Hah, det eg gjorde var rett nok kritikkverdig - eg impliserte at stefan_hoy muligens var i ein situasjon eg ikkje hadde noko konsist grunnlag for å påstå at han var i, og skildra ein person som ville vere i ein slik situasjon som tåpeleg og dum. Eg sa faktisk aldri at han var i ein slik situasjon, eg åpna berre for mogelegheita for at han kunne vere det då innlegget eg kommenterte såg slik ut. Unødvendig, joda, eg kunne handtert det på ein betre måte, men det er ikkje samanliknbart med innstillinga du har vist. Eg gav ein karakteristikk av ei handlingsrekkje som dum og tåpeleg, og ymta frampå om at eg var litt bekymra for at stefan_hoy hadde fulgt denne (noko han viste seg å ikkje ha gjort, og som eg beklaga). Du går stort sett direkte på personkarakteristikkar, du gidd ikkje lese andres innlegg sjølv om du postar i tråden og svarar på dei (noko som vel er blant dei aller groveste formene for frekk opptreden på eit diskusjonsforum), og du postar i trådar der du klagar over trådens tema, som egentleg berre er ein forkledd spam. Om du ikkje er interessert i å lese folk diskutere tv-seriar, kvifor er du på ein tråd ved namnet "tv-seriar"?Kjetil wrote:Jeg svarte kun med samme mynt, etter Loki hadde gått til angrep på Stefan Hoy, men legg det gjerne dødt for min del.
Så for all del, kritiser opptredenen min, men ikkje innbill deg at det du har dreve med er "samme mynt". Det er som å rettferdiggjere skyting fordi ein person hytta med neven.




