S02E08: What Was Meant To Be
Posted: Mon Oct 09, 2023 10:20
Mange blanda kjensler etter denne episoden, men eg kan jo byrja med det som er bra: Eg er veldig glad for at serieskaparane har vist at dei evnar å skriva ein sesongfinale som fungerer, etter katastrofen som var S01E08. Eg likte Mat og Heltane (no kan eg leva med døden til Uno, som tydelegvis er Gaidal Cain i TV-serien). Eg likte scenane med Nynaeve i første halvdel av episoden. Eg likte scenane mellom Egwene og Renna, sjølv om eg var litt i stuss på måten Egwene drap Renna. Perrin som drep Geofram Bornhald set opp konflikten mellom Perrin og Dain Bornhald på ein veldig god måte, og døden til Hopper var, sjølvsagt, veldig trist. Måten dei set opp Mat og Padan Fain som rivalar funkar veldig godt. Egwene mot Ishamael var veldig kult, men kjentest ikkje heilt fortent. Han er den mektigaste av dei Fortapte, og ho er ikkje eingong den sterkaste i det Kvite Tårnet i notida. Eg likte elles veldig godt korleis Rand gjorde slutt på Turak, spesielt sidan han ikkje har gått i lære hos Lan enno i TV-serien.
Nokre ting eg ikkje likte:
1. Dei tok frå Nynaeve og gav til Egwene og Elayne (Nynaeve mot Ishamael hadde vore meir passande, og Elayne i bøkene kan såvidt lækja eit blåmerke). I alt synest eg dei har fjerna litt for mykje av sinnet og personlegdomen til Nynaeve, til fordel for redsle og bekymring (som er ein del av karakteren hennar, men det er ein del ho oftast held på innsida).
2. Det meste som gjeld Moiraine og Lan i denne episoden. Scenen der ho gav han tilbake Voktarbandet var fin, men eg synest heile greia med Bandet har vore forvirrande denne sesongen.
3. Moghedien på slutten av episoden verka som ein interessant karakter, men ho kjentest på ingen måte som Moghedien.
4. Rand gjer altfor lite denne episoden. Eg er veldig med på å gi fleire scenar til dei andre karakterane, men han er trass alt hovudkarakteren.
5. Scenen der Ingtar døyr. Makan til antiklimaks.
6. Eg hatar verkeleg draken Moiraine kalla fram på slutten der.
Alt i alt synest eg dette har vore ein god sesong. Mange av endringane dei har gjort har fungert veldig godt. Eg sit likevel igjen med ein følelse av at sesongen hadde vore betre viss dei følgde bok 2 berre bitte litt nærare. Eg sakna verkeleg den scenen med Portal-steinane, Mat, Rand og alle dei alternative liva deira. For ikkje å snakka om bok 3. Dei har sagt at denne sesongen er ein blanding av bok 2 og 3, men det er ekstremt lite bok 3 her.
Eg er skikkeleg spent på sesong 3, som visstnok skal følga bok 4 ganske nært. Eg veit nokre fans har spekulert i om vi ikkje kjem til å få Aelfinn og Eelfinn i TV-serien, men eg har trua. Det er ein rimeleg viktig del av bøkene, og det blir nok (velfortente) ramaskrik om dei fjernar det.