Posted: Sun Jan 20, 2008 19:42
Outlook har eg ikkje peil på, men Opera kan eg seie ein eller to ting om:
Hadde det berre vore bokmerker (+ kontaktar og infokanalar) er det greiaste å bruke import/eksport-funksjonen, som du finn på Fil-menyen (Fil --> Import og eksport), men sidan du skal ha ein del meir, må du kopiere nokre filer.
Har du laga ditt eige tastaturoppsett vert dette om eg forstår rett lagra i profilmappa, i undermappa keyboard. Passord vert lagra i ei fil kalla wand.dat, som du finn i profilmappa. Søkemotorar i search.ini - same mappe.
Med andre ord: Du kan like gjerne kopiere heile profilmappa (men dropp cache-mappa, er unødvendig å ta med mellomlageret). Denne kan ligge på to stader, alt etter korleis du installerte. Kor denne mappa er finn du ut ved å gå til Hjelp --> Om Opera (opera:about) - det er Opera-mappe du skal ha.
Har du infokanalar (RSS-feeds), eksporter lista over dei via Fil-menyen, og importer på same måte.
Redigert: De kan forresten finne mange gode tips for Opera her:
http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=652085
http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=856009