Vi får ei bakhistorie for Siuan Sanche, før vi går vidare til Siuan sin dom over Logain og over søstrene som mjukna han. Moiraine får konsekvensar for handlingane sine. Ho møter Mat og heilar han for smitten frå dolken frå Shadar Logoth. Moiraine og Siuan sitt forhold blir utdjupa. Moiraine blir send i eksil, og må sverga på Edstaven at ho skal adlyda Amyrlinen sin proklamasjon. Gjengen blir samla igjen ved Vegporten, og reisar mot Verdas Auga. Mat blir etterlatt i ein scene som er merkeleg redigert, men det er nok fordi skodespelaren Barney Harris forlet produksjonen den dagen. Neste gong vi ser Mat kjem han nok til å vera spelt av Dónal Finn.
Eg likte godt måten dei viste fram Hallen i det Kvite Tårnet, og Sittarane for dei ulike Ajahane. Innsyna i den interne politikken i Tårnet var gode. Eg likte korleis forholdet til Siuan og Moiraine blei framstilt, og eg sette stor pris på kjemien mellom dei andre karakterane òg. Augeblikket når Moiraine oppdagar at Mat har dolken frå Shadar Logoth må vera blant favorittane mine, sjølv om eg har mine tankar om heilinga/lækjinga som fann stad etterpå.
Alt i alt var det mykje eg likte med denne episoden, men òg mykje eg stussa på. Eg håper dei to siste episodane er gode, for delar av denne episoden var eigentleg litt skuffande, sjølv om eg likte andre delar veldig godt.
Dei andre tankane mine inneheld enkelte bokspoilers:
Spoiler
1. Eg var litt skeptisk til måten Moiraine kom seg til Siuan sitt rom. Først såg det ut til at ho hadde lært seg å Fara, noko som hadde vore eit merkeleg brot med bøkene. Eg trur likevel eg landar på at portrettet Moiraine har på rommet sitt er ein slags ter'angreal, og at Siuan nok har den andre delen hjå seg.
2. Eg reagerte på at Edstaven blei brukt då Moiraine blei send i eksil. Det å legga til ein ekstra ed på Edstaven går mot Aes Sedaiane sine uskrivne reglar, om ikkje imot lovane deira. Eg forstår at dei ville visa fram Edstaven, sidan den speler ei viktig rolle i bøkene, men eg syntest det var litt klønete utført. Eg kan likevel leva med denne endringa.
3. Moiraine brukte Krafta for å opna Vegporten. Dette er ei av endringane eg reagerte mest på, sidan det potensielt bryt med heile historia til Vegane. Vegane blei gitte i gåve til Ogierane, som takk for at dei tilbydde asyl til mannlege Aes Sedaiar under Øydelegginga av Verda. Heile greia med Vegane er at dei er brukelege for folk som ikkje kan leia Den Eine Krafta. Det blir sagt nokre plassar i bøkene at berre ein Aes Sedai kan opna ein Vegport som manglar "nøkkelen" (Avendesora-bladet). Kanskje er det derfor Moiraine bruker Krafta her? Eg håper i alle fall ikkje dei har gjort Vegane om til noko som berre kan brukast av dei som kan røra ved Den Sanne Kjelda. Tida vil visa.
4. Det blir sagt at fengselet til Den Mørkaste er ved Verdas Auga. Om dette er tilfellet er dette ei stor endring frå boka. Kanskje det er eit forsøk på å ordna litt opp i slutten på EoTW, som mange synest er litt rotete? Ei moglegheit her kan vera at det er Ishamael/Ba'alzamon som har påverka draumane til Siuan, og at dette er ei felle, at fengselet til Den Mørkaste slett ikkje er der, men at han vil ha ein sjanse til å drepa Den Gjenfødde Dragen. Eg håper det er dette som er greia, for Shayol Ghul som Den Mørkaste sitt fengsel er såpass innarbeidd i bøkene.