Fiksa!
Oi, lukke til! Som eg sikkert sa til deg sist det kom opp er Gardens generelt sett på som ein av (eller til og med den) svakaste i serien, men det er mykje å like i den, lell. Håpar gjensynet blir kjekt!
Som ein liten sideting, eg hugsar du sa du ved førre lesing tykte det var veldig mange rasar og slikt – ein ting eg kan nemne er at sidan Erikson ikkje gir særleg eksposisjon, så er det ofte leeeenge før ein skjønner om noko er ein menneskeetnisitet eller ein heilt anna art. Det kan dermed verke som om det er mange rasar, men eigentleg er det ofte berre menneske med ulik kultur og geografisk bakgrunn. I bakhistorien til universet er det absolutt ein heil del andre vesen (eit par urmenneskefolk, eit øglefolk, eit par typar kjemper (av typen tre meter, ikkje av typen store som hus), etc.), men desse er omtrent alle trudd å vere døydd ut eller nesten døydd ut i notida og ein ser dei sjeldan. Så det ein stort sett møter i dei fleste av bøkene er menneskeslag, eventuelt nesten-menneske som nedstammar frå blandingsrasa menneske/kjempe-hybridar. I Gardens of the Moon kjem eg her og no berre på eitt einaste unntak frå dette; Tiste Andi. Tiste-folka er på ein måte Eriksons Tolkien-alvar; dei er ekstemt langlevde, elegante og følelsesmessig distanserte utanpå, men innvendig intense. Det er tre typar av dei, men me ser berre Andi-varianten i Gardens, som nedstammar frå urgudinna som personifiserar mørkeret før skapinga.
Skulle til å sei at det høyrdest imponerande mykje ut, men så kom eg på at eg vanlegvis har ein roman, ei sakprosa og ein teikneserie på nattbordet samtidig ...
Men ... om den kom ut i 2002, korleis kunne den føresjå ting i 2001?Deschain wrote: ↑Fri Sep 04, 2026 22:30 3. Rundt hundre sider igjen av "Look at me" (2002) av Jennifer Egan. Litterær thriller/coming of age, som har havnet på pensum i visse universitetsfag i USA, som følge av at den skal ha forutsett litt av hvert i forkant av 9/11. Men så langt har jeg bare sett konturene av dette...
Dette fekk du verkeleg til å høyre spanande ut! Kva slags sjanger er det, utover at det er dystopisk? Karakterdrama, thriller, mysterium ...?Deschain wrote: ↑Fri Sep 04, 2026 22:30 Om jeg skal komme med en bokanbefaling ellers, kan jeg si at "Omon Ra" (1992) av Viktor Pelevin er den mørkeste dystopien jeg har lest på lang, lang tid. GRØSS! Litt kald og tørr i språket, men FØYfaen for en bok. Omhandler en russer som vil bli kosmonaut for Sovjetunionen... Enough said.
