Posted: Tue May 09, 2006 18:47
Tok meg dei fire fyrste episodane før eg var skikkeleg hekta (eg gav det såpass lang sjans fordi eg såg potensiale, og ikkje minst fordi Joss Whedon kort tid før hadde gått ut med ein vill rant om kor genial den serien var. XD Og om Gud likar det, så...) men så var eg til gjengjeld bitt for alvor, òg. Seriens styrke er dei ekstremt intrikate sesongplottene som den dumpar små og store hint til i kvar einaste episode uavhengig av om episodeplottet er direkte relatert til sesongplottet eller ikkje, samt meget god dialog og karakterinteraksjon. Særleg er karakteren Logan herleg, og forhaldet mellom Veronica og faren hennar er òg vannvittig godt portrettert.
Serien har dog for all del sine svakheitar. Fyrst og fremst i form av enkelte dårlege episodeplott - og det er jo vanlegvis kun dei ein som kun tittar innom eit par episodar for å gi serien ein sjanse vil legge merke til, sesongplottene er veldig sterkt avhengig av at ein ser serien fast for å få utbytte av dei. Men ein anna sentral svakheit ligg paradoksalt nok i seriens store styrke - sesongmysteriene. Hintene, sporene, blindsporerene, motivene, karakterene, det blir så mykje og så komplisert at trass i veldig gode "previously"-klipp går det litt i surr for nokon og ein kvar når ein sesong byrjar rulle mot slutten.
Eit tredje svakt punkt - skjønt dette er berre gjetning frå mi side - er at den neppe er særleg egna til å sjå omatt, i motsetning til til dømes "Buffy", nettopp fordi sesongmysteriene er det sentrale, og når dei ikkje er mystiske lenger, forsvinn mykje av spenningen og interessenivået. Klart, det kan jo vere eg tek feil - til dømes kan det sikkert vere interessant å sjå omatt sesongene etter å ha funne ut korleis det gjekk, og plutseleg legge merke til alle dei smarte hintene som gjekk ein hus forbi fyrste gongen.
Men trass i desse svakheitane må eg sei eg har falle fullstendig for denne serien, så om ein gidd sette seg ned og sjå nokre episodar i strekk, så gjer det. Ein må byrje med sesong 1, dog, ettersom sesongmysteriet i sesong 1 blir spoila omtrent i kvar einaste episode av sesong 2 (ettersom den delvis bygger vidare på det) og sesongmysteriet som sagt er heile poenget.
Buffys femte sesong er ein av dei - om ikkje den - beste Buffysesongen, ja, berre ver obs på at heilt, heilt fyrste episoden i sesongen er veldig, veldig, veldig cheesy.