incanus wrote:Loki wrote:Kvifor trekkjer det ned på filmens kvalitet at den skil seg frå boka? [...] Å kritisere filmen berre fordi den skil seg frå boka og ikkje faktisk sei kva ved dette som gjer den dårleg føler eg blir litt tynt...
Var kanskje litt feil sagt. Sett isolert som filmar er dei bra, utan tvil, men eg som hadde lest boka fleire gonger før eg såg filmen klarde ikkje glede meg so mykje over
filmen, då eg berre satt å tenkte over kor stor forskjell det var frå boka.
Vel, eg òg hadde lese boka mange, mange gonger før eg såg filmen, og det plaga ikkje meg nemneverdig. Det er når dei øydelegg heilheiten i historia eller karakterane er blir provosert, og den overhaldt dei ganske godt. Skjønt eg må tilstå at (EE ikkje medrekna) sakna huornene sårt i slutten av filmen...
Og så det er klart, så er TT absolutt det svakaste leddet i trilogien i mine auge òg, sjølv om det berre tyder at eg gir den 9 i staden for henhaldvis 10 og 9,5. (Extended Editions, kinoversjonane fekk 9,5 - 8,5 - 9,5 (ja, RotK-EE betra ikkje kvaliteten så mykje at det gir utslag hjå meg)) Men om me skal sjå på manglar og uoverstemmelsar med bøkene er det ein del skalleskred og Aragorn som angriper under fredsflagg i ROTK som plagar meg meir enn alvar ved Helmsdjuvet...
Meiner ikkje at Peter Jackson burde ha fulgt boka slavisk, det hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre, men det er nokre endringar som han kunne klard seg utan. (Spesielt i høve til Faramir og Eomer.)
Er forsåvidt einig i at Faramirs karakter var dårleg handtert, men Jacksons forklaring held mål i mine auge - det ville vore merkeleg for alle som ikkje har lese boka at ein etter å ha snakka om kor farleg og freistande Ringen er i timasvis plutseleg lar ein tilsynelatande heilt normalt utrusta menneskeleg bikarakter motstå den utan vidare.
Er usikker på kva endringar ved Eomer du siktar til.