Kva eg skal bruke det til? Anar ikkje, tek berre det som lyder gøy, eg.

Men snart har eg nok til at eg, om eg vil, kan ta eit år med pedagogikk og bli lærer, så om eg plutseleg skulle føle behov for å gjere noko konstruktivt får eg gjere det.
Slit... njaa. Egentleg ikkje, samanlikna med videregåande er det plankekøyring fordi du for det fyrste i langt større grad har valgt faget du tek og fordi det for det andre er så mykje meir konsise arbeidsområder - i staden for ørten ulike fag har ein mellom to og fire. Dei er så klart langt større, men det er fortsatt enklere å forhalde seg til.
Og for det tredje er det enormt mykje sjølvstudie-tid (les "enorme mengder pensum og enorme mengder fritid som ein sjølv må forsøke pusle saman)... eg har til dømes tolv timar med ting å møte på samla i løpet av ei veke. Fire av dei timane er ting eg har meldt meg opp på som ein ikkje treng vere med på for å ta faget. To til er for det tredjefaget eg sa eg tok fordi eg var småsprø i august, så dei hadde heller ikkje trengt vere der. Og samtlige tolv timar er frivillig oppmøte på...
Og for det femte slepp ein vanlegvis det absurde antalet prøvar og innleveringar. Eg har tre innleveringar, ein prøve og to skriftlege eksamenar i løpet av dette semesteret, det er ingenting samanlikna med eit semester på videregåande.
Så dette er herleg, det, er berre litt stress månaden før eksamenene når ein ikkje har klart å pusle pensumet skikkeleg saman med all fritida før det...
Engelsk 100-nivå var gøy, ja, beste året i mitt liv skulemessig (sjølv om pensumet strengt tatt var gøyere når eg tok religionsvitskap i vår). Hadde herleg morsomme forelesarar (ein av dei har eg faktisk kontakt med på e-post fortsatt) og veldig koseleg klasse. Tok det på høgskule, så mindre klassar og meir videregåande-feel over undervisninga enn kva det er på universitet.
