Hva leser du for tiden? II
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
Re: Hva leser du for tiden? II
Tek ein pause mellom bok 2 og 3 i Glittering Stone (siste Black Company-serien) for å lese litt teikneseriar. Pearl av Bendis og Gaydos var ganske bra, handler om ei jente i San Francisco som er ein svært talentfull og dedikert tatoveringskunstnar, men som ein dag kjem i ein situasjon som brått gjer at den lokale Yakuza-klanen fattar interesse for ho. Kanskje eit lite hakk for lite kjensle av fare og frykt i den (trass i svært skumle situasjonar er hovudpersonen vanlegvis ekstremt kald og roleg, og det smitter litt over på leseopplevinga), og stundom blir fargelegginga i overkant kunstnerisk for meg, men i det store og heile ei finfin leseoppleving. Las begge binda som finst, men såg på Twitter denne veka at eit tredje bind er blitt annonsert, og likte dette nok til at eg nok vil kjøpe det òg med tid og stunder.
For augneblinken driv eg på med ei gjenlesing av Kerschls The Abominable Charles Christopher (opphavleg ein nettserie, så om nokon er interesserte så ligg den framleis gratis her: https://karlkerschl.com/comic/episode-one/ ) fordi kickstarteren på ei fysisk utgåve av bok 3 endeleg kom i posten, og eg vil ha serien friskt i minne før eg les den. Serien er ein nydeleg kombinasjon av små humorstriper og ei større, kjensletung historie om ein stum yeti i ein skog full av snakkande dyr, med sjeldne men mektig mystiske innslag av fantasy.

-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Det ante eg ikkje, så gøy! Svært snurrig premiss, til tider verkar det til å føregå i den verkelege verda og sånn omtrent i notid (ser jegerar med rifler, ein bjørn som er rømt frå eit relativt moderne sirkus, etc.), men etter kvart som serien går framover blir det meir og meir inspirasjon frå sumerisk mytologi, med ein eldgamal-utsjåande by ved skogen der ein prins som heiter Gilgamesh herskar. Anar etter tre volum framleis ikkje om dette vil bli forklart eller ei.
-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Kult. Jeg har bare lest noen sider her og der i noen Nemi-blader. Sånn går det når noe går i føljetong og man IKKE kjøper hvert blad.
Begynte på En amerikansk forbrytelse - drapene i Osage County og opprettelsen av FBI av David Grann. 80 sider inn og det er godt fortalt/oversatt og allerede ganske engasjerende. Den handler om drap på medlemmer av Osage-stammen på 1920tallet, den amerikanske statens behandling av urbefolkningen osv osv. Har lest Den Tapte byen Z av Grann før og det er en av mine favorittbøker innen sakprosa/true crime/dokumentar-sjangeren, og han skuffer per nå ikke.

Manbearpig
Re: Hva leser du for tiden? II
Har du nemnt den boka og Grann her før, kanskje? Det verka veldig kjent. Og så bra, velskreven skaprosa er alltid ei flott oppleving!
-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Ja, jeg skrev om den for noen sider siden, men nå har jeg altså begynt på den.
Og ser nå at det kommer en film i år basert på den, regissert av ingen ringere enn Martin Scorsese og med bl.a. Leonardo DiCaprio, Robert De Niro og Jesse Plemons!
Og ser nå at det kommer en film i år basert på den, regissert av ingen ringere enn Martin Scorsese og med bl.a. Leonardo DiCaprio, Robert De Niro og Jesse Plemons!
Manbearpig
Re: Hva leser du for tiden? II
Du verda, den hadde eg ikkje fått med meg.
Re: Hva leser du for tiden? II
Har no lese to av Sabotør-teikneseriane til John S. Jamtli, 'Operasjon Muskedunder' og 'I skyggen av Tripitz', og dei kan varmt tilrådast, særleg sistnemnte. Kjem til å spore opp den tredje (som kom ut fyrst) av desse seriane, for dette var solid. Han evner å ta verkelege hendingar og personar og så framstille det i gjenfortejlinga si på ein måte som kjennest både engasjerande og ekte. Seriane er sjølvstendige historiar, med det til felles at dei alltid omhandlar ekte (om enn så klart delvis tilpassa og justerte) operasjonar frå motstandsrørsla i Noreg under andre verdskrig.
-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Jeg liker også Sabotør-tegneseriene, men vær klar over at nr. 1 er en "røverhistorie", der mye mer er funnet på og endret en del, mens de to neste er langt mer dokumentariske (med kreative tilpasninger selvfølgelig).
Jamtli tegner veldig godt, og blir stadig bedre. Han hold på både det historiske er meget imponerende, men nå er ikke 2vk mitt spesialfelt innenfor historie, men jeg liker godt hvordan han klarer å formidle historie på en god og lettfattelig måte.
Jamtli tegner veldig godt, og blir stadig bedre. Han hold på både det historiske er meget imponerende, men nå er ikke 2vk mitt spesialfelt innenfor historie, men jeg liker godt hvordan han klarer å formidle historie på en god og lettfattelig måte.
Manbearpig
Re: Hva leser du for tiden? II
Einig i alt du sa der. Interessant at nr. 1 er meir oppdikta, det visste eg ikkje. Kan du utbrodrere litt om det?
-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Den tar utgangspunkt i ekte hendelser og personer (Osvald-gruppa), men er ellers ikke dokumentarisk slik som de to neste. Det er mye mer oppdikta ting her. Mens de to neste følger historien ganske nøye, hopper denne mer inn og ut av det som er historisk sant. Den har tross alt undertittelen "En røverhistorie fra krigsårene", noe de neste ikke har.
Men absolutt veldig fornøyelig!
Men absolutt veldig fornøyelig!
Manbearpig
Re: Hva leser du for tiden? II
Hm, notert. Kanskje litt lite ideelt å lese den sist, då, men det var no ein gong det eg har slumpa inn i. Og så kjem det vel ei fjerde utover våren, om eg har forstått rett.
Re: Hva leser du for tiden? II
Til mi gru oppdaga eg for halvanna veke sidan at tre av Egmonts herlege franskspråklege omsetjingsprosjekt (Romas ørner, Familien Campbell og suverene og varmt tilrådde Undertaker, som eg sikkert burde ha skreve ein eigen post her om) alle hadde hatt nye bind sidan sist eg kjøpte dei, men at dei var gått meg hus forbi fordi dei ikkje lengre blir seld i daglegvarebutikkane. Eg trakka difor rundt i det som var av bokhandlar i Bergen sentrum, og fann to av tre (ikkje Romas ørner, sukk -- viss nokon har eit bind 4 dei vil kvitte seg med, så gi gjerne lyd) på Outland, takk alle æser og åsynjer. Så i eit vilt anfall av takksemje kjøpte eg samstundes dei tre sjølvomsette binda deira av Alex Alices Siegfried (Sigfrid på norsk), og eg må sei det var ei god avgjersle. Sigfrid og draken er så klart ei historie eg har vore borti mange gonger før (ikkje minst i P. Craig Russells glitrande teikneserieadapsjon av Wagners operaversjon, Ring of the Nibelung), men det er nok friske innfallsvinklar i Alices versjon til at den vart omtrent som ny. Nydelege, levande teikningar, varm og likevel tidvis sår humor (stort sett via karakteren Mime, som i lynne og design kunne vore rett ut av ein av Jim Hensons meir vaksenretta produksjonar), spektakulær action og, for ei relativt enkel heroisk fantasy-historie, ganske mykje djupn i karakterval og konfrontasjonar.
-
- Den Fortapte
- Posts: 1028
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Interessant. Dette er jo flere titler jeg har sett i bladhyllene i matbutikkene og Narvesen de siste årene, men jeg har liksom aldri giddet å kjøpe det, selv om jeg har vært litt interessert. Kjipt hvis sånne nølere som meg gjør at man ikke selger det i vanlige butikker lengre, eller at oversettelsene stopper opp - noe som jo ofte dessverre skjer med en del oversettelser av tegneserie-serier med mange bind/utgivelser.
Disse er å anbefale altså?
Disse er å anbefale altså?
Manbearpig
Re: Hva leser du for tiden? II
I varierende grad, jepp! Undertaker er min favoritt av dei tre, ein bekmørk western om ein omreisande gravferdsagent av typen livsfarleg misantrop med eit godt gøymt hjarte av gull og ein hang til å dikte opp eigne bibelvers. Spreke og oppfinnsame plott, sprakande dialog, flotte teikningar i realistisk stil. Dei fire voluma så langt har eigentleg vore to historiar i to bind kvar, skjønt med historietrådar og karakterar som fortset frå den eine til den andre.
Familien Campbell er langt meir, hehe, familieretta. Det omhandlar ein ekspirat og enkemann som er åleinefar til to jenter, og som opplever at hans (og den avdaude konas) tidlegare liv byrjar innhente han. Flotte teikningar her og, men i ein meir sprudlande teikneserietypisk stil som kan minne mykje om Lucky Luke og Asterix. Det same gjer humoren, som det er mykje av og som eg ofte koser meg stort med. I motsetnad til Asterix og Lucky Luke kan imidlertid Campbell skilte med ei ganske spanande og velutvikla historie som fortset frå bind til bind -- og hovudproblemet mitt med serien er vel nettopp at desse dyre hardcoverbinda er ganske så tynne, og at akkurat i det eg er 'inne i' historia att etter eit års venting sidan sist, så er eg allereie på siste side. Den er dessutan nokre hakk meir brutal enn samanlikninga med Asterix og Luke kan implisere, skjønt eg vil framleis sei at den er OK for relativt unge lesarar.
Romas ørner er vel kanskje den eg er minst begeistra for av dei tre, men eg liker den likevel veldig godt. Den er realistisk og detaljert i teiknestilen, men i meir klassisk Prins Valiant-aktig stil enn den meir moderne utsjåande Undertaker -- smak og behag, men eg føretrekk nok den andre. Her handlar det om ein germanar og ein romar, begge adelege og oppfostra i lag på romersk side i tidleg keisartid. Då dei når vaksen alder byrjar dei ulike lynna og -- ikkje minst -- lojalitetskjenslene dei ber på å komme i konflikt. Serien kjennest for meg som ein klassisk bildungsroman på mange måtar, og på grunn av periodesetting, vald, personkonflikter og realpolitik appelerer den nok til mykje same tinga som fjernsynsseriar à la Game of Thrones, Britannia, Rome, The Last Kingdom, Vikings, etc. Som med Familien Campbell lider den lange -- og her langt meir kompliserte -- historia av kor sjeldan binda kjem ut, eg mistenkjer eg ville fått endå meir ut av den dersom eg tok meg tida til å gjenlese alle tidlegare bind kvar gong eit nytt kjem ut. (Men kven har vel tid til det.)