Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Deschain wrote: Fri Dec 17, 2021 13:33 Deretter leste jeg «lord of the flies» for første gang. Helt ok bok, men kom nok litt «late to the party», i og med at såpass mye litteratur er inspirert av denne boka, noe som gjør at man sitter igjen med «dette har jeg lest før»-følelsen.
Eg las den på videregåande, hugsar eg, men har lite minne om kva eg tykte, utover at den var nokre hakk betre enn pensumbøker vanlegvis var. Som eit apropos til det at så mykje er inspirert av den -- er ein fjernsynsserie med relatert premiss som byrja for ein månad sidan, Yellowjackets, som så langt er ganske bra. Halve episodane finn stad på nittitalet der eit fotballag med tenåringjenter er i eit flykrasj og blir fanga i villmarka i månadsvis, og halve episodane finn stad i notid der me følgjer (nokre av) overlevarane som vaksne. Sånn i fall nokon skulle vere interessert.
Deschain wrote: Fri Dec 17, 2021 13:33 Idag gjorde jeg meg ferdig med Ken Follets nyeste mursteinroman «Never», som omhandler muligheten for tredje verdenskrig. Setter pris på research og plot, men karakterene hans er så cheesy at jeg til tider fikk gåsehud. Føltes på mange måter som en sesong av «Homeland». Dessverre uten Carrie Mathison, noe som gjorde at boka fikk mindre impact enn den kunne ha hatt ;) Legger vurderingen av den på en 3/5, der den med bedre karakterer og prosa, lett ville havnet på en 5/5.
For lite nervøse episodar med metervis av raud hyssing på korktavler, rett og slett? :lol:
Asphyxiate wrote: Sat Dec 18, 2021 11:32 Har kommet så smått i gang med Mythos av Stephen Fry, etter anbefaling av Loki her på forumet. 60 sider inn, ferdig med krigen mellom titanene og de olympiske gudene. Gøy, godt skrevet - og helsikes mange navn
Haha, ja, utruleg mange namn, men dei fleste er sjeldan relevante i meir enn eit kapittel eller så, så du kan trygt gløyme dei fleste igjen. Og så har han hendige register med korte karakterskildringar bakerst. Kjekt at du liker den!

Sjølv byrja eg på Sandersons debutroman Elantris hin dagen, og så langt er det eit spanande premiss som blir presentert. Så lenge folk kan hugse har enkelte menneske innimellom vakna ein morgon og plutseleg vore udaudelege gudar. Desse flyttar inn i ein gudeby (Elantris) og kan gjere all slags mirakel. Men ti år før boka byrjar vart plutseleg alle desse gudane -- og alle som no vaknar som ein av dei -- forkvakla til ein stakkarsleg type levande daude i staden, og Elantris er blitt ein gruvsam spøkelsesby fylt av liding. Det ser ut som om boka har tre hovudpersonar -- ein prins som vaknar i fyrste kapittel og innser han er blitt ein av desse, og må flytte inn i byen, ei prinsesse frå eit anna land som er trulova til han og kjem til byen dagen etter at han er blitt erklært daud, og ein prest frå eit militant teokrati som kjem til byen for å gjere ting klart for invasjon. Er berre fire kapittel inn i boka, men ganske mykje som har skjedd allereie, og alt verkar jo ganske så interessant.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Deschain
Mørkefrende
Mørkefrende
Posts: 34
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Jaaaa, savner Homeland sååå mye! Takk for tips til TV-serie, den skal sjekkes ut!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg ser så utallige fjernsynsseriar at eg nok kan tilrå ein haug av andre meir enn Yellowjackets, men jau, så langt (fire-fem episodar inn) verkar den som ein finfin blanding av thriller, drama og små men (for mi sarte sjel, i alle fall) forstyrrande innslag av skrekk.

Viss du liker Homeland kan kanskje The Americans vere ei god tilråding. Den vart avslutta for nokre år tilbake, eit drama om to sovjetiske spionar i djupt dekke som eit ektepar i USA under den kalde krigen, komplett med to barn som ikkje anar at foreldra ikkje er vanlege amerikanske borgarar. Ein annan spionserie eg har likt i seinare år er franske Le bureau des légendes, som kanskje er i overkant saktegåande i fyrste sesong (den jobbar litt for hardt med å vere jordnær og plausibel), men som eg tykte vart veldig god utover. Deutschland 83 (og oppfølgjarane 86 og 89) er ganske bra tysk kald krig-spionseriar med meir fokus på realistisk karakterdrama enn actionsekvensar. Og superkansellerte einsesongs Rubicon minnest eg som kjempegod konspirasjonsthriller om spionar av typen som jobbar på kontor heller enn i felten, om du klarer grave den opp. I motsett retning (altså utan så mykje forsøk på realisme) men i liknande sjanger har eg likt Hunters (om jødar som jaktar på nazistar i hemmeleg amerikansk eksil nokre tiår etter andre verdskrig), Hanna (jente som veks opp i skogen oppdagar at utomverda faren alltid har åtvara ho mot faktisk er ute etter ho) og Killing Eve (spion blir besatt av å fange ein internasjonal leigemordar), men ver obs på at sistnemnte tapar seg litt utover sesongane etter kvart som den blir meir og meir overdriven.

Viss eg fyrst tilrår ting, og legg sjangeromsyn om spiongreier fullstendig til sides, så er desse dei største favorittane mine i seinare år, i alle fall som eg kjem på no i farta: The Expanse, Better Call Saul, The Marvelous Mrs. Maisel og Mr. Inbetween.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Deschain
Mørkefrende
Mørkefrende
Posts: 34
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Nice! Har sett The Americans, Killing Eve og Hunters. Kanonserier alle tre! Starta faktisk på «the expanse» ikveld. Leste første boka et par år tilbake, og den var ikke gærn. Venter i spenning på nytt om sesong 2 av Hunters, men det ser nesten mørkt ut! Må sjekke ut den franske du nevnte! Har hørt mye bra om den :D
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Sat Dec 18, 2021 14:17
Haha, ja, utruleg mange namn, men dei fleste er sjeldan relevante i meir enn eit kapittel eller så, så du kan trygt gløyme dei fleste igjen. Og så har han hendige register med korte karakterskildringar bakerst. Kjekt at du liker den!
Er jo glad i greske myter. Tok fagene "Antikkens og middelalderens tenkning" og "Antikkens religioner" da jeg studerte for en del år siden, så har lest originalhistoriene som Fry henviser til, men må si at de burde hatt Fry på pensum i stedet for. Mye mer artig!

Selv om dette er en bok-tråd, støtter jeg anbefalingen av både Better Call Saul og Mr. Inbetween. Særlig sistnevnte er jo en litt "skjult" perle i seriejungelen.

Også er det fint å bli påminnet The Americans!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg har og alltid vore svært glad i gresk mytologi, og har mastergrad i antikk romersk religion, men likevel var det småmyter og anekdotar i løpet av desse bøkene som eg trur eg ikkje har høyrt før. Og så er det moro å få dei presentert i heilskap og med Frys sjarmerande forteljarstil.

Som moderator (ikkje at eg hugsar bæret av korleis eg er blitt det!) føler eg at me kan sjå gjennom fingrane med litt avsporingar så lenge aktiviteten på forumet ikkje er større enn den er no. Viktigare at diskusjonane får utvikle seg naturleg så aktiviteten held seg gåande enn at me held alt superoversiktleg og ryddig. Viss det skulle bli for ille kan eg heller flytte postane over i fjernsynsserietråden. (Det er neppe noko eg kan gjere sånn reint teoretisk, men med litt klipping og liming burde det gå ...)

Glad de begge er einige med nokre av tilrådingane mine! :D Er dusinvis av andre seriar eg kan tilrå, men forsøkte halde det overkommeleg og avgrensa til dei fyrste eg tenkte på i respektivt spionkategori og så berre kva eg er supergira på generelt dei siste par åra.

Viss du starta Expanse nett no kan det vere verdt å nemne at serien endrar seg ein del frå sesong til sesong. Ikkje i kvalitet, eigentleg, men litt i sjanger. Fyrstesesongen er veldig mysterieorientert, seinare sesongar beveger seg meir mot politisk drama, scifi-thriller, actioneventyr ... Eg har likt det heile vegen, men kan kanskje vere fint å vere førebudd på at kvar ny sesong ikkje naudsynleg er meir av akkurat det same.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Las ferdig Sandersons debutroman Elantris i går, minivurdering her.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Fullførte K. J. Parkers The Devil You Know no, der tidenes største filosof, alkymist og svindler sel sjela si til djevelen for gjenoppretta ungdom, tjue år garantert liv og alt han måtte ynskje seg i dei tjue åra. Djevelen er heilt paff at nokon som er så smart vil inngå ei kontrakt som er så elendig, og den korte romanen (ca. 130 sider) hopper fram og tilbake mellom synspunkta til dei to medan djevelen forsøker forstå kva som føregår og filosofen forsøker komme unna med den uforklarte planen dei begge veit han må ha i bakhand.

Det er gøyalt fortalt med sjarmerande perspektiv, og slutten leverer ... til ein viss grad. Heile konseptet med ei bok som dette er jo nettopp å byggje mot avsløringane mot slutten, og då er det vanskeleg å ikkje komme til kort. For slutten er tilfredsstillande, men ikkje meir enn det. Den tok ikkje pusten frå meg, gjorde ikkje noko så sprellande smart og annleis at boka small rett inn i favorittlistene mine, etc. Den ville vore meir enn god nok i ei bok der den kom uventa, der ein ikkje sat heile vegen og venta på ei avsløring, men i denne boka blir den rett og slett litt tam.

Men det sagt så ser eg Parker har skreve to andre korte historiar med same svindlaren, og eg er interessert i å lese dei no ...
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

^Ikke hørt om engang, men høres jo spennende ut. Ikke vært borti forfatteren heller, men ser han har en del serier/bøker innenfor fantasysjangeren og at det fremstår som ganske godt mottatt. Sukk, enda en forfatter på lista over ting å sjekke ut - men 130 sider er jo ikke avskrekkende
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jepp, den har vore på lista mi sidan den kom ut (hugsar ikkje kvifor, men det er ikkje umogeleg det var nokon frå dette forumet som tilrådde den ...), og klatra endeleg over til den faktiske ynskjelista i fjor. Og fekk den til jul i år! Etter eg las den oppdaga eg at den faktisk har vore samla med andre noveller av same forfattar (skjønt ikkje dei to om same karakter) i ei tjukkare samling kalla Father of Lies som eg sikkert heller burde ha ynska meg, men det ante eg ikkje for tre dagar sidan. På den andre sida ville den jo då blitt ein tjukk murstein som fort ville blitt utsett i æver, så kanskje det var like greitt.

Fekk Elric of Melniboné-teikneseriane til P. Craig Russell av kona, så byrjar på dei i dag. Har ikkje noko forhold til Elric, har verken lese andre teikneseriar eller nokon av bøkene til Moorcock, så har vore nyfiken i mange år. Har mange gode erfaringar med Russells teikneserieadapsjonar i andre høve, så tenkte dette var ein like grei plass å byrje som nokon.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Elric-teikneseriane -- og no skal det nemnast at dei tre binda eg fekk og las er respektivt bind 1, 4 og 7 av samlingane av klassiske teiknerseriar om han (dei som Russell var involvert i), så eg manglar ein heil del av kapitla innimellom på vegen -- var ganske bra. Eg hadde null forhold til karakteren frå før, utover ei vag forståing av han som den som saman med Conan barbaren definerte Sword & Sorcery-sjangeren i si tid. Men det fungerte temmeleg bra. Likskapane til Conan som til dels definerer sjangeren (små konflikter eller oppdrag mot gale trollmenn eller groteske demongudar som involverer kvinner i naud og/eller femme fatales) er openbare, men ulikskapane er desto meir slåande: Elric er ei plaga sjel, ein svært lærd mann, ein mektig magikar og ein fødd til keisarmakt og ein veik kropp -- nesten diametralsk motsett av Conan, med andre ord. Og der Conans yndlingsverktøy er eit godt sverd er det her kanskje sverdet som nesten bruker Elric som sitt verktøy. Og Elric har ei byrjing og ein slutt, med ein klar raud tråd gjennom dei sjølvstendige småeventyra innimellom.

Litt datert er det jo å lese historiar skreve frå 60-talet i teikneseriar laga frå 80-talet, men mindre enn eg ville venta meg. Vil nok kjøpe dei resterande binda for å få eit meir fullstendig bilete av karakteren med tida, skjønt når eg no har lese slutten blir det vel hakket mindre spanande. Eg er litt nyfiken på bøkene, no som før, men adapsjonen verka grundig, så klarer overtale meg sjølv til at eg ikkje treng leggje dei til lesehaugen med det fyrste no som eg har lese denne varianten. Skjønt det er visst ein heilt ny og moderne teikneserieadapsjon av bøkene som er ute i desse dagar,som blir varmt rosa av Moorcock (den opphavlege forfattaren), så det kunne jo vore spanande for å samanlikne alle tre ...
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Spennende! Litt klassisk sword and sorcery er jo gøy en gang i blant, da det ofte ikke er sååå komplisert alle skal gjøre det i dag. Derfor jeg feks likte bøkene til Nicholas Eames (The Band-serien) som jeg leste i sommer.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Tykkjer hugse du skreiv litt om det, ja. Kva var hovudpremisset for dei bøkene?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

En verden der små grupper av leiesoldater nesten er som kjendiser/rockeband, som reiser rundt og enten slåss mot denne verdenens monstre eller på arenaer mot penger. Godt driv, godt skrevet, mye god humor, bra action, men ganske lettbeint. Det har kommet to bøker og det skal komme en til. Anbefales
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Det høyrest jo absolutt skøy ut! Åh, den som hadde førti fritimar per ettermiddag ...
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply