, diverre. Dei ville gjort det langt betre om dei berre hadde laga ein høyrespeladapsjon av ein av dei mange veldig gode teikneserieoppfølgjarane i staden.
The Artful Dodger, sesong 2. Ei triveleg overrasking! Eg hugsa denne som hakket meir lettbeint, men det var meir djupn og realisme her enn eg hadde fått det for meg i hovudet mitt sidan sesong 1 (sjølv om, for all del, det er mykje ein må leggje godviljen til for). Men det er mange minneverdige karakterar -- David Thewlis' Fagin har så strålande kreativ dialog at ein kunne skreve ned halvparten av det han seier i kvar einaste episode berre for å ha til å kikke på -- og den forbodne romansen i sentrum av historia er veldig lett å heie på. Bonuspoeng for herleg uventa karakterutvikling for den i sesong 1 litt oversette systera til den kvinnelege hovudpersonen!
Primal, sesong 3. Denne er ikkje ferdig enno, er vel tre episodar att trur eg, men føler den er langt nok komen til at eg kan skrive om den. Framleis knakande bra dialoglaus sword & sorcery i ei nydeleg førhistorisk verd, men diverre ikkje like gripande som dei opphavlege to sesongane var, eg føler meg mindre investert av ein eller annan grunn. Det sagt så er Primal på eit hakk verre enn før framleis betre enn 90 % av det me ser på fjernsyn, så eg gler meg veke til veke lell.
