Eg såg den med to kamerater som ikkje hadde sett serien - dei har no, ein god månad etterpå, begge på eige initiativ sett serien - og dei likte den veldig godt. Du har absolutt betre utbytte av å sjå den med serien i ryggen, då du vil ha meir emosjonell investering i karakterane, men den burde fint kunne sjåast utan å ha sett serien. Vil tippe at dersom eg ikkje hadde sett serien hadde eg gitt den 7,5-8,5 omtrent, vanskeleg å sei, men ettersom eg
har sett den karer den seg nok opp på 9,0. (Hadde skyhøge forventningar og den innfridde dermed ikkje 100%, sjølv om den kom enormt nært. Når eg har fått fordøyd den i eit par år og eg får eit meir realistisk syn og avstand til den trur eg kanskje den kjem til å heves til 9,5, for den er pokker så god) Humoren, som er veldig framtredande i filmen, vil du kunne sette (nesten) like stor pris på utan å ha sett serien, og det same gjeld i stor grad plottet, men karakterskjebnene og ditto interaksjon vil nok tape ein del på at du manglar ti timars backstory.
SirGalrim wrote:beste film?
SERENITY!
om 3 dager

Der er ein tre-nummers teikneserie som forklarar kva som skjer mellom siste episode av serien og filmen, forresten. Om du er interessert kan eg alltids sende deg den. Viss ikkje får du berre sei i frå, så kan eg oppsummere endringane til deg over pm.

(Det går fint an å sjå filmen utan den informasjonen, men om du har den slepp du å sitte og fundere på kvifor ting er slik og slik i lange tider då ikkje alt blir forklart like tydeleg eller like tidleg i filmen)