Posted: Fri Sep 01, 2006 23:44
Det gjer du heilt rett i.
Min kommentar, derimot, som du skal få no, er faktisk tufta på lesning, ettersom eg har lese heile greia. Rett nok er det, hm, sju-åtte år sidan, men eg HAR lese den. Den kom seg akkurat inn i slutten av den perioden av livet mitt der eg leste absolutt alt av fantasy-liknende saker eg kom over, kvalitet eller ikkje.
Ikkje slik å forstå at "Isfolket" ikkje hadde kvalitet. Til "kiosk-litteratur" å vere er den antakeleg ganske bra. Problemet den - og dei fleste seriar på så mange bøker - har er at den blir veldig, veldig repetitiv. Nye generasjonar karakterar kjem til når dei gamle døyr, men før eller seinare byrjar desse nye karakterane å likne veldig på gamle, avdøde. Nye bøker har nye plott, men desse blir òg veldig, veldig like kvarandre når ein er komme gjennom ein ti-femten bøker. Og så bortetter.
Eg hadde antakeleg ikkje lese "Isfolket" i det heile om det ikkje var for at eg las "Heksemesteren" fyrst og likte den ganske bra. Men den er ein fjerdedel så lang, så small wonder, den lider ikkje under same problemene. Dessutan er dei overnaturlege elementene langt meir sentrale der, medan dei i "Isfolket" (visstnok pga. forlagets insistering) ikkje hadde særleg mykje overnaturleg før den hadde pågått i eit par dusin bøker.
Slik eg hugsar "Isfolket" så likte eg dei siste to-tre bøkene ganske godt, og tykte resten var så-som-så, nokre bøker såklart litt betre enn andre, men i det store og heile ein serie eg garantert aldri ville ha fullført i dag. Faktisk byrja eg på Heksemester/Isfolket-sequel-serien ("Lysets barn", var det det den heitte?) året etter, og kom kun tre-fire bøker inn i den før eg mista interessa. Eg var antakeleg byrja vekse ut av den "les absolutt alt som blir lagt framfor meg"-alderen. Og trass i dette tykkjer eg hugse at det vesle eg las av den var betre enn det meste av Isfolket.
Så, som sagt, eg hadde neppe likt den særleg no. Eg likte grunnidèene, dog, og eg likte slutten. Men "Heksemesteren" hugsar eg som langt, langt, langt betre, og sjølv den ville eg neppe tykt var meir enn maks "ok" i dag.
Men det er berre meg. Om du liker bøkene, flott! Ingenting er vel betre enn å ha funne over førti bøker ein liker i same jafset?! Og ein skal lese det ein liker, det som gir ein noko å lese, uavhengig av kva alle me andre fjolsa seier og meiner.