Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3440
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Takker for svar! Når det gjeld Criminal er det litt variabelt kor mykje eg liker dei ulike historiane, sidan dei alle er så sjølvstendige (tenk Sin City, om du har lese det -- det hoppast fram og tilbake i tid og det er av og til bikarakterar i ein serie dukkar opp som hovudpersonar i ein seinare e.l., men det er aldri pågåande historiar frå bind til bind), men dei tidlegaste var jamt over dei eg har likt best, etter hugsa: Coward, Lawless, The Dead and the Dying og Bad Night. Vil tru sidan dei var fyrstre fire paperback-samlingane er det sikkert mange av dei i den fyrste tjukkare samlinga du måtte komme over.

Sei ifrå kva du tykkjer om Kill or Be Killed, når du fullfører! Eg likte underleg nok midten best, ser eg -- eg skreiv ikkje notatar, diverre, men eg ser på LibraryThing at eg gav bind 1 og 4 fire stjerner og bind 2 og 3 fem stjerner. Heh. Fire er jo likevel veldig bra det òg, då.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3440
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Og medan me ventar på jul, oppdaterar Loke har-lese-lista si:
Tongues of Serpents av Naomi Novik, som eg nemnte sist. Dette er, diverre, ei av dei svakare bøkene i serien (så langt verkar det som om annakvar bok er mindre fengande enn resten), men den er mykje betre skreve enn dei tidlegare svakare bøkene -- og unngår til og med hovudproblema til og med dei betre bøkene tidleg i serien sleit med (stadige problem som blir introdusert for så å bli løyst for lett, av seg sjølv og/eller utan særleg kostnad for hovudpersonane var hovudklagen min, og det er det etter kvart omtrent ikkje meir av, heldigvis). Så det var likevel relativt gøy og koseleg lesing. Men den mangla plott å snakke om, og det var tydeleg veldig tidleg, så det skada framdriftsviljen min ein del.

Special Time Edition: The Muppets - Funny, Wise, Beloved - Forever
Plukka denne opp i eit apotek på eit innfall fordi særleg kona er veldig glad i Muppetene. Ganske bra artikkelsamling, lett blanding av klassiske artiklar opp gjennom åras laup og nye skrevne for dette bladet. Kunne nok tenkt meg at filmane fekk meir tekst og mindre bilete (digre tosidiger skjermbilete og eit halvt avsnitt tekst følest som ... feil vektlegging) og at me fekk ei liknande oversikt over fjernsynsprosjekta som me fekk av kinofilmane, men elles eit godt, vellaga og interessant magasin.

The Aeneid av Virgil.
Dette har vore eit skjemmande hol i både bokhylla og lesehistorikken min, så det var fint å endeleg snuble over den i ein brukthandel å få retta på det. I etterkant ser eg at eg nok skulle spandert på meg ei ny utgåve -- det var slett ikkje så lett å følgje alt i ei utgåve fullstendig utan fot- eller endenotar for å forklare obskure referansar eller kallenamn. Og store deler, særleg frå midten av boka av, vart for kjedelege for meg, med endelause skildringar av kampscenar mellom folk historia slett ikkje hadde gjort nok arbeid for å investere meg i. Men for eit to tusen år gamalt verk, slett ikkje verst. Særleg var det doble historienivået der ein følgjer både daudelege og dei realpolitiske manøvreringane til gudane (som så mykje anna her, akkurat som hjå Homer) veldig tøft. Kjekt å endeleg ha fått lese den, i alle fall!

Søkemotoriserte meg òg nyleg fram til to små tilfeldig valte eventyr fordi eg trengde inspirasjon om dommar-relaterte historiar, The Judgment of Shemyaka og The Judge and the Devil, begge var ganske lesverdige!

Elles har det som vanleg gått i teikneseriar medan eg pløyer meg gjennom neste Malazan-roman:

Batwoman: To Drown the World
av J. H. Williams III, W. Haden Blackman Trevor McCarthy og Amy Reeder. Truuur kanskje eg las denne digitalt i si tid, men eg snubla over den brukt og kunne ikkje motstå. Williams' Batwoman leverer vanlegvis, og dette er ikkje noko unntak. Kunne nok tenkt meg litt mindre ikkje-lineær utforsking av store konspirasjonar og litt meir karakterutforsking, men slett ikkje skuffande på noko vis, trass i høge forhåpningar.

The Hedge Knight II: Sworn Sword av Ben Avery, Mike S. Miller og George R.R. Martin. Var den opphavlege kortromanen så bra som dette? Eg hugsar søren meg ikkje, men i så fall er det langt og vel på tide med ei omattlesing. Dette var ei knallgod forteljing av ei ganske god historie.

Donald Duck: Vacation Parade
av Federico Bertolucci og Frédéric Brémaud. Dette radarparet har briljert med LOVE-serien der dialoglause teikneserieromanar med nydelege illustrasjonar følgjer diverse dyr gjennom ein dag eller to, så ektefellen kjøpte meg denne som ei overrasking. Ei original historie som openbart (og effektivt) forsøker attskape slapstickdramaet i klassiske Donald Duck-teiknefilmar, og òg her klarar dei seg fullstendig utan dialog. Kjapp lesing, vakre teikningar. Men historia er, naturleg nok, neppe det mest minneverdige, så ein må ha ein viss førehandskjærleik for klassisk Donald Duck her. (Det har openbart eg.)

Nottingham: The King's Ransom [La rançon du roi] samt Nottingham: The Hunt [La Traque] av Denis Béchu, Emmanuel Herzet, Vincent Brugeas og Erica Olson Jeffrey. Ei Robin Hood-attforteljing med eit par gode vriar, typisk fransk-belgisk kombinasjon av grimt realistiske valdsgjerningar, historieliner og kjeltringar kombinert med vakre teikningar og ispedd uventa augneblinkar av lun eller tøysete humor. Ikkje av det beste eg har lese i sjangeren, men godt over snittet. Har allereie tinga meg bind 3 saman med siste julegåvehandelbestillinga!

Romance in the Age of the Space God av Stephan Franck. Har lese denne før, digitalt, men då me støtta ein Kickstarter for Francks pågåande noirserie Palomino var eit fysisk eksempar tilgjengeleg som eit tillegg, så då slengde eg den med. Veldig tydeleg og kanskje tidvis litt kleint påverka av å ha vore skreve underpandemien og Trump I-presidentskapet, men ekstremt vellaga, og skikkeleg god bruk av den snåle tittelen. Var vel verdt attsynet og kjøpet.

Las så ein del gratishefter frå Outland på Trick-or-Read-kampanjen dei hadde rundt allehelgensaften. Lite som imponerte særleg, men «More Weight: A Salem Story» i Hallowed Hauntings-antologien verka som ei veldig interessant og ambisiøs forteljing med tre ulike teikneseriar for tre relaterte plott i tre ulike tidsaldrar, der dei groteske handlingane i hekseprosessane verkeleg ser ut til å komme til si rett. Eg var òg veldig nøgd med klassisk superhelt-utvalet: Venom: Lethal Protector #1 og Batman: Year Two #1 heldt seg begge veldig godt. Og av dei nye tinga ser både Batman and Robin: Year One #1 og Absolute Batman #1 til å leve opp til dei gode rykta sine.

Nytt album av Idefix og de ukuelige: Drama i manesjen! [Les Irréductibles font leur cirque] av C.Bcconnier, Y. Coulon, S. Lecocq, D. Etien, P. Fenech og Rudy. Eg les nok desse mest av merkevarelojalitet og komplettisme, men om ein liker enkel og lystig slapstick der skurkane alltid får unngjelde til slutt er det framleis finfint, dette, og teikningane er nydeleg klassisk Asterix-stil i mine augo.

Det er tilsvarande tankegong bak at eg kjøpte meg Norge rundt med Donald: Vikingkongen samt Donald Duck Fantasy: Den store reisen. Eg har vel ærleg talt betre ting å lese. Men eg liker at det framleis blir seld ei og anna teikneseriebok i daglegvarehandlane, så når det er såpass opp i mi gate og dei for ein gongs skuld _ikkje_ berre inneheld opptrykk av historiar eg allereie har både to og tre gonger i hyllene, så støttar eg det. Og til Donald å vere var det for all del ein del ganske bra, her!

All my friends are dead av Avery Monsen og Jory John. Morbid skøy. Velfortent godt rykte. Lite elles å sei, utover at den vil ta eit par minutt å lese, maks.

Ein brukthandeltur endte med tre bind av den gamle Egmont-serien der dei trykte opp gamle historiar av karakterar ein (ved tusenårsskiftet) ikkje hadde sett i vekebladet på veldig lang tid, «Endelig tilbake»:
Raptus Von Rupp, Rikerud og Storeulv.
Eg eigde binda med Super-Langbein og Spøkelseskladden frå før av (sistnemnte kjøpt nytt då det kom ut, fyrstnemnte i ein bruktbutikk for ein del år tilbake) og tenkte dette var gøy. Og det er det for så vidt. Det er ein viss kreativ gneist i desse verkeleg gamle historiane som dei kanskje litt meir straumlinjeforma historiane eg vaks opp med på nittitalet berre unntaksvis kunne matche. Men til gjengjeld er dei ofte formulariske og/eller i overkant tøvete eller flate. Alle tre kom likevel med fine tresiders forord og alt i alt var dette eit koseleg tillegg til Disney-seksjonen i teikneseriehyllemeterane.

Nok eit innfallskjøp i bruktbutikk, denne gongen tidleg i november, var ein liten stabel DC-seriar:
* Batman by Ed Brubaker, Volume One av (gisp) Ed Brubaker, Scott McDaniel et al. Eg kjøper jo mykje Brubaker (på langt nær alt, mannen er vanvittig produktiv), men den tidlege karrieren hans der han i stor grad vart kjent p.g.a. Batman-relaterte titlar har eg lese mindre av. Dette er ikkje på høgde med hans (så vidt) seinare Gotham Central, men det ER gode saker! Òg alltid fascinerande å dyppe tærne i såpass gamal-men-relativt-moderne DC-kontinuitet og sjå kva som framleis er canon, kva som er fullstendig omgjort i etterkant, og kva som er kimser-du-med-augo-så-går-det.
* Batman: Kings of Fear av Scott Peterson og Kelley Jones. Dette var ei overraskande god Scarecrow-historie der dei psykedeliske elementa eg vanlegvis mislikar fungerte betre enn eg kanskje venta meg. Teiknestilen var ikkje heilt i min smak for somme karakterar (Batman ser rar ut), men for Scarecrow sjølv var teikningane fantastisk, han har sjeldan sett så skummel ut.
* Batman: Joker's Asylum av Jason Aaron, J. T. Krul, Joe Harris, Kevin Shinick, Arvid Nelson, James Patrick, Jason Pearson, Alex Sanchez, Guillem March, David Hine, Keith Giffen, Bill Sienkiewicz, Andres Guinaldo, Andy Clarke et al. Antologisamling der Joker i kvart blad fortel ei historie om ulike Batman-skurkar, med ny skribent og illustratør kvar gong. Dei fleste forteljingane her var temmeleg bra, fleire direkte kjempegode, sjølv om eg nok kunne styre entusiasmen min for mange av teiknestilane. Penguin-bladet og Killer Croc-bladet er mellom dei beste historiane eg har lese om dei to respektive tittelkarakterane, og både Scarecrow, Riddler, Poison Ivy, Two-Face, Jokers eige og fleire andre her var svært minneverdige. Den einaste som eigentleg skuffa litt var Clayface sin, men sjølv den var lesverdig.
* Tre sekvensielle Catwoman-bind frå seinare år samt ei samling om ein nyare Batman-skurk som er tett samanknytt med Catwoman-plottet her: Dangerous Liaisons, Cat International, Duchess of Gotham og Punchline: The Gotham Game av Tini Howard, Bengal, Nico Leon, Sami Basri, Vicente Cifuentes, Veronica Gandini, Blake M. Howard, Gleb Melnikov, Max Ravnor og Will Robson. Over snittet bra historieforteljing, her, men diverre ikkje godt nok til å vere heilt minneverdig, heller. God kontinuitetsbruk og forankring av hovudpersonen i den emosjonelle samanhengen som (går eg ut ifrå) er etablert i andre titlar i seinare år, samtidig som historia er lett å følgje og sjølvstendig. Kanskje litt for mange meh sidekarakterar etter min smak, men sidan nesten alle er tidlegare etablerte karakterar forfattaren hentar fram, heller enn nye kreasjonar, skal eg ikkje klage for mykje.

Hard Bargain av Steven DeKnight og Leno Carvalho. Mannen som skreiv for Buffy/Angel, skapte Spartacus-serien og var seriesjef for den briljante fyrstesesongen av Netflix sin Daredevil prøver seg på urban fantasy-noir teikneserieroman, så då må eg sjølvsagt støtte det! Og dette var slett ikkje verst. Historia er eit forsøk på den amerikanske versjonen av den okkulte etterforskar-tropen (altså meir Harry Dresden og nemnte Angel enn John Constantine), men trass i demonar og magi er hovudpersonen ganske jordnær og meir i klassisk hardkokt Sam Spade- / Philip Marlowe-retning. Slett ikkje verst.

Så kjøpte eg tre små grafiske romanar om disneyskurkar til ektefellen for årsdagen vår i år, og då ho hadde lese dei hamna dei til slutt i min eigen bunke:
* Disney Villains: Hades - The Horn of Plenty av Mario Castagna, Harriet Webster, Lorenzo Colangeli og Francesca Dell'Omodarme. Eit spenstig forsøk på å attfortelje Persefone-myten i Disneys Hercules-universet der sjølvopptekne Hades openbart aldri kunne blitt forelska i nokon. Fungerer overraskande greit.
* Ikkje å forveksle med den tittellause Disney Villains: Hades av Elliott Kalan og Alessandro Ranaldi, som eg as rett etterpå. Her blir disneyfisert gresk mytologi samla av tittelskurken i eit Alan Moores League of Extraordinary Gentlemen-aktig konsept for å få kloka i Det gylne skinn. God, fartsfylt moro.
* Disney Villains: Maleficent av Soo Lee. Heilt nyyyydelege teikningar. Der Hades (korrekt nok) er framstilt som ein rappkjefta actionkomedieskurk i dei to overnemnte historiane, er Maleficent si historie ei roleg, mørkare fortejling med eventyrstemining, der kapitla nesten fungerar som sjølvstendige småhistoriar like mykje som ei lang ei. (Det eine kapittelet ER faktisk fullstendig uavhengig av resten, og er ei dialoglaus historie der me følgjer ramna Diablo på tokt i nærområdet.) Dialogen her er tidvis litt keitete og kjennest litt feil for karakteren, logikken det siste bladet er nok bittelitt for Dungeons & Dragons-aktig for meg, og eg set spørjeteikn ved at ho stadig forvandlar seg til (eller manar fram, det er uklart) ein gigantisk slange heller enn noko me kunne kjent att frå filmen … men teiknestilen gjorde dette likevel til stemingsfylt, fin lesing.

Asterix i Lusitania [Asterix en Lusitanie] av Fabcaro og Didier Conrad. Solid Asterix-historie med kjekke vitsar og nytt miljø for gallarane å boltre seg i. Liiitt trekk for å ikkje ha meir driv i sjølve historia, men, men.

Gjenlesing av Fables, volum 4: March of The Wooden Soldiers av Bill Willingham, Mark Buckingham, P. Craig Russell og Craig Hamilton følgde så, fordi me er veldig tilhengarar av P. Craig Russell i hushaldninga vår, og hans one-shot som var samla i dette bindet var eit hol i samlinga. Me hadde lese dette før, låna, då me for mange år sidan las heile Fables. Har aldri likt serien nok til å vere meint å kjøpe den inn, eigentleg, men dei tidlege åra var uansett best, så resten av historia i dette bindet var godt vert ein gjenkikk den òg.

For det som kjennest som mange år sidan støtta me ein Kickstarter for å gjentrykke gamle teikneserie-tie-ins av Gargoyles-fjernsynsserien. Dei kom endeleg, og eg rapporterer:
* Gargoyles: Classic Years av Martin Pasko, Mort Todd, Amanda Conner og Grant Miehm. 11 blader frå nittitalet, og (overraskande nok) det absolutt beste her. Liiitt formularisk med korleis annakvar nye historietwist tenderer til å involvere ein ny type kvasi-gargoyle-klon, men historiane som spring ut av det er varierte og spanande, og forteljargrepet med å late seriens einaste menneskelege hovudperson fortelje alt i fyrsteperson fungerer veldig godt!
* Gargoyles: Clan Building av Greg Weisman, David Hedgecock, Nir Paniry, Karine Charlebois, Gordon Purcell, Greg Guler, David Hutchison og Ben Dunn. Dette er serien frå midt på 2000-talet, som varte i 12 blader (skjønt dei siste tre-fire, om eg forstår nettet rett, kom berre ut i paperback-form fordi serien vart kansellert før dei kom ut individuelt). Dette skal i teorien erstatte den generelt mislikte tredjesesongen, utom fyrste episode derfrå, som Weisman sjølv skreiv og som han adapterer til teikneserieform i dei fyrste to blada her. Det er … heilt greitt. Lider litt av det typiske 'me fortset på ein kjent fjernsynsserie i anna format og passar difor på å bringe tilbake KVAR EINASTE KARAKTER DU NOKON GONG SÅG'-syndromet (eg er heilt for å bringe tilbake så mange karakterar som mogeleg, men då må dei får plass og meining i historia, og det skjer sjeldan her). Ein historieseksjon i midten av samlinga er ekstremt forvirrande lagt opp med (i stor grad meiningslaust, så vidt eg kan sjå) ikkje-lineær framstilling som slett ikkje klarer å løfte ei uansett lite imponerande plottline. Den tek seg meir opp mot slutten, der det blir fokus på berre éin enkeltkarakter.
* Gargoyles: Bad Guys av Greg Weisman og Karine Charlebois, ein avleggjarserie av Clan Building i svart-kvitt om diverse eksskurkar og antiheltar. Her hadde eg veldig låge forventningar, og var positivt overraska -- dette var ikkje av det beste, men slett ikkje verst!
* Gargoyles: Quest #1 av Greg Weisman og Pasquale Qualano, eit enkeltblad frå den noverande serien. Det har vore ein serie til mellom Bad Guys og denne som eg ikkje har lese, men det var relativt lett å forstå kva som gjekk føre seg og likevel openbar god bruk av kontinuiteten. Om historia som følgjer her vil vere verdt å lese er vrient å sei, men det verkar i alle fall litt meir fokusert enn Clan Building var.

Me kjøpte nyaste bindet Saga (bind 12) av Brian K. Vaughan og Fiona Staples då Outland hadde Black Friday-sal, og sjølv om dette nok var eit litt omrokeringsbind der det var meir plottløfting enn klimaks å finne, var det som alltid med Saga ei god, engasjerande leseoppleving. Veldig god bruk av forteljarrøysta, nok ein gong. Framleis ein av dei beste og mest ambisiøse langformat-seriane eg har lese, dette.

På årets tur til svigers kjøpte me det nyaste (tredje) bindet Klaus av Grant Morrison og Dan Mora, The Life & Times of Santa Claus. Som i bind 2 går Morrison her bort frå det opphavlege verket sin gotisk fantasy-sjanger og over i noko meir superheltparodisk, som smaker sci-fi-fantasy, der alle julenissar er verkelege og samarbeidar og saker, og det er nok langt mindre mi greie. Men historia i botnen av dei to blada som blir samla her er likevel gode: Den fyrste, om ein snømann med hukommelsesproblem som kanskje har vore menneske for kort stund sidan, og den andre, eit liv i revers lagt opp som ein adventskalender der kvar av 24 dobbeltsidige dialoglause illustrasjonar viser eit glimt frå ein manns liv, med alder og år i hjørnet, der me ser han blir yngre og yngre heilt til han er nyfødd 25. desember.

Og til slutt, Friday: The Complete Series av Ed Brubaker og Marcos Martín, som kona gav meg til gebursdagen. Eg hadde aldri høyrt om den før, men Ed Brubaker veit vanlegvis kva han driv med, og dette er intet unntak. Ein tidlegare tenåringsdetektiv kjem tilbake til heimbyen til jul etter sitt fyrste semester på college, og blir vikla inn i eit mysterium av sin tidlegare detektivmakker (og potensielt men urealisert romantisk partner). Spanande og engasjerande skreve.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Jeg klarer som vanlig ikke å levere en like innholdsrik post, men har lest litt siden sist jeg og:

Keiseren av Roma av Mary Beard. Har faktisk ikke lest SPQR av Beard, som jeg kanskje burde gjøre, men plukka opp denne. Det er en bok om de romerske keiserne, fram til Alexander Severus (d. 235 evt), men ikke en kronologisk fremstilling, men heller en tematisk en. Det betyr at hun undersøker de ulike sidene ved keiserrollen, noe som gir henne en mulighet til å sammenligne og fordype seg i sidene ved det å være keiser i Romerriket, framfor å fortelle en streit historie. Hun ser feks på keiseren på tur, keiserens palasser og andre bygninger, keiseren og kultur/idrett m.m. Det er for så vidt i tråd med å tenke historie på, særlig didaktisk, de siste tiårene (jeg kjører også tematisk undervisning i historie på VG2). Det har sine fordeler da man ser sammenhenger og får et godt bilde av keiseren. Men det har også sine ulemper, da det egentlig krever en viss kronologisk oversikt og kunnskap fra før av. Jeg kan jo det grunnleggende, men merket også flere ganger at jeg måtte google litt for å få ting på plass. Hun skriver samtidig godt, så da er det vel bare å få tak i SPQR.

Grev Jakob av Geir Stian Ulstein. Den handler om en dansk greve som havner i maktkampen i Danmark på 1200tallet, blir beskyldt for å drepe den danske kongen, taper maktkampen, og må flykte til Norge, der han blant annet står bak byggingen av den første borgen på Akersneset (Akershus festning). Har jo vært borti navnet en del ganger i mine egne studer for over 10 år siden, og mange karakterer er kjente, men hadde ikke så mye kunnskap om Jakob Nielsen i seg selv, så det var jo interessant. Forfatteren legger det litt fram som en historisk true crime (hvem drepte den danske kongen Erik Klipping), men klarer aldri helt å engasjere i historien. Han skriver greit, men ikke så levende. Litt skuffende.

Fikk to utgaver av Hardråde av Tore Skeie til jul (sånn går det når man sender ut en generell ønskeliste). Har lest hans tidligere bøker og han er en god forfatter, og det er han her også. Er bare halvveis (Harald Hardråde driver per nå, etter 20 sider, og løper rundt i Middelhavsområdet som leisesoldat i væringgarden), men Skeie fortsetter å skrive veldig godt. Han har god kontroll på historien og er skikkelig flink til å forklare verden og samfunnet - også den bysantinske. Kan vel ikke anbefale boka før jeg er ferdig, men basert på 50% lesing, så anbefales den. Tenker å bytte den ene utgaven i enten Ufred av Åsne Seierstad eller 38 Londres Street av Philippe Sands, men ser også at jeg vil rekke å lese ferdig boka innen byttefristen, så kanskje bytte begge?

Av tegneserier har jeg lest
Pennyworth av Wilson og Gedeon. Samler #1-7. Ganske fin lesning der vi møter Pennyworth i dag og da han var ung agent. De to tidslinjene blendes etter hvert sammen. Det er dobbeltagenter, det er genmanipulasjon, russere og kald krig. Tegningene er ganske greie, men kanskje litt "stive".

Hellboy and the BPRD - The Secret of Chesbro House and others av Mignola med fler. Samling av flere korthistorier. Har aldri lest Hellboy (annet enn Hellboy junior som gikk i M-bladet en periode), men har hatt lyst, så plukka denne med meg (kosta ikke mange kronene hvis jeg husker riktig). Det gir mersmak, men med flere korthistorier med ulike tegnere, blir det jo en del hopp (de to siste henger sammen). Synes at hovedhistorien, The Secret of Chesbro House, er den beste av av dem.

Scene of the Crime av Ed Brubaker, Michael Lark og Sean Philipps. Er som deg Loki, glad i Ed Brubaker. Dette er en av hans tidligere utgivelser og er en god krim-noir-thriller som ikke skuffer. Også fint å lese et "blad" der historien er fullført!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3440
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Jeg klarer som vanlig ikke å levere en like innholdsrik post, men har lest litt siden sist jeg og:
GODT NYTT ÅR! :D
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Keiseren av Roma av Mary Beard. Har faktisk ikke lest SPQR av Beard, som jeg kanskje burde gjøre, men plukka opp denne. Det er en bok om de romerske keiserne, fram til Alexander Severus (d. 235 evt), men ikke en kronologisk fremstilling, men heller en tematisk en. Det betyr at hun undersøker de ulike sidene ved keiserrollen, noe som gir henne en mulighet til å sammenligne og fordype seg i sidene ved det å være keiser i Romerriket, framfor å fortelle en streit historie. Hun ser feks på keiseren på tur, keiserens palasser og andre bygninger, keiseren og kultur/idrett m.m. Det er for så vidt i tråd med å tenke historie på, særlig didaktisk, de siste tiårene (jeg kjører også tematisk undervisning i historie på VG2). Det har sine fordeler da man ser sammenhenger og får et godt bilde av keiseren. Men det har også sine ulemper, da det egentlig krever en viss kronologisk oversikt og kunnskap fra før av. Jeg kan jo det grunnleggende, men merket også flere ganger at jeg måtte google litt for å få ting på plass. Hun skriver samtidig godt, så da er det vel bare å få tak i SPQR.
Eg las hennar Religions of Rome som pensum på universitetet, og har ... noko av ho i lesehylla, trur kanskje SPQR. Kjenner meg veldig igjen i nøyaktig det du skildrar der om tematisk historieformidling: Det er veldig nyttig og interessant ... og ekstremt vrient å få mykje ut av om ein ikkje allereie har ei veldig sterk kronologisk forankring før ein les den. For meg, i alle fall. Så difor tenderer eg til å styre unna slike, diverre. :/ Er ytterst sjeldan eg føler eg har så sterk kontroll på hendingane i ein periode at eg kan få fullt utbytte av noko slikt (og om det skulle vere tilfelle, vil eg nok i så fall heller føle eg får meir ut av å lese om eit nytt emne heller enn å gjenvitje det eg allereie kan med ei ny vinkling).
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Grev Jakob av Geir Stian Ulstein. Den handler om en dansk greve som havner i maktkampen i Danmark på 1200tallet, blir beskyldt for å drepe den danske kongen, taper maktkampen, og må flykte til Norge, der han blant annet står bak byggingen av den første borgen på Akersneset (Akershus festning). Har jo vært borti navnet en del ganger i mine egne studer for over 10 år siden, og mange karakterer er kjente, men hadde ikke så mye kunnskap om Jakob Nielsen i seg selv, så det var jo interessant. Forfatteren legger det litt fram som en historisk true crime (hvem drepte den danske kongen Erik Klipping), men klarer aldri helt å engasjere i historien. Han skriver greit, men ikke så levende. Litt skuffende.
Trist at den ikkje leverte så bra, kjente eg vart veldig nyfiken på boka då du la ut premisset her .. :/
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08Fikk to utgaver av Hardråde av Tore Skeie til jul (sånn går det når man sender ut en generell ønskeliste). Har lest hans tidligere bøker og han er en god forfatter, og det er han her også. Er bare halvveis (Harald Hardråde driver per nå, etter 20 sider, og løper rundt i Middelhavsområdet som leisesoldat i væringgarden), men Skeie fortsetter å skrive veldig godt. Han har god kontroll på historien og er skikkelig flink til å forklare verden og samfunnet - også den bysantinske. Kan vel ikke anbefale boka før jeg er ferdig, men basert på 50% lesing, så anbefales den. Tenker å bytte den ene utgaven i enten Ufred av Åsne Seierstad eller 38 Londres Street av Philippe Sands, men ser også at jeg vil rekke å lese ferdig boka innen byttefristen, så kanskje bytte begge?
Imponert av kor mykje historisk prosa du tydelegvis kjem gjennom! :o
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Av tegneserier har jeg lest
Pennyworth av Wilson og Gedeon. Samler #1-7. Ganske fin lesning der vi møter Pennyworth i dag og da han var ung agent. De to tidslinjene blendes etter hvert sammen. Det er dobbeltagenter, det er genmanipulasjon, russere og kald krig. Tegningene er ganske greie, men kanskje litt "stive".
Meiner eg la ut om denne ein stad då eg las den; eg var veldig skuffa, eigentleg. :/ Liker jo serien så godt, og føler ikkje at dei hadde sett meir enn ein einaste episode av den.
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Hellboy and the BPRD - The Secret of Chesbro House and others av Mignola med fler. Samling av flere korthistorier. Har aldri lest Hellboy (annet enn Hellboy junior som gikk i M-bladet en periode), men har hatt lyst, så plukka denne med meg (kosta ikke mange kronene hvis jeg husker riktig). Det gir mersmak, men med flere korthistorier med ulike tegnere, blir det jo en del hopp (de to siste henger sammen). Synes at hovedhistorien, The Secret of Chesbro House, er den beste av av dem.
Dette er ein av dei (relativt få) eg IKKJE har lese! Hellboy er veldig bra, men absolutt ikkje for einkvar smak. Det er to typar Hellboy-historiar, grovt sett: lausrevne småhistoriar sett før 1990-talet, der Hellboy interagerer med diverse fabelvesen og legender rundt om på kloten som okkult etterforskar, og den lange hovudhistoria sett meir eller mindre i notid då dei vart produserte. I fyrstnemnte kategori kan du igjen sortere i dei Mignola skriv og teiknar sjølv, dei der han berre finn på premisset og andre teiknar og kanskje fyller ut manus, og der andre har både teikna og skreve. Høyrest ut som om den du har lese er ei blanding av kategori 2 og 3. Ser tittelhistoria i den kom ut i 2021, som nok er etter eg sist las meg à jour, ja. (À jour på Hellboy sjølv, vel å merke -- på BPRD sans Hellboy og dei diverse andre avleggjarseriane har eg aldri vore à jour i det heile!)
Asphyxiate wrote: Wed Dec 31, 2025 12:08 Scene of the Crime av Ed Brubaker, Michael Lark og Sean Philipps. Er som deg Loki, glad i Ed Brubaker. Dette er en av hans tidligere utgivelser og er en god krim-noir-thriller som ikke skuffer. Også fint å lese et "blad" der historien er fullført!
Denne har eg ikkje lese! Brubaker/Phillips er så vanvittig produktive at det er utfordrande å forsøke halde litt tritt og samtidig undersøke bakkatalogen hist og her.

Og apropos det, sjølv har eg sidan sist pløyd gjennom følgjande, derav dei fyrste to av nettopp Brubaker/Phillps:
The Knives og The Fade Out. Knives er nyaste teikneserieromanen i Criminal-universet deira, og nok eit glitrande tilskot. Interessant nok deler det ein Hollywoods-mørke-side-tematikk med McCarthy-era-plasserte Fade Out, som er eit dykk tilbake i katalogen deira, men diverre noko eg diverre likte langt mindre. Spanande og engasjerande oppsett, men eg kan styre meg for antiklimakset det heile byggjer mot. Er klar over at det jo er poenget, men eg er nok småborgarleg nok til at eg liker Brubaker betre når han leverer eit faktisk klimaks. Akk, ja. Men Knives var god!

Las òg Best Bear Ever!: A Little Year of Liz Climo av, vel, Liz Climo. Ektefellen er veldig glad i desse koselege feelgood-teikneseriestripene og ynskte seg denne i haust, og då ho hadde lese den las eg den sjølvsagt etterpå. Fleire striper er humreverdige, og godkjensla er der absolutt på same vis som i tidlegare Climo-bøker eg har lese!

Donald Pocket 564: Jul i Andeby, som veslesystera mi hadde kjøpt og lagt i ei julestrømpa for meg i den tru at det måtte vere eit julealbum. (Det er det ikkje -- kun ei historie i den føregår i desember, og den handlar om nyttårsafta, ikkje jul, så her har Egmont verkeleg dratt strikken langt med omslagstittelen.) Mykje koseleg Donald-lesing av same kvalitetsnivå eg ville venta meg i ein Donald Pocket, men ingenting som verkeleg imponerte meg, diverre.

Superman: Lost av Christopher Priest og Carlo Pagulayan er ein uvanleg ting for meg: Den er ganske ny, eg ynskte meg den, og den handlar om Superman, som hjå meg neppe når ei topp 12-liste over DC-karakterar ein gong. Premisset er at tittelkarakteren dreg for å løyse ei katastrofe slik han alltid gjer, og då han kjem heim til Lois Lane på kvelden trur ho alt er som normalt. Det er det ikkje. Frå hans perspektiv har han vore borte i 20 år, stranda på andre sida av galaksen og kjempande om å komme seg heim. Det som følgjer er ei ikkje-lineær utforsking av Lois og Clarks no vaklande samliv i notida, samtidig som me gradvis avdekkar kva som har skjedd med han dei siste 20 åra. Hadde snubla over veldig positive omtalar på nettet og slengde den på ynskjelista mi for å forsøke få litt variasjon inn der. Forstår både merksemda og dei positive omtalane! Dette er nok ikkje akkurat mi favoritt Superman-forteljing, så dei skyhøge forventningane skulle eg nok justert ned ein smule, men den er annleis på positivt vist, godt fortalt og engasjerande formidla, og eg las den med entusiasme og berre på eit par kveldar.

Eg fekk òg i gåve, sikle, gigantomnibusen Daredevil: Shadowland, men denne er eg berre halvferdig med, så det får bli i neste post. Elles er eg no halvveges i neste Malazan-bok, det har gått sakte der no nokre månadar, trur eg har mista litt pågangsmot trass i at kvaliteten slett ikkje har gått ned. Blir neppe betre no som det står seks nye ikkje-Malazan-bøker frå under juletreet og pressar om plass i månadane som kjem!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Den Pennyworth-tv-serien fikk jeg aldri med meg, så har ikke sammenligningsgrunnlaget, men synes tegneserien var, som sagt ganske fin; men absolutt ikke noe stort.

Om boka om grev Jakob: Den er ikke direkte dårlig, men det var noe med skrivemåten som gjorde at den ikke engasjerte så mye. Ikke samme som med boka om Harald Hardråde - Tore Skeie skriver veldig godt, noe som gjør det til en god leseopplevelse også.

Skal også få lest noe annet enn historie, men merker at jeg da ofte trenger tid til å lese romaner. Det er enklere med historiebøker (og annen sakprosa) å legge den til side en stund og så ta den opp igjen. Med romaner så dreper det fort flyten. Har noen fantasyromaner på planen, så kanskje vinterferien blir neste.

Angående Hellboy: Er det bare å ta med seg en omnibus for å komme litt mer skikkelig i gang?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3440
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Jan 02, 2026 23:59 Den Pennyworth-tv-serien fikk jeg aldri med meg, så har ikke sammenligningsgrunnlaget, men synes tegneserien var, som sagt ganske fin; men absolutt ikke noe stort.
Serien er ein ganske ambisiøs og relativt tullerusk eiga greie som berre så vidt har tilknytning til Batman-seriar, der ei alternativ verd der England på eit udefinert punkt på 1900-talet har vore involvert i ein nyleg avslutta krig ein eller annan stad men no slit med sterke fascistiske krefter innanriks, medan ekssoldat Alfred Pennyworth forsøker å gjenintegrere seg i det sivile samfunn. Teikneserien vil openbart i teorien trekkje linjene (som aldri rekte komme så langt før serien vart kansellert etter 3. sesong) frå serien til den Alfred me kjenner i teikneserieuniverset, som i utgangspunktet høyrest veldig freistande og gøy ut. Diverre viste det seg at utover likskapane i karakterdesign og at han har ein kamerat kalla 'Daveboy' er det veldig lite her som rimer med det som skjer i fjernsynsserien, så det kjentest overfladisk og uinteressert ut for meg, som om manusforfattaren fekk dette i oppdrag men ikkje gadd sjå serien forbi pilotepisoden og så sette seg ned og skreiv manus. Introduserer nye karakterar som ikkje var i serien, motseier både implisitt og eksplisitt ting som skjedde i serien, passar ikkje inn i kontinuiteten frå serien ... Men er samtidig for tydeleg forankra i overfladiske ting frå serien til at ein kan late som om det har null med den å gjere. Alt det sagt er eg for så vidt einig i at isiolert sett var det ei heilt OK sci-fi-spionhistorie, eg slit berre med å komme over skuffinga at den ikkje lever opp til det omslaget implisitt lovar; ei forsetjing på eller i alle fall tie-in til serien.
Asphyxiate wrote: Fri Jan 02, 2026 23:59 Skal også få lest noe annet enn historie, men merker at jeg da ofte trenger tid til å lese romaner. Det er enklere med historiebøker (og annen sakprosa) å legge den til side en stund og så ta den opp igjen. Med romaner så dreper det fort flyten. Har noen fantasyromaner på planen, så kanskje vinterferien blir neste.
Stikk motsett av meg! Utan framdrifta i ein roman blir det eit par kapittel og så blir sakprosaen liggande på hylla i årevis, og når eg endeleg plukkar den opp hugsar eg null av dei to kapitla eg las sist.
Asphyxiate wrote: Fri Jan 02, 2026 23:59 Angående Hellboy: Er det bare å ta med seg en omnibus for å komme litt mer skikkelig i gang?
Jepp, eigentleg. Er så mange ulike samlingar med ulike tilnærmingar der ute at eg har ikkje heilt oversikt, men vil tru omnibus-utgåvene, om dei framleis er i sal, er enklast. Bind 1 der inkluderer i alle fall fyrste plott-tunge historia, "Seed of Destruction", som hovudhistoria tek utgangspunkt i.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1074
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Takker.

Og ser jo nå at jeg glemte å skrive godt nyttår selv.... så: Godt nyttår!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3440
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Uff, som tida flyr, her er me straks i april og eg har ikkje posta i tråden sidan nyttår! Blir mykje teikneseriar å liste no, men somme prosabøker hist og her.

Fyrst las eg Daredevil: Shadowland Omnibus av Andy Diggle, Billy Tan, Antony Johnston, Wellinton Alves, Roberto de la Torre, Davide Gianfelice et al. Dette var ei julegåve, ei av mange Daredevil-gigasamlingar eg hadde på ynskjelista -- men eit lite lukketreff, i og med at i alle fall estetikken (dvs. drakta) herfrå er ei inspirasjonskjelde for den nye sesongen av fjernsynsserien. Eg har gradvis innsett at Daredevil kanskje er den velkjent Marvel-karakteren eg liker best å lese historiar om -- ikkje naudsynleg karakteren eg liker best, men historietypane hans er noko eg kjenner dragning mot -- og han er òg velsigna med å vere ein karakter det omtrent kvar einaste større arc han har hatt siste 25 åra har vore lovprisa av kritikarar og lesarar. Shadowland er litt spesiell i så måte, sidan det er ein slags minievent i Marvel-universet som er fokusert på Daredevil, men difor òg inkluderer mange andre blader og sidehistoriar. Desse er litt ymse kvalitet på. Somme av dei er veldig bra, men andre trekkjer heilskapen litt ned. Det er òg skuffande at desse ikkje er plassert skikkeleg kronologisk, men dukkar opp ei og ei etter at hovudhistoria er omtrent ferdig, men før epilogkapitla. Det øydeleggjer framdrifta og underminerer ein del av spenninga sidan eg i mange tilfeller veit kva som skjer allereie. Men Andy Diggle sine eigne kapittel -- altså sjølve Daredevil-bolkane -- er veldig gode. Det kjennest likevel på mange vis som om det heile er over før det verkeleg får byrja, diverre. Dette er ofte eit problem eg har med interessante vriar på status quo i superheltseriar; dei bruker mykje tid på å få spelebrikkene på plass, og så når dei er der, så er det eit stort smell og så er det over. Premisset her er at Daredevil har gått med på å bli sjef for snikmordsorganisasjonen The Hand for å hindre at verre folk leiar den, og forsøker å balansere dette leiarvervet med sine eigne ideal utan å bli korrumpert. Eit kjempebra premiss (som på mange måter minner meg om den fantastiske femtesesongen av fjernsynsserien Angel, forresten), og historia er veldig bra fortalt ... heilt til den er over. Kunne tenkt meg å ha sett eit par årgangar Daredevil der dette var status quo før ein gjekk tilbake til normalen. Men akk. (Det ender òg på ein spanande ny vri, som eg ser på nettet diverre aldri vart skikkeleg følgd opp, heller.)
Er likevel alt anna enn skuffa, og om noko no endå meir gira på å få lese fleire slike supersamlingar om han som norske bladhyller førre årtusen likte omtale som Våghalsen.
Image

Dernest, dei fire binda The Third Testament av Xavier Dorison og Alex Alice. Eg likte Alice sin Siegfried (som eg las i Outland-forlaget si norskomsetjing) og er byrja bli kjempetilhengar av Dorison, så denne har eg vore nyfiken på ei stund. Det er Dorisons store gjennombrotserie, og den er nok nokre hakk mindre gripande for meg enn seinare verk eg har prøvd. Dette er altså ein mystisisme-konspirasjonsthriller under inkvisisjonen, tenk Da Vinci-koden viss den føregjekk op 1300-talet. Det er ei sakte oppbygging her, som fyrste bind lider av, men den blir godt spanande og interessant utover. Ser ei slags oppfølgjarhistorie er blitt laga seinare, vurderer absolutt å prøve den òg.
Image

Eg nemnte nokre bind Nottingham i postane her i fjor, og har no lese ein ny, Robin av Vincent Brugeas, Emmanuel Herzet og Benoit Dellac. Dette fortset å vere god mellomalderaction og ei ganske jordnær, interessant tilnærming av Robin Hood-mytoset der sheriffen er hovudperson og eit godt menneske, men det manglar nok ein je ne sais quoi for å vere det verkeleg heilt store. Det sagt, det er nydelege teikningar, flott framdrift og minneverdige scenar, og så byggjest det ein del interessant kontinuitet her, bind for bind, så det kan bli noko verkeleg spesielt gitt nokre bind til å vekse på. Vel verdt lesinga om premisset verkar spanande.
Image

Fekk Simon Spurrier og Bilquis Evelys trebinds Sandman-oppfølgjar The Dreaming til jul. Spurrier er ein skribent som ofte står bak mykje bra, og denne var veldig fin. Det er sjølvsagt eit utruleg krevjande oppdrag å skulle fortsetje noko etter meistarverket Sandman, men å her (som tittelen tyder på) leggje fokuset på bikarakterar fungerer flott for Spurrier. Det når sjølvsagt aldri moderserien til knea, men det kjennest som ein verdig epilog, og det er meir enn eg ville våga vente meg. I same slengen las eg dei fyrste to binda av oppføgjaren til The Books of Magic (samt ei gjenlesing av den opphavlege), då eg fann desse på vårryddesalget til Outland. Desse, av Kat Howard og Tom Fowler, lukkast nok ikkje like godt med å vere ein fullverdig oppfølgjar, men det var heilt OK lesing. Vil ikkje leite etter resten av denne serien, men snublar eg over den brukt ein dag, les eg gjerne ferdig.
Image

Eg hadde liknande reaksjon på eit anna funn frå vårryddinga til Outland, Strange Academy: Bright Side av Skottie Young og Humberto Ramos. Magiskule-serie i Marvel-universet, dette er bind 2, eg prøvde bind 1 for mange år sidan. Det imponerte ikkje den gongen, men eg tenkte kvifor ikkje gi det ein ny sjanse no. Og det var absolutt nokre hakk betre enn eg hugsa at bind 1 var! Framleis ikkje heilt seld. Kanskje ein førtiåring rett og slett ikkje er rett målgruppe for historiar om magielevar i tenåra.
Image

Eit anna funn på det ryddesalget var noko eg aldri hadde høyrt om ein gong: Seven to Eternity, ein tetralogi av Rick Remender og Jerome Opeña om ei fantasyverd der alt er styrt av ein tyrann som kontrollerar undersåttane ved å love kvar av dei akkurat det dei ynskjer mest, i byte mot å få innpass i hovuda deira så han kan sjå og høyre alt dei ser og høyrer. Interessant konsept, som tidvis lever opp til premisset, og har nokre fine vriar her og der undervegs -- men ikkje fullt så konsekvent at eg vart skikkeleg imponert. Bonuspoeng for at tyrannen er ein av dei meir interessante karakterane i verda som blir skildra, då.
Image

Det siste funnet på ryddealget til Outland var ein anna tetralogi, men dette var ein eg har vore veldgi klar over: DIE, ein Dungeons & Dragons-dekonstruksjon av Kieron Gillen og Stephanie Hans. Gillen er ein annan serieskapar eg er tilhengar av, men her må eg innrømme eg var litt skuffa. Fyrste bind var svært gripande og interessant, men resten leverte eigentleg ikkje så mykje for meg. Ei heilt grei skuring angst-og-moralske-gråsoner-sekundærverd-fantasy-historie med avstikkarkapittel der ein lærer ein del (for all del interessante ting) om rollespelsjangeren og tinga som forma den gjennom historia.
Image

Så kjem me endeleg til den fyrste prosaboka, Toll the Hounds av Steven Erikson. Denne har eg jo skreve om i ein annan tråd her, men det var god lesing, sjølv om den tok meg æææææver å fullføre.

Det har blitt tre tilfeldige Lucky Luke-album på nyåret; to gamle for å plugge hol i samlinga, og det nye som er i handelen i desse tider. Godt nøgd med alle tre! Dusørjegeren [Chasseur de primes] av René Goscinny og Morris var strålande, ein av dei beste i serien, morosam og intelligent. Brødrene Dalton får en sjanse [Les Dalton se rachètent], òg av Goscinny og Morris, var definitivt òg mellom dei betre, men ikkje heilt i same liga.
Image
Den nye, Kamerat Cowboy [Une cow-boy sous pression] av Jul og Achdé fortset det høge nivået dei fleste av desse moderne oppfølgjaralbuma har helde. Dalton-brørne følest litt tvungne her -- historia hadde fungert vel så bra utan dei -- men elles er Luke som må handtere tidleg fagforening og industrialisering frå begge sider av forhandlingsbordet eit sprekt og ofte overraskande artig premiss som passer flott inn i tradisjonen med å late hovudpersonen omgås med historiske prosessar og figurar.

Året sin andre prosaroman -- fyrste i ein lang pause frå Malazan-prosjektet der eg hentar meg inn på jule- og gebursdagsgåver til både meg og ektefellen -- var min fyrste Ursula K. Le Guin sidan eg så vidt prøvde meg på Earthsea på skulebiblioteket tidleg i tenåra; The Left Hand of Darkness. Litt ujamnt tempo, og kanskje litt føreseieleg historie på somme vis, men velskreven og (i alle fall med tanke på når den vart skreven) idérik og tankevekkjande. Blir nok ikkje ein favoritt for meg, men den var vel verdt lesinga.
Image

Ein gamal litteraturforelesar eg hadde for tjue år sidan sendte meg nokre korte noveller han stundom har hatt på pensumlistene sine då eg nemnte eg ikkje hadde lese verken O. Henry eller Lovecraft sjølv om eg så klart eg velkjent med begge namna. Hearts and Hands av O. Henry var heilt OK, sjølv om eg såg sluttvrien komme umiddelbart og nok hadde håpa det skulle vere litt meir ved den. The Outsider av H. P. Lovecraft var litt traurig for meg å følgje tråden i, men til skrekk å vere (som ikkje er mi greie i det heile tatt) fungerte den ganske fint. Beyond the Wall of Sleep av Lovecraft var mykje lettare å forstå for meg, men den verka litt … retningslaus? Følte ikkje at eg fekk så mykje ut av den, diverre. Gøy lell å endeleg ha dyppa tåa litt.

Roms ørne VIII [Les aigles de Rome VIII] av Enrico Marini er like solid som tidlegare bind. Trist at desse no må kjøpast på dansk fordi dei fyrste ikkje selde godt nok på norsk. Som vanleg er det litt for lite historieprogresjon per bind til at eg verkeleg føler eg er inne i det igjen før det heile er over, men det er på grunn av sidetalet og ikkje sidene sjølve. Dette er forseggjort, sterk historisk fiksjon.
https://static.fnac-static.com/multimed ... minius.jpg

Endå betre er, som vanleg, nyaste bind Undertaker: Verden ifølge Oz [Le monde selon Oz]. Nok ein serie der norsk har gitt opp og eg må bestille frå Tronsmo på dansk, men Xavier Dorison og Ralph Meyers gjer det som alltid vel verdt det. Dette er andre del av historia som vart påbyrja i førre bind (som vanleg er Undertaker skreven i historiebolkar på to og to bind), og denne westernserien om ein tørrvittig reisande gravferdsagent etter den amerikanske borgarkrigen er og blir ein av dei beste teikneseriane eg les.
Image

For sikkert ti år sidan fekk eg dei fyrste binda av The Wicked + The Divine av Kiron Gillen og Jamie McKelvie frå ektefellen, og me likte den begge nok til å ville fortsetje. Det tok si tid, men i fjor somla me oss endeleg til å kjøpe resten, og no har eg lese den! Konseptet er at ein gong kvart nittiende år reinkarnerast tolv guddommar (ikkje naudsynleg dei same tolv kvar gong) i ungdomar ein eller annan stad i verda. Desse ungdomane får kreftene og til dels personlegdomane til gudane som no bur i dei, men dei får berre leve i to år før dei forsvinn. Denne gongen har det skjedd i Storbritannia, og i eit moderne samfunn tek tilbedinga deira form av tilhengarskarar som kjem til konsertane. Serien utforskar altså, i alle fall i teorien, konsept som kortsiktig tenåringstenking og heltedyrking av musikarar. Eg kan styre meg for tenåringssida her, og over tid er thrilleraspektet absolutt det sterkaste etter kvart som karakterane og lesaren får skjønne litt og litt meir om kva reglane er, kvifor dei er slik, og kva som slett ikkje er slik det ser ut til å vere. Eg likte den godt, som heilskap, men etter ellevte og siste bind er over fenga den meg framleis diverre aldri heilt nok til å bli mellom mine favorittar i urban fantasy-sjangeren. Tilrådd for alle som tykkjer premisset høyrest spanande ut, den leverer absolutt, men elles går det greitt å hoppe over den òg.
Image

Så fekk eg endeleg somla meg til den fjerde og siste boka i Stephen Fry sine gjenfortejlingar av gresk mytologi: Odyssey. Kunne nok tenkt meg for komplettismen sin del at litt fleire av dei omkringliggjande historiane vart gitt 'skjermtid' her, særleg andre halvpart av Æneiden og historiane om Odyssevs etter at han endeleg kjem seg heim, men eg forstår jo at Fry ville halde seg til sjølve reisa og heimkomsten som rammestruktur. God lesing, heile denne serien er varmt tilrådd.
Image

Briar, Vol. 1: Sleep No More av Christopher Cantwell og Germán García samt Briar, Vol. 2: Quest of the Cursed av Cantwell og Alex Lìns var innfallskjøp i fjor fordi eg likte fjernsynsserien Halt & Catch Fire Cantwell stod bak og tenkte dette konseptet -- ein mørk fantasy-vri på Tornerose-eventyret -- kunne falle ektefellen i smak. Me tykte begge dette var heilt grei skuring, men liksom mangla noko udefinerbart for verkeleg å fenge oss. Det er ein del god humor her, og ein del kule scenar, særleg i bind 2, men eg blir ikkje heilt oppslukt i historia. Kjem sikkert til å gi det tredje bindet ein ny sjanse når det kjem, men vil ikkje akkurat klø i fingrane etter å få tak i det.
Image

Årets fjerde prosaroman var She Who Became the Sun av Shelley Parker-Chan. Dette var veldig bra! Ei ung fattigjente i gamle Kina stel lagnaden til sin eldre bror og, under dekke av sin mannlege identitet, blir ein meir og meir vesentleg figur i si samtid. Det er små tendensar hist og her til litt keitete moderne moralisering (viss ein kvinneleg karakter faktisk blir namngitt er dei alltid mykje smartare enn dei sosialt uendeleg høgarestilte mennene, til dømes), men Parker-Chan unngår det verste av dette for meg ved å late hovudpersonen sin bli verande svært kynisk og amoralsk, og gir empati- og samvitskvaler til ein sekundærkarakte i staden. Ei lita klage både eg og ektefellen hadde er at fantasyaspektet (menn som har gudegitt styringsmakt har eit indre lys folk kan sjå, og hovudpersonen kan sjå gjenferd) er nesten uvesentleg og at romanen dermed nok kunne greidd seg utan det, men sidan det er bok 1 av 2 reknar eg med det blir meir i fokus i neste bind, som eg absolutt er meint å kjøpe.
Image

Masterpiece av Brian Michael Bendis og Alex Maleev. Er byrja få inntrykk, diverre, av at Bendis, som ein gong i tida knapt kunne trå feil for meg, det siste tiåret har hatt for mykje suksess, der kvar gong han har ein god idé publiserer han den berre før han har hatt tid til å ferdigstille den. For mange av tinga eg les av han har glimrande konsept i botnen, startar flott med to-tre kapittel som verkeleg sug meg inn, og så … blir det liksom ikkje noko av det. Masterpiece, diverre, var nok ei slik leseoppleving. Ein tenåring blir fortalt av ein gruvsam erkemilliardær at hennar daude foreldre var meistertjuvar som ein gong stal frå han, og no skal ho bøte på deira synder ved å utføre eit tilsvarande ran mot ein av hans milliardærrivalar. Kjempespanande. Men cirka halvveges i teikneserieromanen kjenner eg at det er byrja spore av, med lettvinte løysingar, skuffande vriar og ei generelt laber retning for historia. Akk, ja. Fyrste halvpart var i alle fall gøy.
Image

Femte prosaroman var Goddess of the River av Vaishnavi Patel, ein av tre bøker me fekk i julegåve av Obdormio (som, som tidlegare, innrømmer å kjøpe bøker i gave fordi dei verkar interessante og vil bruke oss som prøvekaniner). Dette er ei attforteljing av ein liten del av Mahabarata-eposet, frå perspektivet til gudinna/elva Ganges. Det er velfortalt, lettlest og med ganske ålreit tempo, men lider litt under av at ei elv ikkje heilt kan føle intensiteten og dramatikken i menneskelege krigar, og dermed blir eg som lesar ofte for overfladisk stilt til historia eg les. Sjølv om Ganges sine kapittel er fortalt i fyrsteperson er deler av boka i tredjeperson og følgjer hennar halvgudsson som står midt oppi ting, og desse var fleire hakk betre i så måte. Men det er ein del determinisme her, sjølv om ein skulle vere vag på detaljane i indiske myter skjønner ein liksom intuitivt korleis alt kjem til å gå, så det underminerer òg kor kjenslemessig investert eg blir. Ei B-minus-bok for meg.
Image

Så snubla eg over Batman: Three Jokers av Geoff Johns og Jason Fabok brukt! Denne har eg vore nyfiken på i fleire år. Kan Jokeren verkeleg har vore meir enn éin mann alle desse åra? Interessant og spanande, om sikkert litt meir retta mot eksisterande tilhengarar av Batman-mytoset enn nye lesarar, men kunne nok godt vore dobbelt så lang for å få litt meir kompleksitet inn i historia.
Image

Sekste og så langt siste prosaroman var nummer to frå Odormio, A Sorceress Comes to Call av T. Kingfisher. Kingfisher er openbart eit gedigent namn i sjangeren i seinare år, men eg har aldri prøvd noko av ho, så dette var eg nyfiken på. Veldig nøgd. Her, i ein YA-aktig fantasyroman svært lausleg inspirert av brørne Grimm-eventyret Gåsepiken, følgjer me ei snill, tretten år gamal jente med ei iskald mor som tek det å vere kontrollerande til skrekkeleg bokstavelege grader. Om hovudtrekka i historia er litt føreseielege, så gjorde det meg veldig lite, her er det intenst og trykkjande å vere i hovudet på hovudpersonen, ting er både skumle og opprørande i det lengste, og ein heiar på hovudpersonen som alltid er på bakfoten heile historia gjennom. Har lagt denne i lesebunken til kona no og er spent på kva ho kjem til å tykkje -- sjølv kjem eg i alle fall til å lese meir av Kingfisher!
Image

Endeleg har eg fått byrja på eit prosjekt som vart sett på pause hausten 2024 (!) der eg gjenles det eg har i hyllene av Ultimate Marvel-universet (stort sett X-Men og Spidey) med sikte på å så få lese ferdig Ultimate Spider-Man, som eg kjøpte det eg mangla av på Finn for mange år sidan og så aldri faktisk las. På Ultimate X-Men-fronten er eg no komen til dei fyrste av Brian K. Vaughans bind. Han er ikkje fullt så fantastisk som Bendis sine var, her, men det er god dialog, god karakterbygging og ei fullverdig fortsetjing på alle vis. På Ultimate Spider-Man, der Bendis og Mark Bagley framleis står bak kvart einaste kapittel (!) er eg komen til Carnage, Superstars og Hobgoblin. Peter Parker får verkeleg velte seg i skuldkjensle og angst her, så det corny bindet med crossovers i midten var mindre seigt enn ein skulle tru. Bendis får så mange gode augneblink ut av kroppsbytet (!) til Wolverine og Spider-Man, til dømes, at det idiotiske premisset nesten kan tilgis.
Image

Og då var eg à jour, gitt!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply