Loki wrote: ↑Mon May 26, 2025 20:56
No følgjer snart nokre bind
Kaya og
Once and Future (kjøpt med same rabatt), samt Jeff Smiths tidlege Bone-prototyp-striper
Thorn som ektefellen (stor
Bone-tilhenger) fekk til gebursdagen frå meg og no har vandra over i min lesebunke. Og så skal eg lese
The Wicked + The Divine, som eg las bind 1 og 2 av for ørten år sidan og no endeleg har gått og skaffa meg resten av.
På prosafronten er eg halvveges gjennom ein roman me fekk til jul, så blir det ein kort Malazan-visitt, og så siste ulesne julegåva før eg fortset med tjukkare Malazan-saker for fullt igjen. Men reknar med eg vil poste om det her straks eg faktisk har lese ferdig noko av det.
Skal me sjå, korleis har dette gått:
*
Once and Future av Kieron Gillen og Dan Mora var gøy og spanande, men kjentest på mange vis forhasta, særleg mot slutten. Dette er særleg rart sidan etterordet nemner at serien opphavleg var tenkt som ein langt kortare miniserie. Men likevel, dette er spanande og vittige sprell med Arthur-legendariet og forholdet mellom røynd og fiksjon. Om ein verkeleg vil ha ein teikneserie som tek eit fantasy-djupdykk i sistnemnte vil eg rett nok langt før tilråde Mike Careys
Unwritten, men
Once and Future prøver aldri å vere såpass djup og tredimensjonal. Dette er pulp, og det er veldig moro. Trass i det heseblesande tempoet likte eg òg slutten!
*
Kaya, bind 3 og 4, av Wes Craig. Dette er grei skuring med mykje bra, men sjølve historia kjentest nok meir intens for meg i fyrste to binda enn her. Robotnemesisen som følgjer halvsyskena rundt i det postapokalyptiske fantasylandskapet er artig nok den langt mest fengande karakteren her.
*
Thorn av Jeff Smith var koseleg lesing. Som stor
Bone-fan er det gøy å sjå kvar alt starta, og mange av desse avisstripene held seg imponerande godt!
* den julegåva eg nemnte eg var midt i ved førre post var
Ordinary Monsters av J. M. Miro. Dette er ein prosaroman i fantasysjangeren som lagar ein slags viktoriansk X-Men-mytologi der me følgjer ein del ungdommar med ekstraordinære evner og dei vaksne som forsøker vegleie dei. Den byrja sterkt, men mista litt grepet på meg utover, og eg var eigentleg ikkje særleg interessert lenger då historietrådane byrjar samlast halvveges gjennom boka. Eg fullførte den, og den var heilt grei, men trur nok ikkje denne serien vil bli ein prioritet å forsetje med.
* siste ulesne julegåva var
How to Become the Dark Lord and Die Trying av Django Wexler. Dette var imidlertid saker! Ei av dei mest underhaldande bøker eg har lese i seinare år. Historia er til tider litt føreseieleg, og eg likte betre å lese om hovudpersonen (ironisk nok) i dei tidlege kapitla før ho byrja Bry Seg Om Andre, men Wexler har strålande kombinasjon av spenning og humor her, og eg elskar ei bok som får til god bruk av humoristiske fotnotar. Ektemaken likte den om mogeleg endå betre enn meg, så bok 2 (av 2!) er allereie kjøpt og blir ein prioritet i haust for oss begge.
* Den korte
Malazan-visitten var
Crack'd Pot Trail og
The Fiends of Nightmaria. Er sidan den tid 75 % gjennom nok ein mursteinsroman, så det kjem vel ny post i den tråden om ikkje så altfor lenge, får eg håpe.
*
The Wicked + The Divine har eg framleis ikkje fått byrja på, av ulike grunnar, som kjem nedanfor ...
Så det var planane sist. I tillegg har eg lese:
*
Bea Wolf av Zach Weinersmith og Boule, som gjenoppfinn Beowulf-legenda som ei historie om barn som forsøker å vere barn medan ein stor, streng vaksen trugar nedanfor trehuset. Tykkjer kanskje denne fell litt mellom to stolar: for barneorientert til å vere skikkeleg underhaldande for meg som vaksen, og for konseptmessig bunden til den opphavlege historia til å fungere så godt for barn (mistenkjer eg, i alle fall).
*
The Big Sleep av Raymond Chandler. Eg trengte noko som passa i jakkelomma til nokre kollektivtransportturar i sommar, og mursteinen frå Malazan var for tjukk, så tok ei snerten lita sak ut av lesehylla. Denne fortener absolutt ryktet sitt, her er detektiv noir-skildringane så slåande vittige at dei er blitt parodiert opp og ned og ut og inn sidan, og eg elska det. Sjølve historia er overraskande gripande, med tanke på at den eigentleg er ganske saktegåande, og slutten var av typen eg slett ikkje venta meg, men som verka forferdeleg openbar i etterkant, dvs. nøyaktig slik ein mysterieslutt burde vere.
Og så, teikneseriane, som er grunnen til at
Wicked + Divine stadig ligg i hylla urørt:
*
Lucky Luke: Nybyggerne [Les Collines Noires], Den hvite rytteren [Le cavalier blanc] og
Det 20. kavaleri [Le 20eme de cavalerie] av Goscinny og Morris. Eg har veldig mange hol i Lucky Luke-samlinga, så eg fyller no og då på når eg er innom bruktbutikkar. Nybyggerne var veldig vittig, tykte eg, men dei andre to var berre heilt grei skuring etter Lucky Luke-standard.
* Eg las òg oppatt ein mellomstor haug
Witchlade (David Wohl, Christina Z, Brian Haberlin, Nathan Cabrera og Michael Turner) og
Spawn / Curse of the Spawn (Todd McFarlane, Greg Capullo, Alan McElroy, Brian Holguin, Alan Moore, Bart Sears og Dwayne Turner) som eg plukka opp i same bruktbutikk. Eg las desse i tenåra, men på lån frå ein kamerat, så det var litt artig med eit gjensyn. Særleg -- som venteleg er -- Alan Moores
Violator-miniserie var veldig gøy. Denne bruktbutikkvisitten var grunn nummer 1 til at
Wicked + Divine vart utsett.
*
Shadow Roads av Cullen Bunn og Brian Hurtt. Las det fyrste bindet for eit år eller to sidan (trur eg nemnte det her i tråden) og likte det veldig godt. Oppdaga brått at bind 2 (av 2) er blitt vanskeleg å få tak i etter at eit samlebind kom ut, så heller enn å måtte kjøpe samlebindet og få dobbelt opp av fyrste del, kjøpte eg bind 2 brukt på nettet. Trur kanskje eg likte fyrste halvpart betre, men dette er ein god weird western-fantasy, og eg er blitt veldig nyfiken på Sixth Gun-universet dette er ein avleggjar frå.
* Tre seriar
Moon Knight var den einaste større tingen her som eg faktisk hadde planlagt og sett av tid til å lese. Fyrst ein av Brian Michael Bendis og Alex Maleev, der tittelkarakteren forsøker etablere seg som fjernsynsprodusent i Hollywood medan den splitta personlegheita hans tek overraskande nye retningar. Veit denne ikkje er så godt motteken av Moon Knight-fans, men som ein som ikkje var så veldig kjent med karakteren og dermed ikkje visste kva eg skulle vente meg, må eg sei eg likte dette veldig godt. Deretter, serien som Warren Ellis byrja, fortsett av fyrst Brian Wood og så Cullen Bunn, med teikningar av Declan Shalvey, Giuseppe Cmuncoli, Greg Smallwood, German Peralta og Ron Ackins. Ellis' bind var kjempebra, skikkeleg hardkokt noir-superhelt-saker der kvart blad var ei eiga historie, men det heile vart ført saman til ein slags heilskap i siste kapittel. Wood og Bunn, gode manusforfattarar i sin eigen rett, klarte nok ikkje heilt å halde tritt med opninga til Ellis, men dette var òg god lesing og -- etter kva eg forstår -- meir representativt for karakteren enn Bendis' tidlegare serie var. Og til slutt, Jeff Lemire og Greg Smallwoods handfull bind, der psyken til Moon Knight verkeleg blir djupdykka i, og ein aldri veit kva som er og ikkje er ekte. Det vart nok litt for filosofisk og litt for lite spanande for meg, men det var slett ikkje så ille.
*
Peculiar Woods, bind 1 og 2, av Andrés J. Colmenares. Ektefellen er tilhengar av Colmenares og ville prøve denne serien av han, så då las eg den òg då ho var ferdig. Den vart nok litt for barneorientert for oss, sidan den følgjer ein ung gut som nett har flytta til ein ny stad der tilfeldige gjenstandar viser seg å vere levande og snakkar med han, inkludert ein stol og eit teppe som blir hans trufaste følgjesvener medan han undersøkjer mysteriet. Men absolutt koseleg, og betre etter kvart som den fekk byggje historia ut, spør du meg.
*
Hawkeye: Team Spirit av Kelly Thompson, The McElroy, Danielle Di Nicuolo, Gng Hyuk Lm, Moy R. og André Lima Araújo. Dette var eit bind eg mangla frå då eg kjøpte Thompsons bind om Kate Bishop (dvs. den yngre Hawkeye-karakteren til Marvel) for nokre år tilbake, og eg plukka den opp for å nå gratis frakt-terskelen på ei eller anna bestilling i vår. Det er eigentleg to fullstendig urelaterte historiar, den fyrste er slutten (vel, det siste som kom, slutt er det ikkje, for serien vart kansellert) på historia frå dei tidlegare binda, der Kate Bishop og hennar mentor Clint Barton leiar ei lita gruppe ferske superheltar i Los Angeles, og den andre er ein sprø road trip for å redde veslesystera til Thor der Kate tilfeldigvis er ein av karakterane. Heilt OK superheltlesing, men både i fyrste og andre halvpart av samlinga er nok humoren betre her enn både plott og karakterar, er eg redd.
*
Batman's Mystery Casebook av Sholly Fisch og Christopher A Uminga. Dette var moro! Barneorienterte Batman-mysterier der ein sjølv skal forsøke finne ut av kva som føregår før ein blar om. Må innrømme fleire av dei vart for vanskelege for meg! Plukka opp denne og den neste på lista her då me var ein tilfeldig tur innom Outland og dei hadde eit bord nedprisa teikneseriar, grunn nr. 2 til å utsetje
Wicker + Divine.
*
Jane Foster: The Saga of Valkyrie av Jason Aaron, Al Ewing, Russll Dauterman, Jen Bartel, Jon Garney, Cafu, Pere Péres og Ramon Rosanas. Jane Foster, tidlegare Thor-kjæraste, har Mjølner og dermed kreftene til Thor. Problemet er at ho òg har kreft, og går på cellegift, og kvar gong ho bruker hammaren, helbreder den kroppen hennar frå alle utanforståande giftstoff, medan kreftsjukdommen får boltre seg fritt. Så kor mange gonger kan ho redde verda før ho sjølv stryk med? Ganske gode greier. I andre halvpart av bindet får ho ein vengja hest som er steike morosam, tilrådast.
*
Stjerneklassiker: Ivanhoe av Norman Nodel, Mark-Wayne Harris og (sjølvsagt) Sir Walter Scott. Dette er eit gamalt blad eg har hatt liggjande i årevis, og difor har lese før, men då me skulle omrokere teikneseriesamlinga i hyllene i sommar, oppdaga eg at denne ikkje var lagt inn i bibliotekdatabasen vår. Eg liker å gjenlese ting før eg legg dei til, og dermed vart
Wicker + Divine utsett igjen. Eg har ikkje lese den opphavlege romanen, men til svært gamal teikneserieadapsjon å vere, var dette ganske ålreit lesing!
* Sist, men ikkje minst, så rydda far min på loftet i sommar, og heiv ein haug av ting, inkludert sine gamle teikneseriar. Mykje av det har eg ikkje interesse av og gav bort til bruktbutikkar, men dei ti-tolv Fantomet-blada frå 70-, 80- og 90-talet som låg der har eg teke vare på. Har lese alle desse i barndommen, merkar eg, men hugsar lite. Som ein kan vente er somme historiar lite imponerande, andre heilt greie, og ein her og der veldig bra. I tillegg har det vore gøy å lese somme av biseriane. Dei humoristiske stripene kan eg styre meg for, men det har vore artig å lese ei og anna Mandrake- eller Flash Gordon-historie etter gamalt. Eit par av blada hadde dessutan Will Eisners
The Spirit, som eg har null forhold til, og eg må sei dette jammen forklarar kvifor den gjevaste teikneserieprisen har fått namn etter mannen. Her er det vill fantasi som boltrar seg fritt på eit vis som minner meg om Alan Moores 80- og 90-talsproduksjon, men frå 50 år tidlegare!
Eg har framleis att eit par Fantomet-blad, samt eit Lucky Luke til frå bruktbutikken, og to tjukke Marvel-samlingar som ektemaken nett las ferdig. Samt ein gigantisk teikneserieroman eg kjøpte ved eit innfall med rabattprisen frå Free Comic Book Day i mai,
Beasts of Burden. Og så er det den Malazan-mursteinen, då. Så dei ni binda av stakars
Wicked + Divine slepp nok ikkje til med det fyrste! Kanskje når vinteren kjem ...