Namn: Ørjan
Vevnick: Loke/Loki, Loke Aesir
Bustad: Ei bygd i Sogn, egentleg, men bur jo på hybel i Bergen, då.
Alder: Tjue... blir tjueeitt i år. Grusomme greier. Sukk. To be five again. Det ergerlege var at eg resonnerte meg fram til at fem var idealalderen medan eg var åtte år. Skulle tru eg kunne vore praktisk nok til å finne det ut medan eg kunne nyte det. Grr.
Kva eg driv med for tida: Studerar. Tek fri bachelorgrad ved historie og filosofi-fakultetet ved UiB. Ser ut som om fordjupinga blir i religionsvitskap og "sidefaget" eller kva ein no kallar det blir antakeleg historie. Kanskje filosofi. Får sjå. Har ein kassajobb i ein Coop-butikk i heimbygda om somrane.
Kort skildring av utsjånad: Halvlangt hår, blå auge, relativt rundt andlete, mørkeblondt-hår-som-ser-brunt-ut-grunna-for-lite-sollys, 1,85 centimeter høg, verken tjukk eller tynn, skjønt med dagens colaforbruk og min aversjon mot fysisk aktivitet er vel det berre eit spørsmål om tid. Har nyleg gått til innkjøp av briller att (har brukt linser i seks år, dei eg hadde på ungdomsskulen er altfor svake for meg no) så kanskje eg burde nemne dei, sjølv om eg ikkje brukar dei fast.
Favorittforfattarar: Vel... det einaste eg har lese av norsk litteratur som eg har likt nevneverdig er "Den Siste Nattkriger" av Olaf Havnes, diverse mytologisk inspirerte bøker av Tor Åge Bringsværd, og diverse bøker av Are Kalvø og landets mest geniale mann Knut Nærum. På global basis er det vel George R. R. Martin, A. Dumas og J. R. R. Tolkien eg føler for å trekke fram akkurat no. Er sinnsjukt mange eg sikkert kunne nemne, dog.

Åjo, og Rudyard Kipling, for å ha skreve dei to bøkene som har farga oppveksten min meir enn noko anna.
Favorittmusikk: Uff... dårleg med det. Blir mest humoristiske tekstar ala Øystein Sunde om eg skal velge sjølv, det er enklast, men er egentleg ganske allsidig, det einaste eg absolutt ikkje liker er den mørkeste metal'en og det meste innan rap. Vanlegvis blir det berre til at eg lyttar til kva brodern spelar når eg er heime ei helg, og om eg høyrer noko eg likar ber eg han sende meg fila.
Hobby: Sjukt mykje internett det siste året. SKUMMELT mykje. Har forsett om å kutte ned til hausten. (Yeah, right) Før pla det vere lesing. Samlar forsåvidt på litt diverse ting, men det er for det meste ganske halvhjerta.
Favorittfilmar: Er av typen som vanlegvis enten likar ein film, eller tenkjer "den var jo ok"... i VG-språk deler eg med andre ord ut flust av treere og firere, og ein sjelden gong femmarar eller seksarar. Filmar eg verkeleg mislikar klarer eg å skugge unna ettersom eg kjenner min eigen smak ganske godt. Blir mest eventyrfilmar og reine komediar, men er den godt nok laga kan eg sjå det meste - "Love Actually", til dømes, er i ein sjanger eg absolutt ikkje pla ha noko særleg til overs for, men eg elskar den filmen. (KAN ha med den fantastiske castet å gjere, men det er no så)
Men favorittane må vel bli Fellowship of the Ring Extended Edition (duh) og Lion King.
Teikneseriar: Hm. Vil trekke fram Mike Careys "Sandman"-spin-off Lucifer, det meste (men ikkje alt) eg har lesa av Don Rosa (berre Disneyseriar så langt, men eg har fått anbefalt "Captain Kentucky" så ofte no at eg burde får somla meg til å lese den), og har i tillegg i dei siste åra utvikla ein forkjærlegheit for superheltseriar. (Ja, faktisk. Eg byrja lese superheltblader som nittenåring. Og likte det. Gjer det meg utruleg barnsleg eller utruleg moden? God Only Scowls...) Særleg fascinerar DCs mest prominente skurkegalleri meg - nemleg Batmans. Scarecrow, Two-Face, Riddler, Ra's Al Ghul... ah, der der det mykje genialt. Og, sjølvfølgjeleg, Joker, som antakeleg er tidenes mest fenomenale skurk, det vere seg i teikneserie-samanheng eller samanlikna med nesten kva som helst anna.
På protagonistsida held eg fortsatt ein knapp på Marvel, men må lese meir DC før eg kan uttale meg der... har òg lese ein del Image-seriar, har vore gjennom det meste av Spawn, Witchblade og Darkness.
Tidens mest ambisiøse prosjekt: Vurderte ein gong å ta eit standpunkt om noko. Grøss. Åja, og så vurderte eg jo nyleg å faktisk forlate hybelen for andre ting enn handling av matvarer eller for å gå på forelesning.
Favorittkarakter frå bøker: Belgarath, Kheldar, Nathan, Zedd, Darken, Tyrion, Tywin, Kevan, Petyr, og antakeleg haugar av andre eg ikkje kjem på akkurat no... av uante grunnar kom eg kun på tre fantasyseriar som hadde karakterar eg ville trekke fram her. :S
Favorittkarakter frå teikneseriar: Får forsøke vere knipne: Joker, Lex Luthor, Alfred Pennyworth, Bruce Wayne, Tony Stark, Lucifer og Magneto.
Favorittkarakter frå tv-seriar: Wesley Wyndham-Pryce, Edmund Blackadder, Lorne, Willow Rosenberg, Rupert Giles, William "Spike" the Bloody, Lionel Luthor, Lex Luthor, Benjamin Franklin "Hawkeye" Pierce, Charles Emerson Winchester III, Maxine Grey, John "The Biscuit" Cage, Richard Fish, Chandler Bing og John Locke. Og no er eg VELDIG streng med meg sjølv på antal namn.

EDIT: Ok, vil ikkje få ro på samvitet om eg ikkje nemner Alexander Harris òg. Damn Whedon and his more-real-than-reality-characters!