Skreiv eit lengre innlegg om kva eg les for tida ein annan stad, tenkte eg kunne kopiere det her òg:
Eg les altså Fredrik Poulsen:
Oldtidens skæmt og humor på senga, ei dansk avhandling frå 1948 som er sjarmerande datert i stilen. Den er for falleferdig til at eg tør dra rundt på den, så når eg er ute og reiser har eg med meg ei anna ei, ei avhandling av Ronald Martin som ganske enkelt heiter
Tacitus, som eg plukka opp på eit posesalg på studentbokhandelen i Bergen for nokre år tilbake. Fullførte nettopp
Disney's Hall of Fame bind 33-36 og Ed Brubaker sine fire fyrste volum av teikneserieromanserien
Criminal, forresten, samt dei fyrste seks binda av hans tid som
Daredevil-forfattar, slik at det ikkje framstår som om eg berre les obskure avhandlingar - tvert i mot, eg byrja ikkje på desse før for ei veke sidan sidan eg framleis hadde teikneseriar i "ikkje-lest"-haugen.
Siste skjønnlitteratur-bøkene eg var ferdig med, teikneseriar til sides, var
Before They Are Hanged av Joe Abercrombie og
Return of the Crimson Guard av Ian Esslemont, som eg var ferdige med for omtrent tre veker sidan. Har ikkje byrja på ei ny ei sida da, grunna teikneseriar og ein skremmande høg bunke ulest faglitteratur eg har lyst til å komme meg gjennom. Men sidan bunken som står i Montreal er ein annan bunke enn den som står her i Noreg, og sidan den som står i Montreal framleis har ein god del fiksjon i seg, så blir det nok fiksjonslesing att på meg att om ei halvanna veke. Byrjar i så fall med tredje boka til Abercrombie, for å fullføre trilogien. Dessutan fekk eg Neil Gaiman sin
Stardust til jul.
Forresten, eg las dessutan ferdig
Peter and Wendy av J. M. Barrie på Project Gutenberg no denne veka her! Var så fokusert på fysiske bøker at eg heilt gløymte digitalt. Dessutan les eg ein del pågåande teikneseriar på nettet, fyrst og fremst
Order of the Stick,
Havet,
Tony,
Unshelved og
Darths and Droids. Er ein neve til, men dei er ikkje konsekvent gode nok til at dei eigentleg fortener reklamen.
Lydbøker lyttar eg ikkje til - delvis fordi eg ikkje klarar halde tråden utan å spole tilbake heile tida, og delvis fordi når eg er ute og går og KAN lytte til lydbøker burde eg heller lytte til fransk vokabular og forsøke lære litt... Sist eg lytta til ei lydbok var for vel tre år sidan, og eg er framleis midt inne i den -
Dirk Gently and the Holistic Detective Agency av Douglas Adams.
Når eg ein gong når det velsigna punktet at eg ikkje har noko (skjønnlitteratur) igjen i nokon av bunkane, så har Obdormio overtalt meg til at Susanna Clarke sin
Jonathan Strange & Mr Norrell fortenar fyrsteprioritet. Etter det tek nok catch-up-lesing i diverse fantasyseriar framsetet, har særleg lyst til å fullføre serien til Terry Goodkind (ligg berre to bøker etter) og komme meg oppdatert på Feist (eit par bøker der òg) og Erikson (fire bøker, kvar på størrelse med ein bil) før eg endeleg kan sjekke ut denne serien til Patrick Rothfuss som alle fabler slik om