Ceres: Sjå for all del sesong 1 fyrst. Færre episodar, så den er billegare, og det er alltid lurt å sjå ting i så rett rekkefølgje som mogeleg.
West Wing har eg hatt verkeleg lyst å sjå i lengre tid... trur eg herved set den offisielt inn på fjerdeplass på "Tv-seriar eg skal sjå"-lista.
Får ta ein serie-update sjølv:
24 og Prison Break er begge spanande som fy, ja, men eg må sei eg er mest spent på siste episode av Prison Break av dei to, sjølv om eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på kvifor. Trur kanskje det går på at det ikkje er ein overhengande trussel på 24 lengre, det er jo berre (SMÅSPOILER FOR 24 FØLGJER I DENNE SETNINGEN) snakk om badguyene kjem seg unna med galskapen eller om dei blir tatt, medan det på PB jo er snakk om død eller livstid, for å sei det slik...
Lost har vore skuffande denne sesongen (ikkje for det, eg var ingen megafan av sesong 1, heller) - dei heilt fyrste episodane var greie, særleg elska eg "Skal me trykke på knappen?"-episoden, men så har det vore eit dusin eller så med lange og saktegående episodar, der eit par gode er strødd innimellom middelmådige. Har mista interessa for karakterene og for plottet, og det er aldri eit godt teikn. Den heilt nyaste, dog, slutta med ein fantastisk sluttscene, så det kan sjå ut som om sesongavslutningen blir vannvittig god.
Scrubs har vore... heilt greit denne sesongen, men ikkje fullt så spektakulært som før, føler eg. Den er ikkje like urkomisk lengre etter at dei menneskeleggjorde karakterene (før var dei jo stereotype figurar, ikkje karakterar), men den har meir potensiale som karakterdreven komediedrama no, noko dei siste episodene ("My Lunch" og "My Fallen Idol") verkeleg har utnytta til fulle, så eg har forhåpningar til at når den no byrjar bli komfortabel i ein litt annleis sjanger enn det gamle "vits, vits, vits, vits, rørende scene, vits, vits, vits"-oppsettet så vil kvaliteten skyte til værs att.
Ellers ser eg jo på Smallville, som denne sesongen verkeleg er byrja bli kvitt "Sugent Clark-hovudplott, brilliant Lex-biplott"-syndromet frå tidlegare sesongar (sjølv om det innimellom fortsatt slår til for full musikk så er det stadig sjeldnare), ettersom Clark endeleg er byrja bli ein karakter ein ikkje spyr av og Lex og Lionel er meget plottsentrale, hvilket alltid er bra. Og James Marsters som Brainiac er jo eit stort pluss.
Stargate SG-1-sjåinga mi er no byrja nærme seg slutten på sesong 4, og joda, mykje bra her, men altfor, altfor statiske karakterer - godt skodespel, men dårleg manusarbeid, karakterene utviklar seg omtrent ikkje i det heile tatt - og altfor mange "planet/alien-of-the-week"-episodar, sjølv om antallet slike ser ut til å gå ned for kvar einaste sesong. Men har lova at eg skal sjå denne serien ferdig, så... det er jo grei underhaldning. Innimellom har den til og med skikkeleg gode episodar, men diverre er dei fleste kun på nivået der eg tenkjer "joda, er jo for bra til å skildrest som "middelmådig", det er det, men..." fortsatt.

Stort pluss for enkelte skikkeleg herlege "la oss utnytte sjangeren for alt den er verdt"-episodar, der etiske problemer med A.I., individets verdi vs fellesskapets verdi, parasittens rett til å leve vs "offerets" rett, og så bortetter blir diskutert og tatt opp på mildt sagt dyktig vis.
Og det er seriane eg ser på for tida. At dei sluttar no er heilt ok, eksamenstida nærmar seg med stormskritt, og i sommarferien må eg vel jobbe, og då er det greit å ha minimalt med "forpliktende fritidsaktivitetar" som tv-titting å bruke den begrensa fritida eg har på uansett. Og eg har jo alltids SG-1.