Her blei det mykje å svare på! Lang post i horisonten:
Eg koste meg mest med fyrstepisoden av
Loki, følte den kom nærmast å levere det den kunne ha vore. Elles likte eg den som sagt greitt nok, men med kvar episode var eg litt meir skuffa av at plottet var ganske ordinært, og særleg over mangelen på kule Loki-knep.
Amazon Prime har mykje bra, i tillegg til dei du nemner der.
The Marvelous Mrs. Maisel er ein av mine absolutte favorittseriar nokon stad i noko format. Tenk
Gilmore Girls (same serieskapar) viss den føregjekk på femtitalet og handla om ein standupkomikar i storbyen i staden for ei åleinemor på bygda. Viss eg skulle lista dei fem seriane eg har likt best av alle dei hundrevis eg har sett i livet er eg rimeleg sikker på at
Maisel hadde vore der, og den er ikkje ferdig ein gong. Rasande kjapp og vittig dialog, herlege karakterar.
For å oppsummere andre seriar eg har sett der, sånn omtrentleg frå best til heilt-ok:
The Man in the High Castle er fantastisk (rett nok ein litt Sopranos-aktig slutt som ikkje fall heilt i smak for oss), kva om aksemaktene vann andre verdskrig-drama. Miniserien
Good Omens er (i mine auge) betre enn boka (!) om engelen og demonen som forsøker stoppe verdas undergang. Får forresten oppfølgjarserie no.
Hand of God er nok ei oversett perle der Ron Perlman og alltid fantastiske Garret Dillahunt har hovudrollane. Perlman er ein dommar som trur han er blitt utvalt av Gud, og byrjar gjere veldig tvilsame ting som eit resultat.
Utopia, valdeleg thriller om ein teikneserie som forutseier ein menneskeskapt pandemi, var veldig bra, men både den og
Hand of God vart diverre kansellert utan skikkeleg slutt. (
Utopia er ein remake av ein britisk serie, men har ikkj sett den originale.)
Carnival Row: Steampunk-fantasy om ein politimann i ei viktoriansk England-aktig verd der fear og andre ikkje-menneske er ein diskriminert underklasse. Gler meg til sesong 2 her. Ein god serie dei har 'redda' (slik dei gjorde med
Expanse), er
Ripper Street, ein prosedyreserie om dei som arbeidar ved politidepartmenetet i området av London rett etter dei gav opp Jack the Ripper-etterforskinga. Ekstremt nydeleg dialog og flott bruk av perioden, men ein må jo ha tålmod med og litt sansen for crime of the week-oppsettet. Og åtvaring: Den sluttar ikkje akkurat muntert.
Hanna er ein god thrillerserie som ei jente oppdratt åleine i skogen av spionfaren sin, basert på filmen av same namn.
Hunters er ein bra serie om amerikanske jødar som jaktar på nazistar som har gøymt seg eller opent "reformert" seg i det amerikanske samfunnet etter krigen slutta. Merkeleg men fungerande blanding mellom grim thriller og nesten tøysete innslag, og Al Pacino i ei veldig minneverdig rolle.
The Tick var ein solid remake av 90-tallsserien ved same namn, hakket meir seriøs i tonen men framleis tøsyete nok til å vere artig, men diverre kansellert utan skikkeleg slutt.
Goliath er ein god dramaseie om ein alkoholisert has-been-advokat (Billy Bob Thornton) som byrjar kjempe mot større konspirasjonar og makteiningar, inkludert hans eige mektige gamle advokatfirma (dreve av erkefienden, spelt av William Hurt). Litt svakare i tredje sesong enn i fyrste to, men har håp om at den rettar skuta i fjerde viss den får ein.
Homecoming er konspirasjonsthriller-mysterium på to sesongar om eksperiment på amerikanske soldatar for å bli kvitt PTSD, litt saktegåande, men med ein fin, trykkande stemning.
Upload er eit komidrama med litt thrillermysterium-undertonar om ei nær framtid der ein kan velge å opplaste ein kopi av personlegdomen sin til eit digitalt etterliv før ein døyr. Ein romanse byrjar mellom den daude hovudpersonen og den framleis levande kundetjenestehandsamaren hans.
The Widow var heilt grei actionthriller om ei enke som leitar etter kva som skjdde med ektemannen som forsvann i Afrika -- vellaga og velspelt, men ikkje særleg original.
Solos er ein sci-fi-antologiserie med svært lausleg samanknytte halvtimeshistoriar fokusert på ein einaste skodespelar per episode. Den byrja ganske bra, men tykte den tapte seg utover i sesongen. Litt hit-and-miss som så mange antologiseriar.
Høyrer dessutan gode ting om mange eg ikkje har sett, til dømes
Tales from the Loop, Transparent, Jack Reacher og
Bosch. Og dei var med på sesong 1 av
Britannia, ein serie om romersk ekspansjon i Storbritannia som eg likar svært godt, men dei slutta etter fyrstesesongen så trur ikkje dei har rettane til å vise det som er blitt laga etterpå.
DuckTales-serien er kjempebra! Fyrste to sesongane var diverre hakket betre enn siste i mine auge, men siste var framleis veldig solid. Det er ei veldig spenstig blandig av ting frå den opphavlege serien, ting frå teikneseriane (særleg Don Rosa og Barks), og store porsjonar heilt sprett nye ting. Så viss du er litt purist for korleis ting var i gamle dagar kan den nok fort stryke deg mot håra (til dømes er Gulbrand Gråstein ein hysterisk artig men fullstendig fjasete karakter her, heller enn den genuint skumle Vond tvilling-erketypen frå teikneseriane). Viss du derimot klarar å ta det nye og det gamle i vill kombinasjon så er den storveges moro.
Eg har mykje respekt for Dave Filonis animasjonsserier, men tykkjer dei ofte er altfor mykje retta mot småbarn for meg, særleg i dei tidlege sesongane av både
Clone Wars og
Rebels var dette eit problem. I seinare sesongar (kanskje nettopp fordi dei tenkjer publikummet frå sesong 1 er blitt eldre) har eg ofte likt det betre, og siste to sesongane av
Clone Wars spesielt (altså Netflix-sesongen og Disney +-sesongen) var fantastisk bra. Vil nok likevel ikkje sei det er 'av det beste' i
Star Wars-universet,
Mandalorian-sesongane er minst like bra, og dei opphavlege filmane ditto.
Mosquito Coast er ein thrillerserie om ein oppfinnar og familien hans som er på flukt frå ein eller annan konspirasjon (uklart kva, så langt). Apple +-serie, trur eg, om eg hugsar rett, basert på ein roman og remake av ein Harrison Ford-film eg aldri har sett.
Schmigadoon! er og Apple +, handlar om eit par som blir fanga i ein magisk småby i fortida der alt er ein gamaldags musikal.
Hacks er HBO Max, komidrama om ein berømt komikar (Jean Smart) som kjempar mot å bli avfeldig og ein up-and-coming-komikar som fekk ein lovande karriere øydelagt av ein lite gjennomtenkt tweet. Typisk "dei kjem ikkje overeins til å byrje med men gradvis gjer dei kvarandre til betre menneske"-oppsett, men veldig gøy på grunn av ekstreme mengder karisma hjå og mellom begge hovudrollane.
Good Lord Bird var herleg, ja! Skjønt den var litt ujamn, likte den best når den var skikkeleg sprø (dvs. når den fokuserte på gamlingen sjølv).
Einig i at Oliver har vore veldig amerikafokusert i det siste og at det ville vore fint med litt fleire internasjonale historiar, men det er jo ein amerikansk serie for eit primært amerikansk publikum, så det er vel berre å vente.
Ser vanlegvis lite quiz-program, men jobbar meg for tida gjennom gamle sesongar Qi på YouTube i lunsjen dei vekene Colbert har pause.
Asphyxiate wrote: ↑Sat Aug 07, 2021 14:33Tenkte for øvrig å kritisere HBO for å ikke ha kommet med så mye bra de siste årene (det meste som er bra kommer vel fra FX), men kom på Mare of Easttown, How To With John Wilson og I Know This Much Is True (og sikkert flere, men kommer ikke på flere akkurat nå), så det har ikke vært så ille egentlig.
Oooh! Mare of Easttown har eg på lista eg har lyst til å finne tid til, men dei andre to har gått under radaren min fullstendig. Du tilrår alle tre, skjønnar eg?
Når det gjeld HBO (og HBO Max) så er det vel utover
Hacks, Barry, White Lotus, Last Week Tonight og
The Nevers nemnt over følgjande eg ser for tida, skjønt somme av dei har dei 'arva' frå andre kanalar:
Raised by Wolves, steinhardt science fiction-drama om to androidar som i kamp med naturen oppfostrar born som er menneskeheitas siste håp på ein fjern, aude planet. Svært god.
Westworld: Androidar i ein fornøyelsespark byrjar bli medvitne. Ekstremt god, skjønt litt svakare i seinare sesongar enn den briljante fyrste (likevel veldig bra, spør du meg).
Infinity Train: Teiknefilmserie med svært korte episodar som ved fyrste augekast verkar til å vere for born men eigentleg er minst like mykje for vaksne. Diverse personar (ny hovudperson kvar sesong) blir fanga på eit uendeleg langt tog der kvar vogn byr på nye vanvittige problem og utfordringar medan ein kjempar for å finne vegen ut og forstå kvifor ein er der.
Titans: Sidekick-karakterar frå DC-teikneserieverda som saman dannar ei gruppe (finansiert av ein off-screen-Batman). Kanskje den mest tru-til-korleis-det-kjennest-å-lese-teikneseriane-adapsjonane eg har sett i live action. Den er tidvis litt forutsigbar, kanskje, men i mine auge ti gonger betre enn mange tilsvarande seriar på meir tradisjonelt fjernsyn (som
Arrow eller
The Flash).
Doom Patrol: Supersprø superhelt-drama om misfoster, feilslåtte eksperiment og nesten-superheltar frå DC-universet. Denne er IKKJE for alles smak. Er ikkje ein gong sikker på om den er for meg, føler ofte den blir for saktegåande. Men den er heilt kokkelimonke og umogeleg å skildre skikkeleg. Viss du har sett den (i mine auge langt betre, men langt mindre sprø)
Umbrella Academy-serien på Netflix så er den basert på ein teikneserie som er opent svært inspirert av
Doom Patrol-teikneserien. Så tenk i den leia men tjue gonger meir vanvittig. Og den har Timothy Dalton, og han er alltid fantastisk. Bonuspoeng for Alan Tudyk som hovudskurk i sesong 1.
His Dark Materials: Trufast og fengande adapsjon av bøkene. Kan ikkje sei eg er superfrelst enno, men trur kona er. Og den er absolutt bra, og jenta i hovudrolla er svært god for alderen.
Avenue 5: Denne komiserien hadde ikkje heilt funne seg sjølv enno då sesong 1 var ferdig, men alle elementa dei treng er der, og sidan den eigentleg berre er
Veep i verdsrommet (med Hugh Laurie!) kan eg ikkje sjå føre meg at den ikkje blir svært bra før eller seinare. Eg likte ikkje
Veep så godt i dei tidlegare åra, heller.
Perry Mason er eit fint thrillerdrama om ein privatdetektiv som ein dag vil bli ein kjent advokat (dette er ein slags reboot-prequel til ein superkjent amerikansk advokatserie frå mange herrens år tilbake). Mordmysterium er ikkje heilt mi greie, men den var bra nok til at eg vil sjå sesong 2 (og at det er eit periodedrama hjelp). Stephen King-horrorserien
The Outsider i fjor var ganske ålreit og, og det er berre to år sidan alltid morosame
Silicon Valley slutta.
Klør dessutan etter å sjå mykje rosa
Succession, men kona er så negativ til premisset at det blir stadig utsett ...