Eg las den på videregåande, hugsar eg, men har lite minne om kva eg tykte, utover at den var nokre hakk betre enn pensumbøker vanlegvis var. Som eit apropos til det at så mykje er inspirert av den -- er ein fjernsynsserie med relatert premiss som byrja for ein månad sidan, Yellowjackets, som så langt er ganske bra. Halve episodane finn stad på nittitalet der eit fotballag med tenåringjenter er i eit flykrasj og blir fanga i villmarka i månadsvis, og halve episodane finn stad i notid der me følgjer (nokre av) overlevarane som vaksne. Sånn i fall nokon skulle vere interessert.
For lite nervøse episodar med metervis av raud hyssing på korktavler, rett og slett?Deschain wrote: ↑Fri Dec 17, 2021 13:33 Idag gjorde jeg meg ferdig med Ken Follets nyeste mursteinroman «Never», som omhandler muligheten for tredje verdenskrig. Setter pris på research og plot, men karakterene hans er så cheesy at jeg til tider fikk gåsehud. Føltes på mange måter som en sesong av «Homeland». Dessverre uten Carrie Mathison, noe som gjorde at boka fikk mindre impact enn den kunne ha hattLegger vurderingen av den på en 3/5, der den med bedre karakterer og prosa, lett ville havnet på en 5/5.
Haha, ja, utruleg mange namn, men dei fleste er sjeldan relevante i meir enn eit kapittel eller så, så du kan trygt gløyme dei fleste igjen. Og så har han hendige register med korte karakterskildringar bakerst. Kjekt at du liker den!Asphyxiate wrote: ↑Sat Dec 18, 2021 11:32 Har kommet så smått i gang med Mythos av Stephen Fry, etter anbefaling av Loki her på forumet. 60 sider inn, ferdig med krigen mellom titanene og de olympiske gudene. Gøy, godt skrevet - og helsikes mange navn
Sjølv byrja eg på Sandersons debutroman Elantris hin dagen, og så langt er det eit spanande premiss som blir presentert. Så lenge folk kan hugse har enkelte menneske innimellom vakna ein morgon og plutseleg vore udaudelege gudar. Desse flyttar inn i ein gudeby (Elantris) og kan gjere all slags mirakel. Men ti år før boka byrjar vart plutseleg alle desse gudane -- og alle som no vaknar som ein av dei -- forkvakla til ein stakkarsleg type levande daude i staden, og Elantris er blitt ein gruvsam spøkelsesby fylt av liding. Det ser ut som om boka har tre hovudpersonar -- ein prins som vaknar i fyrste kapittel og innser han er blitt ein av desse, og må flytte inn i byen, ei prinsesse frå eit anna land som er trulova til han og kjem til byen dagen etter at han er blitt erklært daud, og ein prest frå eit militant teokrati som kjem til byen for å gjere ting klart for invasjon. Er berre fire kapittel inn i boka, men ganske mykje som har skjedd allereie, og alt verkar jo ganske så interessant.


