Terje wrote:"I laugh in the face of danger. Then I hide, until it goes away."
- Xander, "Witch"
(Hadde ikke du denne som MSN-sig en gang i tida?

)
Mogeleg, men det er i tilfellet veldig, veldig lenge sidan - då snakkar me over halvåret, minst. Ein av kontaktene mine hadde den dog som MSN-tillegg på nicket relativt nyleg, kan vere eg har sitert noko ho har sagt til deg og du har sett det der?
"He's a very attractive man! How come that never came up?"
- Xander, første gang han ser Angel, "Teacher's Pet".
XD Den hadde eg gløymt bort. (Ser lite sesong 1, med unntak av eit par-tre glimrende enkeltepisodar blir den kun sett når eg bestemmer meg for lange maraton, og det har ein sjeldan tid til - i alle andre tilfelle har seinare sesongar langt meir å by på.)
Bare i løpet av noen få episodet har han liret av seg minst et dusin quotables. Bare så synd at mange av dem som sagt er så kontekstavhengige. (Det siste jeg posta er egentlig et av disse.) Særlig stilig er det når Willow i "Witch" finner ut at alle bøkene om hekser i biblioteket er utlånt til Xander, og han sier "It's not what you think." Willow svarer noe sånt som: "So you didn't loan them to stare at all the semi-pornographis illustrations?" Xander: "Actually, it's just what you think."
Herlig type.

Ja! Dei kvikke kommentarene hans blir dog gradvis mindre prominente i serien etter kvart som karakteren veks opp. Men dei forsvinn aldri heilt, så du kan glede deg!
Dessutan har han ein vannvittig fascinerende posisjon i vennegjengen. Willow er datageni spesielt og hyperintelligent generelt, Giles er "book-guy", som Xander seier, og Buffy har, åpenbart, superkrefter. Med unntak av Cordy har alle seinare innskot i gjengen eit eller anna særeigent å bidra med, men ikkje Xander. Han ser egentleg ut til å vere fyren som berre kjem med sarkastiske bemerkningar. Og likevel vil eg kanskje sei at han er gruppas viktigaste enkeltmedlem. Det er det som rører meg ved han som person - og i varierende mindre grad Willow, Wesley, Cordelia, Gunn, Fred, til og med Giles, i motsetning til folk som Angel og Buffy har dei ingen tildelte evner, dei er ikkje Utvalgt, det står ikkje om dei i profetier, dei er berre meir eller mindre vanlege menneske som
vel å gjere det dei gjer. Klart, Angel og Buffy tek òg slike val, dei kan nekte å svare "kallet" sitt, og det er ei interessant nok problemstilling i seg sjølv, men folk som bevisst vel å oppofre livet sitt (her i tydinga "mange, mange år av livet sitt", ikkje "pulsen") og til og med satser livet sitt (her i den andre tydinga) for å stå
i bakgrunnen, det rører ved meg, og Xander er den inkarnerte slike, ettersom han ikkje ein gong, på overflata i alle fall, er nødvendig. Willow, Giles, Fred, Wesley, Gunn, dei bringer alle ein eller annan form for ekspertise, ein eller annan form for vital hjelp, dei har "moments to shine", dei bidreg og får ofte del av æra for at helten redder dagen.
Xander? Han stod der. Såg på. Gøymte seg kanskje. Kom med ein frekk bemerkning. Om han var ekstra tøff klabba han kanskje til ein vampyr med ein spade.
Og det gjer dei få gongene der Xander får spotlightet så ufatteleg sterke for meg.
Jepp, Xander er ein herleg karakter, på meir enn ein måte.
[/rant om ting du ikkje har snev av forutsetning til å forstå eller interessere deg for før om to-tre sesongar

]
Uansett, Xander? Big with the funny.