Hurra, LIVSTEIKN!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Slow Horses s1-4: T-we (Telenor) har gratis Apple Tv+ fram til 15. oktober. Da måtte man velge, og det ble Slow Horses s.1-4 (sesong 5 har begynt nå, men jeg har begynt på Severance. Ikke sett den ferdig, så vil ikke kommentere annet enn.... hva i all verden skjer?). En utrolig kul serie, med en glimrende Gary Oldman i hovedrollen. Det er godt driv, bra manus, god kombinasjon av spenning og humor. Forstår hvorfor den er så godt likt, den er utrolig underholdende.
Slow Horses (og Severance) er kjempebra! Silo, Morning Show, Murderbot, Afterparty, for ikkje å snakke om dei mange seriane eg er blitt tilrådd der og ikkje har fått prøvd enno (For All Mankind til dømes) -- Apple TV+ er i mine augo framleis i det oppstartstadiet der dei forsøker huke abonnentar ved å gi grønt lys til veldig mykje ulikt og gir både mange sesongar og mykje fridom til serieskaparane, og det viser. (Kan rett nok teikne på at den epoken no endeleg er byrja stagge mot slutten, dei kansellerte jo til dømes nyleg Mythic Quest ...) Har heller ikkje fått byrja på den nyaste sesongen Slow Horses, men gler oss!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Trollhunters: Animert serie basert på Guillermo del Toro. Det blir bra. Klassisk historie om en usannsynlig helt, hans venner og kampen mot ondskapen. Sesong 1 (del 1) var veldig god, men jeg synes den slet mer med tempo og prioriteringer i del 2-3. Det går tidvis fort fram, samtidig som den tar seg tid til noen bottle-episoder og annet. Kunne faktisk ønsket flere episoder for å utdype historien mer, særlig mot slutten da ting virker veldig forhastet. Det er første serie i en trio av serier med en avsluttende film. Dessverre virker kommentarene å mene at kvaliteten faller for hver serie, og starten av serie 2 (3down) virker å bekrefte det. Jaja, Trollhunters er en veldig god underholdende serie.
Dette var veldig oppmuntrande å høyre; eg har hatt Trollhunters på lista i ei årrekkje og prioriterer den stadig ned fordi eg er redd den er litt for barneorientert. Med din kommentar her trur eg no at eg skal få somla meg til den i laupet av 2026!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26Gargoyles: Selv det jeg visste på forhånd, ble jeg overraska hvor dyp, mørk og spennende denne var. Særlig i trekket med episoder utenfor New York i sesong 2 var veldig god. Likte godt mytologien og historien. Selv om noen av de andre gargoylene blir litt fot ofte satt på side er Goliath en god hovedkarakter, og Keith Davids stemme - eller røst - er fenomenal.
Hurra at du likte den! THEY LIVE AGAIN!!!!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26Også kjipt at siste sesong gjør som andre på denne tiden tydeligvis gjorde; endra animasjonstil (ikke rart når ABC tok over og bytta ut folka bak). Ikke den avslutninga jeg ønska, men det var noen gode elementer i siste sesong (den tydelig x-men-inspirerte greia med the Quarrymen var ikke så ille, kunne vært bedre).
Støtta ei teikneseriefortsetjing frå ein av dei opphavlege folka bak (som ignorerer sesong 3) på Kickstarter for ei tid tilbake, ser den endeleg skal postleggast no snart, så får sjå om det er noko tess. Men utan Keith David forsvinn jo mykje av sjarmen, det gjer jo det.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Ironheart: Nok en Marvel-serie som har flere positive sider, men som ender opp med å være litt for kjedelig, litt for lite spennende. Dominique Thorn som Riri Williams er god. Samtidig ender det hele opp med å bli litt meh, verken veldig dårlig eller veldig god.
Heilt einig. Òg veldig på gjerdet over
Mephisto. På den eine sida var introduksjonen velgjort, skodespelaren uventa perfekt for rolla og scenane veldig tilfredsstillande. På den andre sida er dette fem år etter publikum håpa på ein god Thanos-erstatning og i eit B-listeprosjekt dei færraste ser, så det er altfor openbart og dermed utruleg skuffande at han neppe vil gjere noko vesentleg i filmuniverset på mange, mange år enno. Og i tillegg til alt det hadde dei har ein god, teikneseriebasert sjanse på å endeleg bruke Dormammu frå Doctor Strange 1 igjen, på kult og skummelt vis, og så introduserar me nokon nye i staden. Sukk.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Ulvekongen: Animasjonsserie. For få episoder til å fortelle denne historien, det går alt for fort fram. Jeg ble aldri ordentlig kjent med eller investert i noen av karakterene, eller i historien, folk, mytologi etc., men det er jo noe her. Nå har sesong 2 kommet, håper den kanskje gir muligheten til å komme mer inn i karakterene og denne verden. Anmiasjonsstilen er litt annerledes, litt inspirert av de siste animerte Spider-Man-filmene, men ikke i nærheten av å være der, allikevel helt klart innafor.
Har vurdert denne! På bakgrunn av det du seier her vil eg vel fortsetje å vurdere den, og neppe bestemme meg eine vegen eller andre med det fyrste.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Asterix og Obelix: Tvekampen: Moro og gøy. Animasjonsstilen er "tegneserie"aktig nok til at det er moro. Fint at man får brukt litt tid på historien. Håper de lager flere sesonger!
Dette hadde eg gløymt! Er trist at CGI-animering er det eg må leve med no, men når du seier så positive ting om den må eg jo prøve!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Oct 01, 2025 20:26
Jack Wrights siste vilje: Nok av tvister og gode skuespillerprestasjoner til at den er underholdende hele veien. En fin kombo av whodunnit-familiedrama med en del forviklinger og absurde situasjoner. Visste ikke at det skal komme en sesong 2, så litt skuffa over at vi ikke får svaret enda, men sånn er det.
Gått meg fullstendig hus forbi og verkar interessant som søren! Hermed lagt på lista, tusen takk!
Eg får hente meg innatt sidan sist eg òg, då. Har sett:
The Cleaner, sesong 1 til 3. Småkoseleg og artig serie om ein som reingjer groteske åstadar etter mord og ulukker og har mellommenneskelege møter, uventa vennskap og farseliknande konflikter med dei han støyter på gjennom jobben. Ikkje fenomenalt på noko vis, men ganske vellaga og konsekvent. Liker at hovudpersonen får vere ganske intelligent (sjølv om dei til tider gjer han dummare i enkeltscenar for å få plottet eller vitsen dei treng til å fungere, men det er no diverre slikt ein ofte støyter på i komi- og kominærliggande sjangrar).
Peacemaker, sesong 1-omattsjåing. Fantastisk frå ende til annan. Ein av dei beste seriane eg har sett, dette. Sesong 2 så langt (ligg ein episode etter for augneblinken) er nok eit hakk mindre fokusert og har litt lengre mellom latterkulene, men det er framleis hals og hovud over det meste der ute.
The Venture Bros., sesong 2 og 3-omattsjåing. Her er det stor betring frå sesong 1, og ein fantastisk imponerande evne til å utvikle, referere og dra vekslar på sin eigen kontinuitet frå episode til episode. Dei færraste seriøse seriar får til dette halvparten så godt som Venture Bros., så å sjå det gjort så utruleg bra i ein parodisk humorserie er svært spesielt. Det er rett nok tidvis litt for mange på-kanten (eller godt over kanten)-vitsar etter min smak, men heldigvis er det så mykje anna bra her at eg lett lever med det.
Resident Alien, sesong 4. Verdig avslutning. Serien har sjeldan vore meir enn heilt OK utover Tudyks utrulege karisma og komikk i hovudrolla, men skodespelarane og serieskaparane vrei ting saman til ein slutt som både kjentest følelsesmessig rett og framleis hadde augneblinkar av moro og spenning.
Sons of Anarchy, omattsjåing av sesong 3, The Future Begins Now-mikroserien, sesong 4 og 5. Dette er saker. Veldig kjekt å sjå at ein av dei beste kriminaldramaseriane eg hugsar held seg ved omattsjåing -- om noko får eg no meir ut av det enn fyrste gong, ved å sjå det på kort tid, ha betre oversikt over kven som er kven, og klare følgje med i svingane på kompliserte kriminalpolitiske manøvrar. Håpar attståande to sesongar held seg like godt.
Happy Endings, åtte episodar av sesong 1-omattsjåing. Hadde vetlesystera på vitjing nokre dagar, tenkte dette kunne vere eit ålreit alternativ til den hundrede gjensjåinga av Friends ho vanlegvis føretrekk. Verkar som om det falt nokolunde i smak! Og for meg var det sjølvsagt kjekt med gjensynet av Happy Endings-gjengen. Som eg hugsa er den litt vaklande i dei fyrste episodane, men innan episode 8 er det god driv her.
Taskmaster, sesong 19. Alltid like hysteriske Jason Manzoukas på Taskmaster måtte me berre gi ein sjanse, sjølv om me vanlegvis ikkje ser denne typen seriar. Har likevel alltid likt Taskmaster-formatet, og dette var ein fenomenalt artig sesong, med svært ulike og svært gøyale deltakarar tvers over fjøla. Tilrådast.
And Just Like That, sesong 3. Eg er av det svært beskjedne mindretalet som tykkjer denne oppfølgjarserien på mange vis var betre enn den for meg ganske daterte opphavlege. Ikkje like morosam, ja vel, men jamn, mindre overfladisk, og med betre innsikt i verkelege livsstadium (sjølv om det framleis, så klart, er Rich People Problems frå ende til annan). Fint gjennomført, og fin slutt.
Death Note. Oi! Etter årevis med tilrådingar prøvde me den endeleg, og DETTE er bra. Har omtrent aldri før sett ein serie der hovudpersonen er så overbevisande framstilt som lynande intelligent. Finaleepisoden føltest litt ut som eit antiklimaks (det er nok poenget, men eg _venta_ meg det poenget, så det var dermed dobbelt opp antiklimaks og ikkje ein heilt tilfredsstillande slutt), men det og nokre få men pinlege augneblinkar av kulturkrasj (særleg på kjønnsrollar) er omtrent einaste klagepunktet eg har.
Eyes of Wakanda. Denne miniserien er mellom det betre Disney+ har gjort med MCU-universet. Eg er nok litt for gamal til å bli skikkeleg sugd inn her, men konseptet med ein antologi som hoppar hundrevis av år mellom kvar episode medan ein følgjer same organisasjon hemmelege agentar for Wakanda var godt gjennomført, med ganske ulike historiar og ein del uventa vriar. Godt jobba.
Upload, sesong 4. Greg Daniels har skapt ein sci-fi-komiserie som er kanskje nokre hakk for ekte til å vere skikkeleg morosam for meg her, men dette var ei kjensletung og vakker avslutning, som likevel klarte å få ut nokre gode vitsar mellom alt det ektefølte karakterdramaet og den kvasse samfunnskritikken.
Twisted Metal, sesong 2. Eit stort steg ned frå fantastiske sesong 1, diverre, men likevel veldig god moro! Og Sweet Tooth er framleis gull kvart sekund han er på skjermen.
Witless, sesong 1 til 3. Dette var ganske bra! Komithriller om to veninner blir vitne til eit gjengdrap og må i vitneverning saman trass i svært ulike personlegdomar. Svært gode prestasjonar frå dei to hovudrollane. Minte meg mykje om tonen frå
The Outlaws -- ikkje like god som den, rett nok, men ein finfin erstatning all den tid Outlaws ikkje har nye episodar å sjå.
Foundation, sesong 3. Denne blir betre og betre! Interessant historie, uventa vriar, glitrande skodespel. Viss det fortset slik kan sesong 4 bli ein av dei beste science fiction-seriane eg har sett.
Dexter: Resurrection, sesong 1. Ikkje like bra som
New Blood, men langt betre enn eg ville venta meg. Koser meg mykje meir med alle desse Dexter-spinoffane enn eg nokon gong ville trudd, og gler meg til / håpar på ein sesong 2!
The Paper, sesong 1. Kjempebra! Dei fangar tonen frå
The Office, men legg til ei optimistisk samfunnstru på trass av alt ein ser rundt seg som minner like mykje om
Parks & Recreation. Domhnall Gleeson er nydeleg i hovudrolla.
Wednesday, sesong 2. Som i sesong 1 ergrar det vetet av meg at manusforfattarane ikkje gidd skrive rundt at Addams-familien konsekvent omtalar drap, tortur og daud som noko positivt, men i praksis oppfører seg som om dei har same normer som alle andre. Kor vanskeleg ville det til dømes vore å gitt Wednesday ein meir personleg motivasjon for å gå etter skurkane enn at ho vil, gjesp, stoppe ein seriemordar? Sukk. Men estetisk og skodespelmessig er dette framleis veldig bra. Historia er så-som-så, kanskje nokre hakk svakare enn i sesong 1, og eg kan framleis styre meg for den her veldig lite gjennomtenkte 'skule full av ungar med superkrefter'-tropen, men det er absolutt sjåverdig. Håpar den omtala spinoffen med onkel Fester blir alvor av!
Charmed, sesong 7. Eeeeh. Altså, det er MYKJE mindre dårleg enn på absolutt lågmål i sesong 5 og 6, men dette er framleis ikkje på langt nær bra nok, og skammeleg dårleg samanlikna med dei fyrste åra. Hadde me ikkje vore fast bestemt på å sjå serien ferdig ville me droppa den for lenge sidan.
The Sandman, sesong 2. Her har eg to motstridande reaksjonar. På den eine sida er dette, isolert sett, bra fjernsyn og eit mektig fantasyepos med mykje bra og spanande og interessant å bry seg om. På den andre sida er det så utruleg mykje svakare enn sesong 1. Og så mykje av magien og mystikken i kjeldematerialet som sesong 1 var så god på å formidle blir tamt og anonymt her.
Gravferda er eit godt døme. Her kunne dei hatt tusenvis av draumande sørgjarar i CGI, men me får eit kjedeleg lite rom fullt av dei få vesena den eviggamle Morpheus tilfeldigvis har omgått med siste par vekene. Men det er mange, mange slike døme i kvar einaste episode.
Unntaket er bonusepisoden om Death, den var eg veldig nøgd med!
Shining Vale, pilotepisoden. Grøssarkomi, ganske velgjennomført, men ikkje heilt min type ting, så trur ikkje eg fortset til episode 2 med det fyrste.
Alien: Earth, sesong 1. Eg burde vel venta meg det frå Fargo-skaparen, men WOW. Dette er så bra. Gler meg vilt til sesong 2.
Dinosaurs, sesong 2. Som komiserie er den litt føreseieleg og berre heilt grei, men Henson-selskapets dokke- og kostymearbeid er UTRULEG, og det er så mykje bitande kapitalisme- og konsumerismekritikk at eg ikkje fattar dette fekk gå på amerikansk fjernsyn. Gøy å ha sett!