Ikkje lese nokon av dei, men Anansi Boys... vel, likte du Anansi i "American Gods"? Om ikkje skulle ein jo tru Anansi Boys var uaktuell, og om du likte han, tilsvarende aktuell.Lothair Mantelar wrote: Neil Gaiman: "Anansi Boys", "Neverwhere",
Må innrømme at dei tidlege Sandman-albumene aldri fenga meg skikkeleg, men serien som sådan er verdt ein titt, og då må ein jo byrje ved byrjinga. "Good Omens" følest som 80% Pratchett og 20% Gaiman, så om det lyder interessant, les den, om du føler det blir for mykje Pratchett eller for lite Gaiman, la vere, og om du tenkjer "yes, mykje Pratchett!" så vil du sikkert ha vel så mykje igjen for å lese ei rein Pratchettbok i staden..."Good Omens" eller "Sandman serien, "Preludes and Nocturnes".
Eg ville vel ha byrja med denne...Martin: "A Storm of Swords, del 1"
Ikkje vore borti, men eg er ikkje så überbegeistra for Hitchhiker, særleg ikkje dei seinare bøkene, så for meg ville han nok blitt nedprioritert for det meste andre du listar.Douglas Adams: "The Dirk Gently Omnibus"
Raymond E. Feist: "Faerie Tale", "Shadow of a Dark Queen" (fant ikke "Magician: Apprentice")
Om du skal lese Serpentwar Saga (der Shadow of a Dark Queen er bok 1) vil eg anbefale deg å byrje med boka "King's Buccaneer", som er ein slags prolog til den. Den er ikkje naudsynt, men eg følte i alle fall at den var veldig nært knytta til serien som tek stad like etter den.
På den andre sida er det kanskje like lurt å vente med Feist i det heile tatt til du får tak i "Magician"...
"Faerie Tale" er omtrent einaste Feist-boka eg ikkje har lese, nedprioritert då den er urelatert til alle hans andre fantasybøker. Men den er sikkert god, den.
Ikkje lese, men Hobb og King får ein jo stadig anbefalt...Greg Keyes: "The Briar King"
Harry Turtledove: "World War Trilogy" (tre bøker i en, "Striking the Balance"
Orson Scott Card: "Shadow of the Giant"
Stephen King: "The Gunslinger" bok 1 i Dark tower serien.
Robin Hobb: "Assassin's Apprentice"
Den er jo forhaldsvis lett lektyre, så den kan du forsåvidt byrje med, du burde vere ferdig med den på få dagar.Robert Jordan: "The World of Robert Jordan's the Wheel of Time"
Så, mi liste, basert på det der:
1. Martin
2. Jordan
3. Gaiman - Sandman eller Anansi Boys, alt ettersom kva du føler mest entusiasme for
4. King eller Hobb
Med punkt 4 vil du vel antakeleg vere byrja på ein ny serie, så dermed er du booka ei stund framover etter den...


