TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Føler HBO har mista heile praktglansen sin i år, men det er jo i rettferdas namn på grunn av dei utallege idiotavgjerslene til HBO Max, og eg er ikkje informert nok til å vite i kor stor grad det heng i hop med moderkanalen. Men det er det vel dei færraste andre som er òg, så merkevareskaden vil eg tru er betydeleg.

Men jau, akkurat dei to seriane er framleis verdige stordomsdagane, det er uomtvisteleg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Kan tilråde AppleTV+ sin Silo, solid postapokalyptisk serie i retning av Ascension og Snowpiercer, der verda har gått under og det som er att av menneskeheita bur i ein diger undergrunns-silo som strekkjer seg mangfoldige etasjar nedover mot jordas indre. Det er gått mange hundreår sidan dei søkte tilflukt, og folk har det stort sett bra, så lenge dei følgjer reglane og ikkje stiller så mange spørsmål. Men er det verkeleg framleis så ille der ute som myndigheitene skal ha det til? Gjennomført karakterdrama med mange gode skodespelarar og intens atmosfære.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Gjentek tilrådinga av Mrs. Davis, som hadde ei verdig, tilfredsstillande avslutning som vil fungere godt både dersom den får ein andresesong og dersom dette blir ståande som ein miniserie. Sprø, menneskeleg, spanande og med litt djupn når det trengs.

Har òg sett gjennom Lucky Hank, eit småmørkt komidrama om ein akademikar og feila forfattar med djupe kompleks over at faren forlot han som barn. Den er forankra i nydelege skodespelarprestasjonar av Bob Odenkirk og Mireille Enos, og har mange veldig vittige replikkar, men i det store og heile vart det litt for anonymt for min smak likevel. Ikkje spanande nok til å verkeleg overtyde meg som drama, ikkje ofte nok morosamt til å fenge meg som komedie -- trass i mange herlege augneblinkar mellom litteraturprofessorane i avdelinga hans. Sesong 1 rydda pent opp i alle historietrådane utom éin, så dersom dette blir fornya (og det er vel sannsynleg, med Odenkirk som hovudperson) vil eg nok ikkje fortsetje med den.

Silo er i mellomtida komme godt i gang, og dette er ein god serie! Premisset -- eit lite samfunn overlevande etter ein udefinert apokalypse som ikkje kan forlate den enorme bunkeren sjølv etter mange hundre år (eller kan dei?) minner positivt seriar som Ascension og Snowpiercer, men den har i mine augo meir driv enn fyrstnemnte og meir djupn enn sistnemnte (og eg likte dei begge!). Vel verdt titten.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

The Marvelous Mrs. Maisel avslutta med stil og vyrdnad, og kjem nok til å sitje godt på topp ti-lista mi over fjernsynsseriar i mange, mange år framover.

Er halvveges i A Small Light der me følgjer ei ung kvinne under den nazistiske okkupasjonen av Nederland, og sjølv om eg gruar meg til slutten, må eg sei at dette er eit kjempebra drama med hjarteskjearande augneblinkar av ekte humor og lun medmenneskelegheit. Og serien har Bel Powley og Liev Shreiber i spissen som så knakande gode at dei skil seg ut sjølv i ei rollebesetning som er botnsolid frå ende til annan. Varmt tilrådd. Er det noko fjernynsskjermane alltid treng meir av, så er det nettopp gode fortejlingar som hamrar heim kor umenneskelege og uakseptable resultat fascisme fører med seg.

Genndy Tartakovsky har starta ny fantasyanimasjonsserie, med den litt omstendelege tittelen Unicorn: Warriors Eternal. Eg var litt skuffa til å byrje med, må eg sei, sidan han her har valt ein teiknestil som openbart vil revitalisere 1920-talls-animasjon, der mennene har digre bartar og naser og kvinnene ser ut som Betty Boop (visuelt snakkar me altså her meir Power Puff Girls enn Samurai Jack i den etablerte filmografien hans). Stilen fungerer ganske bra til eit og anna morosamt humorinnskot, men den underminerer fullstendig dei (langt meir dominerande) lange actionsekvensane og seriøse karakterkonfliktane som seriens historie baserer seg på. Det sagt så har serien gått seg til sakte, men sikkert, og førre veke sin episode 5 var min soleklare favoritt så langt.

Barry har ikkje imponert meg like mykje denne sesongen som den gjorde dei fyrste tre, den mista mykje framdrift etter eit grep dei tok halvveges gjennom sesongen, men den tok seg opp att dei siste to episodane før seriefinalen, som eg ikkje har fått sett enno. Håpar dei får denne i land, for i det store og heile er dette så langt nok ein Topp 10-kandidat i lang tid framover, sjølv med ein litt mindre stødig sistesesong.

Har òg kun éin episode att av See. Som eg har nemnt tidlegare i denne tråden føler eg at det er ei rekkje tapte mogelegheitar i denne serien, og det er ikkje til å skyve under ein stol at sesong 1 var meir minneverdig enn 2 og 3 -- men dette er likevel heile vegen eit solid postapokalyptisk episk eventyr, med mykje å kose seg med. Kan til og med vere ein serie eg vil ha lyst til å sjå omatt ein gong i framtida, faktisk, og det er ein relativt høg terskel å nå.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Jeg synes Barry fullførte på en absolutt godkjent måte, og egentlig mer til. Joda, det var et par episoder med taktskifte i sesong 4 som jeg kan forstå satte ut mange, men isolert synes jeg de var utrolig gode. Samtidig er det jo episodene før og etter det som virkelig er Barry. Jeg kommer til å savne Barry.

Succession klarte også kunststykket å avslutte på en måte som er helt innafor seriens DNA, en avslutning som er tilfredsstillende men som gir en litt bitter bismak - jeg kan fint ha mer. Samtidig er det helt greit. Både Barry og Succession klarte å avslutte før de eventuelt fikk alvorlige formdupper (selv om ingen av dem er perfekte fra start til slutt, så var Barry nærme synes jeg). Roy-familien: Det var en blandet glede å bli kjent med dere.

Har ellers ikke begynt på noen nye serier. Mange på lista, både helt nye og nye sesonger (som vanlig), som feks Mrs. Davis, White House Plumbers, Sweet Tooth s2, The Diplomat, Beef, I Think You Should Leave s3, The Great og alle seriene på Apple+. Det jeg heller har begynt på, og har kommet nesten halvveis i, er Justified.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Thu Jun 01, 2023 18:24 Jeg synes Barry fullførte på en absolutt godkjent måte, og egentlig mer til. Joda, det var et par episoder med taktskifte i sesong 4 som jeg kan forstå satte ut mange, men isolert synes jeg de var utrolig gode. Samtidig er det jo episodene før og etter det som virkelig er Barry. Jeg kommer til å savne Barry.
Problemet mitt med det taktskiftet (særleg med fyrste episoden i det) var at det var veldig tydeleg kva som var poenget med episoden frå fyrste par scenane av, og så var det lite humor eller spenning i den til å halde på interessa mi. Dei ville berre bruke to episodar på eit djupstudie av korleis karakterane hadde det, og det var for så vidt godt gjennomført, men ikkje særleg underhaldande. Ser nok finalen i løpet av helga!
Asphyxiate wrote: Thu Jun 01, 2023 18:24 Succession klarte også kunststykket å avslutte på en måte som er helt innafor seriens DNA, en avslutning som er tilfredsstillende men som gir en litt bitter bismak - jeg kan fint ha mer. Samtidig er det helt greit. Både Barry og Succession klarte å avslutte før de eventuelt fikk alvorlige formdupper (selv om ingen av dem er perfekte fra start til slutt, så var Barry nærme synes jeg). Roy-familien: Det var en blandet glede å bli kjent med dere.
Eg har sett fyrste fire episodane av sistesesongen no, og har framleis same oppfatning som eg hadde tidleg i sesong 2: Serien byrja bra, og vart gradvis i løpet av sesong 1 dritgod, og sidan då har den halde nivået. Så godt å høyre at Succession kjem seg fint i mål til slutt!
Asphyxiate wrote: Thu Jun 01, 2023 18:24 Har ellers ikke begynt på noen nye serier. Mange på lista, både helt nye og nye sesonger (som vanlig), som feks Mrs. Davis, White House Plumbers, Sweet Tooth s2, The Diplomat, Beef, I Think You Should Leave s3, The Great og alle seriene på Apple+.
Ei rekkje seriar eg berre vagt hadde høyrt om der (Diplomat og Beef var på radaren min, men blir neppe prioritert med det fyrste om du ikkje byrjar skamrose dei her), har opna Wikipedia-sidene deira i faner no så eg kan lese om dei i morgon i lunsjen og eventuelt leggje dei til lista. La ned ein del jobb i eit digert rekneark for ein månads tid sidan som eg no bruker for å halde styr på seriar som verkar interessante og hjelpe velje ein ny når me har ein opning i kalenderen. Ved fyrste augekast vil eg tru fleire av desse blir lagt inn der!
Asphyxiate wrote: Thu Jun 01, 2023 18:24 Det jeg heller har begynt på, og har kommet nesten halvveis i, er Justified.
Eg hugsar ikkje, har du sett den før og ser den omatt, eller er dette fyrste gong? Me gjensåg den i fjor haust og i vinter, vart ferdige med sistesesongen så nyleg som for ein månads tid tilbake. Heldt seg veldig godt frå byrjing til slutt, sjølv om dei tidlege sesongane nok var nokre hakk betre enn resten. Gler meg til den nye miniserien i sommar!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Har sett sesong 1 før, men ikke hele fra start til slutt. Hvis jeg har gitt inntrykk av det, beklager jeg. Har sikkert sagt at Justified er bra, men det er egentlig basert på den ene sesongen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Spanande! Håpar den ikkje skuffar vidare, då!

Redigert: Då er Barry-finalen sett! Solid, som heile sesongen, men både eg og kona følte aldri dei nådde skikkeleg opp til høgdene frå førre sesong. Kjempebra serie, kjem til å bli ståande som ein av mine favorittar, men ironisk nok ville eg faktisk ha hugsa den endå varmare viss den hadde slutta ein sesong før. Snålt, med tanke på at dei laga sesong 3 og 4 omtrent under eitt på grunn av pandemien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Fullført no, så eg gjentek: A Very Small Light er kjempebra.

Prøvde i dag piloten på den kansellerte 2020-serien Perpetual Grace, Ltd. med Jimmi Simpson og Ben Kingsley, og den er veldig lovande. Svindlar som forsøker lure pengane frå eit durkdrevent ektepar som i sin tur har gjort det stort på å drive kyrkjelyd og skvise peng ut av tilhengarane. Trur dette vil bli verdt titten trass i manglande avslutning.
Redigert: Sett ein episode til no, og så klart er dette kjempebra, det er jo laga av mannen bak Amazons vanvittig bra Patriot! Hadde fullstendig gløymt at det var difor eg hadde fått den på radaren i utgangspunktet, men eg påpeika ein del stemingslikskapar til kona under piloten, og så påpeika ho nokre fellestrekk med tittelkortbruken i episode to, og så dukka det opp ein del av dei same skodespelarane ... og då klikka ting på plass i den dårlege hugsa mi. Uansett kjempelovande, med veldig liknande sans for melankolsk humor og surrealistisk spenning som Patriot skilta med. Har høge forventningar til resten, no, sjølv med vissa om ein manglande slutt i bakhovudet.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Perpetual Grace LTD har vore fantastisk, nesten like suveren som Patriot, og med langt sprekare start i tillegg. Har hatt éin einsleg episode att i dagevis, klarer ikkje heilt å fullføre den og ikkje skulle ha meir att ... REDIGERT: Då var det over. Sukk. Var eg milliardær skulle eg hengt ein skjerm opp i ei pen ramme, som eit måleri, på ein vegg ein eller annan stad, der denne serien vart vist utan lyd men med undertekstar på permanent rundgang. (Når eg tenkjer meg om er det mange slike. Deadwood! <3 )

Forsøkte i mellomtida tredje serien til Steven Conrad, dokkeanimasjonsserien Ultra City Smiths (like kansellert som dei andre to, sjølsvagt), og den var òg ganske artig, skjønt etter vår smak når den ikkje dei andre to til knea. Men dei seks små episodane dugde for å døyve abstinensane litt.

Elles så har me prøvd krimserien The Tower -- korte, britiske sesongar er fort gjort, og fyrstesesongen var OK nok til at me segla i sesong to, som var fleire hakk betre. Framleis ingenting veldig spesielt, men godt gjennomført angstkrim med moralske gråsoner og politietikk i søkelyset.

Har òg sett i gong med The Booth at the End, sin høgkonseptsserie eg har vore nyfiken på i årevis som gjekk i to femepisoders sesongar før den vart kansellert. Alle scenane føregår i ein kafé, der ein mystisk, namnlaus mann inngår avtalar med folk som kjem inn og møter han. Han lover dei kva det skal vere (både konvensjonelle ting som peng, ukonvensjonelle ting som å kurere ektemannen for demens, eller svært originale ting som at ei nonne skal få kjenne Guds nærver i seg att) i byte mot to ting: Eit oppdrag han gir dei frå ei lita notatbok han har (oppdraga er like ulike som lovnadane, men fleire av dei er mildt sagt skumle), og at dei kjem tilbake til kaféen jamnleg for å fortelje han alle detaljane om korleis oppdraget går. Og er det ikkje rart, dei som faktisk fullfører oppdraga sine oppdagar alltid at dei får akkurat det dei bad om. Men det blir aldri forklart om han faktisk er overnaturleg.
Drivet i serien kjem gjennom det desse 'kundane' hans fortel når dei kjem for å rapportere om korleis det går. Det er velgjort, og ganske spanande -- og dessutan fascinerande å forsøke lese tittelkarakteren sine andletsuttrykk og små kommentarar. Ein kan nesten få inntrykk av at han håpar dei skal trekkje seg frå avtalane sine både titt og ofte, og ofte forsøker han (fånyttes) å overtale dei til å be om meir oppbyggande ting i avtalen enn det ynsket dei kjem til han med.

I tillegg har me nett byrja på Extraordinary Attorney Woo, som eg vel vil skildre som noko halvveges mellom Amélie og Ally McBeal. Det er tidvis litt kleint, særleg når samfunnsnormer og opptreden følest litt gamalmodig med vestlege augo -- men i langt mindre grad enn eg frykta. Og hovudpersonen klarer flott jobben med å vere både likandes og openbart autistisk utan å verke parodisk eller billeg (i alle fall ikkje i mine lekmannsaugo, eg reknar sjølvsagt med at dei med nærmare forhold til diagnosen kan ha innvendingar og klager eg er blind for.) Episodane er i lengste laget (nesten 70 minutt stykket i snitt), så det er mogeleg me stoggar etter kvart, men førebels er me meint å fortsetje med denne.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Secret Invasion er så langt svært lovande, endeleg ein Marvel-serie som tør ta seg sjølv seriøst. Kryssar fingrane for at den vil ha nok overraskingar på lager til at det ikkje berre blir nok ein 'heilt OK'-serie til slutt, men det er uansett ein fryd endeleg å få sjå Jackson boltre seg litt som Nick Fury, etter å ha hatt rollen med relativt lite å gjere i den heilt sidan Iron Man 1. Særleg når han har scenar med alltid fantastiske Ben Mendelsohn eller Olivia Colman er det umogeleg å gjere anna enn å kose seg i sofaen. Redigert 28. juli: Eg anar ikkje kva dei tenkte på her, for seks episodar på (stort sett) ein rund halvtime kvar var altfor lite for dette premisset. Det kjentest som om bordet endeleg var dekka når episode 5 kom, og då var det allereie berre 70 minutt speletid att. Med andre ord berre eit par halvgreie vriar, og fullstendig vekkøydsling av sjansen til å verkeleg fange den paranoide kjensla frå teikneserien av at alle kunne vere skrulls (sjølv dei som ikkje var klar over det sjølv, sidan teikneserien hadde ei greie med falske minner for dei djupast undercover).
Men alt det sagt, den fullstendig uforklarlege speletida tatt i betraktning, så var serien ganske grei, og fleire hakk betre enn mykje anna Marvel har gitt ut i seinare år. Berre så trist at noko som openbart hadde kjempepotensial til å vere ein av dei beste tinga dei nokon gong har gjort, endte opp med å vere nok ein 'heilt grei'-affære mellom mange. Skjønner ikkje kva pokker som har skjedd her. Men men. Relativt god avslutning hadde den, med kjempemogelegheitar for vidare historiar, men eg er stygt redd for at i alt multiverse-tøvet blir denne fantastiske nye status quo-en øydsla vekk på same måte som Hydra-er-overalt-situasjonen etter Winter Soldier vart i si tid.

Extraordinary Attorney Woo vart meir og meir Ally McBeal-aktig i kvar einaste episode, men ikkje på ein dårleg måte. (Det seier forresten kanskje sitt om Ally McBeal at ein tjue år gamal serie frå USA verkar langt meir datert og problematisk i kjønnsrollar og kulturkrasj enn ein par år gamal serie frå Sør-Korea gjer.) Koseleg og velspelt advokatdrama med store dosar romantisk komedie. Og eg er imponert over undertekstane, som nesten alltid klarer å kommunisere dei språklege eller kulturelle nyansane som elles skulle gått over hovudet på meg.

Me har òg komme vel halvveges i Netflix-serien Beef, om ein mann og ei kvinne som trygt gøymt bak bilrattet ein dag gjer kvarandre fly forbanna, og så byrjar leggje kvarandre for hat og late alt dei mislikar i liva sine gå ut over denne tilfeldige framande billisten. Er kanskje ikkje heilt mi greie, litt for mykje familiedrama-aspekt i historieprogresjonen for det, men den er godt laga og relativt spanande, så vil halde på denne.

Prøve pilotepisoden til The Detectorists, og den var heilt grei, men den fenga ikkje nok til å fortsetje. Om nokon har sett den og meiner dette var ei forferdeleg dårleg avgjersle frå mi side, gi for all del lyd!

Og til slutt har AppleTV+ sitt kjempebra postapokalyptiske drama Silo komme i mål med fyrstesesongen. Gjennomsolid serie -- kanskje ikkje det mest originale premisset, som eg trur eg nemnte i ein tidlegare post her, men du verda så godt gjennomført. Den er takk og pris allereie fornya, så eg gler meg til sesong 2!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Vel, da er vel sommerferien ganske greit over. Det ble sånn halvveis med serier - ikke få, men ikke så mange heller. Skal vi se

Secret invasion ble en ganske stor skuffelse. Bra premiss, masse bra folk som er med, men dette ble da ekstremt halvveis. Som du er inne på Loki, det ble for få episoder til å fortelle denne historien, og når serien var ferdig var jeg skuffa og jeg tenkte "hæh, var det alt?".

Black Mirror s6 fortsetter vel med å ikke møte forventningene og skape den samme stemninga som de første sesongene hadde. Og kanskje burde man senke forventningene. Ikke nødvendigvis dårlig, jeg syntes alle episodene var underholdende i seg selv, men ingen av dem ga meg en "skit, det der er jo egentlig ganske skummelt"-følelse. Klarer ikke helt å velge en favorittepisode, men for min del er det vel kanskje "Loch Henry", selv om "Beyond the sea" på papiret burde vært den beste.

Happy Valley. Så god så mange skal ha den til å være? Nei. En Utrolig god serie? Ja! Pløyde gjennom hele serien forrige uke og det var ikke fordi jeg absolutt bare ville igjennom, men fordi jeg ville se mer - noe som ikke er så vanlig for min del. Meget godt skuespill, tidvis utrolig godt manus, en god grunnhistorie, og deilig at den er så gjennomført og gjennomtenkt. Noe jeg kan innvende, er at selve krimsakene i s2 og s3 egentlig kanskje ikke var nødvendige. De kunne fint byttet ut det med Catherines vanlige arbeidshverdag i politiet.

Sweet tooth" sesong 2 klarte ikke å engasjere meg. Klarer i liten grad å gjengi hva som skjedde, og det er ikke bra.

Star Wars: Visions sesong 2 fortsetter med å gi fine, korte historier i universet.

Catch 22 var helt ålreit. Likte lyssettinga da det var så lyst, noe som ble godt brukt mot de mørke hendelsene. De klarer sånn passe greit å få fram balansen mellom det komiske, det absurde og det mørke, men ikke alltid like godt. Lenge siden jeg leste boka, så usikker på hvor bra de klarte å gjenfortelle historien, men tror de traff ganske greit.

The Walk-in (Mannen på innsida i NRK-spilleren). Et ganske godt drama basert på ekte hendelser for nesten ti år siden. Et skremmende innblikk i fremveksten av høyreekstreme miljøet i England. Mye bra skuespill og godt fortalt historie.

DNA. Var på hytta og "måtte" finne noe å se med mine foreldre. Valget falt på denne danske krimserien. Ikke spesielt gode krimplott, "standard" manus/skuespillerprestasjoner (altså helt ok, mange papirfigurer), men en ganske kjip/dårlig hovedrolle. Ingen karisma, eller noe annet. Ikke en antihelt, ikke en helt, ikke en "vanlig" fyr. Bare kjip.

Ekstase - historie om nordisk elektronika. NRK har flere gode dokumentarserier om norsk musikkhistorie. Både Takin' Ova (om norsk hiphop/rap), Punx (om punk) og Helvete - historien om norsk black metal har vært underholdende og interessante. De handla bare om Norge, dette er en samproduksjon for hele Norden. Nå er ikke elektronika i nærheten av min favorittmusikk, ganske så tvert i mot, så kjennskapen til annet enn det mest kjente er liten. Ganske imponerende hvor mye som har blitt produsert her i nord. Noe nostalgi. For en som ikke er så bevandret i sjangeren er jeg usikker på hvor dypt eller hvor mye nytt det var her.

Premier League: En helt annen liga sesong 2. Dokumentarserie om Premier League. Denne gangen med fokus på 2000tallet og inntreden av rike investorer, noe som jo er interessant sett i lys av de siste års hendelser med Man City og nå sist Newcastle.

Det tror jeg var det.

Nå venter The Bear s2, nye episoder av Only Murders in the building, How to With John Wilson og What We Do in the Shadows, The Witcher s3, Justified: City Primeval (når den kommer), Full Circle
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Me er på fullstendig bølgjelengde på Secret Invasion. Eg forstår berre ikkje kvifor serien vart laga i utgangspunktet, om dei skulle sose vekk premisset. Men Olivia Coleman var strålande, då.

Me ser òg Catch-22 i desse dagar, berre finalen att no. Tykkjer den er veldig vellaga (men eg har ikkje lese boka, då), med den Kafka-aktige håplausheita både absurd artig og gnagande tragisk. Hovudpersonen sitt nesten konstante 'dei er galne, alle saman. Er dei ikkje? Eller er det eg som er gal og dei som -- nei. Nei, det er dei som er galne. Kvar einaste ein'-blikk, både med vener og motstandarar, er eit herleg ankerpunkt. Og strålande skodespel frå fleire andre, særleg Kyle Chandler og George Clooney (alltid like fantastisk som kjepphøg idiot) er minneverdige.

Elles lister du stort sett seriar eg ikkje har sett, skjønt fleire av dei er på lista (Happy Valley ganske høgt oppe, og høgare no etter dine ord om den).

Av dei du skal til på:
What We Do in the Shadows trur eg kanskje er eit hakk betre enn i førre sesong på det jamne no. Særleg episoden Local News var ein höjdare. Håpar det blir fleire slike før sesongen er over!

Justified: City Primeval har så langt gjort ein flott jobb med å tre nålauga på både å kjennast som det me vil ha (meir Justified) og som annleis nok til å vere ein truverdig mange-år-seinare miniserie. Men det som verkeleg tel er her framleis: minneverdige karakterar, og særleg minneverdige skurkar. Boyd Holbrook får verkeleg briljere her. Håpar avslutninga blir verdig opptakten.

Full Circle var solid. Tykte den mangla eit eller anna udefinerbart for å verkeleg imponere, men det var ein godt gjennomført krimminiserie litt utanom det vanlege, og med eit vanvittig rolleregister (Claire Danes, Timothy Olyphant, William Sadler, Dennis Quaid, Jim Gaffigan, CCH Pounder, og Zazie Beetz i ei hovudrolle som faktisk klarer skille seg positivt ut i slikt selskap). Bonuspoeng for at tittelen var passande på sikkert fem-seks ulike måtar innan serien var ferdig, eg er svak for sånt.

Only Murders in the Bulding er meir eller mindre for snop å rekne no, det er så gøy og så gjennomført. Føler dei etter to sesongar no verkeleg har funne rett tone og tempo og konsekvent leverer frydefull underhaldning. Alle tomlane opp.


Elles har me prøvd ein del ulike ting i det siste, medan sommarkalenderen var litt opnare enn programmet elles er:
* Giri/Haji, ein krim-/detektivserie halvt på japansk og halvt på engelsk var veldig bra, med flust av minneverdige karakterar, uvanlege karakterrelasjonar og spanande utvikling. Synd at den i typisk Netflix-stil vart kansellert etter ein stakkarsleg enkeltsesong.
* Rellik er noko eg har vore nyfiken på i fleire år, og trass i ein småtreig og litt anonym start var både eg og kona godt nøgd innan me kom til slutten. Dette er ein spenstig krimserie der kvar episode går lenger bakover i tid, og me får oppklart mysteria sakte men sikkert ved å få sjå korleis ting har utvikla seg. (Einaste unntaket er finalen, der ein går fram til slutten igjen.)
* Twisted Metal var eg skeptisk til. Ein postapokalyptisk actionkomisk bilserie (eg er veldig lite interessert i car chase-scenar generelt) basert på eit gamalt videospel eg har null forhald til? Men du verda, så gøy! Anthony Mackie viser seg å ha ein sjarme svært i same stil som Zachary Levi har sprudla med i Chuck og Shazam, Stephanie Beatriz er som vanleg både morosam og likandes, Thomas Haden Church er fantastisk som skurken, og klovnepsykopaten spelt av ein diger muskelmann med røysta til Will Arnett er ein herleg kombinasjon av hysterisk artig og utruleg skummel. Kryssar det eg har av fingrar og tær for ein andresesong, dette var saker.
* Mayans M.C. landa bra, men denne serien nådde diverre aldri opp til knea på moderserien. Karakterane var gode, men historiane føltest generelt sett litt tilfeldige, og sugde meg aldri inn slik Sons of Anarchy gjorde. Etter at serieskaparen forlot serien for eit par år sidan fekk den litt meir retning, men samtidig mista den endå meir av det som i alle fall gjorde den litt annleis. Men men. Som sagt nøgd med slutten, og særleg med at Ray McKinnons utruleg bra CIA-sosiopat fekk boltre seg ein god del i dei siste episodane. Får aldri nok av den karakteren.
* Outlander fullførte sin sjuende og nest-siste sesong, og dette er ei godt olja maskin. Den kioskromanse-aktige kjenslesterke familiesaga-sjangeren er ikkje heeeilt mi greie, men dei har unekteleg gode skodespelarar, fantastiske kostyme, sett og lokasjonar som verkeleg gir ei kjensle av både skala og historie, og plott ein slett ikkje alltid veit nøyaktig kvar er på veg. Serien briljerer når karakterane får store, saftige scenar å boltre seg i med krig og daud og skuld og kjærleik og frykt og ære og kampvilje og drama, og all ære til manusforfattarane, for det skjer ofte fleire gonger per episode, og ofte for langt fleire karakterar enn berre dei to hovudpersonane ein 'ventar' det frå.
* Good Omens' andresesong var sommarens høgdepunkt for oss, Tennant og Sheen er verkeleg i fokus i denne oppfølgjarserien, og ingenting kunne vel vere betre. Her er alle vala som er gjort heilt rette, frå det langt mindre omfattande plottet til avgjersla om å ha alltid like gode Jon Hamm tassande rundt i bakgrunnen med herleg vidauga klovnerier heile sesongen. Blir det ikkje ein tredjesesong av dette er det ei hån mot alt som smaker av moro.
* Apropos Jon Hamm, A Young Doctor's Notebook -- ein annan serie eg har hatt på lista i årevis -- var ein sær affære, som ein kanskje kan vente seg av ein serie med Daniel Ratcliffe i hovudrolla, men ein god ein. Eit absurd premiss om ein nyutdanna lege frå Moskva som på den russiske landsbygda får eit brutalt brått møte med røynda mens hans tjue år eldre sjølv (spelt av Hamm) stadig dukkar opp i ein uforklart hallusinasjon som gir han råd og kritikk. Sesong 1 er svart komedie på sitt beste, sesong 2 var langt mindre artig og langt meir fokusert på karakterdramaet, men ikkje desto mindre vel verdt titten.
* The Blacklist hadde ein finfin slutt, men dagane der ein ikkje alltid visste kva Red dreiv med er forlengst vandra heden, for det var openbart heile sesongen kvar dette bar hen. Likevel ei god avslutning, verdig Spaders fantastiske rolle som har helde meg som trufast sjåar i ti sesongar av ein elles ganske typisk case-of-the-week procedural.
* Og når ein snakkar om gode skodespelarar i formulariske seriar, me fullførte òg vårt tretten år lange backburner-prosjekt med Tony Shalhoubs Monk i sommar. Dette har vore serien me har hatt på i bakgrunnen når me har trengt ein time eller to på kjøkenet, med mordmysterier ein vanlegvis kan løyse på fyrste fem-ti minutta av kvar episode om ein følgjer halvveges med. Men Shalhoub er, som alltid, fantastisk. Og sistesesongen skal ha litt ære av at den faktisk forsøkte gå ein smule i nye retningar og prøve tendensar til karakterutvikling (og eg understrekar at det berre er tendensar) i ein serie som elles er eit lærebokseksempel på sirkulær karakterutvikling og knuging av status quo.
* Me snubla over Chip 'n Dale: Rescue Rangers på blu-ray i desember, og i juni byrja me endeleg sjå gjennom den. Uforklarleg nok er episodane i fullstendig tilfeldig rekkefølgje i settet (verken produksjons- eller visningsrekkefølgje), men med kanskje tre unntak er det absolutt null kontinuitet i serien, så det gjorde ikkje så mykje. Eg såg aldri så mykje av Redningspatruljen, som den heiter her til lands, som liten, men opningsmusikken er jo ikonisk nok til at eg får nostalgi lell. Og det er ein god del humor her som faktisk fungerer for ein nesten-førtiåring, om serien er aldri så retta mot relativt unge barn. Dei spinnville planane til den tilbakevendande gale forskaren Nimnul, til dømes, er ganske artige. Høgdepunktet var vel episoden der han raner dokkebutikkar for dansesko, kidnappar eller rekrutterar (det er uklart) eit par sneis pingvinar og tek dei med seg til Nordpolen, gir dei danseskoa, tvingar dei til å danse på isbreane slik at trampinga lagar isfjell som fell ut i havet, som han så bruker til å krasje inn i lasteskip, som han så via ein u-båt han har konstruert plyndrer. Og så klager høglydt over at aldri har laster av særleg verdi.
Ein annan ting som er verdt å nemne frå serien er ei rekkje gode musikalske tema (og nei, eg snakkar ikkje berre om opningsmusikken) som me har gått og nynna på i dagesvis etter episodane. Diverre klarer ikkje ein gong Google å finne meg noko av denne bakgrunnsmusikken, det verkar som om Disney aldri har slept den ut i noko format. Akk ja.

Og til slutt, det som pågår no for tida:
* The Afterparty er framleis bra i sin andresesong! Spenstige sjangerparodiar, artige karakterar. Håpar mysteriet får ein god slutt her òg.
* Billions har byrja på sistesesongen sin, og den høgtflygande dialogen og det hyperkyniske karaktergalleriet er begge like avsindige som nokon gong. Kosar meg.
* Er tre episodar inn i Solar Opposites' sesong 4, no utan Justin Roiland -- men Dan Stevens er vel så god ei erstatning som ein kan drøyme om, så det fungerer fint. Denne Rick & Morty-kopien har i åras løp, etter ein del famling i dei tidlege sesongane, verkeleg funne seg sjølv, tykkjer eg, og er no jamn, god underhaldning.
* Dark Winds koker, trass i god dialog og ei knallsterk hovudrolle frå Zahn McClarnon, ned til ein litt anonym detektivserie i mine augo. Men skurken i sesong 2 er både uhyggeleg og tøff, og kona liker den godt, så den er absolutt verdt tida.
* Eg må sei at eg tykkjer And Just Like That... er ganske bra. Sex and the City var kanskje banebrytande i si tid, men eg tykte dei tidlege sesongane var klønete, og sjølv dei seinare, meir polerte sesongane, trass i mykje bra, plaga av klisjéfylte, overdramatiske utviklingar. Kanskje det er dei justerte forventningane, men i denne oppfølgjarserien føler eg dei er blitt veldig flinke på å ta premiss og historieliner som i utgangspunktet er nettopp klisjéfylte, sett-det-før-saker, men bygge dei opp til små konklusjonar som verkar ektefølt, jordnært og likandes. Det var alltid ein av opphavsseriens sterkare punkt for meg, men eg tykkjer faktisk dei er blitt endå flinkare til det no. Så klart er serien sjølve definisjonen på rich people problems, men det ligg no bakt inn i premisset, så det er vrient å halde akkurat det mot den. Og på eit vis er det litt fint å sjå ein dramaserie der karakterane aldri treng bekymre seg om rekningar, alvorlege helseproblem, rettsforfølgjelse etc., og dermed gi fritt spelerom for utforsking av livets mange andre utfordringar pg opp- og nedturar, og særleg for eit livsstadium som svært få seriar og filmar tek for seg.
* Foundation er framleis bra i sesong 2, og eg er framleis imponert over korleis dei håndterar makroforteljinga frå bøkene i mikroperspektiv utan å følest som om dei går så altfor langt fekk frå kjeldematerialet. Koser meg med denne, for det er altfor lite seriøs storskala science fiction på skjermane lenger, særleg etter at HBO kansellerte både Raised by Wolves og Westworld (dobbeltsnufs).
* Me er byrja hente oss inn på Kleo, som gir positive Killing Eve-assosiasjonar i fleng (spesifikt frå sesong 1, då serien framleis var noko spesielt), men her med ein austtysk kald krig-vri. Er halvveges i sesongen, og er godt nøgd så langt.

Så det er det for augneblinken. Og byrjar snart både Star Wars: Ahsoka og sesong 2 av Invasion, og no som me er ferdige med Snipp og Snapp vil me byrje hente oss inn på Dragon Prince og Harley Quinn, som begge slepte nye sesongar medan me såg på jordekorneventyr.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1028
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Må bare få uttrykke min store glede over at dere har brukt tid på å se på Snipp og Snapp: Redningspatruljen. Der snakker man barndomsminner!

Good omens skal også bli sett nå, selvfølgelig

Glemte å nevne at jeg jo også har alltid en helgemorgen-tegneserie-serie gående, og akkurat nå er det X-Men: Evolution som ligger på Disney. Ikke i nærheten av like ikonisk som den animerte 90tallsserien og vel ikke like direkte fra tegneseriene, men fungerer brillefint til en kopp kaffe en lørdags og en søndagsmorgen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Redigert inn i neste post, for å unngå at dette forsvann i sideskiftet.
Last edited by Loki on Thu Aug 24, 2023 20:48, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply