Oi, 30. mars, her har eg lete det skure og gått for lenge ... Viss nokon faktisk gidd lese alt dette, så blir eg nesten litt rørt:
SAKPROSA
Ganesha av Tor Åge Bringsværd.
Gøyal gjennomgang av det som er av myter og anekdotar om Ganesha, ein slags fiktiv biografi og populærvitskapleg framstilling av den hinduistiske guddommen. Eg tykte det var triveleg og interessant lesing.
Merlin: vismann, trollmann, kriger og profet av Tor Åge Bringsværd.
I same serie, og etter mine interesser, endå meir interessant, dette er boka eg ville sikla etter som tolvåring, der alle dei klassiske motstridande og inkonsekvente historiane om og framstillingane av Merlin blir presentert på rekkje og rad. Slukte denne på halvanna dag.
Cendrillon av Pierre Lambert.
Litt fusk her – den veldig lange, grundige og interessante (etter kva kona fortalte) introduksjonen er på fransk, så eg bladde nok berre gjennom bileta i denne samlinga med konseptkunst og animasjonsbakgrunnar og -celler frå Disneys Aksepott-film, og ein kan med rette spørje seg om det tel som noko eg har lese. Men den var vakker og fin, så eg nemner den no lell.
Walt Disney Records: The Legacy Collection – Mary Poppins av Russell Schroeder og Randy Thornton.
Fekk denne CD-en av filmmusikken av kona, og som vanleg i den serien følgjer det med eit ganske grundig forord, i dette tilfellet om dei mange gradvise stega med utgivingar av Mary Poppins-musikken som skulle til i tiåras laup. Ganske interessant, faktisk.
TEIKNESERIAR
Det har blitt mykje meir Ultimate Spider-Man av Brian Michael Bendis og Mark Bagley (og i dei siste binda, Stuart Immonen), samt ein del Ultimate X-Men, stort sett av Brian K. Vaughan og Stuart Immonen og nokre tie-ins, diverse Ultimate Annuals, samt Ultimate Galactus Trilogy av Warren Ellis, Mark Millar, Trevor Hairsine, Brandon Peterson m. fl., Ultimate Power av Jeph Loeb, Brian Michael Bendis, J. Michael Straczynski og Greg Land, og Ultimates 3: Who Killed The Scarlet Witch? av Jeph Loeb og Joe Madureira. Bendis' Ultimate Spider-Man er og blir fantastisk. Somme bind er sjølvsagt mindre minneverdige enn andre, men i det store og heile er dette kanskje den langtgåande superheltgreia eg har lese i mitt liv der kvalitetnivået er absolutt høgast over tid. Eg har berre eit par samlingar att no, som eg ikkje allereie eigde og måtte bestille i dyre dommar, men eg har ingen grunn til å tru at det skal bli særleg svakare før det er over. (Det går så over i Miles Morales-opphavshistoria, om marvelkunnskapane mine er korrekte, framleis med Bendis bak manus, men den var diverre altfor dyr, så set førebels strek ved siste Peter Parker-samlinga.) Elles er det eg har av Ultimate Marvel-universet litt meir ymse, men stort sett bra. Loebs Ultimates 3 måler seg som venta dårleg mot Mark Millars 1 og 2, sensasjonalistisk og tynt, men så dårleg som ryktet tilsa var den absolutt ikkje i mine augo. Ultimate X-Men-binda mine frå studiedagane då eg sist las dette stoppar ved Robert Kirk (kjent frå Walking Dead og Invincible) sitt fyrste, men det var lovande nok til at eg vurderer å finne dei resterande på bruktmarknaden for å fullføre serien.
Elles har ektefellen fått eit nostalgiåtak med Roger Leloups Yoko Tsuno-serie, ein slags kvinneleg Tintin-serie med science fiction-innslag som byrja på 70-talet og framleis pågår. Dei engelske omsetjingane er av uforklarlege grunnar heilt feil rekkefølgje i forhold til dei opphavlege franske, men me har no lese dei fyrste ni. Ikkje heilt mi greie, men stort sett bra nok til at det er kjekt å lese dei når kona gjer det. Kult med ein så ressurssterk kvinneleg hovudperson – på mange måtar minner Yoko Tsuno si eventyrlyst, kunnskapsbreidde og oppfinnsamheit meg om McGyver, av alle ting.
Eg har òg fullført Lucky Luke! Det vil sei, det eksisterer nok eit lite fåtall obskure småhistoriar frå tidlege år som eg ikkje har lese då dei kun føreligg på norsk i dei innbundne samlebøkene, men alt som er kome i vanlege album har eg no lese, inklusive dei korthistoriane som kun har vore i Lucky Luke-julehefte. Det er mykje opp og ned i kvalitet, tykkjer eg, men dei beste binda, både av Morris åleine, med Goscinny, og av arvtakarane etter Morris' bortgang, er alle veldig bra.
Så vart det som vanleg ein diger stabel gratishefte frå Free Comic Book Day fyrste laurdag i mai. Det var nok ingenting der som verkeleg sette sine spor hjå meg, men både James Tynion IV sitt "The Nice House on the Lake" (litt for skrekkorientert for meg til å ville prioritere å fortsette med, diverre) og, av alle ting, Sonic / Justice League-crossoverbladet (!) skilte seg positivt ut. Eg er òg ganske nyfiken på lese vidare Si Spurrier sin "Minotaur".
Eg plukka opp tre Conan-blad frå tidleg 2000-tal i ein bruktbutikk – eg kjøpte serien halvveges fast på den tida, så greit å få plugge nokre hol – og det var, som det meste av Conan frå den æraen, betre enn eg trur dei fleste vil vente seg. Men litt oppstykka å lese tre tilfeldige blader, sjølvsagt, sidan det stort sett er lengre historiar som gjekk frå blad til blad.
Så las eg endeleg ferdig eit bakcburner-prosjekt eg har hatt i årevis, engelske fanomsetjingar av den italienske Donald Duck-som-superspion-serien "DoubleDuck". Siste historie heitte "Reboot", skreven av Fausto Vitaliano og teikna av Andrea Freccero. Har lese desse delvis av komplettisme (det har ein crossoverhistorie med den tilsvarande litt-eldre-lesarar-orienterte Fantonald-serien) og delvis av nysgjerrigheit (det er mange av dei same skaparane bak), men så veldig engasjert har eg ikkje vore. Slutten var likevel velkomponert og eit triveleg punktum eg er glad eg kom meg til!
Ektefellen fekk Nimona av ND Stevenson til jul, ho ynskte seg den etter me likte animasjonsfilmen så godt, og me tykte begge kjeldematerialet var like bra som filmen, sjølv om det er ein del ting som er veldig annleis. Begge tomlane opp, denne fortener ryktet sitt.
Så var det eit knippe tilfeldige funn i bruktbutikk:
Totto Talong: Veddemålet [Achille Talon et l'âge ingrat] av Greg. Aldri lese noko Achille Talon før, men her skal omsetjaren verkeleg ha stjerne i boka, du verda så sprelsk og artig dialog! Denne øvre middelklasse-levemannen som blir sugd inn i mysterium og eventyr litt mot sin vilje er så tørrvittig og herleg at eg koste meg mykje meir enn eg kunne drøymt om.
Ivan Hoe og Kong Filip den smukke [Evanhouy] av Lionel Bianchin and Pascal Dabere. Meh. Teikningane er flotte, tanken her er openbart Astérix-i-fransk-mellomalder, men serien er sjeldan morosam nok til å fungere som komedie, og heller aldri spanande nok til å fungere som eventyr.
Jeremiah: Rovfuglenes nat [La nuit des rapaces], Ørkenens fribyttere [Du sable plein les dents] og Farmen [Les heritieres sauvages] av Hermann Huppen. Denne fortener ryktet sitt! Røff og grim postapokalyptisk western. Eg har sjølvsagt høyrt om J. Michael Straczynskis kansellerte nesten-ingenting-til-felles-med-kjeldematerialet-fjernsynsadapsjon, men eg har visst lite om den opphavlege teikneserien. Desse tre binda gav meirsmak, og om eg no nokon gong somlar meg til å sjå fjernsynsserien kjenner eg allereie at eg vil bli provosert over kor lite den har med opphavsverket å gjere.
Canardo: Mørkets yngel [Noces de brume] av Benoît Sokal. Dette var sære greier. Alkoholisert detektivand surrar rundt i ei historie der han ikkje eigentleg har særleg plottfunksjon, men me heller følgjer ei gaupe som har selt sjela si til djevelen, og eit demonmenneske som er forelska i gaupa. Canardo har rykte som kultklassiker innan teikneserieromanar, men eg er litt usikker på om eg ville prøvd meir basert på denne. Litt vanskeleg å komme seg inn i til tider, men ikkje akkurat dårleg, heller … Rar leseoppleving.
Ulvesolen [Le Soleil des loups] av Gilles Gonnort, Arthur Qwak og Ralph. Fyrste del av ein trebindsserie, men einaste som er komen på dansk (og så vidt eg kan sjå er ingenting omsett til engelsk, heller). Ekstremt "The Dark Crystal"-aktig i både tone og utsjånad, dette er mørk åttitalsfantasy der flotte teikningar og store ambisjonar likevel aldri heilt klarer å suge meg inn i forteljinga.
Franka: Kriminalmuseet [Het Misdaadmuseum] av Henk Kuijpers. Imponerte meg eigentleg ikkje. Heilt ålreit eventyrkrim, men denne går nok tilbake til bruktbutikken.
Jåttene: Frem fra gjemselen [Les Toyottes: La Dalle maudite] av Louis-Michel Carpentier. Artig og kreativ postapokalyptisk humorfantasy. Ikkje heilt opp mi gate, men vellaga nok til at eg vil hugse den og let den stå i hylla no som eg har den!
Fantagraphics har hatt nokre gigantiske (i høgd og breidd, ikkje tjukkelse) Disney-serieprosjekt siste åra som kona har vore nyfiken på. Sidan ho ikkje har noko forhald til Disney-seriar tykkjer eg det er litt gøy, så eg har oppmuntra det, og ho kjøpte difor "This Looks Like a Job for Duck Avenger" av Luc "Batem" Collin og Nicholas Pothier, ein Fantonald-antologi der me får sjå serieskaparar som ikkje vanlegvis lagar Duck-seriar med openbar kunnskap og kjærleik lage hyllesthistoriar om karakteren. Sjølv om enkelte ting skurrar som 'dette ville ALDRI skjedd i ein Egmont-serie!' er dette sprekt og gøy. Ikkje så veldig minneverdig at det gjer noko, men om du liker Donald Pocket og kunne tenkt deg eit litt meir kreativt attsyn med Fantonald slik du kjenner han der ifrå, er dette ei artig lesing! Det andre verket ho kjøpte i vår, "Mickey Mouse and the Amazing Lost Ocean" av Denis-Pierre Filippi og Silvio Camboni, har absolutt NYDELEGE teikningar. Historia er ei relativt enkel steampunk-historie om Mikke, Langbein og Minni i ei fantasiverd, men teikningane gjer det vel verdt lesinga.
Som eg nemnte i TV-serie-tråden såg me om att live action Cowboy Bebop-serien i vår, og etterpå las me tie-in-teikneserien "Supernova Swing" av Dan Watters og Lamar Mathurin. Fungerte fint, tykte eg! Som ein kan vente seg av ein tie-in-serie må den fungere mellom episodane utan å tilføye så mykje at det er rart det aldri blir nemnt, men likevel følast verdt lesinga … og det tykte eg den klarte!
Med 20 %-rabatten til Outland på Free Comic Book day vart det som vanleg gjort nokre impulskjøp. Kona såg seg ut "The Many Deaths of Laila Starr" av Ram V og Filipe Andrade, eit filosofisk, hinduinspirert verk om dauden, både med stor og liten "D", då daudsguden blir inkarnert om og om igjen som menneske. Tankefullt og fint, om kanskje ikkje heilt mi greie.
Ho kjøpte òg "Eight Billion Genies" av Charles Soule og Ryan Browne, denne var knall. Ein dag får alle menneske på kloten kvar si ånd som oppfyller 1 ynske. Som ein kan vente følgjer apokalypsen på få minutt. Kvart kapittel følgjer åtte tidseiningar frå dette skjer. Åtte sekund. Åtte minutt. Åtte timar. Åtte dagar. Åtte veker. Åtte månadar. Åtte år … Tilrådes.
Me stussa begge på "The Cull" av Kelly Thompson og Mattia De Iulis, og eg endte opp med å leggje det i handlekorga. Tja. Pene teikningar, fin progresjon, men litt for velkjent premiss for meg, og sluttvrien var altfor lett å sjå komme. Eg liker stort sett Thompson, men usikker på om eg vil lese eit bind 2 av dette om ho nokon gong skriv det.
"Muybridge" av Guy Delisle. Delisle er ein meistarforteljar, me kjøper det meste av han, og denne teikneseriebiografien er ikkje noko unntak. Lærerikt og underhaldande.

"Avatar: The Last Airbender – Ashes of the Academy" av Faith Erin Hicks og Peter Wartman. Ein av dei svakare Airbender-tie-in-seriane eg har lese, diverre, men finfin nok for litt yngre aldersgrupper som jo uansett er hovudpublikum. Flott å sjå (sjølv om eg tykte det vart litt keitete her) at nokon lagar ungdomsunderhaldning som snakkar om historieskriving og kor viktig det er med konfrontasjon av ugne ting i si eiga nasjonshistorie, det er det altfor lite av der ute.
"Feral, Volume 3: Nine Lives" av Tony Fleecs, Trish Forstner og Tone Rodriguez. Zombieapokalypsen frå huskatt-perspektiv fortset, og dette er heilt på nivå med dei fyrste to! Litt seigt at det sluttar med ein cliffhanger, men men. Bind 4 er uansett allereie i sal, ser eg.
I meir kjæledyrskrekk; "Animal Pound" av Tom King og Peter Gross, ei ny tilnærming til Orwells klassiker for dagens samfunn. Kjære vene, denne var deprimerande. Og ekstremt overtydeleg. Men … begge dei tinga gjeld jo òg for den originale Animal Farm. Så det må eg nesten telje som positive trekk. Veldig, veldig bra. Ein av dei beste seriane eg har lese i år. Men du søv neppe godt etterpå.

Me nytta òg høvet for å bli à jour med siste Witcher-omnibus, som hadde følgjande historiar:
"The Witcher: The Ballad of Two Wolves" av Bartosz Sztybor og Miki Montlló. God Witcher-historie med artig bruk av ulveeventyrelement hist og her (det er relativt subtile referansar til både tre små griser, Rødhette samt Peter og ulven).
"The Witcher: Wild Animals" av Bartosz Sztybor og Nataliia Rerekina. I klassisk Witcher-stil er det veldig utydeleg kven monsteret er. Litt snålt med ei kult vegetarianar i dette universet, men det fungerte for historia.
"The Witcher: Corvo Bianco" av Bartosz Sztybor og Corrado Mastantuono. Denne trur eg kanskje er litt meir for dei som har spelt videospela? Den var heilt grei, for all del, men eg var ikkje så veldig interessert, tykte eg.
"The Witcher: Frog Kiss" av Bartosz Sztybor og Fabio Violant, ei kort historie inspirert av Froskeprins-eventyret. Ganske finfin til så kort å vere.
Nettserier.no fylte tjue år, og dermed klikka eg litt rundt etter gamalt. Snubla over serien
'Saro' av Ladder, og dette var vittig, fantasirikt og vel verdt tida mi. Så har gradvis jobba meg gjennom arkivet, så langt har eg lese:
Saro: Diverse Dilldall
Saro, nonnen og hundeskiten
og Saro: Støvsuger'n.
For augneblinken er eg midt i den lange historia om Saro og mafiaen, og er absolutt meint å lese arkivet ferdig med tid og stunder.
Etter år med venting kom det eit nytt norsk samlebind i Sagaen om Thorgal: "Tusen øyne" [samlar historiane Mille yeux, Özurr le Varègue, La vengeance de la déesse Skædhi] av Yann og Frédéric Vignaux. Som litt for ofte med Thorgal merkar eg at deler av kva som skjedde sist er byrja bli diffust for meg, men historiane er heldigvis stort sett sjølvstendige nok til at det går greitt. Dette var eit bra bind, håpar det vil komme nok eit bind på norsk med tid og stunder!
Og til sist, "Foxes in Love, volume 1" av Toivo Kaartinen. Små, søte komikkstriper om kvardagslivet til to revar som er glade i kvarande. Koseleg feelgood og ofte ganske så artig. Kona kjøpte alle fire binda til meg, og er for augneblinken halvveges i bind to.
Prosamessig har eg henta meg inn att frå diverse gåver til og frå meg og ektefellen, og har no endeleg denne veka fått byrja på Malazan-lesinga mi att. Så sidan april har eg lese:
ROMANAR
The Blacktongue Thief av Christopher Buehlman.
Høyrt ein del positivt om denne, og den levde stort sett opp til det. Innan fabelprosa med ein eplekjekk tjuv som hovudperson så når det nok ikkje
Locke Lamora til knea, men det er det diverre ingenting som gjer uansett. Buehlman skisserar eit univers som både er velkjent fantasy og tydeleg hans eige, fyrstepersonsforteljarstilen gir ein fin eigen tone, og trass i litt manglande plottmotor er det overraskande god driv frå kapittel til kapittel.
The Atlas Six av Olivie Blake.
Verdskonseptet er velkjent: Vår verd, men det finst eit løynleg samfunn av magikarar som deler det med oss. Premisset heller ikkje så uvanleg: Seks slike magikarar med uvanleg store talent rundt om på kloten blir alle utplukka av ein mystisk organisasjon for eit års prøvemedlemskap i ein slags eliteklubb for magikarar der dei får studere og lære og utvikle seg. Det Blake gjer så bra, er at alle seks er veldig intelligente, dei fleste av dei brutalt kyniske, og likevel følast ingen av dei smarte på same måte som nokon av dei andre. Dette imponerar meg – det er vanskeleg nok å skrive karakterar som er overtydande intelligente, men å gjere det med seks ulike hovudpersonar utan at nokon av dei følast repetitive, det er i ein eigen liga. Og dette veg opp for ei litt vandrande, nesten retningslaus bok. Eg likte denne langt betre enn eg på papiret skulle trudd. (Bonusnovella bakerst i boka, derimot,
Sacred Hospitality, var ei stort sett lite givande samling prologscenar og ikkje stort meir.)
Babel: Fortellingen om den gang menneskene ville stikke hull på himmelen av Tor Åge Bringsværd, illustrert av Thomas Falla Eriksen.
I klassisk Bringsværd-stil blir me servert ein eventyrleg enkel kombinasjonshistorie av historien om Babels tårn henta frå ulike tradisjonar, kjelder og religionar. Kjapp, gøy og lærerik lesing, sjølv om det (typisk for meg i slike) nok er fleire gonger der eg føler ting i fotnotane ville gjort historia endå betre om det hadde blitt brukt.
The Vengeance av Emma Newman.
Ei skuffing, diverre. Eg er veldig glad i Newmans dystopiske science fiction-romanar i Planetfall-serien, og ein Dumas-inspirert sjørøvarar-og-vampyrar-eventyrroman frå ho verka forlokkande. Diverre er den, stort sett, ganske enkel og tropetung, og ting er for lettvint og hendig og skurrar tidvis veldig i kva som rimer for perioden det foregår i. Absolutt ikkje ei dårleg leseoppleving, men slett ikkje innertieren eg hadde håpa på. Ja ja.
Kyss meg, døden av Knut Nærum.
Hardkokt detektiv-pastiche som tidvis fekk meg til å le høgt. Som så altfor ofte med denne typen satiriske humorverk er det litt vanskeleg å føle særleg framdrift i fortejlinga mellom dei betre vitsane, men det _er_ nok plott her til at det går an å engasjere seg litt, i alle fall. Strukturen med mange lausrevne mysterium som likevel føregår eitt etter det andre og har ein del bindevev mellom seg fungerte bra i så måte.
Heavenly Tyrant av Xiran Jay Zhao.
Hovudpersonen er litt slitsom til tider, men dette er god, spanande lesing, og ein verdig oppfølgjar til bok 1 i mine augo. Kjem definitivt til å lese trearen.
He Who Drowned the World av Shelley Parker-Chan.
Eg skreiv om bok 1 i denne toboksserien i førre slike post i år, og likte den nok til at eg kjøpte og las andre del no same året. Avslutninga var like god som byrjinga, og på somme måtar kanskje betre. Ein veldig fin balansegang mellom brutal kynisk realisme og sta undertonar idealistisk optimisme. Vil tilråde denne, sjølv om ektefellen diverre var mindre glad i bok 1 enn eg var og ikkje valte å fortsetje med andre del.
The Daughters' War av Christopher Buehlman.
Ein slags prequel og spinoff av Blacktongue Thief, nemnt over, mykje i same stil, men med ein veldig annleis forteljar/hovudperson. God, brutal verdsbygging, og hjelp absolutt på kløen til å ville lese vidare medan ein ventar på den faktiske oppfølgjaren.
