Asphyxiate wrote: ↑Sun Mar 20, 2022 18:43
Visste ikke at det var kommet noe annet enn
Port of Shadows de siste årene (som vi tidligere har snakket om), ei heller at det skal komme en "aller" siste bok i serien, som da skal ta for seg det som skjer etter sisteboka - eller? Mener å huske at serien avslutta ganske avsluttende og at jeg ikke satt med noe behov for mer, annet enn da diverse historier satt i samme univers. Det er, som i så mange andre fantasyunivers, mye å ta av her for å skape nye historier, nye karakter osv. osv., men merker at jeg ikke nødvendigvis har et sykt stort behov for å lese mer - som jo er en av grunnene til at jeg ikke har lest
Port of Shadows.
Er svært lite som er kjent om den, utover fan-antakelsar om at den 1. vil bruke materiell frå noveller som er utkomne etter PoS (sidan ein må jakte fram diverse obskure antologiar for desse har eg ikkje gjort noko forsøk på å få tak i og lese dei, men trur fan-wikis har gode samandrag som eg sikkert vil kikke litt på når eg har lese siste boka og spoilerar ikkje lenger er eit problem) og 2. at den vil fortsetje på plott-trådar som PoS let henge og slenge. Dei opphavlege bøkene, som du seier, har eg inntrykk av at er ganske avsluttande, så i den grad denne er venta å vere avsluttande, trur eg det er med tanke på alle tinga som PoS (og nokre av desse novellene, viss eg har forstått rett) har introdusert til kontinuiteten.
Kor vidt den vil foregå etter alle bøkene eller vere ein midquel som PoS er dermed litt ... uklart. Har som sagt forsøkt å ikkje gi etter for nysgjerrigheita og risikere spoilerar ved å lese for mykje om desse novellene, men har inntrykk av at dei så langt alle har føregått tidlegare i kontinuiteten, før kompaniet reiser sørover. Så viss brorparten boka er samansett av desse vil den neppe vere ein ny slutt i reell forstand. På den andre sida har PoS (vagt formulert spoiler følgjer) store konsekvensar for Croaker-Lady-forholdet (sjølv om Croaker ikkje hugsar noko av det i bøkene sett etter PoS veit Lady på si side så klart alt som skjedde), så eg ser for meg at det vil vere lite tilfredsstillande viss det i den nye boka ikkje får frampeik til seinare i kontinuiteten då dei faktisk er blitt eit par. Så eg personleg håper at i alle fall ein del av boka, viss den nokon gong kjem, vil vere sett enten i løpet av, eller etter, Glittering Stone-kvadrologien.
Her er det eg har av Brubaker, med forbehald om at eg har ein del superheltteikneseriar frå då eg var i tjueåra som eg ikkje har fått registrert i databasen enno, så mogeleg han har skreve nokre av dei i tillegg:
https://www.librarycat.org/lib/Lucky-Lo ... uthor/2412
Oppsummert:
* Criminal -- eg har ikkje kjøpt og lese den du linka der enno, eg ligg nokre bind etter, men generelt sett er Criminal superbra noir. Eg er ikkje like begeistra for alle binda (kvar paperback er ei ny, uavhengig historie, som laust deler kontinuitet og setting og der karakterar frå ei historie kan ha cameos i andre), men det meste av det har vore superb viss du liker krim/noir.
* Velvet er ein kjempebra spionthriller der 'the elevator pitch' er 'kva om Moneypenny viste seg å vere endå kulare enn James Bond?'
* Daredevil-binda hans er solide, særleg fyrste bolk der Daredevil er i fengsel, men i mine augo nokre hakk svakare enn dei endå meir berømte Bendis-binda som dei fortset direkte frå.
* Batman-bindet eg har som han har skreve i hugsar eg for lite av til å kommentere, diverre, er over femten år sidan eg kjøpte og las den. Er meint å lese den omatt ein dag, men det var den tida, då.
* Fear Itself er ein finfin Marvel-crossover der Brubaker kun har skreve prologen (som imidlertid sannsynlegvis er den mest minneverdige biten av historia uansett).
* Pulp var eit impulskjøp, ei god, kort historie som blander noir og western på ein uventa måte. Kan ikkje sei så mykje meir utan å spolere premisset. Den er ikkje så overraskande og oppfinnsam som eg kanskje kunne tenkt meg, men vel verdt lesinga i mine augo.
* Incognito var ein OK historie om superskurkar. Eg var litt skuffa, den var berre heilt grei, premisset føltest meir spanande enn serien endte opp med å vere (litt motsett av opplevinga mi med Velvet, som eg fekk same jula som eg fekk Incognito, hadde ynska meg begge). Men for all del heilt fin lesning.
* The Thrilling Adventure Hour er ein teikneserie-tie-in til ein poddkast av same namn som eg og kona liker veldig godt. Forfattarane av poddkasten er vener med Brubaker (hugsar dei oppkalla ein bikarakter i ein tidleg episode etter han), så han gjesteforfatta ein av historiane i den. Kan tilrå poddkasten, særleg Beyond Belief- og Sparks Nevada-episodane av den, skjønt det tek kanskje eit par-tre episodar før ein blir vunne over. Mange gode skodespelarar ein kjenner frå fjernsyn rundt om kring i den. Men lite å gjere med Brubaker og krim/noir.
Har stort sett likt Brubaker veldig godt, har hatt ein del ting av han på leselista i over ti år, difor eg fekk Velvet og Incognito til jul i 2020. Vurderer ynske meg meir av han i framtida, særleg resten av det som er komme av Criminal, samt Fatale-serien og Captain America-voluma hans, dei har alle gode rykter. Han skyt ikkje alltid heilt blink for min smak, men som du ser av lista over har eg aldri tykt noko av han var dårleg, og oftare enn ikkje er det svært bra.