Det er bra, solid plott i B5, for all del, men alle dei evinnelege frampeikene fjernar litt av utbyttet ein har av dette, ein veit om det aller meste som skal skje på førehand dersom ein berre følgjer med. Men likevel skal eg vedgå at det plottmessig nok er blant dei aller, aller sterkaste seriane eg har sett. Karakterene, sjølv om dei er gode og eit par-tre av dei til og med er veldig, veldig gode, er diverre samla sett ikkje på langt nær like fantastiske som karakterane i t.d. nokon av Whedon-seriane. Dialogen er variabel, men stort sett god, og innimellom glitrende. Samanlikna med avsindig vittige komiseriar som "Scrubs" og "Blackadder" og ekstrem-sitat-verdige seriar som "Buffy", "Firefly", "M*A*S*H" eller "Veronica Mars" er gullkornene diverre litt for langt mellom til at dei trekkjer den opp.
Eg gir serien 9/10 på plott, 7,5/10 på karakterer, 7/10 på dialog, 7/10 på verdskonstruksjon, setting, miljø, spesialeffekter, actionscener, heile den visuelle og kontekstualiserende pakka, og 7/10 på serieutviklinga. Med det siste siktar eg til forbetring av ting som skodespel, episodeplott, dialog, spesialeffektar, m.m. utover i serien, dersom sesong 1 til dømes er langt betre enn både sesong 4 og 5 trekkjer det ned, osb. Serien tapar litt her på å ha altfor mange frampeik, som nemnd, noko som minskar verdien av høgdepunktene i mi oppleving av dei, samt på å ha hovudklimakset i serien tidleg i fjerde sesong, noko som gjer at resten av sesongen og sesong 5 på mange måtar følest som "aftermath". Som er stilig nok, men den klarar aldri å toppe det forrige klimakset slik det for meg som sjåar følest at det burde.
Snittkarakteren blir dermed 7,5/10.
Til samanlikning gir eg "Firefly" 6,5/10 på plott, 9/10 på karakterar, 9/10 på dialog, 8/10 på verdskonstruksjon. Serieutviklinga gir eg ikkje karakter på ettersom det varte så kort, men ein så vannvittig sterk fyrstesesong, når den til og med er ufullstendig, er slik ei sjeldan oppleving at dersom eg skulle gjort det ville det nok blitt høg karakter.
Snittet her blir vanskelegare å rekne ut i hovudet, så det gidd eg ikkje, men det blir i alle fall tydeleg over 8.

Så eg likar B5 meget, meget godt, men "Firefly" er det ikkje.