Takker for svar! Når det gjeld Criminal er det litt variabelt kor mykje eg liker dei ulike historiane, sidan dei alle er så sjølvstendige (tenk Sin City, om du har lese det -- det hoppast fram og tilbake i tid og det er av og til bikarakterar i ein serie dukkar opp som hovudpersonar i ein seinare e.l., men det er aldri pågåande historiar frå bind til bind), men dei tidlegaste var jamt over dei eg har likt best, etter hugsa: Coward, Lawless, The Dead and the Dying og Bad Night. Vil tru sidan dei var fyrstre fire paperback-samlingane er det sikkert mange av dei i den fyrste tjukkare samlinga du måtte komme over.
Sei ifrå kva du tykkjer om Kill or Be Killed, når du fullfører! Eg likte underleg nok midten best, ser eg -- eg skreiv ikkje notatar, diverre, men eg ser på LibraryThing at eg gav bind 1 og 4 fire stjerner og bind 2 og 3 fem stjerner. Heh.
Hva leser du for tiden? II
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
Re: Hva leser du for tiden? II
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!